Kommentarer til: Vallas rettssikkerhet https://voxpublica.no/2007/05/vallas-rettssikkerhet/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 15 Jan 2019 10:36:02 +0000 hourly 1 Av: Avil https://voxpublica.no/2007/05/vallas-rettssikkerhet/#comment-11336 Wed, 16 Jan 2008 14:05:53 +0000 https://voxpublica.no/2007/05/vallas-rettssikkerhet/#comment-11336 Eg vil legge til at taushetsbelagte opplysningar er pasienten sin rett til å levere ut, og dersom pasienten sjølv ønsker å dele slike opplysningar, kan pasienten gjere dette.

Slik eg oppfattar saka var ikkje den undersøkte eingong orientert om at intervjuet var ein helseundersøkelse.

Avil

http://haustljos.wordpress.com

]]>
Av: Avil https://voxpublica.no/2007/05/vallas-rettssikkerhet/#comment-11335 Wed, 16 Jan 2008 14:03:53 +0000 https://voxpublica.no/2007/05/vallas-rettssikkerhet/#comment-11335 Som eg skriv om i eigen post på bloggen min, meiner eg at ein psykiatrisk vurdering er ein helseundersøkelse, og denne kan berre bli føretatt med pasientens samtykke, og resultatet er taushetsbelagt på samme måte som alle andre helseopplysningar, og kan ikkje utleverast til verken eit utvalg eller ein arbeidsgjevar.

Ei undersøking av arbeidsmiljø og ein person sin rolle i ein arbeidskonflikt er ikkje, og skal ikkje vere, ein psykiatrisk undersøkelse.

Etter mi meining burde ikkje psykiatere blitt spurt om å delta i ei slik undersøking, og dei burde under alle omstende ha takka nei til å delta.

Me har eit godt rettsvern når det gjeld helseopplysningar i Noreg i dag, og det som her kjem fram av samanblanding av arbeidsmiljø og klinisk undersøking og vurdering av psykisk helse, meiner eg bør vere ivareteke av dagens lovverk. Det er openbert uetisk, og mogleg straffbart.

]]>