Kommentarer til: Mer distrikt og mer nynorsk i NRK? https://voxpublica.no/2007/07/apen-netth%c3%b8ring-mer-distrikt-og-mer-nynorsk-i-nrk/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Mon, 15 Feb 2010 17:46:30 +0000 hourly 1 Av: Odin/Velmont https://voxpublica.no/2007/07/apen-netth%c3%b8ring-mer-distrikt-og-mer-nynorsk-i-nrk/#comment-5799 Mon, 27 Aug 2007 08:47:39 +0000 https://voxpublica.no/2007/07/apen-netth%c3%b8ring-mer-distrikt-og-mer-nynorsk-i-nrk/#comment-5799 Dette vert sikkert endå eit lite intelligent ordskifte um nynorsk, i staden for å prata um kva som er spesielt for denne artikkelen. Sjølv um du hev vakse opp med nynorsk, gjer ikkje det deg til ein nynorsk-gud. Sjølv vaks eg opp med bokmål.

Dette såg ut som eit godt forslag i mine augo. Folk må sjå nynorsken nytta. Det held ikkje at nynorskkommunane hev nynorsk og bokmålskommunane bokmål; for at haldningane til nynorsk skal betrast må han verta meir synleg. At andre «minoritetsspråk» skal få programfesta plass i NRK er ikkje del av same ordskifte. Dei språki er ikkje norsk! Dei er ikkje del av det offentlege Noreg; det er ikkje vedteke at «bokmål og fransk er tvo sjølvstendige og likeverdige norske skriftspråk», slik det er for nynorsk og bokmål.

Likevel er det godt me hev program som «Migrapolis» på NRK (um det framleis gjeng), der minoritetsgruppor fær nyhende frå Noreg på sitt eige språk. Å skapa forståing og god dialog mellom alle nordmenn (òg nyinnflytta) er ikkje ei lita oppgåve, og det må truleg gjerast på fleire stader. Kann henda det viktigaste er å få oss til å vilja forstå og godta; men det er ikkje noko ein gjer yver natti.

Bokmålen tråkkar lett på nynorsken, og for å minska undertrykkinga av nynorskbrukarar so er det lurt å gjera nynorsken meir synleg i NRK (og dimed meir synleg i samfunnet). Sjølv synest eg 25% er eit lite mål, eg hadde nok betre lika um det hadde vore 50–50 mellom nynorsk og bokmål.

Arkivi til NRK lyt absolutt leggast ut fritt; helst utan nokon form for avgrensing av bruk. Det kann henda dei vil kunna nytta ein «Creative Commons»-lisens som utestengjer kommersiell bruk, um NRK vil hava litt rettar på det som er folkets materiale.

Eg tykkjer óg det er lurt med meir distrikt i NRK, sjølv um det kann henda finst fleire menneskje i byen. Det er ein viktig del av Noreg, og det hev lett for å verta for mykje by-sentrering um ein ikkje tenkjer yver det. At byane fær umtrent all merksemd er ikkje rart, sidan det er der me sender mest frå. Likevel er NRK ganske god på dette allereie; men å få det i ein allmennkringkastarplakat hadde ikkje vore å forakta.

So eg er heilt for denne plakaten, det finst ikkje negativt i han :-)

]]>
Av: dajomu https://voxpublica.no/2007/07/apen-netth%c3%b8ring-mer-distrikt-og-mer-nynorsk-i-nrk/#comment-4441 Tue, 17 Jul 2007 10:37:38 +0000 https://voxpublica.no/2007/07/apen-netth%c3%b8ring-mer-distrikt-og-mer-nynorsk-i-nrk/#comment-4441 Hva er vitsen med Nynorsk? Jeg har vokst opp med nynorsk og skrev nynorsk til jeg var 18år, men har forkastet nynorsken fullstendig. Det vi sitter igjen med er en kvasi-nynorsk som hele tiden åpner for bokmålsord. Nei, fjern nynorsken som skriftspråk i norge og bruk bokmål. Mindre enn 10% av norges befolkning bruker nynorsk og så skal de ha 25% av sendetiden på nynorsk?

]]>