Kommentarer til: Når fagbevegelsen svikter egne varslere https://voxpublica.no/2011/09/nar-fagbevegelsen-svikter-egne-varslere/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 24 Jan 2017 08:14:26 +0000 hourly 1 Av: Jarle Kirketeig https://voxpublica.no/2011/09/nar-fagbevegelsen-svikter-egne-varslere/#comment-287305 Mon, 23 Jan 2017 23:41:59 +0000 https://voxpublica.no/?p=7191#comment-287305 Har ikkje lest dettte før no, og sjølv om det kansje er noko seint vil eg gi ein komentar.
Ei side av denne saka som ikkje har kome fram i media er hemnen ein som tilsett i fagrørsla får når ein “sladrar”.
Fellesforbundets behandling av meg gjorde til at eg no sit 100% ufør. Det å bli svikta av dei ein ideologisk jobba for hadde eg ikkje venta, og sjokket av det ikkje eksisterande vernet tilsette i fagrørsla i realiteten har overaska meg.
Eg prøver framleis å varsle om det arbeidstakarvernet ein ikkje har når forbund organiserer eigne tilsette i eige forbund.
Eg sit i den situasjonen at hjelpa eg framleis, no i 2017, treng, er noko eg ikkje får.
Dette begrunnast med at det vil vere ei interessekonflikt om forbundet hjelp meg som medlem, sidan det var deira eigen organisasjon som braut lova?
Istaden for at mi sak kunne blitt brukt til å betre forholda for tilsette, er eg no eit skrekkens eksempel på kva som skjer tilsette som varslar.
Eg blir tia i hel når eg prøver å få fram denne problemstillinga. Fagrørsla vil ikkje ha arbeidstakarar i sentrale stillingar som har ein arbeidstakarorganisasjon i ryggen om noko skulle skje. Alt skal tiast i hel, og arbeidstakaren som blir utsett for lovbrot skal vekk for å verne tillitsvalde.
Fagrørsla er kjend blant tilsette for å vere ein grusom arbeidsgivar, og det skjer inga endring! Desse problema skal ikkje eksistere, og difor lukkar ein auga for problema. At enkeltmenneske blir øydelagde, har ikkje noko å seie når fagrørsla sitt ry risikerer ei skramme.
Eg treng hjelp til å rope ut varselet mitt. Kor mange skal øydeleggast av eit system som ser tilsette som blir utsett for lovbrot som eit større problem enn tillitsvalde som bryt lova?
Mvh Jarle Kirketeig
Ein som ikkje lenger vil vere eit eksempel som skal føre til frykt.

]]>