Kommentarer til: Farvel til nynorsken https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Sun, 02 Sep 2012 20:58:41 +0000 hourly 1 Av: Hilde Falkanger https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/#comment-72462 Sun, 02 Sep 2012 20:58:41 +0000 https://voxpublica.no/?p=8766#comment-72462 Kåseri av Hilde Falkanger; Språklege kjensler.

Eg er ein minoritet, ein språkleg minoritet. For at majoriteten skal forstå kva eg seier, må eg endra språket mitt. -”Eg har så mykje ”pø” på loftet”. -”Javel”, seier karen frå aust. Samtalen går strålande. Eg fortel om alt dette ”pøet” , som er ei slik plage for meg. Korleis skal eg få rydda opp i det? Kvar skal eg gjera av det? Austlendingen stogga meg i forteljinga, -”hva er pø?”, alt fall i grus. Febrilsk leita eg etter eit alternativt ord, før poenget av historia skulle forsvinna. Det var for seint, historia vart snudd til ein diskusjon om dialekt og språk, stad og kultur.

Bokmål er dansk, nynorsken er norsk. Ei samling av norske ord som vart nytta på ulike gardar i nasjonalromantikkens Noreg. Det er eit krav i grunnskulen at ein skal lære seg nynorsk, det norske språket. Det vil seie, ikkje alle, nokon får sleppe å leve i eit evig hat til vårt kjære norske språk. Dei krev spesiell omsorg som om det har ei funksjonshemming. Dei forstår ikkje kva eg seier og nektar å lære, det er eg som skal forstå. Dei skjønar ikkje ar det er eit overgrep på min kultur og minoritet. Er det ikkje lover for å unngå slike overgrep? Kan eg som ein språkleg minoritet, til liks med samane, klaga til ” Den europeiske menneskeretts domstolen i Haag”?

Kjærleiken og romantikken til eige land er redusert til kjærleiken til staden der du bur. Byrgskap finn ein i kvart eit menneske som vil fortelja oss om heimstaden sin. Slik har også eg det, mitt kjære Salhus. Salhus er ein nasjon i Bergen, Bergen er ein nasjon i Noreg, Noreg er ein nasjon i Europa og så vidare. Skal vi alle frigjere oss, ha kvar vår konge, regjering og våre eige skriftspråk? Det hadde vore utruleg, om mogleg. Kvar dag eg kjem ”heim” til staden eg kjem ifrå, men ikkje bur på, vaknar språket fram i mi røyst. Det er då nasjonalkjensla byggjer seg opp til dei høgare makter, og gjev meg svar på meininga med livet. -”Her vil eg leva, her skal eg bu”, syng vi stolt i kor, for Salhus har sin eigen nasjonalsong. Eigentleg handlar songen om strilar som drikk seg fulle på ”heimabrent”, og slåst om heider og kvinnfolk. Første huset som vart bygt i Salhus ‚var eit horehus, men slike ord vert ikkje brukte i gamle bøker. Difor heldt dei seg til at huset var ein bar, punktum. Trass i det, syng ”salusingane” songen kvar 17.Mai, før ”Ja, vi elskar” og den innleidde kommunetals-kvinna, eller mannen, talar.

Sprit er kultur, lik nynorsken, dei går hand i hand. Ulike frå stad til stad, men dei er der, rett nok før polet flytta inn og tok frå oss lokale spesialitetar. Far min seier at ”Voss er ikkje den same plassen etter dei fekk pol”. Ein interessant observasjon. Det rare er at eg er sørgjeleg samd, ein del av sjarmen, om ein får lov å seie, forsvann. Eg likar vossingar og sogningar, når eg høyrer dei snakkar, vert eg glad. Treffer eg ein nordlending, er det ikkje uvanleg å få servert nokre bannord. Ingen kan banne som nordlendingane, det er deira språklege kunst. Eg seier ikkje dette for å verke frekk, men for å vise til stolte kulturelle kjensler. For dei er eg ein ”søring”. Eg meiner dei burde konkretisera da til ”austing” , for er ikkje vi i vest og i kald krig mot aust? ”Austingane” nyt godt av vårt hundreårige tunge arbeid og vår olje? Dei måtte levd på kneippbrød frå Rema 1000 og vatn frå springen, hadde det ikkje vore for oss vestlendingar! . ”Oi”, eg trakka på ein fot. No har dei jammen funne olje i nord. ”Velkommen nord-folk, vi tek imot dykk med opne armar ”. Men dei vil ikkje ha oss der, dei vil fiske i fred, enn så lenge.

Tilbake til ”spritspråk”- kulturen. Fleire gløymer ikkje berre kona når dei drikk seg fulle, dei gløymer å halda på målet. Sitt eige språk kjem meir fram, men når dei skal fortelja ei morosam historie, endrar dei språket, for å gjera historia meir truverdig og morosam. Det er kjekt å treffa folk som kjem ifrå same bygd når ein tek ein tur på byen, ukjende kjentfolk. Ein må truleg vera full for å høyra dei, for først er alle bergensarar. Eg tolkar omgrepet ”bergensar”, som ei samling strilar. Språket deira vert meir brautande for kvar øl dei drikk, samstundes kallar dei kvarandre for kameratar. Ordet er gjort kjent av store og kjende talarar frå arbeidar- ”rørsla”, eller bevegelsen som Språkrådet har retta ordet til. Det byggjer på samspel, brorskap og nasjonsbygging. Unn Røyneland kan ha rett i påstanden ”I det moderne samfunnet er det heilt naturlig å variere språket etter kven vi snakkar med”. Eg undrar på om det er riktig skrive, eg ”knotar”.

”De pene fruene på Kalfaret”, den språklege arven frå Bjørnson, Grieg, Holberg og kompani er erstatta med nyrike ”jappar” frå aust. Ein kan ikkje lenger høyre desse ”pene Bergens-fruene” i bybilete. Likeeins er bokmål det dei fleste vil læra, men ikkje snakka. ”Eg likar ikkje nynorsk”, seier bergensaren. Ein kan undra seg kvifor. Men klasseskiljet er ennå synleg i bygatene sjølv om den lågaste klassen har nok endra seg. Ein har byrja å snakka eit anna språk, engelsk. Det er verds språket alle forstår og er ikkje lenger definert som eit framandspråk i den norske læreplanen. Norsk ungdom brukar språket dagleg på internett. Og sjølvsagt må ein jo variere språket om karen du pratar med berre kan engelsk. Om nokre hundre år er nok ”space” det mest vanlege ordet å bruka, saman med kroppsspråk. ”Eg ga han fingen.” Å kunne gje noko til andre er positivt, men her er meininga einstydig med noko negativt. For å unngå mistak og grove tabbar burde ein laga ei ordbok, språket fins allereie. ”Pø”, er for meg naturleg at alle kan, om ikkje burde dei vel ha med seg ei ordbok neste gong dei reise ”utanlands”.

]]>
Av: Vebjørn Sture https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/#comment-72336 Tue, 28 Aug 2012 21:10:06 +0000 https://voxpublica.no/?p=8766#comment-72336 Fyrst, om “personåtak”-skuldingane: Svarinnlegget mitt er ikkje “svært personretta”, slik du hevdar. Det aller meste eg skriv er svar på påstandane du kjem med i det fyrste innlegget ditt. At tittelen og sisteavsnittet kan lesast som personåtak, kan eg derimot godt forstå, i minsto om ein les det ut av kontekst, og eg kan godt vera einig i at eg burde unngått omgrep som “gubbe” og “forgubba”. Sjølve omgrepa speler på fyrstesetninga mi, som ikkje handlar særskilt om deg, men eg ser no at den linken var tydelegare for meg då eg skreiv enn kva han er for dei som les.

Når det er sagt, så ville eg vore litt varsam med skuldingar om usakleg argumentasjon, var eg deg, jfr. at din eigen argumentasjon ikkje akkurat var plettfri. Å framstilla det å skriva nynorsk som “egoistisk” (eller å koma med vage nasjonalisme-skuldingar) er eit kollektivt og usakleg åtak på dei som skriv nynorsk. Me sit i det same glashuset, du og eg.

Men ok, for å koma tilbake til det både du og eg eigentleg vil diskutera: saka. Her er nokre direkte svar, og nokre meir generelle tankar og utdjupingar:

- Statistikken over kor mykje nynorsken er i bruk, kan lesast på svært mange måtar. Biletet er ikkje einsidig. Det vert ikkje færre nynorskbrukarar i absolutte tal, men styrkeforholdet vs bokmål endrar seg negativt, fordi talet på bokmålsbrukarar aukar raskare enn nynorskbrukarar. Men jamt over er me, og har dei siste par-tre tiåra vore, inne i ein historisk stabil periode for nynorsken. Litt forenkla kan ein seia at fyrste den store framgangen kom dei fyrste fire tiåra av 1900-talet, nedgangen dei neste fire. Deretter utflating.

- At nynorsken er på retur utanfor vestlandet handlar mykje om at nynorsken (til no) har slite med fotfestet i byane. Distrikta orienterer seg mot byane, også språkleg. Det ser me også på vestlandet, til dømes rundt Bergen og Stavanger. På austlandet har soknar så godt som alle nynorskområda til bokmålssentra, noko som gjer at nynorsken vert meir sårbar der. Meir bruk av nynorsk i byar generelt, og austlandsbyar spesielt, er ein av fleire medisinar som må til. Eg meiner ikkje med dette at det er di personlege plikt å ta den kampen, men det er i det minste verdt å tenkja på – for oss alle – at det å slutta å skriva nynorsk i Oslo fordi det er så få som skriv nynorsk i aust, forsterkar nettopp den årsaka, og såleis går det i sirkel.

– Nasjonalisme: Du nemnde nasjonalisme-greia som ein grunn til å velja bort nynorsk. Det kan vanskeleg tolkast i positiv retning, og nasjonalisme i negativ forstand er ein merkelapp dei færraste vil vera komfortable med. Dersom ein legg den kulturrelativistiske definisjonen av nasjonalisme til grunn (t.d.: “me bør ta vare på og bera vidare nynorsken, fordi han er ein viktig del av vårt bidrag til det globale, jamverdige kulturmangfaldet”), kan du fint seia at nynorsken er eit uttrykk for norsk nasjonalisme. Legg du derimot den sjåvinistiske definisjonen til grunn (t.d.: “vårt språk og vår kultur er betre og meir verd enn dei andre språka og kulturane i verda”), er omgrepet heilt fjernt frå dei ideane nynorsken er tufta på.

Når du då nemner nasjonalisme uspesifisert er eit argument mot å skriva nynorsk, er det vanskeleg å tolka deg som at du meiner noko positivt med nasjonalismeomgrepet. Då står me igjen med assosiasjonane til sjåvinismen (og det som verre er), og jamvel om det kanskje ikkje var intensjonen, så er det lett å oppfatta det som vag brunskvetting.

– Dersom bokmål og nynorsk vert lært bort som to utgåver av same språket, så kan eg forstå at folk synest det er vanskeleg å skilja mellom dei. Men nynorsk og bokmål har altså kvar sine sett med reglar, grammatikk, ordtilfang, ortografi, og så bortetter. Lærer ein nynorsk som eit sjølvstendig skriftspråk, og ikkje med utgangspunkt i “skriv på bokmål og byt ut desse og desse og desse orda”-metoden, er mi erfaring at det å læra begge gjer deg betre i begge.

- Å kalla tospråklegheita for unødvendig, skadeleg og dyr, og deretter framheva personlege målbyte som måten å ta livet av språket på, er faktisk å driva kampanje, uansett om det var intensjonen eller ikkje.

– At målrørsla ikkje tek målbyte frå nynorsk til bokmål på alvor … vel, det er ein vanleg påstand, som ikkje sjeldan dukkar opp når representantar for målrørsla er uærbødige nok til å bruka nokre minutt på å svara dei som går til frontalåtak på nynorsken. Eit særleg sakleg argument er det ikkje (apropos glashuset …), då det å kartleggja, skaffa kunnskap om og motverka målbytet frå nynorsk til bokmål er ei av dei sakene rørsla har konsentrert mest ressursar om dei seinare åra. Me har initiert, finansiert og gjennomført omfattande prosjekt i m.a. Hordaland og Valdres, og me reiser årleg på skulevitjingar for å snakka med og vekkja medvit hjå tusenvis av elevar – til svært gode tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar.

Med andre ord: Eg kan forsikra deg om at utfordringane nynorskelevar og nynorskbrukarar står overfor, har svært høg prioritet både i Mållaget og hjå oss i Målungdomen. Éi av mange slike utfordringar, er at ein nynorskbrukar må rekna med å forsvara målvalet sitt jamleg, både overfor andre, og overfor seg sjølv, til dømes når ein les så klåre åtak på språket sitt som blogginnlegget ditt er. Då finn eg det stundom verdt å svara, om ikkje anna, så for å tilbakevisa ein del av dei åtaka som kan få dei (nynorskbrukarane) som les til å tru vondt om sitt eige mål. Å svara på slikt hindrar meg ikkje i å arbeida lange dagar og seine kveldar med å få folk til å halda på (og stundom jamvel velja seg) nynorsken. Dette var nok ikkje siste gongen eg sende slikt svar, jamvel om eg neste gong nok bør telja eit par ekstra gonger til ti før eg skriv.

]]>
Av: Tore Nedrebø https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/#comment-72100 Tue, 21 Aug 2012 14:45:28 +0000 https://voxpublica.no/?p=8766#comment-72100 Eg vedgår gjerne at ovanståande innlegg ikkje er det mest saklege eller best dokumenterte eg nokon gong har skrive. Men eg fokuserer trass alt på saka, om enn med ein personleg vri, mens Vebjørn Sture kjem med ein svært personretta (og til dels feilaktig) kommentar. Det burde leiaren i Målungdommen halda seg for god til.

Men tilbake til saka: Vebjørn har rett i at statistikken han viser til (Språkfakta 2010) ikkje gir eit så eintydig bilde av tilbakegong for nynorsken som eg trudde. Men hovudtendensen 1952–2005 er likevel fallande, særleg på individnivå. Kor god statistikken er, kan også diskuterast.

Og så blir nynorsken meir og meir eit vestlandsfenomen. Der vil eg presisera at min situasjon er at dei eg skriv for, i stor grad er bokmålsbrukarar, og at det har påverka standpunket mitt. Hadde eg budd på Vestlandet, og spesielt utanfor dei største byane, hadde det vore noko anna. Eg merkar jo dessutan nå at det ikkje fell meg veldig naturleg ennå å skriva bokmål. Det er nok her alderen spelar sterkast inn…

La meg også presisera at eg ikkje har skrive, eller meiner, at alle nynorskbrukarar er nasjonalistar. Eg skreiv at nynorsk historisk sett er eit uttrykk for norsk nasjonalisme. Språket voks som kjent fram som del av norskdomsrørsla på slutten av attenhundretalet og i stor grad i protest mot det danskprega riksmålet.

Eg har googla “separate underlying proficiency”. For meg ser det ut til at poenget her (i den grad det er noko) er at menneske kan læra seg fleire språk utan at det eine går ut over det andre, kanskje snarare tvert i mot. Det har eg ingen problem med, har til og med opplevd det sjølv. Men påstanden min (utan at eg kan visa til forskingsbelegg her og nå) er at bokmål og nynorsk ikkje er forskjellige språk, men så like at det er vanskelegare å læra seg minoritetsspråket enn om det hadde dreia seg om forskjellige språk. Derfor trur eg altså at ressursane hadde vore betre brukte på å læra folk eitt norsk språk godt. For det er utan tvil også mykje dårleg bokmål der ute.

Til slutt: Eg driv ikkje kampanje. Eg prøver ikkje å få andre til å gjera som meg. Men eg har peika på nokre utfordringar som eg trur mange nynorskbrukarar går og kjenner på. Målrørsla skyt seg sjølv i foten om ein ikkje tar dette på alvor, men svarar med personåtak som Vebjørn Sture gjer.

]]>
Av: Farvel til ein eller annan gubbe | Vebjørn si heimeside https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/#comment-71983 Sat, 18 Aug 2012 22:05:58 +0000 https://voxpublica.no/?p=8766#comment-71983 […] det er nettopp dette Tore Nedrebø gjer når han på Vox Publica tek eit oppgjer med sitt eige tidlegare hovudmål. Tospråklegheit er unødvendig, skadeleg og […]

]]>