Eirik Holmøyvik, Forfatter hos Vox Publica https://voxpublica.no/author/eholmoeyvik/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 08 May 2018 14:30:47 +0000 nb-NO hourly 1 Hagen-dom styrkar Stortinget https://voxpublica.no/2016/03/hagen-dom-styrkar-stortinget/ Wed, 02 Mar 2016 09:05:19 +0000 https://voxpublica.no/?p=15794 Oljeinntektene går ned, og arbeidsløysa stig. Sentralbanksjefen åtvarar om ein økonomisk vinter. Samstundes avseier Høgsterett i det stille ein dom som styrkar Stortingets framtidige handlingsrom overfor statsøkonomien. Det kan vi takke ingen ringare enn Carl I. Hagen for.

Så kva har Hagen og Høgsterett med vår økonomiske framtid å gjere?

Historia er denne: Då Hagen avslutta si lange karriere som stortingsrepresentant i 2009, fekk han innvilga pensjon etter Stortingets pensjonsordning. Året etter endra Stortinget lova om stortingspensjon i samband med ei brei omlegging av pensjonssystemet etter pensjonsforliket i 2005. For Hagen vart det nye pensjonsgrunnlaget dårlegare enn det han fyrst vart innvilga.

Carl I. Hagen under eit debattmøte i Bergen i 2012.

Carl I. Hagen under eit debattmøte i Bergen i 2012.

Hagen gikk difor til sak med påstand om at den etterfølgjande lovendringa var grunnlovsstridig.

Spørsmålet er klassisk: Er Grunnlovas forbod mot tilbakeverkande lover til hinder for at Stortinget endrar ein lovbestemt økonomisk rett til skade for innehavarane av retten?

Dommen fall 19. februar, og Hagen tapte så det suste. Resultatet var ikkje overraskande for dei som kjenner jussen på dette feltet. Dommen er likevel viktig ut over Hagens sak.

Få reglar i norsk rett har vore så politisk og juridisk omstridde som Grunnlova paragraf 97 og dei enkle orda: «Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.» Berre dei siste åra har Høgsterett avsagt fleire plenumsdommar på dette området, alle under skarp dissens.

På pensjonsområdet har det derimot vore tilsynelatande fred og harmoni, sidan Høgsterett i to dommar i 1996 godtok at Stortinget reduserte ektefelletillegg for alderspensjon og tilleggspensjon til uførepensjonistar med verknad for løpande pensjonar.

Samstundes har det heile tida vore litt usikkert kva 1996-dommane ville bety for framtidige og breiare endringar i pensjons- og trygdesystemet. Med Hagens pensjonsdom er denne tvilen vesentleg mindre og til Stortingets fordel.

For det fyrste kan dommen lesast som ei viss svekking av den tradisjonelle særstillinga statspensjonane har hatt i pensjonssystemet. Pensjonsordningane til offentleg tilsette er rekna for særrettar knytt til arbeidsavtalen, og har større vern mot etterfølgjande lovregulering. Høgsterett er likevel klår på at også statspensjonar kan måtte tole justering, ikkje minst lovbestemte statlege pensjonsrettar, slik som Hagens stortingspensjon.

For det andre legg Høgsterett stor vekt på at Stortingets justeringar i pensjons- og trygdesystemet er nødvendige for at velferdsordningane våre skal kunne finansierast også i framtida. Høgsterett peikar pila rett framover mot framtidas økonomiske utfordringar: «Sentrale stikkord er et bærekraftig pensjonssystem, likebehandling og en rettferdig fordeling mellom generasjonene.»

Adressa for denne meldinga er ikkje saksøkar Hagen, men dei 169 tillitsvalde på Løvebakken.

Ret­ten og dom­sto­lane er oljen i stats­ma­ski­ne­riet vi ikkje ser og fyrst mer­kar om dei blir borte

Høgsteretts forhold til Stortinget har hamna i medias søkelys den siste tida i samband med utnemninga av ny høgsterettsjustitiarius. Media har boltra seg i karikerte omtaler av søkarane langs ein akse mellom domstolsaktivisme og stortingslojalitet. Midt i alt ståket avseier altså Høgsterett ein dom, som direkte trekk opp ei viktig grense mellom domstolsmakt og lovgivarmakt.

Pensjons- og trygderettar utgjer ein vesentleg del av statsbudsjettet. Stortingets handlingsrom overfor desse rettane er difor viktig for statsøkonomien. Det er dette Hagens pensjonsdom handlar om. Dommen styrkar Stortinget.

Pensjonistar og trygdemottakarar er på ingen måte rettslause på den vegen Høgsterett har staka ut. Grunnlova vernar framleis mot klårt urimelege eller urettferdige inngrep i pensjonane våre. Dette kan vere der ei lovendring slår svært dårleg ut for ei mindre eller spesielt sårbar gruppe pensjonistar. Ut over dette set Høgsterett samfunnet føre individet.

Retten og domstolane er oljen i statsmaskineriet vi ikkje ser og fyrst merkar om dei blir borte. Hagens pensjonsdom får ikkje verknad for andre enn Hagen med det fyrste. Om fem, ti eller tjue år derimot, når mishøvet mellom pensjonistar og skattebetalarar blir slik at pensjonssystemet må justerast for å vere berekraftig, vil Hagens pensjonsdom på nytt vakne til liv, og gi vide rammer for Stortingets reguleringsmakt.

Det ligg ein deilig ironi i tanken om at den kontroversielle Frp-kjempens standhaftige kamp mot systemet har styrka Stortingets makt til å regulere pensjonane våre.

]]>
Grunnlova og menneskerettane https://voxpublica.no/2012/02/grunnlova-og-menneskerettane/ Fri, 17 Feb 2012 09:00:26 +0000 https://voxpublica.no/?p=7678 For nokre veker sidan leverte Stortingets menneskerettsutval sin rapport om menneskerettar i Grunnlova. Mandatet var å utgreie og fremje forslag om ein «begrenset revisjon av Grunnloven med det formål å styrke menneskerettighetenes stilling i norsk rett». Den offentlege debatten om forslaget har ikkje vore spesielt påtrengande. Eller la oss seie det som det er: Det har ikkje vore ein offentleg debatt å snakke om her. Rapporten gjeld den største grunnlovsrevisjonen sidan 1814. Difor er det påfallande at merksemda har vore så liten. Vi snakkar her om spørsmål som i 1814 samla heile nasjonen og om eit dokument som er grunnlag for den samfunnsordninga vi er ein del av.

Kontrasten blir stor om vi ser til andre land, til dømes Island. Der diskuterer ein no om dagen ein fullstendig reform av grunnlova. I motsetnad til i Noreg er grunnlovsarbeidet på Island ein nasjonal dugnad. Sosiale media gjer dette mogleg, og den nasjonale grunnlovskomiteen er både på Facebook og Twitter. Finanskrisa var som kjend særleg merkbar på Island. Den synleggjorde grunnlova si viktige rolle i styringssystemet og vern av grunnleggjande rettar og verdiar. Skilnaden til det norske grunnlovsarbeidet er som natt og dag. Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje lenger ser verdien av å ha ei Grunnlov i det heile?

Kva verdiar bør eigentleg vere uttrykkeleg verna i vår høgste rettskjelde?

Ser vi på den omfattande og velskrivne rapporten til Menneskerettsutvalet er det fleire spørsmål som fortener ein grundig og brei offentleg debatt. Eitt spørsmål er kva for nye menneskerettar vi bør grunnlovsfeste. Menneskerettsvernet i Grunnlova er i hovudsak framleis på 1814-nivå, medan det juridisk har skjedd ei enorm utvikling dei siste seksti åra. Menneskerettsutvalet har teke utgangspunkt i FN si Verdserklæring om menneskerettane frå 1948. Vidare har dei gjort eit utval basert på kva dei oppfattar som heilt sentrale rettar og verdiar i det norske samfunnet i dag. Av nye rettar som blir føreslått grunnlovsfesta er mellom anna forbod mot slaveri og tvangsarbeid, retten til rettferdig rettargang, retten til privatliv og forbod mot diskriminering. Ja, slike basale individrettar finst faktisk ikkje i Grunnlova i dag. Sjølv om rettane ikkje er kontroversielle, er det eit viktig spørsmål om dei bør gjerast synlege i Grunnlova. Kva verdiar bør eigentleg vere uttrykkeleg verna i vår høgste rettskjelde?

Eit vanskelegare og meir omdiskutert spørsmål er om også dei såkalla økonomiske, sosiale og kulturelle rettane bør få ein plass i Grunnlova. Menneskerettsutvalet føreslår å grunnlovfeste retten til utdanning, helsehjelp, tilfredsstillande levestandard og sosial tryggleik. Dei vil òg grunnlovfeste retten til kulturell identitet og deltaking i kulturlivet. Det er liten tvil om at desse rettane gir uttrykk for krav og forventningar borgarane har til staten i dag. Det er rettar vi allereie finn i vår velferdsstat. Retten til utdanning, helsehjelp, trygd og sosiale tenester (sosiale og økonomiske rettar) er detaljert regulert i lover og forskrifter. Grunnlovfesting vil ikkje gi grunnlag for nye krav frå borgarane mot staten. Men rettane vil få eit prinsipielt sett betre fundament og det vil kunne bli vanskelegare for lovgjevaren å oppheve eller sterkt redusere slike rettar. Det er ikkje sjølvsagt at dette er nødvendig eller ønskeleg.

Oscar Wergelands maleri “Eidsvold 1814” (kilde: eidsvoll1814.no)

Det er politisk semje om å endre § 2 til ein ”verdiparagraf” i Grunnlova ved å inkludere setninga: “Denne Grundlov skal sikre Demokrati, Retsstat og Menneskerettighederne”. Etter alt å døme vil endringa bli vedteken i løpet av våren. Det vil då følgje av § 2 at Grunnlova skal sikre alle menneskerettane, ikkje berre dei rettane som av ulike grunnar fann vegen inn i dokumentet i 1814. Er det nødvendig å gjere meir? Spørsmålet er om § 2 vil gi tilstrekkeleg vern til dei einskilde rettane. Bør vi nytte 200-årsmarkeringa for Grunnlova til å sikre dei einskilde rettane som faktisk tener som verdigrunnlag for den moderne retts- og velferdsstaten slik Menneskerettsutvalet inviterer til?

Eit av medlemene av Menneskerettsutvalet, Carl I. Hagen, tok dissens med omsyn til spørsmålet om grunnlovsfesting av økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Han er usamd i at denne typen rettar skal løftast opp i Grunnlova. Hagen meiner idealistiske mål og programerklæringar kan svekke omdømmet og rettsverknaden til andre menneskerettar og at grunnlovfesting kan bli for kostbart og leggje band på den økonomiske politikken. Hagen målber ei frykt for at domstolane skal gripe inn i økonomiske og velferdspolitiske prioriteringar. Til dømes ved å prøve om satsane for sosialstønad faktisk gir ein «tilfredsstillende Levestandard», som det heiter i forslaget til ny § 111. Eller at striden om lokalsjukehusa får ein ny rettsleg dimensjon gjennom «Retten til nødvendig Helbredshjelp».

Grunnlovsfesting av menneskerettane rører ved fundamentale spørsmål for den moderne retts- og velferdsstaten

Frykta for slike verknader, gjerne omtalt som ein negativ form for «rettsleggjering», er nok litt overdriven. For det fyrste har vi hatt nokre slike rettar i Grunnlova i fleire tiår. Dette er plikta for staten til å leggje til rette for at arbeidsdyktige menneske kan skaffe seg inntekt ved arbeid (§ 110), plikta til staten for å leggje til rette for at det samiske folket skal kunne sikre og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt (§ 110a) og retten til miljø (§ 110b). Så vidt vi er kjende med har dette enno ikkje ført til at domstolar og forvaltning har blitt rent ned av arbeidslause, samar og naturvernarar. Grunnen er at denne forma for overordna og symbolsk regulering ikkje er særleg eigna til å skape individuelle rettar som kan handhevast ved domstolane. Rettane er også verna i norsk lov gjennom til dømes helse- og omsorgstenestelova, eller menneskerettslova. Det er i praksis ordinære lover som tener som det primære rettsgrunnlaget for individuelle krav mot staten. Grunnlovsfestinga av rettane gir likevel kravet ei særleg tyngd.

Det er neppe grunn til å frykte det samfunnet Carl I. Hagen ser føre seg som resultat av forslaget frå Menneskerettsutvalet. Ei så omfattande grunnlovsfesting av individuelle rettar og plikter for staten som Menneskerettsutvalet legg opp til gir likevel grunn til å spørje om kor langt vi bør gå i å rettsleggjere politiske spørsmål og verdiprioriteringar. Den norske velferdsstaten er utvikla etter andre verdskrig, utan større bindingar frå Grunnlova. Er det grunn til å binde framtidige lovgjevarar ved å grunnlovfeste sentrale velferdsgode? Eller bør vi framleis ha tillit til at Stortinget vil treffe gode politiske val også i åra som kjem?

Spørsmålet om grunnlovsfesting av menneskerettane rører ved fundamentale spørsmål for den moderne retts- og velferdsstaten. I dag blir desse spørsmåla debattert på Grunnlovssymposiet til Det juridiske fakultet. Vi håpar debatten held fram i andre fora. Spørsmåla gjeld oss alle.

]]>