Karl Atle Knapskog, Forfatter hos Vox Publica https://voxpublica.no/author/kaknapskog/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Wed, 09 Oct 2013 08:54:34 +0000 nb-NO hourly 1 Ein fri sosialistisk vilje https://voxpublica.no/2013/09/ein-fri-sosialistisk-vilje/ Thu, 26 Sep 2013 09:47:37 +0000 https://voxpublica.no/?p=11746 Om biografens fremste oppgåve er “aldri å forringa livet”, slik Tor Bomann-Larsen hevdar, har Jan Olav Gatland gjort godt arbeid med framstillinga av livet og virket til kulturarbeidaren og kunstnaren Olav Dalgard.

Det var ein radikal fritenkjar som drog frå Voss landsgymnas til Oslo hausten 1920 for å studera, 22 år gamal.

Dalgard gjorde seg raskt gjeldande i organisasjonane til dei to rørslene han var knytt til heile livet — arbeidarrørsla og målrørsla. Truleg såg han dette som to sider ved same sak — eitt levande, folkeleg norsk skriftspråk som føresetnad for ein demokratisk kultur.

Omslaget til biografien om Olav Dalgard, gitt ut på Samlaget 2013.

Omslaget til biografien om Olav Dalgard, gitt ut på Samlaget 2013.

Kultur- og språkpolitikk var klassekamp. I DNA såg ein positivt på nynorsk fordi det var eit folkemål, men i 1929 slo Ap sin Språk- og kulturkomité fast at nynorsken ikkje var så samlande som målrørsla hevda: Arbeidarane sitt språk var dårleg representert, konsolideringslina til Noregs Mållag vart stempla som politisk reaksjonær. Dalgard stod her på Koht si line i språkpolitikken, og han inkluderte austnorsk og bytalemål i teateroppsetjingane sine.

Om og for folket

Det var “kunst um og for folket” som galdt. På teaterfeltet balanserte Dalgard krava til “sosialt teater” med eit kulturpedagogisk program. Eit mål om å gjera arbeidarar mottakelege for kulturgodene “overklassen” hadde hatt monopol på, utan spørsmål ved om det var klassebestemte trekk ved “kulturarven”, var neppe uomtvista — verken på 1920- eller 1930-talet.

Heller ikkje kravet til profesjonalisering av teatret, som kunne oppfattast som ei form for integrering i den borgarlege kulturoffentligheten, var til hinder for at Dalgard parallelt engasjerte seg i den organiserte teaterrørsla der målet var å frigjera arbeidarklassen frå borgarkulturen og bruka teatret som propagandamiddel i den politiske kampen.

Pionér

Dalgard ser ut til å ha unngått øydande ideologiske stridar om slike spørsmål, og vi kunne gjerne fått vita meir om korleis, men det er lett å tenkja seg at den pragmatiske og kunnige Dalgard har late arbeidet tala for seg. Hans teaterpolitiske og dramaturgiske grunnsyn nedfeller seg i arbeidet. Biografien gjev innsyn i korleis Dalgard arbeidde, som dramaturg og litterær konsulent. Ikkje minst arbeidet som rådgjevar for kjente og ukjente forfattarar teiknar eit fint bilde av Dalgard, som fagmann og ven. Gatland har fine framstillingar av samspelet og samarbeidet mellom Dalgard og forfattarar som Uppdal, Ørjasæter og Vesaas. Dette er noko av det mest verdfulle ved denne biografien.

Det er lett å bli imponert over alt Olav Dalgard fekk utretta, innan teater, film, litteratur. Aktiv litteraturkritikar var han heile livet, han var den første som tala nynorsk i radio og dreiv aktiv kulturformidling i programposten “Sett og hørt”. Han var ein av dei store norske filmpionérane, og ei organisatorisk drivkraft der han engasjerte seg. Han skreiv lærebøker om teater og filmskodespel.

Føregripande politikk

Opplysningsmannen Dalgard var også ein framsynt kulturpolitikar. Tidleg var han ute med framlegg om teaterutdanning — ikkje berre om teaterskule, han ville etablera teatervitskap og ‑historie som universitetsfag. Han ville ha estetisk opplæring i skulen. Han ville skulera utøvarar av folkelege kunstformer, oppøva deira kritiske kunstsans og fornya folkekunsten. Dalgard føregreip med sine framlegg og kulturpolitiske tenking mykje av det som seinare er blitt offentleg kulturpolitikk.

Gatland legg alt dette fram for oss, men vi saknar at han samanfattar det i ein sterkare historisk og kulturpolitisk samanheng. Vi skulle t.d. gjerne fått vita meir om det vonbrotet Dalgard seint i livet gav uttrykk for, over folk si lunkne haldning til kunst og kultur — for “ein som trudde på arbeidarklassen som det nye kulturberande element i samfunnet”. Den gradvise avpolitiseringa av kunsten utover på 1930-talet er truleg ein del av vonbrotet. Kunsten og særleg filmmediet vart delvis tenkt som ledd i ein propagandaoffensiv, og delvis som eit ledd i å utvikla ein arbeidarkultur — men parallelt var det den kulturpedagogiske tenkinga som vann fram, i takt med sosialdemokratiet si erobring av samfunnsinstitusjonane. Etter 1945 vart kulturpedagogikken nær einerådande. Korleis handterte Dalgard dette?

“Utopisk rest”

Så har somme etterlyst Dalgard sitt “oppgjer” med Stalin sitt terrorvelde. Dalgard kom aldri med open kritikk av undertrykkinga i Sovjet, sjølv om han “beklaga” mangelen på ytringsfridom og påpeikte avstanden mellom “ideal og realitet” i Sovjetunionen. Mi tese er at Dalgards “manglande oppgjer” heng saman med det omtalte vonbrotet, og at han ville beholda ein “utopisk rest” — både ei tru på kunstens samfunnsomformande potensial og at Sovjet kunne utvikla ein demokratisk sosialisme. Éi side ved dette er at Dalgard i stor grad var forma og inspirert av sovjetisk og tysk avantgardistisk film- og teaterkunst, ei anna beundringa av Sovjetunionen etter 1917-revolusjonen, som prega alle delar av arbeidarrørsla utover 1920- og 1930-talet. Hendingane under krigen, og Dalgard sine opplevingar som krigsfange i Sachsenhausen, skapte neppe noko stort behov for eit “oppgjer” frå hans side. Om dette er ei rimeleg tese, får vi ikkje noko godt svar på hjå Gatland.

Det var på tide at det kom ein skikkeleg biografi om Olav Dalgard. Gatland har no rudd grunnen for oppfølgjande studier der organisasjonshistoriske forhold, sosialhistorie og skiftande kulturpolitiske tenkemåtar i arbeidarrørsla i sterkare grad vert trukke inn for å kasta lys over virket til Dalgard og andre sosialistiske kulturarbeidarar.

]]>
– En slimete og uspiselig snylter på kunstens tre! https://voxpublica.no/2013/03/en-slimete-og-uspiselig-snylter-pa-kunstens-tre/ Tue, 05 Mar 2013 21:31:47 +0000 https://voxpublica.no/?p=10050 Det ofte antagonistiske forholdet mellom kritikarar og kunstnarar, mellom kritikarar og kulturinstitusjonar, har avfødd mange beiske og bitre ord opp gjennom historia. Irske forfattarar har tradisjonelt vore ivrige her, frå Brendan Behan som samanliknar kritikaren med “ein evnukk i eit harem”, til Samuel Beckett som lar hovedpersonane i Mens vi ventar på Godot boltra seg i nedsetjande omtale av kvarandre – ein “diskusjon” Estragon vinn då han kallar Vladimir for kritikar – Crritic! Vladimir vert mållaus og skjønar at han har tapt.

Ein av dei sterkaste karakteristikkane av kritikaren og kritikarrolla er likevel levert av italienaren Giorgio Manganelli, i ei bok frå 1986. Her heiter det at “kritikeren er en jævla parasitt, en giftig sopp, en slimete og uspiselig snylter på kunstens tre! Et snyltedyr som suger seg feit på magre skribenters sildrende skrifter! En slibrig ål, en narrenes narr, tragediens bakside, en grotesk grimase av skurrende lyder, lånte tanker og fanteri!”

Dette er rimelegvis ikkje eit syn vi deler her i Kritikkbloggen Peiling, men vi noterer at ein heller ikkje skal bevega seg langt ut i bloggosfæren før ein støter på liknande harde ord om det profesjonelle, betalte kritikarkorpset – desse betrevitande, nedlatande og elitistiske smaksdommarane som trur dei veit betre enn “folk flest”. Hardt opparbeidd innsikt og vurderingskompetanse innan dei ulike kunstartane vert lite påakta der ute, blant bloggande meiningsatletar og skråsikre smaksdommarar.

Det interessante her er sjølvsagt ikkje den eventuelle kreativiteten som er i sving når ein skal ordleggja seg om kritikarens allmenne og særskilte kunnskaps- og dugløyse. Det interessante er grunnlaget for og grunntonen i den nye kritikken som vert retta mot den profesjonelle kritikaren, nemleg at kritikaren som ekspert er blitt historisk irrelevant og at “domstale frå oven” basert på kunnskap og årelang oppøvd estetisk sensitivitet er grunnleggande “udemokratisk”, ei slags forulemping av “vår” kulturelle smak.

Vi er altså alle kritikarar no: Ei sak er at vi som publikum reknar oss fullt ut i stand til å evaluera eige kulturkonsum. Aktive bloggar-kritikarar hevdar òg gjerne at folk heller vil ha råd frå nokon dei kjenner, nokon med same livskjensle og smak som dei sjølv, heller enn frå folk som trur dei veit betre enn andre. Slike forsøk på å svekka autoriteten til kritikarinstituttet kan ein gjerne kalla anti-elitisme, populisme eller beint fram for ei demokratisering av kulturell smaksdømming.

Kritikaren er berre kritikar så lenge han eller ho vert akseptert som smaksdommar

Det sentrale poenget her er at kritikaren berre er kritikar så lenge han eller ho vert akseptert som smaksdommar av publikum. Kunstdommaren har sjølv ein dommar, nemleg det publikum av opplyste lekmenn og –kvinner som han eller ho (i prinsippet) representerer. Det har sjølvsagt alltid vore slik at kritikken og kulturjournalistikken må finna publikum heime med sine format og henvendelsesformer. Dette er meir krevjande no enn før: Den nasjonale og globale produksjon og formidling av kulturprodukt (bøker, film, musikk, TV-program, dataspel, programvare og så vidare) er utan historisk sidestykke, både med omsyn til volum, mangfald og distribusjonshastighet. Interaktive medier og digitale nettverk gjev tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i hittil ukjent skala, dei skaper nye samhandlingsformer og kan spela ei vesentleg rolle i meir omfattande sosiale, politiske og kulturelle utviklingsprosessar.

Det publikum kritikken og kulturjournalistikken skal finna gehør hos med sine format og tiltaleformer er òg i endring: Endringar i og mangfaldiggjering av publikum sine kulturelle smakspreferansar, som følgje av høgare utdanningsnivå, nye generasjonar med andre typar mediekompetanse og erfaringar med andre kulturar og nye kulturuttrykk, har gjeve eit langt meir “dynamisk” og samansett kulturfelt enn tidlegare. Dei formidlingsmessige utfordringane som følgjer av dette, er betydelege.

Utvida rom for dialog og diskusjon mellom interesserte amatørar og profesjonelle kritikarar

Her i Peiling vil vi utforska desse endra vilkåra for ein oppegåande kulturjournalistikk, som òg i stor grad definerer det landskapet og dei klimatiske forholda kritikken lyt bevega seg i, der den lyt forsvara sin plass, der den, som alltid opp gjennom historia, lyt endra og fornya seg, innta nye positurar og roller, bryta sjangerkrav og finna opp nye. Vi inviterer til bidrag om kritikkens historie og institusjonalisering, og til analysar av kritikkens vilkår og situasjon i dag, innan dei ulike kunstartane. Ikkje minst ønskjer vi kulturjournalistiske bidrag – reportasjar, kommentarar og kritikkar, gjerne der ein prøver ut bestemte kritikarroller og eksperimenterer med etablerte sjangerkrav.

Med Internettet sine presentasjons- og koplingsmuligheter, med utvida rom for kontekstualisering og sjangermangfold, utvida rom for dialog og diskusjon mellom interesserte amatørar og profesjonelle kritikarar – innan Akademia og utanfor, så burde det vera lyse tider for kritikken, den journalistiske, den essayistiske og den akademiske, og alle dei blandingsformene som vil kunna oppstå når desse møtest i eit felles digitalt rom. Vi ønskjer oss òg bidrag om kulturproduksjonens politiske økonomi, om kulturpolitikk og kulturmarked.

Bidragsytarar til Kritikkbloggen Peiling vil i første omgang vera studentar på masterkurset Kulturjournalistikk og kunstkritikk ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Men alle — studentar, tilsette og andre — som er opptekne av korleis vurderingskriterier og verdsetjing i den kulturelle offentligheten inngår i identitets- og opinionsskapande prosessar med betydning for politisk og samfunnsmessig forståing og engasjement, dei er velkomne med bidrag.

Altså, føreta ei peiling, og gje oss – lesarane – peiling. Velkomen med bidrag.

]]>