Kjerstin Gjengedal, Forfatter hos Vox Publica https://voxpublica.no/author/kgjengedal/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Mon, 25 Mar 2019 12:36:02 +0000 nb-NO hourly 1 Kan tillit gje inntekt til mediehusa? https://voxpublica.no/2019/03/kan-tillit-gje-inntekt-til-mediehusa/ Mon, 25 Mar 2019 12:36:00 +0000 https://voxpublica.no/?p=20625 – Inntektsstraumar og publikumsengasjement er to sider av same sak slik vi ser det, seier Emily Goligoski. Ho har tidlegare arbeidd med system for brukaroppleving i New York Times, som forskar og utviklar, og er no forskingsdirektør for The Membership Puzzle Project.

– I jakta på ei ny sosial kontrakt mellom media og publikum, tenkjer vi mykje på forskjellane mellom abonnement og medlemskapsmodellar. Abonnement går ut på at medieorganisasjonen tek imot pengane dine og gjev deg innhald. Det kan fungere heilt fint, men det er berre ein transaksjon. Vi er interessert i modellar der folk gjev av tida si, av ideane eller ekspertisen sin, for å støtte noko dei trur på. Medlemskapsmodellar ser på publikum som meir enn ei inntektskjelde, seier ho.

Medlemmar er meir enn abonnentar

The Membership Puzzle Project starta i 2017 på initiativ frå Jay Rosen, professor i journalistikk ved New York University (NYU). Prosjektet er eit samarbeid mellom Rosen sitt masterprogram i journalistikk ved NYU, og den nederlandske medlemsbaserte journalistikkplattforma De Correspondent, som vart etablert i 2013.

Vi ser på De Correspondent som sjølve prototypen på medlemsbasert journalistikk. Dei er leiande når det gjeld å inkludere publikum i prosessen, seier Goligoski.

De Correspondent får størstedelen av inntektene sine frå 60 000 nederlandske medlemmar, som betalar i underkant av 700 kroner for eit års medlemskap. Men medlemmane bidreg med mykje meir enn pengar. Dei følgjer journalistane – eller «korrespondentane», som dei blir kalla – tett og kjem med idear, innspel, korrigeringar og forslag til kjelder, eller dei stiller opp som faktasjekkarar, dataknusarar eller fagekspertar. Det gjer dei fordi dei meiner at journalistikken som blir produsert av De Correspondent er relevant og viktig, og fordi dei opplever at bidraga frå medlemmane blir verdsett og utgjer ein forskjell.

No er De Correspondent i ferd med å planlegge ein global, engelskspråkleg versjon av plattforma. Gjennom ein folkefinansieringskampanje rett før jul samla dei inn meir enn 2,5 millionar amerikanske dollar, og sette med det ny rekord for eit folkefinansiert journalistisk produkt. Eitt av delmåla for The Membership Puzzle Project er å nytte innsiktene frå prosjektet til å hjelpe The Correspondent med å etablere den internasjonale versjonen, men forskarane samarbeider også med andre medieorganisasjonar som nyttar medlemskapsmodellar, og har dessutan lansert eit eige fond som skal støtte eksperimentering med slike modellar. I løpet av dei fire åra prosjektet skal vare, vonar forskarane å kunne peike på nye vegar for framtidas journalistikk, vegar som kan sikre inntektene i ei tid der Facebook og Google stikk av med annonsekronene, og som samstundes kan fornye det journalistiske samfunnsoppdraget.

Optimalisere tillit

Modellen til The Correspondent tek utgangspunkt i det Jay Rosen brukar å kalle «tillitsoptimalisering». Det er gamalt nytt at tilliten til media er tynnslitt i ein mediekvardag prega av polarisering, ekkokammer og «alternative fakta», og der høge klikkrater kan vere vel så viktig som truverdig rapportering. Men tillit er i seg sjølv eit komplisert omgrep.

Folk kan ha låg tillit til media av mange ulike grunnar: Dei kan vere i tvil om media er nøytrale og uavhengige, dei kan vere i tvil om journalistar set eiga karriere eller medieorganisasjonen sin profitt framfor publikum sine interesser, dei kan ha kjensla av at det ikkje er plass til deira eigne levde erfaringar i journalistikken. 

Einsidig ideologiske medium som Breitbart eller Fox News har høg tillit hjå sitt publikum, men det er ikkje det same som at dei har høg journalistisk integritet. Dersom ein ny sosial kontrakt mellom mediebrukarar og journalistar skal optimalisere for tillit, må han difor kombinere støtte frå publikum med ein høg standard for journalistisk verifisering av fakta, meiner Rosen.

– Mangelen på tillit til media tyder på at vi som journalistar har ein stor jobb å gjere for å menneskeleggjere profesjonen vår. Å vere autentiske og transparente er viktig for å gjere journalistikken meir truverdig, seier Emily Goligoski. (I heimleg samanheng kom dei to danske journalistane Søren Schultz Jørgensen og Per Westergård i fjor med ei bok basert på om lag same konklusjon.)

Veit lite om mediebedrifter

I forskingsprosjektet ser Goligoski og kolleagene difor på korleis medlemsbaserte nyhendeorganisasjonar kan gjere seg etterrettelege. Å synleggjere kvar ein får pengar frå og kva dei blir brukt til, er ein viktig del.

– Men det kan også handle om å vise fram menneska som er involvert i å lage det journalistiske produktet, å vise fram den journalistiske agendaen og prioriteringane, eller å respondere på kritikk, seier ho.

Noko av det som har overraska henne mest i arbeidet med prosjektet, er kor lite folk flest veit om mediebedriftene dei følgjer dagleg. Dei fleste kjenner kanskje namnet på ein prominent journalist eller kommentator, men har inga innsikt i korleis organisasjonen tener eller bruker pengane sine, eller profilerer seg sjølv i ulike samanhengar.

– For at eg som mediebrukar skal ha tillit media, fordrar det at medieorganisasjonen er tydeleg om kva den er og kven som står bak, at eg har grunn til å tru at det dei presenterer er sant og viktig for samfunnet, og at eg sjølv kan sleppe til med mitt bidrag, mine levde erfaringar eller profesjonelle ekspertise, illustrerer ho.

Medlemsmanifest

For at ein medlemskapsmodell skal fungere best mogleg, er det viktig å tilby medlemmane ulike måtar å delta på. Kan ein til dømes tilby medlemmar å betale gjennom deltaking i staden for med pengar? Gjennom prosjektet kartlegger forskarane ei stort spekter av deltakingsformer, som på ulike vis kan forbetre både journalistikken og tilhøvet mellom mediebedrifta og publikum.

– Dersom medlemskap berre er for dei som har råd til å betale, kan det bli ein eliteklubb som ikkje representerer dei som treng journalistikken mest. Men folk kan gje av tida si på veldig mange måtar, og vi ser stadig at det mediebrukarane verkeleg vil, er å bli tekne på alvor, og at deltakinga deira blir sett pris på, seier Goligoski.

I starten av prosjektet snakka forskarane med eit par hundre mediebrukarar som støttar ein medieorganisasjon gjennom medlemskap, for å få vite kva som driv dei. Svara vart oppsummert i «medlemsmanifest».

Goligoski oppmodar medieaktørar som snusar på ein medlemskapsmodell, om å ta utgangspunkt i det når dei skal vurdere kva som må gjerast.

– Tenk på kven som kan ha lyst til å følgje deg i arbeidet. Så kan du byrje å skape eit miljø der du lyttar til dei og involverer dei i prosessen.

]]>
Gerilja-lagring: Bibliotek i USA slår ring om forskingsdata https://voxpublica.no/2017/06/gerilja-lagring-bibliotek-i-usa-slar-ring-om-forskingsdata/ Thu, 15 Jun 2017 11:16:23 +0000 https://voxpublica.no/?p=17470 – Vi kjente heilt frå starten at dette var ei oppgåve for oss i forskingsbiblioteka, seier Margaret Janz. Ho er bibliotekar ved Van Pelt Library, hovudbiblioteket ved Universitetet i Pennsylvania i USA. No sit ho på eit kontor i lag med kollegaene Laurie Allen og Kimberly Eke, og fortel via Skype om korleis dei hamna i sentrum av ei rørsle som jobbar med å «geriljalagre» offentlege forskingsdata.

Rørsla består av bibliotekarar, forskarar, it-folk og andre interesserte, og sidan november i fjor har dei frenetisk lasta ned og sikkerheitslagra datasett og annan informasjon frå nettsidene til føderale forskings- og forvaltingsorgan. Høgast prioritet har klima- og miljødata.

– Eigd av folket

– Det dreier seg om store datamengder som er produserte av institusjonar som ligg under styresmaktene, men som er eigd av folket. Dei finst berre digitalt, og det er opp til styresmaktene å sikre at dei er tilgjengelege for deg og meg. I realiteten er informasjonen prisgitt det gjeldande politiske klimaet, seier Janz.

Då Donald Trump vann presidentvalet i USA sist november, var det mange som brått vart urolege for dei store mengdene forskingsdata og annan informasjon knytt til klima og miljø, som låg spreidd på mange offentlege nettstader. Det var ikkje slik at ein frykta at informasjonen brått ville bli sletta. Slikt finst det lover mot. Men ein av dei få tinga Trump snakka systematisk om gjennom heile valkampen, var at han ville vengestekke det amerikanske miljødirektoratet EPA, og løyve mindre pengar til klimaforsking (denne lovnaden har han innfridd).

Fra stor protestmarsj mot Trumps forskningspolitikk i Washington DC 22. april 2017.

DataRefuge. DataRefuge sette straks i gang med såkalla databerging, der interesserte møttest for å peike ut viktige datasett og laste dei ned på sikre stader. Ei rekkje organisasjonar og institusjonar slutta seg til, nokre nystarta for føremålet, og mange databergingar gjekk av stabelen både i USA og i Canada i dei første hektiske månadane.

Det vart raskt klart at det å ta vare på informasjon som berre finst på nett, ikkje er enkelt. For det første finst det inga oversikt over kva data som finst der ute. Dessutan er informasjonen ofte ikkje spesielt godt organisert. Det er der bibliotekarane kjem inn.

– Særleg dei store forskingsbiblioteka, som oss, har lenge vore opptekne av desse problemstillingane. Etter kvart danna vi nettverket Libraries+, der vi prøver å finne løysingar for å handtere problemet i stor skala, og ikkje berre det som gjeld miljødata, men alle fagområde, fortel Laurie Allen, hovudbibliotekar med ansvar for digital forskingsstøtte, også ved Universitetet i Pennsylvania.

Var ikkje på radaren

Mange av reglane som gjeld det å ta vare på og tilgjengeleggjere offentleg informasjon, er laga for trykte medium og fungerer ikkje så godt i den digitale tidsalderen. Den nye politiske situasjonen avslørte mange mentale blindsonar.

– Vi trudde vi allereie gjorde mykje rett. Det blir til dømes arbeidd mykje med open tilgang til forsking, altså å få informasjonen ut på nett i det heile. Og ved forskingsbiblioteka har vi gjort mykje for å leggje til rette for våre eigne forskarar. Men dette enorme landskapet av offentleg informasjon som allereie ligg på nett, og som veldig mange menneske nyttar dagleg – det var ikkje på radaren, sjølv om problemet sjølvsagt har vore der heile tida. Presidentvalet vart ein augeopnar som gjorde folk merksame på problemet, seier Allen.

– Og kor store datamengder snakkar vi om?

– Ingen veit. Vi veit at det er snakk om mange petabyte. Kva heiter den tingen som kjem etter petabyte – exabyte? Eg vil tru det er nokre slike. Eitt av dei viktige spørsmåla er korleis vi avgjer kva som skal takast vare på. Prøver vi å spare på alt som nokon gong er blitt publisert, så løyser vi jo ikkje noko problem, tvert imot, seier Allen.

Må sikre truverdet

Eit anna problem er korleis ein kan vite at den informasjonen ein tek vare på, er identisk med originalen. I motsetnad til trykt informasjon, kan digital informasjon endrast med eit tastetrykk. Straks Trump overtok som president, vart til dømes nettsidene til EPA endra i påvente av at den nye politiske leiinga skulle avgjere kva informasjon dei ville presentere. Eit augeblikksbilete av nettsidene slik dei framsto før endringa, vart gjort tilgjengeleg på dei nye nettsidene, men i ettertid har det vist seg at ikkje all informasjonen på dei gamle nettsidene er inkludert i dette augeblikksbiletet, men er forsvunne. Slikt er vanskeleg å avsløre om ein ikkje har ein påliteleg original å samanlikne med.

President Donald Trump annonserer at han vil trekke USA ut av Paris-avtalen. Rosehagen ved Det hvite hus 1. juni 2017. (Foto: Det hvite hus/Joyce N. Boghosian)

– Kampen for open tilgang til forskingsdata har heile tida hatt som mål at alle skal kunne bruke datasetta til det dei vil. Men i så fall må ein jo også vere sikker på at dei er pålitelege. Det var forskarane som påpeikte dette problemet og sa at data må kunne siterast. Noko anna er at data kan vere veldig mykje forskjellig. Mange ser for seg vitskaplege data som lister med tal i eit stabilt format som lett kan delast, men eigentleg snakkar vi om all type informasjon på skjerm. Det kan like gjerne vere ei nettside som fortel skulelærarar om økologi, peikar Laurie Allen på.

Omgrepet «gerilja-arkivering» oppsto og vart raskt teke i bruk i samband med dei første organiserte databergingane etter valet. Men Kimberly Eke, avdelingsdirektør for lærings- og forskingsstøtte og den tredje rundt bordet, fortel at dei ser på seg sjølve først og fremst som bibliotekarar, ikkje som politiske aktivistar.

– Dette er rett og slett ting vi lenge har visst at vi må finne ut av, og no er vi i ein spesiell politisk situasjon der mange er interesserte i å involvere seg.

Aktivisme i arkivet

Når omstenda ligg til rette for det, kan det å ta vare på informasjon bli ei politisk opprørshandling.

For nokre år sidan var det mange som vart djupt rørde over å høyre om korleis bibliotekarar og lokale innbyggjarar i Timbuktu i Mali greidde å smugle ut store mengder uerstattelege mellomaldermanuskript og dermed hindre dei frå å bli øydelagte av islamistar. Takka vere innsatsen deira, kan dokumenta no bli digitaliserte og bevarte for ettertida.

Å lage arkiv og samle dokumentasjon har truleg alltid vore ein del av sosial og politisk aktivisme. Det omfattande arkivet etter den jødiske filosofen Edmund Husserl, som i dag finst i Leuven i Belgia, ville neppe ha eksistert om ikkje fransiskanarmunken Herman Van Breda hadde lukkast i å smugle det ut av Nazi-Tyskland i 1939. På same tid kunne ei stor mengde tyskspråklege sosialistiske tidsskrift, som vart øydelagde i Tyskland under andre verdskrigen, etterpå finnast att på «Det røde bibliotek» på Rjukan. Dei vart møysommeleg samla av Henrik J. Hjartøy, arbeidarpartimann og biblioteksjef frå 1917 til 1936, og finst i dag berre éin annan stad i verda, i nasjonalbiblioteket i Paris.

Utfordra majoritetskulturen

Andre halvdel av 1900-talet såg ei rekkje initiativ der til dømes kvinnerørsler, arbeidarrørsler og organisasjonar for homofile og lesbiske etablerte eigne arkiv som kunne fortelje om andre sider ved historia enn dei som vart fortalde i den dominerande kulturen. Slike arkiv kunne ha fleire føremål: Forstå historia betre, ta eigarskap til minne og identitet, eller avdekke maktmisbruk og urettvise. Uavhengigheit frå institusjonsarkiva var naudsynt i desse tilfella. Marginaliserte grupper kunne sjeldan lite på at institusjonane til majoritetssamfunnet vil ta tilfredsstillande vare på deira historie.

I seinare år har mange institusjonsarkiv fått meir inkluderande retningsliner, og det har igjen resultert i, til dømes, ulike dokumentasjonsprosjekt som har sprunge ut av «Black lives matter»-rørsla. Der går arkivarar, organisasjonar og vanlege borgarar saman om å dokumentere politivald mot svarte i USA.

Eit anna døme er «Skeivt arkiv», Noregs største samling dokument frå personar og organisasjonar relatert til «skeiv» historie, som no held hus ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

Gerilja-arkiveringa i dagens USA skil seg frå mykje annan aktivist-arkivering ved at aktivistane ikkje er ute etter å fortelje nye historiar, men å bevare den etablerte. I lys av «postfaktasamfunnet» kan det å insistere på at vitskapleg informasjon er offentleg eigedom, like fullt oppfattast som politisk aktivisme.

– Liten grunn til uro i Noreg

Her til lands er offentleg digital informasjon meir truga av manglande systematikk, enn av politisk motivert historieforfalsking, meiner Herbjørn Andresen, førsteamanuensis ved Institutt for arkiv‑, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus..

– Den typen uro vi ser i USA, over at til dømes Environmental Protection Agency brått fjernar ein masse informasjon frå nettsidene sine, den er det førebels lite grunnlag for i Noreg, seier Andresen.

Han fortel at når det gjeld dokumentasjon av slikt som saksbehandling og korrespondanse, er det stort sett stødige system på plass i forvaltinga, og informasjonen er tilgjengeleg i den grad ein kan få dispensasjon frå reglane om personvern. Det vil ikkje seie at arkiveringa er feilfri, men det eksisterer planar og rutiner for å ta vare på informasjonen.

Systematikken manglar

– Nettsider er ei anna sak. Nasjonalbiblioteket «haustar» informasjon frå norske nettdomene, men vansken er å vite kva som vil vise seg å vere viktig i ettertid, seier Andresen.

Han nemner nettadressa pandemi.no som døme. Den vart oppretta av Helsedirektoratet i 2009 for å gje informasjon om svineinfluensaepidemien og massevaksineringa som styresmaktene sette i gang.

– I dag sender adressa deg til nettstaden til Folkehelseinstituttet. Men innhaldet på den opphavlege nettsida vart teke vare på for ettertida, på initiativ frå Riksarkivaren som såg på det som eit interessant historisk dokument. Ein systematisk gjennomgang av kva som blir publisert av offentlege verksemder, derimot, det manglar, seier han.

Prioriterer det nasjonalt viktige

Gretel Mari Braaten Westman er teamleiar for nettarkivet ved Nasjonalbiblioteket, som «haustar» informasjon frå norske nettstader. Ho seier at nettsider som tilhøyrer det offentlege heile tida har vore høgt prioritert.

– Vi har nokre seleksjonskriterium for kva vi hauster, til dømes hendingar av nasjonal viktigheit, slik som val, eller terroråtaket i 2011. Også kultur- og samfunnsliv skal dokumenterast, så vi haustar til dømes alt av nettaviser.

I januar 2016 kom lova om pliktavlevering til Nasjonalbiblioteket i ny utgåve. Den gjev Nasjonalbiblioteket rett til å samle inn informasjon som er allmennt tilgjengeleg på norske domene, utan å be om førehandsgodkjenning.

– Korleis kan de vite at de får med dykk det vesentlege?

– Vi er heldige i Noreg som har Brønnøysundregisteret, som er offentleg tilgjengeleg. Ein kan sortere verksemder på sektor og fange opp, til dømes, alt innanfor statleg sektor. Vi får også tips. Ved ei kommunesamanslåing nyleg, fekk vi tips om at nettsidene til dei to kommunane som skulle slåast i hop, ville bli erstatta av ei ny felles nettside frå ein viss dato. Dermed fekk vi tid til å ta vare på dei gamle. Slike endringar er det sjølvsagt veldig interessant for oss å vite om.

]]>