Marie Havnen, Forfatter hos Vox Publica https://voxpublica.no/author/mhavnen/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 16 Apr 2013 13:21:06 +0000 nb-NO hourly 1 Rosa liv i varselraudt samfunn https://voxpublica.no/2013/04/rosa-liv-i-varselraudt-samfunn/ Tue, 16 Apr 2013 11:12:02 +0000 https://voxpublica.no/?p=10459 Silikon i brysta, restylane i leppene, hair-extensions, falske negler og solarium til du ser ut som ei peparkake. Slik ser toppen av blogg.no ut, og tenåringsjentene som brettar ut kroppen og det tilsynelatande sorgfrie livet har lesartal på høgde med større norske nettaviser. Men kan vi leve med desse kroppsideala?

I 2013 feirar blogging i Norge ti år, og i den anledning har Kristian A. Bjørkelo forfatta boka «Gi meg en scene» som vart lansert 4. april. Boka fortel om norsk blogghistorie; ti år med traumer, terror og dagens outfit. Då bloggen gjorde sitt inntog skulle alle kunne bli sin eigen redaktør og forfattar. Bloggen skulle revolusjonere ytringsfridommen og lage ein ny arena for den offentlege samtalen. På lanseringsfesten for bloggboka oppsummerte bloggar og psykolog Kristine Tofte det fint: «Folk flest er ikkje kjempesmarte og politiske, så blogging blir jo heller ikkje det».

Ein typisk rosablogg er ifølgje Bjørkelo skriven av ei tenåringsjente som fortel om mote, nistepakka og kvardagsliv. «Hjarte, hjarte, hjarte», skriv rosabloggarane. «Skriv det du kan, og det du kan best er ditt eige liv» er mantraet. Magni O. Fuglerud poengterer i boka at der motebloggaren fokuserer på mote, handlar rosabloggen om bloggaren.

Skjermbilde fra Therese Charlotte Margrethe Nielsens blogg.

Skjermbilde fra Therese Charlotte Margrethe Nielsens blogg.

Og ein kan le av dei overflatiske innlegga, riste på hovudet til det nesten fell av, i oppgittheit over kor dumt det er. Men vi skal passe oss for å ignorere rosabloggane. For det er så mange som gjer nettopp det motsette, som les og studerer dei «suksessfulle» bloggarane sine innlegg dag og natt. Per 1. september 2012 hadde ein av toppane, tromsøjenta Therese Charlotte Margrethe Nielsen som driv bloggen tcmn.blogg.no, gjennomsnittleg 64522 besøkande kvar dag. Til samanlikning hadde Bergens Tidende i 2011 opplagstal på 79467 (Fuglerud i Bjørkelo 2013).

Bjørkelo skriv at bloggen er eit utstillingsvindauge der ein kan iscenesetje og vise fram sine beste sider og interesser

På rosabloggscena får vi stort sett presentert det same, igjen og igjen. Anten dei et lite og usunt, eller lir av ortoreksi og har eit overdrive fokus på å ete ekstremt sunt; samtlege toppbloggarar er like radmagre. Skrollar vi oss vidare på blogglista får vi ei innføring i korleis silikonimplantata kom på plass, nærbilde av arra i etterkant og seinare hundrevis av bilde av kløft, nye bh-ar, truser og naken hud. Når dei blir konfrontert i media med sine manglande evner som førebilete, er svaret stort sett det same: «Eg kan ikkje leve mitt liv basert på at 14 år gamle jenter les om det. Dei som ikkje toler å sjå på kor naturleg tynn eg er eller kor mykje silikon eg har sprøyta inn må slutte å lese bloggen». Men to psykiske lidingar lev i beste velgåande på bloggar og hos lesarane deira. Sjølvskading og eteforstyrringar. Dei trivst godt i flokk, og eksponering fungerer vedlikehaldande. Det påpeika Kristine Tofte på boklanseringa på Litteraturhuset. Gjennom rosabloggane blir jenter pepra med eit kroppsideal som er langt frå sunt, og eit ekstremt fokus på ytre skjønnheit og perfeksjon. Unge jenter tar nok ikkje rosabloggarane og det dei står for utan ei klype salt, men med dagens eksponering gjennom bloggar i kombinasjon med andre medium kan ein umuleg stå att upåverka.

Rosabloggarane kjenner seg ikkje ansvarlege, men det bør vi som samfunn gjere

Bloggarane og ideala dei representerer er eit resultat av kulturen vi lever i. Nettopp difor må vi stoppe opp, sjå oss rundt og stille spørsmål ved om dette er ei ønskjeleg utvikling. Løysinga er høgst uklar, og det gjer debatten desto viktigare. Fokuset på kropp og utsjånad i dagens samfunn og i bloggverda har nådd så ekstreme høgder at vi må ta stilling til spørsmålet: Kvar er vi på veg?

Skjermbilde fra bloggen Sisteplass.

Skjermbilde fra bloggen Sisteplass.

Det nyaste skotet på blogghimmelen, sisteplass.blogg.no, er likevel eit friskt pust. Trass tittelen gjekk Sarah Surland (19) til topps på blogg.no i helga med 110 000 treff lørdag 6. april. Med sine litt mindre glamorøse bilde og skildringar av ein kvardag med både hår under armane og tørre leggar. Unge bloggarar som gjer opprør kan vere den viktige motvekta som viser kor latterleg og lite realistisk det rosa livet faktisk er. Kanskje er det nettopp gjennom desse at tenåringsjentene kan få eit nytt perspektiv. Den rosa revolusjonen er kommen, og fleire stemmer må opp og fram for å tale den imot.

]]>
Lar det svinge — utan kontroll https://voxpublica.no/2013/03/lar-det-svinge-utan-kontroll/ Fri, 22 Mar 2013 12:09:46 +0000 https://voxpublica.no/?p=10212 Det er feststemning i Florø der Idrettshallen er forvandla frå traust fotballbane til storslått scene med eit heftig lysshow. Småjenter med paljetthattar, glowsticks, glitter og fylkesordførar Åshild Kjelsnes i tidsriktig MGP-paljettkjole. For tredje år på rad arrangerte Florø Melodi Grand Prix-delfinale i januar 2013. Før showet startar ljomar gamle slagarar over høgtalaranlegget; «La det svinge», «Fairytale» og «Mil etter mil» til folket.

I ei veke har byen stått på hovudet for programleiarkjendisar og (meir eller mindre kjende) artistar. Showet går av stabelen ein laurdagskveld, med direktesending i halvanna time. Men den som trur at produsentane, NRK og Eyeworks Dinamo, betaler for festen, tar kraftig feil. Berre i 2013 har Flora kommune gått inn med 400 000 kroner, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har betalt 600 000.

Ein kan nes­ten tru at samt­lege er lurt trill rundt av NRK

Etter ein slik fest kan ein stille spørsmål ved om det var verd investeringa. Er det dette fylkeskommunen bør bruke flesteparten av kulturkronene sine til? Truleg ikkje. Sogn og Fjordane er eit fylke som ropar på dei utflytte ungdommane, og ber dei komme heim. I eit fylke der unge manglar kulturtilbod i kvardagen, brukar fylkeskommunen 600 000 kroner på at statskanalen skal sende sirkusshow frå Idrettshallen. Noko er gale.

Den lokale MGP-generalen Per Øivind Helle og ordførar Bengt Solheim-Olsen kallar showet «reklame i beste sendetid». Same argument blir brukt for løyvinga frå fylkeskommunen sitt hald: marknadsføring for heile fylket. Ein kan nesten tru at samtlege er lurt trill rundt av NRK. Det er langt frå rett at kommune og fylkeskommune skal finansiere at ein avdanka Hank frå Turboneger, skal få teste om han er god nok for Eurovisionen.

Mange ordførarar og fylkesordføraren hadde tatt på seg finstasen og ordførarkjedet. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Mange ordførarar og fylkesordføraren hadde tatt på seg finstasen og ordførarkjedet. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Haldbarheita i marknadsføringsargumentet er lite målbart, og lite sikkert. I ein artikkel i Bergens Tidende i 2012 avviser dessutan Knut Vareide ved Telemarksforsking at delfinalen er einstydande med viktig marknadsføring. Kven hugsar kvar delfinalen var i fjor, spør han. Om folk ikkje veit kvar det har vore, kan dei heller ikkje ønskje å verken reise eller flytte dit seinare, sa Vareide til avisa. Og han har rett: Kven hugsar eigentleg kvar delfinalen i MGP gjekk i fjor? Utanom Florøværingane sjølv? Det er ikkje Florø eller fylket MGP-showet handlar om, det er det som skjer scena. Så kven vil fylkeskommunen nå gjennom den såkalla marknadsføringa? Dei einaste som merka at delfinalen tok stad i Florø, var nok innbyggjarane sjølv.

Sats på kul­tur for heile fyl­ket, og gjerne noko som har lengre hald­bar­heit

Men vi må ikkje gløyme det som ikkje visast på fjernsynet, seier Florøværingane med arrangør Helle i spissen. For MGP er visst så mykje meir enn det. Helle anslår i Firda 28.januar at 5500 menneske er direkte involvert i sirkuset. For det har ikkje berre vore MGP-sending, men ei heil MGP-veke i byen, med forskjellige arrangement over heile linja og stor dugnadsand. Ordførar Solheim-Olsen meiner at MGP har skapt engasjement i heile lokalsamfunnet, og at det har betydd mykje for samhaldet i byen. Men kva meiner innbyggjarane?

Vinnaren Margaret Berger var populær blant dei minste. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Vinnaren Margaret Berger var populær blant dei minste. (Foto: Truls Kleiven/nrk.no)

Publikum som Firda var i kontakt med, seier alle det same: det viktigaste er folkefesten, og at det skjer noko i byen deira. Eit felles haldepunkt, ei fellesskapskjensle på ein tettstad er utelukkande positivt i ein by som ikkje surfar på noko vekstbølgje. Men må det vere akkurat MGP som er dette trekkplaster og samlingspunkt? Innbyggjarane sine svar seier at akkurat kva som skjer, er mindre viktig. Det bør også den lokale arrangøren lytte til. Utsegna opnar nemleg for satsing på arrangement som fokuserer på noko anna enn reklameeffekt og publikum som står på pinne for ei TV-sending. Sats på kultur for heile fylket, og gjerne noko som har lengre haldbarheit enn 19–21 ein laurdagskveld.

I løpet av tre år har kommune og fylkeskommune betalt til saman 3,35 millionar kroner for sirkuset. Det framstår som vanskeleg å få reknestykket til å gå opp. Skal MGP tilbake til fylket, må ein sjå seg om etter andre finansieringsmulegheiter enn lommeboka til fylkeskommunen. Det er ei oppfordring til arrangørar, så vel som politikarane som skin på første rad i paljettkjole og tungt kjede.

]]>