Pål Magnus Lykkja, Forfatter hos Vox Publica Magasin om demokrati og ytringsfrihet Thu, 10 Mar 2011 08:11:09 +0000 nb-NO hourly 1 Dei digitale rammevilkåra, del 2: Fri kultur og kunnskap er råstoffet https://voxpublica.no/2011/03/dei-digitale-rammevilkara-del-2-fri-kultur-og-kunnskap-er-rastoffet/ https://voxpublica.no/2011/03/dei-digitale-rammevilkara-del-2-fri-kultur-og-kunnskap-er-rastoffet/#comments Thu, 10 Mar 2011 06:00:11 +0000 https://voxpublica.no/?p=5920 I del 1 av denne kronikken freista eg å gje eit historisk tilbakeblikk på drivkreftene bak omforminga frå eit heilanalogt til eit heildigitalt samfunn. Her i del 2 skal eg ta føre meg korleis samfunnet kan tilpasse seg desse kreftene for å nå dei høgstliggjande måla for eit godt samfunn.

Kva med avisene, forlaga, CD-platene, musikkindustrien? Overlever dei?

Rupert Murdoch driv i desse dagar med storstilte eksperiment for å selje avisene sine over Internett og som applikasjonar for Apple iPad. Fram til no har betalingsmurar for å lese aviser og magasin vore mislukka med veldig få unntak. Årsakene er sikkert mange, men ei forklaring kan vere at når folk fyrst har sett seg ned i godstolen for å lese aviser og dei vert bedne om å dra fram kredittkortet for å betale, så hoppar dei like gjerne til noko anna interessant. Dessutan så har folks oppfatning av verdi forandra seg radikalt i samband med overgangen frå atom til bits. Folk ser verdien i ei trykt avis, men ikkje i ei elektronisk fil.

Platebransjen opplever dei same problema. Folk er ikkje lenger interesserte i å kjøpe CD-plater, og på Internett er alle platebutikkar tilnærma like. Kopisperrer er det ingen av dei som kan ha lenger fordi folk har så mykje musikk at dersom dei skal gjere musikk med kopisperrer tilgjengeleg til alle dingsar dei til kvar tid har, så får dei fort dagar og veker med arbeid. Sjølv om artistar ikkje tener nemneverdig på Spotify, så er det snart ingen som har råd til ikkje å vere der. Skilnaden på piratkopiering og Spotify nærmar seg null.

Når det gjeld forlag, så er det ein tydeleg trend å hoppe over forlagsbransjen. Forfattarar som legg alt fritt ut, tener meir pengar på å selje filer til nedlasting eller «trykt på etterspurnad»-bøker enn dei ville hatt ved å gå gjennom eit tradisjonelt forlag. Privatpersonar tener godt med pengar med å publisere såkalla indiebøker fordi dei treng berre å selje brøkdelar i tal bøker som sjølvpubliserande forfattar samanlikna med å publisere via forlag. Piratkopiering er meir å rekne som reklame, og så lenge folk synest noko har ein fornuftig pris, er betalingsviljen framleis sterk nok til at det vert bra sal. I tillegg har det dukka opp ei rekkje nye forretningsmodellar. Hollywood tener i dag meir pengar på t‑skjorter og leikety enn på film, og Newsgrape, Groupon, Flattr, Spotify, Airbnb og ei rekkje andre forretningsmodellar dukkar opp som paddehattar.

Samle lokalt –dele ut globalt

Google Books og Europeana er to gigantiske internasjonale digitaliseringsprosjekt med om lag 15 millionar bøker kvar. I tillegg har me Amazon, Barnes & Noble og Apple iTunes. Biblioteksdirektøren på universitetsbiblioteket på Harvard, Robert Darnton, er godt i gang med å sanke støtte til å skape ein amerikansk versjon av Europeana.

Biblioteka er med andre ord i full gang med å samle lokalt, det vil seie skanne sine eigne samlingar, og tilby dei gratis til alle som har ei datamaskin og tilgang til Internett. Også bibliotekbrukarane kan få same lagnad ved at dei etterkvart brukar biblioteket som ein stad der dei utnyttar fordelane med menneskeleg samvere til å skape materiale som dei deler med verda. Serendipitet er stikkordet. Me har alt ifrå seglforeiningar og politiske parti med aktive nettstader, men somme tider treng folk å møtast andlet til andlet. Å planleggje kva ein skal oppdage, for så å oppdage det, er ei sjølvmotseiing. Difor møter ein ikkje opp i den lokale fiskeforeininga eller lokalhistorieforeininga om ein ikkje alt har oppdaga at ein har desse interessene.

Litteraturhuset i Oslo fungerer annleis. Her har ein reelle sjansar til å oppdage magien ved serendipitet, og Litteraturhuset har tydelegvis skjønt noko IKEA-entreprenør Ingvar Kamprad skjønte heilt ifrå starten; mat og drikke.

Bibliotekvesenet sine verdikjeder vert snudde på hovudet ved å samle bøker frå heile verda til lokalt utlån, til å samle lokalt til global nedlasting eller strøyming.

Nynorsken sitt potensiale til å vere in

Folkeopplysning og særprega samfunnskritikk har vore nokre av nynorskrørsla sine viktigaste bidrag til samfunnet opp gjennom tidene. Nynorskrørsla gjorde at både europeisk intellektuelt tankegods nådde landet og at underklassane i utkantstrok fekk sjølvtillit i utdanningssystemet. Det spesielle særpreget på samfunnskritikken frå nynorskrørsla kan kanskje ha noko å gjere med ein viss distanse til «makta sine sentrifugalkrefter» ved å halde på dialekten og ha sitt eige skriftspråk.

Distanse til samfunnet var i alle fall Thorstein Veblen sitt utgangspunkt då han i 1919 vart oppmoda av den sionistiske rørsla om å skrive noko positivt om jødane sitt krav på Palestina. Dei fekk eit svar som dei neppe hadde rekna med då han skreiv at han ikkje ynskte at jødane skulle få sitt eige land. Då ville nemleg verda gå glipp av dei viktige intellektuelle bidraga frå jødane som var prega av at dei såg samfunnet dei sjølve levde i, utanfrå. Eg veit ikkje om denne kritiske distansen også kunne høve for forklaringa på nynorskrørsla sine bidrag, men nynorsken burde tenkje på om ein kan freiste å dyrke fram både avansert vitskap og folkeopplysning også i framtida. Menneska er veldig på jakt etter å styrkje ein identitet dei vil vere, ofte meir enn nokon som helst rasjonelle pengemotiv. Kven veit om nynorsken kunne vorte noko som representerer noko særmerkt og innovativt? Kva om nynorskfolket hadde gripe sjansen med å lage den nynorske wikipediaen til Noregs største leksikon? At nynorskleksikonet Allkunne derimot har valt å truga Wikipedia med krav om erstatning, kan vise seg å verte nynorskrørslas største strategiske bommert nokon gong.

Overvaking og intellektuell eigedom

Tilhengjarar av fri kultur og tradisjonell intellektuell eigedom ser på kvarandre gjensidig som mørke krefter. Den eine prøver å byggje ned friksjon, medan den andre prøver å vedlikehalde insentiv for produksjon. Begge leirar ynskjer å maksimere kvalitet og mengda kulturelle og vitskaplege arbeid. Den eine leiren ynskjer å fj erne mest mogleg overvaking, medan den andre prøver å innføre global overvaking gjennom internasjonale organisasjonar som ACTA. Niall Ferguson har eit interessant perspektiv, han seier at Vesten sitt fem hundre år lange hegemoni er over, og at Kina kan gå forbi USA når som helst som økonomisk, og seinare som militær supermakt. Han fortel vidare at det einaste kortet me har att i konkurransen «Vesten mot resten» er demokratiet og ytringsfridomen.

ARPANET — ur-internett — i 1973. Norsar er den norske noden (ill: Arpanet Maps)

At grovt rekna alle OECD-landa no legg opp til total overvaking, er difor neppe det luraste dei kan gjere for å verje om dette siste kortet på handa. Attpåtil å prøve å hindre den definitivt mest effektive modellen for kulturell og vitskapeleg produksjon, å leggje press på dei kryaste vestlege verdiane som menneskerettar og ytringsfridom er som å pisse i buksa, trur eg. Å støype den digitale framtida etter analoge prinsipp kjem aldri til å fungere, trur eg. Intellektuell eigedom er for det fyrste ikkje eigedom, og om ein skal nytte dette ordet, så er det privat eigedom til vernetida går ut, og offentleg for alltid etterpå. Den frie kulturen og kunnskapen er råstoff et for ny omdreiing i samfunnsmotoren, og for lange drag mellom ny fylling av sylinderen fører til at det går for sakte. Reglar og økonomiske insentiv har to ting felles, det vert mykje advokatmat og raudt limband av det.

Ronald Coase sa det treffande då han fann opp teorien om transaksjonskostnader: når hindringane ved å la marknaden ordne opp er fleire enn når ein gjer dei same prosessane innanfor eit føretak, så veks føretaka. Når kostnadene (til dømes administrative) er større innan føretaka enn i marknaden, så minkar storleiken på føretaka. Verdiskapinga i samfunnet kan vere upåverka av organisasjonsformene. Å erstatte materiell kapitalisme med draumen om ein intellektuell kapitalisme med proprietære eigenskapar er som å tvinge ein fisk til å flyge, ein skal avle bra lenge før det let seg gjere.

Konklusjon

Om to år byrjar Google og ei rekkje andre investorar å skyte opp opptil 90 lågtsvevande satellittar som vil gje låge prisar og nær sagt same farten som fiberbreiband. På om lag same tid får dei fattigaste i verda sannsynlegvis gratis leseplater med tanke på framtidige marknadsinteresser. Alt vil verte påverka av overgangen frå atom til bits. Alle institusjonar, næringslivet, kulturlivet og vitskapen vil tene på å posisjonere seg ut frå desse realitetane. I motstanden mot denne omforminga av samfunnet, er det siste ein bør gjere å kaste vrak på Vesten sine grunnleggjande tradisjonar som har gjort milliardar av menneske frå slavar til frie menneske. Gløymer me historia, så veit me korkje kva me driv med eller kven me er.

Les del 1 av artikkelen: Det historiske grunnlaget.

Artikkelen vart først publisert i Norsk Tidend nr. 1, 2011.

]]>
https://voxpublica.no/2011/03/dei-digitale-rammevilkara-del-2-fri-kultur-og-kunnskap-er-rastoffet/feed/ 4
Dei digitale rammevilkåra, del 1: Det historiske grunnlaget https://voxpublica.no/2011/03/dei-digitale-rammevilkara-del-1-det-historiske-grunnlaget/ Wed, 09 Mar 2011 06:00:12 +0000 https://voxpublica.no/?p=5901 Den digitale revolusjonen er snart fullført. Me har på få år gått frå eit heilanalogt samfunn til eit snart heildigitalisert samfunn. Nær sagt alt som kan omformast frå atom til bits, vert råka av dei såkalla disruptive kreftene. I del 1 av denne kronikken freistar eg å gje eit historisk tilbakeblikk på kva desse drivkreftene eigentleg er for noko. I del 2 skriv eg om korleis samfunnet kan tilpasse seg desse kreftene for å nå dei høgstliggjande måla for eit godt samfunn.

The Complete Works of Homo Sapiens, Unabridged

For dei aller fleste av oss så ser den digitale omkalfatringa av samfunnet ut til å vere noko nymotens greier. Ikkje noko kunne vore meir feil. Sjølve ideen om at to tal, null og ein, kunne endre alt rundt oss, går tilbake til 1600-talsfilosofane Thomas Hobbes, John Wilkins og Gottfried Leibniz (Dyson 2005). Alan Turing bygde vidare på desse tankane då han skreiv ned førestillinga om ei datamaskin i 1936. Med null og ein så kunne alt som fanst skrivast ned til minste detalj, i teorien.

Me har kome eit godt stykke på veg, men me er langt frå ferdige.

Pynt og fjas, vitskap og Internett

Sjølve teorien om digitalisering er altså gamal, men kva med Internett, Google og Twitter, det må vel vere nymotens greier? Nei, også her går historie med klåre linjer 500 år tilbake i tid, og pussig nok så er det sannsynlegvis hoffa i Europa sin iver etter pynt og fjas for å vise seg fram, som er den viktigaste årsaka til korleis både Internett, Google og Twitter er konstruerte, utforma og fungerer. Det har å gjere med at vitskapen på 1500-talet gjekk frå å vere løynde aktivitetar for utvalde elitar, for å avdekkje «naturens løyndomar», til å verte det stikk motsette.

Galileo demonstrerar teleskopet sitt i 1609 (ill: Science Photo Library)

Frå og med Kopernikus i 1543 gav ut avhandlinga som prova at jorda ikkje kunne vere sentrum i universet, byrja hoffa i Europa å verte svært opptekne av å skaffe seg dei mest prominente naturfilosofane. For å få tilsetjing ved eit hoff så laut ein verte vidgjeten, og når ein fyrst vart tilsett, så var oppgåva å gjere seg stadig meir vidgjeten slik at ein kunne sanke ære for herskarane. Galileo Galilei er eit døme på korleis ein kunne utnytte dette finansieringssystemet fullt ut. Han la seg i selen for å lage så gode teleskop som overhovudet mogleg og kalla opp ein av Jupiters månar etter sjefen; hertugen av Toscana. Då hertugen vitja andre hoff ikring Europa, hadde han med seg dette teleskopet så dei andre herskarane kunne få sjå månen som bar hans namn.

Herskarane hadde også andre grunnar til å tilsetje dyktige naturfilosofar, men pynt og fjas vart langt viktigare enn nyttige føremål for finansieringa av vitskaplege aktivitetar. På grunn av dette vart det så uendeleg mykje meir effektivt å dytte ut så mange og gode vitskaplege resultat som mogleg samanlikna med tradisjonen frå middelalderen der det var om å gjere å halde mest mogleg for seg sjølv eller innan ein liten krins med rettenkjande religiøse (David 2007).

Opplysningstida og anti-opplysninga

Den vitskaplege revolusjonen på 1500-talet vart forsterka av ynsket om pynt og fjas, som på nytt medførte ei enorm brevskriving i vitskaplege krinsar. Det vart etterkvart vanskeleg å halde orden på alle breva, så dei vart bundne saman i tidsskrift. Eit av desse tidsskrifta, som blant anna hadde arva namnet «letters» i tittelen, Philosophical Letters frå The Royal Society, byrja også å setje rykteoppbygginga i system med det såkalla «fagfellevurderingsystemet”. For å få publisere arbeida sine så måtte eit utval med likemenn vurdere om arbeida var gode nok. Dette medførte at den pyntfikserte tradisjonen fekk endå meir vind i segla, og moderne vitskap vann ein fullstendig siger over den gamle religiøst styrde skolastikken.

Utpå 1700-talet byrja den såkalla skotske opplysninga, og etterkvart den franske. Framstegstanken vart oppfunnen, individet fekk sine menneskerettar og demokratiske grunnlover vann fram i USA og Europa. Dette var også med på å påverke dei opne tradisjonane i vitskapen. Ein sterk reaksjon på denne individualistiske og rasjonelle vitskapen dukka opp i samband med romantismen og anti-opplysninga, med Herder som ein framståande representant. Antiopplysningsfilosofane meinte at for å dyrke fram det beste i kulturen, måtte ein kjempe mot multikulturalismen som den franske revolusjonen sette ein strek over. Helst skulle ein undertrykkje og vere dauv for alt anna enn det kulturfremjande. Det filosofiske fundamentet for fascismen, sensur og overvaking vart skapt.

Dei mertonianske normene

Robert Merton samanfatta dei vitskaplege normene som hadde danna seg gjennom hundreåra etter den vitskaplege revolusjonen i forkortinga CUDOS i 1942. Desse normene inneheld element frå både den opne vitskaplege revolusjonen og tankane frå opplysningstida som hadde vorte markante innslag i både vitskapen sjølv og vitskapen sine arbeidsformer. Ein skulle ikkje berre studere individa, men også tilleggje individa universelle vitskaplege «menneskerettar”.

CUDOS tyder kommunalisme (alle vitskaplege resultat er åtte av alle), universalisme (kven som helst kan medverke), nøytralitet (i høve til personlege interesser) og organisert kritisk gransking (fagfellesystemet). Desse normene hadde vore ei meir eller mindre usynleg vitskapleg grunnlov i fleire hundre år, og har seinare vore retningsgjevande for forskarar over heile verda (se Wikipedia-artikkel).

Den opne revolusjonen i ei digital tid

Då datamaskinene vart moglege å konstruere, så vart dei sjølvsagt som skapte for å arbeide innunder eit vitskapleg regime som var som skapt for desse maskinene. Den opne vitskaplege kulturen med krav om fagfellevurdering og at det skulle vere mogleg å etterprøve det som var gjort, førte til framveksten av open kjeldekode på austkysten i USA på 1950-talet. Seinare vart open kjeldekode ein føresetnad for framveksten av Internett-tenester som Facebook, Ebay, Google, Twitter, Paypal.

I dag er open kjeldekode ein føresetnad for rekneintensive operasjonar som å simulere kjernefysiske reaksjonar og kartlegging av DNA. Den opne vitskaplege revolusjonen har ikkje hatt noko problem med å gå inn i den digitale tidsalderen, tvert imot, han har snart smitta over på alt som er. ARPANET (1969), og seinare World Wide Web (1989) vart utforma av vitskapsfolk, etter vitskaplege tenkjemåtar, og for vitskaplege oppgåver. Det berande prinsippet var opne standardar den gongen, og er det i høgste grad i dag også. Tilgangsopen kommunikasjon vart skapt etter dei vitskaplege normene i 1967 med katalogen ERIC, og utgjer i dag om lag 20 prosent av alle vitskaplege publikasjonar.

Les del 2 av artikkelen: Fri kultur og kunnskap er råstoffet.

Artikkelen vart først publisert i Norsk Tidend nr. 1, 2011.

]]>
Papirboka og drivhuseffekten https://voxpublica.no/2010/10/papirboka-og-drivhuseffekten/ https://voxpublica.no/2010/10/papirboka-og-drivhuseffekten/#comments Wed, 13 Oct 2010 05:00:18 +0000 https://voxpublica.no/?p=4515 For kvar kilo med trykt papir som vert produsert så hamnar det mellom tre og fem kilo karbondioksid ut i jorda si atmosfære. Likevel visar det seg at bruk av enkelte typer papirmedier, som den gode gamle boka, er langt meir miljøvenleg enn lesing på både bærbare og stasjonære datamaskiner. Det er mykje som tydar på at det eldgamle biblioteket er sannsynlegvis like miljøvenleg som dei minste energi- og maskinvarekrevande lesebretta som finst på marknaden i dag.

Dei siste åra har det vore gjort mange undersøkjingar om kva som er mest miljøvenleg av trykte papirmedier og lesing på datamaskiner. Dei fleste av desse undersøkjingane eg har sett på konkluderar med at det ikkje finst eit svart-kvitt svar på kva som er mest miljøvenleg av trykte eller elektroniske medier. Det kjem heilt an på ein heil rekkje faktorar som til dømes kor mange gonger ei bok vert lest, levetida til datamaskina før den hamnar på søppeldynga, kor mykje energi som krevjast for å lagre elektronisk informasjon i høve til papirbasert informasjon, lesetid, fleirbruk av elektroniske apparater og liknande (jfr. s. 96 i rapport (pdf) fra det svenske Centre for Sustainable Communications).

Farleg teknologioptimisme

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) vert sett på som eit av dei viktigaste verkemidla det globale samfunnet har for å bremse den globale oppvarminga av atmosfæra. ”The Climate Group” har estimert at IKT-bransjen aleine kan hjelpe til å fjerne 15 prosent av dei totale drivhusgassane i 2020 samanlikna med ein situasjon der ”ting går som vanleg”. Men sjansa for at IKT-sektoren kjem til å på eiga hand utlikne desse 15 prosentane med sine eigne utslepp er overhengande. Til dømes så har dei estimert at antal PC’ar kjem til å auke frå 592 millionar i 2002 til meir enn fire milliardar i 2020, og desse PC’ane vil stå for 22 prosent av IKT-sektoren sine totale utslepp av karbondioksid (jfr. s. 19 i rapporten Smart 2020 (pdf).

Bøker som har mange brukarar over lang tid er veldig miljøvenleg

Teknologioptimisme har mange gonger vore ei dårleg rettesnor å styre etter i miljøsamanhengar. Me kjenner alle til at om til dømes bilane brukar mindre og mindre drivstoff så vert miljøgevinsten ete opp ved at så mange fleire i verda kjøpar seg bil. Det er sannsynlegvis urealistisk å tru at kinesarar og indarar vil avstå frå å skaffe seg slike materielle goder i framtida for å spare miljøet, så viss me ynskjer å gjere noko for å bremse drivhuseffekten, så bør det gjerast der det er von om å skape endring og der endringane har stor effekt — det vil seie i vår eigen kvardag.

Biblioteksektoren er ifylgje Bill St. Arnaud ein ypperleg plass å starte. Ikkje ved å leggje ned dei papirbaserte biblioteka, men derimot ved å plassere datasentra i nærleiken av stader der det er overflod av rein elektrisk energi, for sidan å transportere alle oppgåver og resultater til og frå desse datasentrene i form av elektromagnetiske felt eller som lys i fiberkablar. Datainformasjon i form av bits er veldig lett å frakte i motsetjing til elektrisk kraft. Arnaud held ein presentasjon på ei konferanse arrangert av JISC (Joint Information Systems Committee) i Storbritannia våren 2010 som heitte ”The Critical Role that JISC can play in helping society reduce its carbon footprint” (pdf).

I denne presentasjonen peika han på fleire tiltak som var heilt avgjerande for å sikre at utdanningssektoren og informasjonssektoren inkludert elektroniske bibliotek, ikkje endar opp som utsleppsverstingar, men heller hjelper resten av samfunnet inn på ein kurs som tek sikte på å redusere utsleppa av karbondioksid med 80 prosent.

Nettskya og den mobile revolusjonen

Biblioteksektoren og utdanningssektoren har i stigande grad vorte prega av mykje bruk av datamaskiner og internett. For å finne ei bok i dei fleste biblioteker i dag så brukar ein begge delar for å finne ut kvar boka står på hylla, og det er tusenvis av studentar og tilsette som hentar ned elektroniske dokumenter som biblioteka tilbyr. Babcock School of Management har laga eit miljørekneskap for heile institusjonen, og kom fram til at forbruket av lærebøker til 160 studentar over ei toårsperiode resulterte i eit utslepp på 45 tonn CO2.

I tillegg så kom det utslepp som fylgje av bruk av bærbare og stasjonære datamaskiner. Gamle maskiner frå nokre år tilbake inneheld ofte rundt 10 kilo plastikk og giftige tungmetaller, og dei var transportkrevande både å skaffe og verte kvitt på ein trygg måte. Dessutan så brukte dei opptil 400 watt når dei var i bruk. Nye moderne bærbare brukar langt mindre, og iPad er vel nede i 2,5 watt til samanlikning. Dei fleste ville ”greidd seg” med ein iPad, i alle fall om ein hadde eit eksternt tastatur og ein brakett til å stille opp iPad’en på skrivepulten.

Dataintensive sektorar har eit voldsomt potensiale til å redusere sin sektor sitt karbonutslepp

Frå den svenske undersøkjinga frå 2007, så var det blant anna to vesentlege momenter som avgjorde kor miljøvenleg papirmedier var: Gjenbruk og tid. Skal ein sitje foran ei datamaskin i vekesvis for å lese bøker, så er det klart at det går med både straum og slitasje på maskinvare. Bøker som har mange brukarar over lang tid er veldig miljøvenleg, og berre det at folk veit at dei kan oppsøkje eit bibliotek som har nesten alt dei kan ynskje seg forhindrar kanskje at mange byggjer opp sine eigne private biblioteker. Bøker treng ikkje stort meir enn eit tørt rom, medan langtidslagring av elektroniske ressursar framleis krev ein god del energi. Ei bok er innhald og medium i eitt, medan elektronisk innhald krev eit medium som til dømes ei leseplate. Dagens maskinvare får kortare og kortare levetid og det er ofte ikkje snakk om meir enn månadar før mobiltelefonar eller leseplater hamnar i søppelbøtta. Printerforbruket til ein gjennomsnittsstudent er også ganske høgt i dag samanlikna med nokre år tilbake. Det går med pall etter pall med printerpapir i dei fleste norske utdanningsinstitusjonar når semesteret er i gang.

Det foregår mange konstruktive tiltak for å hindre at IKT skal verte ein sektor som står for meir utslepp av karbondioksid enn det dei forhindrar i andre delar av samfunnet. På Universitetet i Oslo så har administrasjonen bestemt seg for å gå over til å bruke iPad til å lese dokumenta sine, og Universitetsbiblioteket i Oslo skal sammen med Utdanningsvitskapleg fakultet verte ”miljøfyrtårn”.

Kanskje kvalifiserar biblioteka til å være miljøfyrtårn i utgangspunktet, men det er heilt klårt at slike dataintensive sektorar har eit voldsomt potensiale til å redusere sin sektor sitt karbonutslepp, blant anna ved å oppmuntre til bruk av lågenergikrevande lesebrett og datamaskiner.

God økonomi å vere miljøvenleg

Massachusetts Institute of Technology har bestemt seg for å spare 15 prosent av energibruken sin, tilsvarande 4500 amerikanske husstandar. Med så vidt over ti tusen studentar totalt, så inneber dette ei innsparing på nesten ein halv amerikansk husstand sitt elektrisitetsforbruk per student per år. Slik blir det pengar av, og samstundes så er det mykje som tydar på at utviklinga av mobil databruk og nettskytenester også effektiviserar informasjonsstraumen. Sentrale nettskyer (Cloud Computing) plassert der det er overflod av miljøvenleg energi komplementerar også veldig godt ei anna viktig utvikling som kan oppsummerast som ”massenes visdom” (Crowd Computing).

Biblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege og ”menneskelege” kvalitetar

Den ”tjukke klienten” som er eit kallenamn på datamaskiner med eigen lagringseining heftar ved seg ein arbeidsform som ofte kan verke gammaldags i dagens samfunn. Fleire og fleire land går no inn for å sikre mobilt breidband, og det er til og med foreslått å rett og slett fjerne den ”tjukke klienten” frå Storbritannia, og erstatte den med ”tynne klientar” som er kallenamnet på datamaskiner utan eigen lagringseining.

Det er mange utfordringar som må taklast for å realisere draumen om effektive nettskyer. Mange av dei største problema knytta til denne utviklinga knyter seg til kvalitetskontroll. Det vert naudsynt å vidareføre katalogisering og klassifisering over på desse nye tuftene i den digitale sfæra for å kunne skape god nok kvalitet på informasjonen. Sidan nettskyer og massenes visdom sannsynlegvis er noko som alle bibliotek kjem til å måtte vere med på, så er det viktig å ha miljøvern i tankane for å hindre at det miljøvenlege trykte biblioteket utviklar seg til å verte ein miljøversting av rang.

Biblioteka må stå fast på sine ibuande miljøvenlege og ”menneskelege” kvalitetar som papirbaserte kunnskapsbankar, samstundes som dei søkjer å utnytte dei mest miljøvenlege og effektive kvalitetane av den digitale revolusjonen. Her gjeld det med andre ord å ha ein fot i to ulike leirar som ofte synes å vere prega av vidt ulike grunnsyn på veldig mange områder.

Artikkelen ble først publisert i Bok og Bibliotek nr. 4, 2010.

]]>
https://voxpublica.no/2010/10/papirboka-og-drivhuseffekten/feed/ 2