Hans Jonas - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/hans-jonas/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Thu, 22 Oct 2020 12:33:11 +0000 nb-NO hourly 1 Essayføljetong 8:9 — Moderasjon med tvang https://voxpublica.no/2020/10/essayfoljetong-89-moderasjon-med-tvang/ Thu, 22 Oct 2020 11:55:09 +0000 https://voxpublica.no/?p=43470 I denne episoden er Jonas sine refleksjonar rundt politiske endringsprosjekt særleg viktige, og eg nærleser deler av kapittel 5 “Responsibility Today” og 6 “A Critique of Utopia and the Ethic of Responsibility”. Opp gjennom verdshistoria har det vorte formulert mange utopiar, og dei har til felles at forsøket på å lage eit godt samfunn møter aktiv eller passiv motstand. Politisk konflikt i notida er det einaste sikre utkomet av Jonas sitt håp om å skape ei betre verd i framtida.

Sommaren 2020 var eg på ferie i Oslo saman med familien og køyrte el-sparkesykkel på Operataket. Er el-sparkesyklar ein teknologi som kan bidra til å sikre ei meir berekraftig framtid? Så langt har dei berre sikra ein oppheta offentleg debatt som viser kor store utfordringar menneska vil ha med å verte einige om tiltak.

Essayføljetong i ni delar

Utopia i industrielle samfunn

Samfunnet må endre seg frå å verte drive av vekst og ekspansjon til å nøye seg med homeostatiske målsetjingar (s. 184). Utopia for Hans Jonas er at vi nøyer oss med å halde samfunna våre i balanse, og reduserer nye teknologiske initiativ til eit minimum. “Det er rikeleg rom for ei beskjæring som likevel ville etterlate oss med mykje meir enn besteforeldra og til og med foreldra våre hadde”, seier Jonas i 1984 (s. 184).

            Kor skal dette endringsforsøket byrje? Jonas ser moderasjon og forsiktigheit innafor vekstparadigmet som den einaste realistiske strategien. Ei storskala endring av teknologiutviklinga vil måtte byrje i dei samfunna som har kome lengst i moderniseringa. Her oppsto problemet, og her må det løysast.

            Det betyr at endringa må byrje i Nord-Amerika, Europa, Kina og andre høgteknologiske samfunn. I desse landa har teknologiutvikling og kognitiv formalisme skapt så stor materiell velstand at det er utenkjeleg med ein revolusjon frå innsida basert på misnøye.

            Utopia må difor vere ganske beskjedent. Jonas oppfattar det som eit overgangssamfunn som er organisert slik at menneska reduserer aktiviteten og fotavtrykket på alle dei områda der det no er uhemma vekst. Etterkvart som dei lærer å begrense seg vil vi få eit stadig meir velutvikla arsenal av løysingar som kan takast i bruk i andre samfunn også.

Vanskeleg å bryte med hedonismen

Jonas håpar likevel at folk skal gjere friviljuge offer i notida for at samfunnet i heilskap kan klare å oppfylle gode målsetjingar i framtida (s. 148). Dette er eit avgjerande punkt i ansvarsetikken. Det beste er hvis politikarane klarer “å framkalle eit friviljug brot med den innprenta hedonismen i våre velståande liv (før dyster nødvendigheit tvinger det fram)” (s. 148). Spørsmålet er kor raskt entusiasmen ville bli brukt opp når målet er å få heile menneskeslekta til å stramme inn beltet (s. 149).

            Jonas ser store dilemma med å innføre moderasjon fordi omtrent alle relevante avgjerder ville vere upopulære (s. 146). Asketiske haldningar og sparsomheit har dårlege vilkår. “Den ståkete materielle suksessen har fått slike haldningar til å forsvinne så gjennomgripande at det er ytterst usannsynleg å sjå dei gjenoppstå frå innsida i dei områda der det er vanemessig overflod, og det vil også vere vanskelege å tvinge dei på frå utsida” (s. 147).

            Ikkje-handlingar kan vere svært strevsamt. Tiltaka mot koronaviruset i 2020 er eit aktuelt døme på at det ikkje er lett å vise moderasjon, og at det å halde seg i ro og ikkje konsumere utgjer eit tap av livskvalitet som får mange til å protestere og nekte å innordne seg.

Konspirasjon for det gode

For å lukkast med moderasjon på brei front i samfunnet vil det difor trengast ein “konspirasjon for det gode”, seier Jonas. “Berre maksimal politisk påtvungen sosial disiplin kan sikre at dei noverande fordelane vert underlagt dei langsiktige behova i framtida” (s. 142). Jonas er ein menneskevenn, men det betyr ikkje at han er naiv.

            Ingen vil vel tru at menneska ville kunne “internalisere ein “objektiv” etikk og deretter praktisere den spontant, eller at staten nokonsinne vil bestå berre av dydige borgarar” (s. 160). “Menneske er menneske og ikkje englar”, seier han (s. 160). Menneska synest det er kjedeleg med nullvisjonar og føre var-prinsipp. Vi har ein medfødt opportunisme og vilje til makt, velstand og komfort.

            “Ingen kunnskapsrik person kan seriøst tru at ein ved å fjerne visse typar stimuli ville få menneske som var vennlegsinna, rettferdige, broderlige, kjærlege og utan misunnelse”, seier Jonas ironisk (s. 160).

Demokrati skaper ikkje offervilje i notida

Ein konspirasjon for det gode trengst hovudsakleg fordi demokratiet ikkje eignar seg til å løyse problem som krev at veksten og velstanden går ned. Demokratiet er nødvendigvis prega av folks interesser i notida (s. 151) og kan ikkje så lett skape endring som er smertefull i notida sjølv om den er verdifull i framtida.

            Politikarane tek jo avgjerder basert på ynskjet om gjenval, og dette gjer at dei berre vil klare å skape radikal endring i samfunnet hvis det allereie er stor oppslutnad om slik endring i folkesetnaden. Det er jo som nemnt svært lite sannsynleg når det gjeld Jonas sitt framlegg om moderasjon.

            Løysinga er å bygge opp ein ny type politikarar som arbeider for nullvekst med alle dei verkemidla som er tilgjengelege. “Viss det er som eg trur, at berre ein elite kan ta opp det etiske og intellektuelle ansvaret som trengst for framtida, korleis vert ein slik elite skapt og rekruttert, og korleis kan den få makta den treng for å få gjort noko?” (s. 147).

            Dette er ein “politisk gråsone” (s. 149) innrømmer Jonas. Politiske leiarar måtte tvinge på plass ei moderat åtferd enten folk vil eller ikkje, og dei måtte bruke både gulrot og pisk, lokking og trugsmål, sanningar og løgn. Jonas kjem berre med nokre raske hint om korleis denne konspirasjonen kan byggast opp, og det ville vel trengast ein ny Machiavelli for å finne dei mest verksame metodane.

Likskap skapar offervilje

Jonas framhever særleg ein politisk kvalitet som han trur vil kunne fungere for å skape moderasjon og offervilje, nemleg likskap mellom borgarane. Fordelen med likskap mellom borgarane er at ein vert meir viljug til å gjere offer viss ein ser at andre også ofrar det same (s. 150).

            Det er best med eit “institusjonelt forankra prinsipp om likskap der den kvardagslege drifta ikkje gjev mistanke om favorisering” (s. 151). Noreg og andre sosialdemokratiske land passar inn her fordi vi har relativt stor likskap mellom gruppene i samfunnet.

            “Forventninga om egalitær lovgjeving er betre jo meir av den som faktisk er tilfelle. Det må sjå rettferdig ut, og hvis det er mogeleg må det også vere rettferdig. (Men det er likevel ein politisk verdi i ei framtoning som går utover verkelegheita, akkurat slik ei dårleg framtoning kan frårane sjølv den beste verkelegheita noko av sin politiske effekt)” (s. 151).

Den gode løgna

Sann bevisstheit er alltid det beste, seier Jonas. Leiarane må ha “ueigennyttig frykt istadenfor ueigennyttig håp” (s. 162). Politikarar som brenn oppriktig for dei store endringane dei anbefaler vil typisk overtyde stadig fleire til å engasjere seg i saka. “Det er eit eige truverde i usjølviske motiv som er svært viktige for at folk skal akseptere smertefulle politiske tiltak” (s. 148).

            Men dei enorme utfordringane som vekstautomatikken skaper gjer at sjølv dei ekstraordinært motiverte elitepolitikarane neppe ville klare å ha oppriktig tru på at det går an å redde menneska frå undergangen.

            Ein “konspirasjon for det gode” i politikken betyr at det trengst eit retorisk spel som ikkje nødvendigvis er knytt direkte til sanning og autentisitet. “Under gitte føresetnader kan ei ukorrekt oppfatning vere den nyttigaste. Viss sanninga er for tung å bere må den gode løgna stå til teneste.” (s. 151). Konspirasjonen er prega av at dei som iverkset den har gode intensjonar og målsetjingar, men likevel kanskje ikkje trur menneska vil nå det Utopia dei sjølve formulerer.

            Den retoriske framtoninga til politikarar har jo stor påverking på eit hendingsforløp uavhengig av om den er basert på autentiske haldningar og korrekt informasjon. Det er lite sannsynleg at nokon av oss som lever no vil få sjå at pilene byrjar å peike i rett retning, og difor vanskeleg sjølv for elitepolitikarar å ha oppriktig tru på at det vil gå bra. Men viss dei i det minste har tru på at ein må prøve så får det vere godt nok, seier Jonas.

Dei saktmodige skal arve jorda

Virketrang er ikkje lenger positivt. I episode 6 var eg inne på eit stort dilemma som Jonas peikar ut. Kjensla av å vere til nytte, og løyse viktige utfordringar, er vesentleg for menneskas kjensle av å vere frie. Samstundes bør det verte mindre av slik virketrang.

            Noko av det mest smertefulle for samfunnet ville vere å aktivt gå inn for å dempe den frie impulsen og dei eigensindige eigenskapane våre. Det vil vere betre med middelmådige og saktmodige menneske som føyer seg etter fryktregelen, medan det eksepsjonelle og overskridande vert motarbeidd og om nødvendig straffa (s. 159).

            Viss vi innser at eksepsjonelle menneskelege kvalitetar er knytt til negative utviklingstrekk må vi verte “viljuge til å betale med kulturell briljans og originalitet for å å få ein sosial orden som er meir rettferdig og mindre misforma av menneskeleg elende” (s. 159).

            Denne måten å tenkje på står i motstrid til alt vi lærer og alle kjente verdisett. Dette er eit uløyseleg dilemma som kan gjere både Jonas og lesaren av boka hans motlause.

Måtehald for alltid

Målet for Jonas er å sikre at planeten har gode vilkår for framtidig menneskeleg liv, og det viktigaste vi kan gjere for å redusere usikkerheita rundt dette målet er altså å leve asketisk, forsiktig og beskjedent.

            Kjernen i ansvarsetikken er å ta ansvar for vilkåra for det ufødte livet hundrevis og tusenvis av år innover i framtida. Djupast sett kan dette berre gjerast gjennom ein appell til medkjensle med desse framtidige skapningane.

            Jonas avsluttar difor boka med eit opprop for måtehald (“call to caution”) til den mektige, velståande, hedonistiske borgaren av i dag: ““Beskjedne” målsetjingar høyrest skingrande ut for den som fremjer vår grandiose kapasitet, men vert vår fremste plikt nettopp på grunn av denne kapasiteten” (s. 191). Ansvarsetikken må ha mål som er beskjedne nok til at vi kan sjå dei for oss istadenfor perfekte mål vi berre kan oppnå i ein teknologisk utopi og difor kan fnyse av i notida.

            Siste setning i boka kan også vere siste setning i min presentasjon av Hans Jonas sin ansvarsetikk: “I ei tid med einsidig press og aukande risiko er det rett å velje moderasjon og forsiktigheit. Vi må seie Vêr vaktsam! og Bevar!” (s. 204).

Siste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Niande og siste del heiter “Frå miljøvern til kommunikasjonsvern”. Her er det eg sjølv som resonnerer. Sidan eg er medievitar er det rimeleg å anvende dei kraftfulle argumenta til Hans Jonas på teknologiutviklinga innan medier og kommunikasjon. Det er lett å sjå at menneskas måte å kommunisere på i vår tid korkje er ressursmessig eller kommunikativt berekraftig. Ansvarleg medieutvikling må difor medføre at forskarar tek større omsyn til vilkåra for framtidas menneske enn vi gjer no.

]]>
Essayføljetong 7:9 — Fryktregelen https://voxpublica.no/2020/10/essayfoljetong-79-fryktregelen/ Wed, 07 Oct 2020 09:35:09 +0000 https://voxpublica.no/?p=41031 Denne delen handlar om Jonas sine tankar rundt “fryktregelen”. I den engelske utgåva av The Imperative of Responsibility (1984) kallar Jonas dette for ein “heuristics of fear” (s. 26–27). Ein “heuristikk” er ein regel du kan lage sjølv for å auke sjansen for å løyse ei oppgåve. Slike reglar er erfaringsbaserte og kan gje gode resultat utan at du veit heilt kvifor, og utan at regelen nødvendigvis er rotfesta i vitskap eller normverk.

Vi omsluttar oss nesten totalt med moderne teknologi, og risikerer å ikkje anerkjenne andre verdiar enn dei som støttar opp under vidare utvikling. Frykt er det einaste som verkeleg kan rykka oss ut av denne tilstanden, seier Hans Jonas. Foto: Robert Nedrejord

Essayføljetong i ni delar

Frykta for det onde

Fryktregelen er ein retorisk strategi for å peike ut kva som står på spel. “Så lenge faren er ukjent veit vi ikkje kva vi skal bevare eller kvifor” (s. 27). Istadenfor ein retningslaus angst treng vi ein fokusert frykt. Vi treng å vite kva vi må unngå, for då kan vi lettare ta forholdsreglar og endre åtferda vår.

            “Vi skjønar mykje raskare kva vi ikkje vil ha enn kva vi vil ha” (s. 27). Vi kan verte veldig redde dersom flyet har tekniske problem under landinga, men vert ikkje tilsvarande glade kvar gong flyet landar utan tekniske problem. “Det onde tvingar seg til å verte oppfatta ved sitt blotte nærvere, mens det ynskjelege er tilstades utan å verte merka bortsett frå når vi reflekterer over det (og då trengst det ein spesiell grunn)” (s. 27).

            Dette gjeld også våre målsetjingar. I små saker kan vi gjerne tole mange små problem og til slutt få til det vi ynskte å oppnå, men når det gjeld store saker vil kvart feilsteg også skape store problem. Menneskeslekta har korkje tid eller ressursar til å satse på at flyet alltid vil lande som det skal. Kjernen i fryktregelen er at vi er forplikta til å handle som om flyet kan styrte når som helst.

Dommedagsprofetiar kan hindre dommedag

Jonas framhever fleire gonger at teoriar har ein tendens til å verte til verkelegheit fordi mange jobbar iherdig for å få det teorien postulerer til faktisk å skje. “Føremålet med alle prognosar er jo å omsetje dei til praktisk politikk, og dermed at handlingane som vert iverksett vil fremje eller motverke at dei vert verkelegheit” (s. 120).

            Fryktregelen (“heuristics of fear”) er laga for å motverke at dei negative prognosane vert realiserte. “Vi må formulere profetiar om dommedag for å hindre at den kjem. Men det ville vere svært urettferdig hvis dei som spådde dommedag seinare vert refsa som “alarmistar” fordi “det gjekk jo ikkje så gale likevel”. Å ha tatt feil taler til deira fordel” (s. 120).

            Ingen vil verte gladare enn alarmistane viss dei ser at prognosane ikkje slår til, for det betyr jo at katastrofen vart unngått. Offentleg samtale må føresetje det verste utfallet i alle framtidsscenario og lage forholdsreglar utifrå dette. Utan krisemaksimering har vi ingen sjanse, seier Jonas.

Kva har vi å frykte?

Når Jonas snakkar om dommedag er det metaforisk, for han tenkjer på ei krise knytta til vekstautomatikken og dens påverknad på klima, miljø og menneskeleg åtferd. I tiåra etter at Jonas skreiv denne boka har det kome stadig fleire fakta på bordet som gjer at vag angst kan erstattast med kald og klar frykt.

            FNs klimapanel har lagt fram dystre framtidsutsikter for temperaturen på jorda, Stephen Hawking og andre vitskapsfolk har åtvara mot kunstig intelligens-utviklinga og David Attenborough har fokusert på utryddinga av dyreartar. Nyleg har også Noam Chomsky åtvara mot katastrofe, og åtvaringa vert presentert i artikkelen “The world is at the most dangerous moment in human history” i The New Statesman. Vi kan lese skremmande artiklar om framtida kvar einaste dag.

            Jonas forsøkte å skremme oss allereie på 1980-talet. Fryktregelen oppsummerer på mange måtar Jonas sitt retoriske ærend i The Imperative of Responsibility. Vi kan ikkje fortsetje å la vektsautomatikken råde utan at vi skapar ei framtid prega av “apokalypse” og “katastrofe” (s. 202).

Framskrittets dialektikk

Menneska har havna i ein svært farleg situasjon som han kallar “framskrittets dialektikk” (s. 184). Ein gong i fortida hadde vi framleis kontrollen, men no vert teknologiane sterkare av seg sjølv, og dei får stadig større autonomi i omgangen med naturmiljøet og menneska.

            Jonas skriv: “Framskrittets dialektikk” inneber at “eikvar konstruktiv løysing vil krevje ei massiv innsprøyting av teknologi […] og dei såra som miljøet får krev vidare teknisk framskritt for å verte lega, og dermed stadig meir og betre teknologi utifrå behovet for å beskytte” (s. 184).

            Den gode teknologiutviklinga er like skadeleg som den onde. Vi ser dette tydeleg i samband med det grøne skiftet. Batteria til dei elektriske bilane krev omfattande metallutvinning og vindmøllene langs kysten krev omfattande naturinngrep.

Kognitiv formalisme

Menneskas medfødte skaparkraft (Homo Faber) har vorte kolonisert av det Jonas kallar kognitiv formalisme og Heidegger kallar den utreknande tenkjemåten. Skaparkrafta vår har vorte ein reiskap i teknologiutviklinga, og vi utfordrar naturen med stadig større kløkt og nøyaktigheit. Vi har rigga til heile samfunnet for å utvinne ressursar og omdanne dei til nytte og komfort.

            Det største problemet er imidlertid at menneska ikkje klarer å ta ansvar for framtida. Framskritt er opium for folket, seier Jonas. Framskrittet skapar så stor velstand, tryggheit og nytte at vi vert blinde for behovet for moderasjon og vekstnedgang. For å endre retninga på teknologiutviklinga må vi endre menneskas åtferd, og det kan vi berre gjere ved å skremme og tvinge. Snyltinga på framtidig liv må ta slutt!

Irreversibel akkumulasjon av kraft

Farane som truar stammar frå både frå den globale samfunnsutviklinga og den enkeltes handlingar. Det fremste problemet er at dei farlege utviklingstrekka ikkje let seg reversere særleg lett. Sjølv om det kan vere veldig farleg dersom ein statsleiar trykkar på atomknappen og utløyser kjernefysisk krig, er dette ei handling det går an å unngå. Viss ingen trykker skjer det heller ikkje noko katastrofalt.

            Dei utviklingstrekka Jonas bekymrar seg for foregår allereie og dei er lite synlege, irreversible og ber preg av akkumulasjon av stadig meir kraft. Konsekvensane treng ikkje verte mindre enn frå eit kjernefysisk holocaust.

            “Det eg fryktar mest er den apokalypsen som truar på grunn av den uintenderte dynamikken i vår tekniske sivilisasjon. Den driv avgarde i heilt tilfeldige retningar og med eksponensiell akselerasjon. Det er ein apokalypse prega av “for mykje”, og den slit ut planeten og gjer at den vert stadig meir forurensa og øyde” (s. 202).

            “Denne apokalypsen vil ramme barnebarna våre viss vi er så heldige at vi har unngått atombomba” (s. 203), seier Hans Jonas på nest siste side i boka. Han legg ikkje opp til happy ending, for å seie det slik.

Alle kan gjere stor skade

Ringverknadane av moderne teknologi er så store at alle har felles skjebne. Akkumulasjonen av endå meir kraft vert styrka av at kvar enkelt av oss er aktive deltakarar i den, og vi kan alle gjere stor skade kvar for oss (s. 202).Viss eg tek ein risiko og ender opp med å gjere skade vil eg nødvendigvis også dra andre inn i skadeverket.

            “Eikvar satsing eg gjer heilt for meg sjølv er alltid også ei satsning som tilhøyrer andre og som eg difor ikkje har rett til å gjere for meg sjølv” (s. 35). Felles ansvar er det logiske resultatet av alle samankoplingane, men gjer det svært vanskeleg å løyse problema.      

            “Å hindre katastrofe krev at vi opphevar heile livsstilen vår, inkludert grunnprinsippa bak dei avanserte industrialiserte samfunna, og det vil vere til skade for endelaust mange interesser (og vanane til oss alle)” (s. 202).

Hjelper det at vi skremmer kvarandre?

Det foregår ein retorisk kamp mellom teknologioptimistar og teknologipessimistar. Mange meiner at det trengst ei meir taktisk framstilling av dystre fakta for å unngå at folk låser seg til skepsis og uvilje mot å ta åtvaringar til følgje.

            Men vi har ikkje tid til retorisk snillisme. Dersom retorikken er forsiktig og taktisk vil endringane skje saktare, og det har vi ikkje tid til, seier Jonas. Sjølv nøkterne framskrivingar er skremmande og tidsramma krympar stadig. Vi kan ikkje ta omsyn til folk sine kjensler når heile jordas framtid står på spel.

            Frykt for vår eigen tilstand er den einaste drivkrafta som kan få mange menneske til å handle resolutt på kort sikt. “Åtvaringar om fæle ting som kan skje er ikkje berre sannare enn vakre lovnader, det er i langsiktig perspektiv truleg også det mest effektive politiske verkemidlet” (s. 161). Fryktregelen må inngå i politikkutforminga.

Ærefrykt for mennesket

Ansvarsetikk er basert på pisk istadenfor gulrot. Etikk handlar forsåvidt alltid om at “du skal ikkje” istadenfor “du skal”, seier Jonas. Å verte fri for skuld gjennom å gjere det rette er den høgste moralske plikta for oss menneske. Viss freistingane til å gjere galt er veldig sterke er det desto meir maktpåliggande å utøve denne plikta, men også vanskelegare å få det til (s. 203–204).

            Kva er målsetjinga på den andre sida? Det kan kanskje høyrast ut som Jonas er ute etter berre å skremme og refse menneska, og at han har ein kald distanse til oss alle.

            Men Jonas er den største humanist eg har forholdt meg til. Han set meir pris på mennesket enn alle dei som fortel historia om menneskelege brager eller forklarer kva som foregår no. Jonas tenkjer berre på framtida, og ser for seg alt som kan gå galt for oss. Som han sjølv seier: Ansvarsetikken “er ikkje utan håp, men gjev også frykt sin rettmessige plass. Dens hjarte bankar av ærefrykt for mennesket, og skjelv av bekymring for kor skjøre vi er” (s. 201).

            Ingenting er viktigare for Hans Jonas enn at menneska fortset å eksistere. For at vi skal kunne leve godt på jorda også i framtida må vi vise større omsorg for oss sjølve, og vere meir bekymra for konsekvensane av det vi har stelt i stand.

            Vi er små menneske med stor teknologi. Vi er som trollmannens læregut; vi er ikkje opplært til å handtere dei enorme kreftene som ligg i det har fått hendene på.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Åttande del heiter “Moderasjon med tvang”. Den beste løysinga på problemet med vekstautomatikk og mangel på ansvarsetikk vil vere å skape mindre vekst. Men dette vil verte svært upopulært blant folk, og difor trengst det ein politisk konspirasjon som tvinger oss alle til å arbeide for det gode, seier Jonas.

]]>
Essayføljetong 6:9 — Framskritt er opium for folket https://voxpublica.no/2020/09/essayfoljetong-69-framskritt-er-opium-for-folket/ Wed, 23 Sep 2020 08:52:52 +0000 https://voxpublica.no/?p=37921 Hans Jonas seier at den største hindringa mot å gjere framtida til gjenstand for moralsk ansvar er at majoriteten av menneska no har det så godt. “Ei gong i tida vart det sagt at religion er opium for folket, men no har den vorte bytt ut med teknologisk framskritt” (s. 156). Kva er det han prøver å seie med si omformulering av den kjente metaforen frå Karl Marx?

            I denne delen dreier det seg om Jonas sine refleksjonar rundt det han oppfattar som det moderne menneskets ansvarsløyse. Dei finst særleg i kapittel 5 “Responsibility Today: Endangered Future and the Idea of Progress” og kapittel 6 “A Critique of Utopia and the Ethic of Responsibility”. 

Dyr drone og fårete smil. Eg hugsar enno den kriblande kjensla av å ha fått tilgang til verkeleg ny og avansert teknologi. Sanninga er at eg berre har brukt min Mavic Air-drone to-tre gonger, og at eg aldri burde ha kjøpt den. Eg er ein konsument av akkurat den typen Hans Jonas kritiserer.

Essayføljetong i ni deler

Framskrittets begeistringsrus

Alle dei godene som framskrittet skapar gjer det vanskeleg for oss å gå oppriktig inn for å endre utviklinga. “Ingen stiller spørsmål ved det “teknologiske imperativet”, og det let seg ikkje stille spørsmål ved fordi det er antropologisk grunnleggande og integrert i den menneskelege tilstanden. Det treng ingen talspersonar i den vestlege verda i det 20. århundret fordi begeistringsrusen har overteke fullstendig” (s. 203). 

            Eit oppgjer med det teknologiske imperativet måtte nødvendigvis ha gått i retning ein livsførsel som var mindre effektiv, komfortabel og underhaldande, men det ser vi ikkje fordi vi er rusa på begeistring for den siste iPhone-modellen og billige flyreiser til Syden. 

            “Slik vi oppfører oss no tek den teknologiske drivkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nødvendigheitene den har skapt, dens besnærande lovnader, dei kortsiktige belønningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjennom si sjølvforsterkande kobling med framskrittet i vitskapen” (s. 203).

            Vi ser ikkje skadeverknadene. Framskrittet er opium for folket fordi det gjer oss blinde for den tøyleslause teknologiutviklinga som strukturerer liva våre for permanent innovasjon, brukar opp naturressursane vi ein gong trudde var uendelege, og gjer oss alle til kortsiktige livsnytarar.

Dyrkinga av velstand er eit problem

Framskrittet skapar så mange gode at det nesten umogeleg å vera imot det. Framskrittet påverkar “den sosio-politisk-økonomiske orden, tryggheit og komfort, dekkinga av behov, variasjonsrikdomen i og tilgangen til kulturelle aktivitetar og underhaldning, handhevinga og kvaliteten på lovene, respekten for personleg verdigheit, og sjølvsagt også manérane våre, dvs. dei indre og ytre vanane vi har med å leve saman” (s. 167). 

            Velstandsproblemet finst på alle nivå i samfunnet. Når utviklingsland løftar seg ut av fattigdom ynskjer dei sjølvsagt å ta i bruk den mest avanserte teknologien som er tilgjengeleg, og dei ynskjer seg alle dei goder som er råd å bygge opp. Når små barn vert oppdratt lærer dei seg å bruke dataverktøy på ein endå meir gjennomgripande måte enn oss vaksne, og vert flinkare enn oss til å sikre fortsatt vekst. 

            Menneska får meir fritid; tid som ikkje er bunden til hardt arbeid eller andre plikter. Vi får også meir handlefridom; armslag til å kjøpe, reise og forbruke materielle goder. Alt dette gjer det vanskeleg å gå inn for moderasjon og måtehald. 

            Jonas oppfattar vår dyrking av velstand som ei ansvarsløyse, og analyserer den på ein måte som eg vil presentere i detalj. Velstanden skapar både individuell og kollektiv ansvarsløyse, og denne haldninga kan vere både medviten og umedviten. 

Umedviten ansvarsløyse

Hans Jonas brukar mykje plass på å formulere det ansvaret vi har for å ta vare på liv og ting i framtida. Slikt ansvar “peikar framover mot noko som må verte gjort; og eg føler meg ansvarleg ikkje fyrst og fremst for mi eiga åtferd og dens konsekvensar, men for denne tingen som har krav på at eg gjer noko” (s. 92). 

            Jonas er realistisk nok til å skjøne at folk ikkje utan vidare klarer å ta på seg eit slikt ansvar. Det er intellektuelt krevjande å aktivere framtidsansvaret. Vi let ting vere som dei er, og gjennom denne inaktiviteten utfører vi “ei umerkeleg, ukonsentrert, uintendert ansvarsløyse som er ekstra farleg nettopp fordi den ikkje er identifiserbar ved konkrete handlingar” (s. 94).

            Jonas oppfattar dette som svært skadeleg, men han erkjenner at framtidsansvaret ikkje er synleg på same måte som fortidsansvaret. Til dømes vil det vere lett for oss alle å fordømme den ansvarsløysa ein gambler viser når han speler bort lønna si og familien må gå svolten til sengs. Ansvaret som foreldre har overfor barna sine viser seg tydelegare enn det ansvaret vi alle har overfor framtida (s. 94). 

            Framtida viser seg berre i den grad mennesket tenkjer medvite på den, og skapar nye etiske praksisar rundt dei tinga og liva det er viktigast å verne. Difor er det også lett å falle inn i det Jonas kallar umedviten ansvarsløyse.

Medviten ansvarsløyse

Ansvarsløysa kan også vere sjølvvalgt og medviten. Jonas har ein fascinerande kritikk av den haldninga som i mange tiår vart kalla eksistensialisme, og som er endå meir dominerande no utan å ha ein tydeleg merkelapp. I sekulære samfunn er ein stor del av folkesetnaden humanistar; dei er opptekne av verdslege forhold og har lite fokus på religion og religiøse levesett. 

            Det er særleg stor risiko for at folk inntek ei medviten ansvarslaus haldning viss dei er humanistar i denne tydinga. Dei set jo menneskets fridom i sentrum, enten det er seksuell fridom, ytringsfridom, eller andre verdiar som i utgangspunktet er positive og velmeinte. 

            Problemet for Jonas er at denne typen humanisme gjev oss fripass til ein fullstendig sjølvvald omsorg for det som måtte interessere oss (s. 88). Ein slik subjektiv etikk er ikkje i pakt med framtidsansvaret. Det går ikkje an å velje framtida viss du har lyst, seier Jonas. Du kan ikkje velje kva du skal vere ansvarleg overfor som om du veljer ein ny hatt, det er imperativt at du viser ansvar for framtida for liv og ting. 

Symbolhandlingar

Den sterke kjensla av fridom som mange dyrkar i liva sine skapar fare for symbolhandlingar som ikkje kan løyse det materielle problemet Jonas er oppteken av. Jonas er skeptisk til åtferd som er motivert av det å føle at ein gjer ei god handling (s. 84–85). 

            Symbolhandlingar fjernar berre enkeltpersonen si kjensle av dårleg samvit, og er slik sett ei egoistisk handling. I slike tilfelle har mennesket liksom “vakse som moralsk vesen fordi han lydige aksepterte pliktas kall, og det gjeld enten han lever og kan sjå eit gode oppfylt eller ikkje; enten han kan nyte godet sjølv eller ikkje; og sjølv om han skulle oppdage at handlinga feila” (s. 84). 

            Men dette er ikkje godt nok for Jonas. Som eg var inne på i episode 2 er det framtida til naturen, livsvilkåra og deira status i framtida som gjeld. Difor kan den gode kjensla berre vere legitimt moralsk viss du hadde omsorg for objektet og ikkje for deg sjølv. “Moralsk åtferd kan aldri ha seg sjølv som målsetjing” (s. 85). Det er ikkje handlingas form, men dens gjenstand som er viktigast (s. 85).

Kollektiv ansvarsløyse

Effektiv teknologi tek over arbeid som menneska måtte gjere. Her oppstår det ein type ansvarsløyse som ikkje er individuell, og som den enkelte ikkje så lett kan ta eit oppgjer med. Framskritt inneber at mange menneska vert ekskludert frå nyttig arbeid utan dermed å vere fattige. Maskinene reduserer behovet for arbeid blant menneska (s. 193), og dette skapar intellektuelle forskjellar som medfører ein ny type risiko for ansvarsløyse.           

            “Aukande heller enn synkande spesialisering ser ut til å verte skjebnen for alle dei som deltek aktivt i å drive produksjonsapparatet. Dei andre — som nødvendigvis er majoriteten, er ikkje så mykje frigjort som ekskludert frå nyttig arbeid” (s. 194). Det oppstår forakt og spenningar mellom grupper med ulik tilgang til kunnskap, og der vitskapsfolka er dei mest priviligerte. 

            Deltakarane i den vitskaplege prosessen har ein ekspertkunnskap som er ikkje er tilgjengeleg for dei andre. Kunnskap “vert meir og meir esoterisk, mindre og mindre kommuniserbar til lekfolk; og dermed ekskluderer vitskapen den store majoriteten, til og med dei lesekyndige samtidige, frå rollen som intelligente vitne […] Kløfta aukar, og i vakuumet som oppstår spreier det seg pseudovitskap og overtru” (s. 167). 

            Jonas peikar ut ei konflikt mellom dei kunnskapsrike spesialistane som alltid vil få interessante jobbar og dei lågt utdanna generalistane som risikerer arbeidsløyse og gjerandsløyse. Denne konflikta bidreg til å auke ansvarsløysa blant folk, og er farleg for framtida. 

Virketrong er opium for folket

Som eg var inne på i forrige innlegg har mennesket ei skaparkraft som er vanskeleg å stagge. Vår virketrong og behov for å gjere nytte for oss er også eit slags opium når målet er å dempe veksten, redusere konsumet og ta meir ansvar for framtida.

            Mennesket vil ha behov for å “aktualisere seg sjølve på andre måtar enn å gjere nytte for seg når dét vert tatt hand om av den arbeidsintensive nesten ubemanna robot-apparaturen” (s. 194). Vi bør arbeide mindre, og dette hjelper moderne teknologi oss godt med, men arbeidseffektiviseringa fjernar ikkje vårt ibuande behov for å vere i aktivitet. Her vil tidsfordriv som reiser, hobbyar og anna friviljug sysselsetjing verte stadig viktigare. “Hobbyar vil verte det nye kallet” skriv Jonas syrleg (s. 195).

            Journalist Anne Håskoll-Haugen skreiv om fritid i artikkelen “Når fritida ikke lenger er fri” i Klassekampen sommaren 2020. “Løpeturer skal registreres, bøker skal listes opp, og tomatplanter skal fotograferes. Fritida er blitt til en tid som skal utnyttes til det fulle. Ho snakkar med sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen som blant anna seier: “De som bryter med effektivitetslogikken, blir sett på som eksentriske fordi de ikke er systemlojale. De er opprørere, selv om de ikke går i demonstrasjoner. De markerer et annet verdigrunnlag”.

Fritid gjer oss ufrie og ulukkelege

Jonas har ei meir pessimistisk tolking av fritid enn Hylland Eriksen. Fritid tek frå oss ei grunnleggande kjensle av fridom. “Fridom består av å bryne seg på det nødvendige, og lever ved dette. Når den vert åtskilt frå dette mistar den sitt objekt og like tom som ei kraft utan motkraft […] Fiktive aktivitetar beskyttar oss like lite frå meiningsløyse og fortviling som kronisk inaktivitet” (s. 198).

            Dersom våre handlingar får eit preg av hobby istadenfor noko som er nødvendig for andre/objekt/liv, vil vi ikkje fyrst og fremst verte heroiske opprørarar som lever eit godt liv på eksentriske måtar, slik Hylland Eriksen foreslår. Vi vil miste verkelegheitssansen vår. 

            Når livet tek form av fritid og hobby går det utover sjølvkjensla di. “Den dystre sanninga er at det ikkje betyr noko kva dei gjer, at handlinga like gjerne kunne vore ugjort eller utsett eller gjort skjødeslaust utan annan skade enn at dei set eit dårleg eksempel og utan annan straff enn at dei får eit sosialt minuspoeng” (s. 197). Det kjennest som eit uverdig liv utifrå dei krava som vert stilt til Homo Faber — det skapande mennesket, i vår tid. 

            Problemet er uløyseleg. Hvis folk arbeider vert dei frie og lukkelege, men bidreg til framskrittet gjennom si produksjonskraft. Hvis folk ikkje treng arbeide vert dei ufrie og ulukkelege, og bidreg til framskrittet gjennom sine hobbyar.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Sjuande del heiter “Frykt må få sin rettmessige plass”. Vi står midt i den største krisa menneska nokon gong har bragt over seg sjølve, og spørsmålet er om vi klarer å anerkjenne dette. Kampen er retorisk, og står mellom teknologioptimistar og teknologipessimistar. Hans Jonas meiner krisemaksimering og frykt er den beste retoriske strategien for å skape endring.

]]>
Essayføljetong 5:9 — Vår farlege skaparkraft https://voxpublica.no/2020/09/essayfoljetong-59-var-farlege-skaparkraft/ Mon, 14 Sep 2020 13:12:42 +0000 https://voxpublica.no/?p=36110 Hans Jonas har ei rekkje radikale idéar, og hans kritikk av moderne vitskap er fascinerande lesnad. Vi tenkjer vanlegvis på vitskap som noko av det mest verdifulle vi har i samfunnet, men Jonas ser det annleis.

            Det er avgjerande for Jonas sitt prosjekt å skildre dette trekket ved vitskapen. Eg nærleser deler av kapittel 5 “Responsibility Today” som handlar om korleis vi bør forstå kunnskapens rolle i framskrittet. I denne episoden er Jonas sine refleksjonar rundt teoretisk kunnskap viktige, og særleg skiljet mellom naturvitskapleg og humanistisk kunnskapsauke.

            Vitskapen står alltid klar til å sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Denne kunnskapstørsten og skaparkrafta er eit vesentrekk ved mennesket, og den endrar seg ikkje sjølv når vi ser at det vil få negative konsekvensar i framtida. Optimisme og framskrittstru er uløyseleg knytt til vitskapen, og den er no så sterk og uhemma at den vert vår eigen verste fiende, seier Jonas.

Vitskapen legg til rette for utviklinga av stadig meir effektive, presise og problematiske teknologiar. Her prøver eg ein teknologi for å lese emosjonar ut av ansiktet til folk. “Facereader” er utvikla av det nederlandske firmaet Noldus IT, og eg prøvde den under ein ekskursjon i 2018. Foto: UiB.

Essayføljetong i ni delar

Mennesket er seg sjølv nærast

Det teknologiske imperativet tilseier at auke i vitskapleg kunnskap er grunnleggande positivt. Kunnskapstørst og kunnskapsauke kan ikkje så lett verte utfordra på moralsk grunnlag fordi den er ein integrert del av vår menneskelege tilstand, seier Jonas (s. 203).

            I naturen er det alltid den sterkaste som har rett. “Det finst ein enkel regel som seier at kvar art er seg sjølv nærast, og denne regelen har forrang utifrå livets generelle orden” (s. 137). I valet mellom menneske og natur vil mennesket velje mennesket gong etter gong, og det er heilt naturleg.

            Som art er vi heilt samde med oss sjølve om at vi kan herske på jorda, og sidan vi er sterkast på dette området vil vi rett og slett berre kunne gjere det. “Menneskets utøving av makt vis-a-vis resten av den levande verda er ein naturleg rett basert fullstendig på våre evner. Med andre ord; det enkle faktum at vi har denne overlegne krafta legitimerer at vi brukar den” (s. 137).

            Løva spør ikkje om lov til å vere konge på savannen, og mennesket spør ikkje om lov til å herske over naturen. Vi brukar vår skaparkraft og alle våre verktøy til å reprodusere oss og styrke makta vår, og det finst ingen naturlover som hindrar oss i dét.

Homo Faber har tatt overhand

“Å herske over naturen” framtrer som menneskets fremste kall. Homo faber tårnar over homo sapiens.” (s. 168). Faber kjem frå det latinske ‘handverkar’ og er ei nemning for at mennesket er eit skapande vesen som omformer seg sjølv og omgjevnadane sine med verktøy. Sapiens kjem også av latin, og betyr ‘klok’ eller ‘sensitiv’.

            Jonas meiner at menneskeartens evne til å tenkje vert misbrukt i jakta på omforming av naturen. Homo Faber har gjort Homo Sapiens til sin undersått. “Tenkinga vert eit verktøy i hendene til dei som vil lage nye ting, og ekstern makt vert sett fram som det høgste gode” (s. 168).

            Jonas meiner at menneska driv ei sosialt tvangsmessig utøving av makt. Den makta som naturvitskapen har gitt oss over naturen har gjort oss ute av stand til å begrense oss i utøvinga. “Det veldige omfanget av den makta mennesket har fått gjennom sin jakt på teknisk framskritt […] har skapt eit tilsvarande behov for å bruke den — og dermed den merkelege vansken med å stoppe dens forutsigbare og sjølvdestruktive framgang” (s. 141).

            Vi kan ikkje stoppe framskrittet fordi heile samfunnet er rigga til for å støtte opp under det skapande mennesket. Både utdanningsinstitusjonar, industri og næringsliv, forsking og utvikling underbygger legitimiteten til denne eine menneskelege aktiviteten; den utreknande tenkjemåten og dens permanente innovasjon.

            Det har vorte moralsk akseptabelt å søkje stadig større suksess, og aldri verte nøgd. “Teknologi utgjer eit kumulativt og ekspanderande kunstig miljø der dei kreftene i mennesket som lagde det vert forsterka. Den tvinger fram ei ustoppeleg skapande verksemd knytt til vedlikehald og vidareutvikling, og sidan menneska vert lønna med endå større suksess vert iveren deira ytterlegare forsterka” (s. 9).

            Den handlekraftige Homo Faber tårnar over den saktetenkjande Homo Sapiens på ein måte som er destruktiv ikkje berre for menneska sjølve, men også for naturmiljøet som vi er ein del av.

Teoriar er farleg

Vitskaplege teoriar er farlege fordi dei forsterkar menneskets innflytelse i verda. “Naturen kunne ikkje ha forårsaka ein større fare enn mennesket […] Så lenge vår praktiske intelligens og teoretiske intelligens gjekk kvar sin veg var påverkinga på balansen i verda akseptabel. Men sjølve meininga til ordet “teori” har endra seg. I motsetning til det kontemplative intellektet i gamle dagar har det oppstått ein frigjort arving; eit aggressiv og manipulerande intellekt fostra opp i moderne vitskap og slept laus som administrator av alle ting” (s. 138).

            Naturvitskapen gjev oss makt til å gjere teoretiske hypotesar til empirisk verkelegheit. “Det at teorien finst er i seg sjølv ein historisk faktor som endrar vilkåra for det objektet det vert samla kunnskap om. Teorien samlar kausal makt for å hjelpe dens eigne sanningar til å verte verkelegheit. […] Det at den får rett til slutt beviser ikkje at den var sann, men at den fekk makt over dei intellekta som viste seg å kunne bidra med relevante handlingar” (s. 115).

            Vitskaplege teoriar fungerer i stor grad som sjølvoppfyllande profetiar. Etter at eit framlegg er formulert, t.d. at det burde gå an å lage kraftige bomber med all den energien som vert utløyst ved spalting av eit atom, vil Homo Faber brette opp ermene og gå i gang med forsøket.

            Denne dynamikken gjer at forsking og utvikling kan kome til å ha uendeleg framskritt. “Alt i den noverande tilstanden til desse tvillingprosjekta peikar mot ei ubegrensa vidareføring i framtida (kanskje også med ein eksponensiell auke i tilverking). I alle tilfelle er dei i prinsippet i stand til dette utifrå deia kognitive formalisme og den uuttømmelege ressursen som deira forskingsgjenstand er” (s. 166).

Kognitiv formalisme

Jonas brukar eit litt undarleg språk når han omtalar vitskap som “kognitiv formalisme”, og det er fordi han vil skilje mellom humanismens og naturvitskapens måte å tenkje på.

            Her kan vi tenkje på fag som robotikk, kybernetikk og programutvikling. Med kvart gjennombrot innan naturvitskapen, til dømes knytt til kvantefysikk, oppstår det nye tekniske muligheiter innan desse faga. Trongen til ekspertise og spesialisering vert heile tida stimulert av desse gjennombrota.

            Den som baserer si utforsking på kvalitetar ved den fysiske verda er involvert i eit kunnskapsprosjekt som aldri vil ta slutt. Det ligg både i gjenstanden (naturen) og i verktøya (teknologi og kognisjon). “Utforskinga av denne opne vegen er meir enn ein grunnleggande rett, det er den høgste plikt for dei kognitive subjekta som er velsigna med evne til ei slik utforsking” (s. 167).

            Forskarane sin nysgjerrigheit og “aggressive intellekt” er knytt til det Heidegger kallar “utreknande tenkjing”. Kombinasjonen er svært kraftfull. Ein pris den naturvitskaplege forskaren må betale for bidraget til vitskapleg framskritt er at kunnskapen får eit mindre personleg opphav (s. 167). “Det kognitive subjektet er i mindre grad ein individuell tenkjar og i større grad eit “kollektivt intellekt” i det samfunnet som lagrar kunnskapen” (s. 167).

            Dette gjeld også samfunnsfaga: hypotesar vert til verkelegheit. Metodisk framskritt i etablerte fagområde er no ein rutinesak i det vitskapleg-teknologiske komplekset og den kan styrast i ynskjelege retningar ved pengetildelingar (s. 121).

            “Dei moderne analysane av sosiale og økonomiske samanhengar er svært mykje betre enn tidlegare tiders kunnskap og tillet framskrivingar innover i framtida som set futurologien fri frå enkle analogiar med fortida, sjølv om det framleis er stor usikkerheit” (s. 113).

            Også samfunnsvitskapleg teori er farleg. Samfunnsstyringa er i dag basert på mykje større teoretisk kunnskap enn tidlegare statmannskunst kunne drøyme om. “Dei vitskaplege samfunns- og teknologifaga leier futurologien forbi ein iterativ induksjon frå erfaring (dvs. frå presedens) til deduksjon av det som aldri har funnest før. Istadenfor å gjette om framtida kan ein no rekne ut framtida” (s. 113).

Humaniora: Kognitiv heterogenitet

Jonas har eit interessant poeng når han seier at politisk liv er fristilt frå den kumulative dynamikken som kognitiv formalisme i særleg grad bidreg til. Menneska kan ikkje ha moralsk framskritt slik vi kan ha framskritt i vitskapleg kunnskap.

            ““Kunnskap” om menneskelege ting, det vi kallar forståing, er noko kvalitativt anna som er mindre stegvis og mindre kumulativ enn kunnskap om den fysiske verda […] Det er noko kvar generasjon må omforma på ein måte som er unik for dei sjølve, og for ein eller fleire rivaliserande leirar” (s. 164).

            Det vert ikkje stadig betre politikk, eller stadig betre moral i folkesetnaden. Tvert imot kan den politiske og moralske diskusjonen mellom menneske degenerere når som helst, slik Jonas sjølv opplevde i Nazi-Tyskland på 1930-talet.

            “Filosofisk kunnskap har den skjebne å alltid vere open for meiningsbryting sjølv om den handlar om ting som i sin natur er endegyldige, medan naturkunnskap kan oppnå stor grad av objektiv sikkerheit” (s. 186).

            I menneskas forståing finst det ein “kognitiv heterogenitet” som ingen framskritt kan knyte saman og gjere heil. “Medan kvar generasjon har den vitskapen den arvar (med eller utan nye bidrag) har kvar generasjon den humanismen den fortener” (s. 165).

            Politikken er i utgangspunktet fristilt frå å bidra til framskritt, men sidan den i aukande grad brukar moderne teknologi i politikkutforminga kan den ende opp med å verte kontrollert av dei same kreftene som vil ha stadig  meir og betre teknologi. Då vert politikk i så fall like farleg for framtida som dei andre utviklingstrekka Jonas peikar på.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Sjette del heiter “Framskritt er opium for folket”. Majoriteten av menneska har det stadig betre på grunn av det tekniske framskrittet, og det vil difor verte svært vanskeleg for oss endre åtferd sjølv når vi ser at det trengst. Med sitt typiske skråblikk viser Hans Jonas at menneskas virketrong og behov for å gjere nytte for oss er blant våre farlegaste eigenskapar når målet er å dempe veksten og redusere konsumet.

]]>
Essayføljetong 4:9 — Teknologiane vert sterkare av seg sjølv https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-49-teknologiane-vert-sterkare-av-seg-sjolv/ Fri, 28 Aug 2020 11:21:32 +0000 https://voxpublica.no/?p=32421 No er vi ved kjernen i Jonas si forklaring av dei eigenskapane ved moderne teknologi som gjer at tradisjonell etikk og ansvarskjensle ikkje fungerer. Moderne teknologi er utanfor menneskeleg kontroll, og har difor kraft til å påverke oss på måtar vi ikkje er etisk skodd for. Menneska er underlagt teknologiens behov, men nektar å innsjå det.

            Jonas kjem inn på dette temaet stadig vekk i The Imperative of Responsibility (1984), og eg nærleser difor diverse avsnitt frå alle kapitla i boka. Martin Heideggers teknologifilosofi er eit viktig grunnlag for Jonas sin posisjon, så eg bruker ein del plass på å beskrive den fyrst.

Lars køyrer traktor
Traktoren var eit fantastisk framskritt for bønder. Den erstatta mykje tungt manuelt arbeid, og det ville vore uråd å vende tilbake til eit landbruk utan traktor. Far min kjøpte ein flott ny Massey Ferguson tidleg på 1980-talet. Eg hugsar enno den kjensla av kraft eg hadde då eg byrja å øvelseskøyre i 15-årsalderen.

Essayføljetong i ni deler

Teknologisk determinisme

Hans Jonas si framstilling kan lesast som teknologisk determinisme. Denne posisjonen tilseier at teknologiutviklinga har sitt eige momentum som trumfar menneskas forsøk på å tilpasse den til sine sosiale behov og interesser.

            Jonas såvel som andre tenkjarar i denne tradisjonen peikar på at naturvitskapen gjev moderne teknologi ein stadig aukande kapasitet og stadig breiare bruksområde som følgje av ei stadig meir sofistikert utfordring av naturen.

            Jonas går inn i ein lang tradisjon for kritiske analysar av forholdet mellom menneske, teknologi og moderne vitskap. Sjølv om dei færraste er “harde” deterministar, finn vi “mjuke” deterministiske posisjonar hjå Martin Heidegger, som eg refererte til i del 3 og går grundig inn på nedanfor, og også hjå Jacques Ellul, Marshall McLuhan, Ray Kurzweil og andre.

            Eg har sjølv drøfta teknologiutviklinga på denne måten blant anna i innlegget “Teknologi tek over” i Bergens Tidende (2020) og “Ungdommar er teknologiske deterministar” i Vox Publica (2013).

Datamaskiner og kunstig intelligens

Det beste eksempelet på at Hans Jonas er inne på noko finst i Moore’s lov. Denne seier at prosessorhastigheita til datamaskiner vil dobla seg omtrent kvar 18–24 månader. Dette har nemleg stemt på ein prikk i mange tiår.

            Utviklinga av datamaskiner frå 1940-talet har hatt nettopp den kumulative dynamikken som Jonas føreset, og som eg kjem grundig inn på nedanfor. Dataverktøy har fått både sterkare yteevne, større mobilitet, betre informasjonsoppløysing, og fleire kontaktpunkt mot andre dataverktøy og menneske. Internettet dekkjer heile planeten, og geografisk avstand betyr ikkje lenger noko for kommunikasjonen mellom menneske.

            iHuman (Tonje Hessen Scheier, 2019) ein dystopisk dokumentarfilm om kunstig intelligens, sosial kontroll og makt. Filmen viser korleis AI-teknologi veks seg stadig sterkare, og kan komme til å styre livsførselen, samfunnet og framtida til menneska i retningar som ingen ynskjer. “Du får lyst til å logge av. For godt”, skriv NRK i sin introduksjon. Filmen eignar seg godt til å illustrere Jonas sin kritiske analyse.

Dokumentaren iHuman har skapt stor merksemd det siste året. Forteljestilen i denne filmen er sterkt prega av teknologisk determinisme, og den er med respekt å melde langt mindre sofistikert enn Hans Jonas sin.

Vitskapen lagar teknologi av naturen

For å forstå den veksautomatikken Jonas snakkar om må vi gå djupare inn i kontrasten mellom handverksteknologi og moderne teknologi. Igjen er det Martin Heidegger som set tonen. Moderne teknologi kjem med ei utfordring som stiller naturen til veggs, seier han i “Spørsmålet om teknikken” (eg brukar den norske omsetjinga frå 1973).

            Naturvitskapen har ein utreknande tenkjemåte som gjer naturen til ein generelt tilgjengeleg ressurs for teknologiutvikling. Medan handverk avdekker ved å “bringe fram”, avdekker moderne teknologi ved “tvinge fram”. Heidegger seier det slik: «Den moderne teknikks form for avdekking er en utfordren, som krever av naturen at den leverer energi der hvor sådan kan utvinnes og lagres» (Heidegger 1973, s. 73).

            Der handverkaren bringer fram eit objekt, så tvinger moderne teknologi fram eit objekt. Moderne teknologi ordnar alt utifrå ei utreknande tenking som menneska tileignar seg ved å forstå naturen stadig betre gjennom naturvitskap. «Utfordringen skjer derved at den energi som skjules i naturen, legges åpen, det åpenlagte omformes, det omformede lagres, det lagrede fordeles, det fordelte sjaltes om på nytt» (Heidegger 1973, s. 75).

Alle deler er utskiftbare

Moderne teknologi er prega av den kvaliteten Heidegger kallar “ståande beredskap”. Den vitskaplege ordninga av naturen skapar produkt som pr. definisjon er byggesteinar i eit større system. Eit passasjerfly på rullebanen er eit godt døme på ståande beredskap.

            «Det er bestilt for å sikre muligheten for transport. For dette må det selv i hele sin konstruksjon, i enhver bestanddel, være bestillbart, dvs. startklart» (Heidegger 1973, s. 76). Eitkvart fysisk fly kan skiftast ut med eit anna fly, og det vert i praksis definert ved å kunne tilfredsstille bestillinga “å vere startklart”.

            Flyet består for sin del av ei rekkje utskiftbare komponentar og delsystem, t.d. seter, dører, motordeler og instrument. Dette at kvar komponent på alle nivå er utskiftbare er eit vesenstrekk ved moderne teknologi, seier Heidegger.

Eitkvart fly i Norwegian sin flåte kan utføre flyginga så lenge det er startklart, og viss eit fly har tekniske vanskar kan det erstattast av kva som helst slags anna fly som er startklart. (Pressefoto frå Norwegian).

Mennesket kan også verte ståande beredskap

“Den største fare” er i følge Heidegger at mennesket også vert ein del av den ståande beredskapen. Då vil mennesket også verte utskiftbart i forhold til ei gitt bestilling, og vil berre ha verdi så lenge det kan bidra til å tilfredsstille ei gitt slik bestilling. Då vil det knapt vere forskjell på menneske og teknologi.

            “Atomalderens fremrullende tekniske revolusjon vil kunne trellbinde, forhekse, blende og forblende mennesket, slik at den beregnende tenkning en dag gjelder og blir utøvet som den eneste” (Heidegger 1973, s. 31).

            Dette er eit skrekkscenario ikkje berre for Heidegger, men i høgste grad også for Jonas. I vår tid er varelagra til Amazon.com eit mykje brukt døme på korleis menneske kan verte ein del av ei “utreknande tenking”, men potensialet har funnest heilt sidan fabrikken vart oppfunnen.

            Både utdanning og arbeidsliv er innretta på dei ferdigheitene som mest effektivt styrkar teknologiutviklinga. Globalt er det no millionvis av jobbar som består i å programmere algoritmer, designe og tilrettelegge grensesnitt, organisere pengetransaksjonar, utføre transport og ikkje minst transportere varene som vert kjøpt og selt.

            Den IKT-kompetansen som politikarane ynskjer å dyrke hjå norsk ungdom, og den tekniske kunnskapen som trengst for husbygging, oljeutvinning, kunstig intelligens-utvikling og ikkje minst det grøne skiftet, er fundamentalt prega av den utreknande tenkjinga. Same kva menneska gjer vil vi bidra til å styrke vekstautomatikken, er Hans Jonas sitt perspektiv.

Vi er avhengige av framskritt

Moderne teknologi er det viktigaste symbolet på framskritt, og framskritt er nesten synonymt med auka materiell velstand. “Den stadig meir avanserte teknologien vert forventa å auke menneskeslektas materielle velstand ved å auke produktiviteten i den globale økonomien, skape mange forskjellige goder som kan bidra til at vi kan nyte livet, og samstundes lette byrden ved arbeidet” (s. 163).

            Jonas framhevar stadig at gode moderne teknologiar gjev oss tek all merksemda vår, og vi følgjer etter dei omtrent som husdyra følgjer etter ei bøtte med kraftfor. Og før vi merkar det har vi gått inn i innhegninga og grinda er stengt.

            “Det at teknologien har tatt over makta er ein revolusjon som ingen har planlagt, fullstendig anonym og uimotståeleg, og med ein dynamikk som ingen tidlegare teoriar har inkludert eller forutsett” (s. 127). Denne prosessen har eit tempo “med ein skremmande eksponensiell akselerasjon som ser ut til å vere utanfor einkvar kontroll” (s. 128).

Irreversibelt momentum

Framskrittet har det Jonas kallar ein “stigningskvalitet” som inneber at “det som kjem seinare alltid er betre” (s. 166). Moderne teknologi skapar “ein stadig auke i kapasitet og bruksområde i alle tenkjelege retningar i ubegrensa framtid” (s. 187). Det er denne prosessen som gjer at menneska mistar kontrollen. Jonas forklarer poenget ved å vise til ingeniørens situasjon.

            “Erfaringa viser oss at utviklingsprosjekt som vart sett i gang med kortsiktige mål har ein tendens til å gjere seg uavhengige og tileigne seg sin eigen tvingande dynamikk, sitt eige sjølvgåande momentum, som gjer at den vert irreversibel og pressar ting framover på ein måte som overstyrer ynskja og planane til dei som sette i gang prosessen” (s. 32).

            Vi er frie til å ta det fyrste skrittet, men slavar av det andre, seier Jonas. “Teknologisk drivne utviklingstrekk gjev ikkje rom for sjølv-korrigering” (s. 32).

            Vi er trua av ein katastrofe som etterkvart ligg innebygd i sjølve den historiske utviklinga, og kan difor ikkje stole på at framskrittet har ei ibuande fornuft eller at “det er ei meining med alle ting”. “Tvert imot”, seier Jonas, “må vi ta hand om denne framover-styrtande prosessen på ein heilt ny måte og utan ei kjent målsetjing” (s. 128).

iPaden er eit godt døme på Hans Jonas sin definisjon av permanent innovasjon: “marknadskapasitet for goder som ingen trengte på førehand, og heller ikkje visste om” (s. 118). Illustrasjonen er henta frå Apple sine norske nettsider.

Permanent nyvinning som vi ikkje forstår

Det einaste som er sikkert med dynamikken i moderne teknologi er at ting endrar seg heile tida, og at vår noverande etikk og våre verdisystem er dårleg eigna til å handtere denne permanente endringstakten.

            Innovasjon kan utifrå Jonas sin tankemåte definerast som “ei kunstig tilverking av marknadskapasitet for goder som ingen trengte på førehand, og heller ikkje visste om” (s. 146). Frå ein annan synstad kan denne prosessen vere positiv, for den skapar jo nye produkt som til dømes iPaden.

            For Jonas er denne mangelen på forutsigbarheit ikkje overraskande eit stort problem. “Global teknologi har auka innsatsen grenselaust og også auka gapet mellom den makta som vert iverksett og forutsigbarheita i dens langtidsverknader” (s. 118). Apple-konsernet har svært stor marknadsmakt, og når dei lanserer eit produkt som iPaden vert langtidsverknadene svært lite forutsigbare. Jo større makt, jo mindre forutsigbarheit.

            “Vi må rekne med nyvinningar utan å vere i stand til å forstå dei; endring er garantert, men ikkje kva endringa vil bestå av […] Denne permanente innovasjonen har ein ukjent X som forpurrar ei kvar utrekning. Prognosar har blitt den reine kunstarten på grunn av analysar ved hjelp av datamaskiner, men dei skjer med dette atterhaldet” (s. 119–120). Analysane fortel oss meir enn tidlegare spådommar om framtida kunne gjere, men dei syner også fram mange fleire ukjente faktorar enn før.

Teknologioptimisme

Moderne innovasjonsteori er prega av eit positivt syn på den same utviklinga som Jonas har eit negativt syn på. Clayton Christensens The Innovator’s Dilemma (1997), James McQuiveys Digital Disruption (2013) og ei rekkje liknande bøker handlar om korleis du som forretningsperson kan tene pengar på den permanente innovasjonen.

            Peter Diamandis er ein amerikansk innovasjonsguru som har analysert det økonomiske potensialet i “exponentials” i mange år. Han seier omtrent det følgjande: Så lenge menneska berre hadde handverksteknologiar var det ei lineær utvikling i den krafta teknologiar hadde, men no har vi datateknologiar som er prega av eksponensiell utvikling.

Figuren viser Peter Diamandis sin teori om “exponentials”. Han brukar fotografi som eit døme. Medan analog film knytt til Kodak og tilsvarande firma hadde ei lineær utvikling har digitale bilete knytt til Instagram, Snapchat og tilsvarande sosiale medium ei eksponensiell utvikling.

Etter mange tiår med det Diamandis kallar “computational growth”, og som igjen er basert på det Heidegger og Jonas kallar “den utreknande tenkjemåten”, har menneska no fått demokratisk tilgang til produktet av denne veksten. Med ei relativt låg investering får du tilgang til ein potensielt global marknad for ditt kommunikasjonsprodukt. Den jevne entreprenør har såleis tilgang til “exponentials” som eit verkemiddel til marknadsmakt, og kan få enorm suksess og rikdom hvis han treff blinken.

            Der Jonas ynskjer å bremse ned den permanente veksten i teknologi ynskjer altså Diamandis og dei andre teknologioptimistane å forsterke den endå meir. Dei gjev studentar og næringslivsaktørar gode råd om korleis ein kan tene pengar på å forstå prosessen. Sjå gjerne denne videoen “Disruption Caused by Exponentials” (2017) hvis du vil fordjupe deg i poenget og prøve å bli millionær.

Teknologipessimisme

Eg vender tilbake til Jonas sitt perspektiv, som er prega av sterk bekymring for menneskas manglande evne til å handtere dei etiske implikasjonane av veksautomatikken. Pessimismen er knytt til at det verkar umogeleg å snu utviklinga. Samfunnet rundt oss har akseptert stoda, og bidreg villig vekk til ytterlegare vekst. Eg avsluttar med to ferske eksempel.

            Sommaren 2020 fekk 70 Amedia-aviser støtte frå Google News Initiative til å lage automatisert journalistikk basert på kvantitative data. Konserndirektør for innovasjon, Pål Nedregåtten, seier til Journalisten: “Vi er allerede storforbrukere av Google-teknologi. Uansett hvordan vi snur og vender på det vil vi være avhengige av teknologi som leveres av de store aktørene, så vi tar imot de mulighetene vi får”. Dei er ikkje i posisjon til å utvikle uavhengige løysingar, og knyter seg berre sterkare og sterkare til Google.

            Sommaren 2020 var det debatt om bruken av amerikanske dataverktøy i norsk skule. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby skreiv i ein kronikk til NRK at nettbrett som iPad skal “brukes til å tilegne seg ny kunnskap, og nye ferdigheter”. Dei bekymra røystene seier at vi ikkje veit nok om korleis slik teknologi påverkar barns utvikling.

            Sjølv om læringsforskarar arbeider for å finne ut meir presist korleis ny teknologi påverkar barns læring vil ministeren imidlertid ikkje vente på resultata. Ho skriv: “Det er krevende for forskningen å holde tritt med den teknologiske utviklingen. Samtidig går den teknologiske utviklingen sin gang, og den utviklingen kan ikke norsk skole melde seg ut av”.

            Desse to sitata viser at både mediebransjen og skuleverket er grunnleggande avhengige av dei verktøya som Facebook, Apple og Google har skapt. Og desse selskapa viser i sin tur kor presist Heidegger og Jonas skildrar dei overordna utviklingstrekka i moderne teknologi. Aksepten av denne vekstautomatikken er Jonas si største bekymring for framtida.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Femte del heiter “Menneska vil ha permanent innovasjon”. Medan del 4 handla mest om dei eigenskapane ved teknologi som skapar permanent innovasjon handlar del 5 om nokre opportunistiske trekk i mennesket som bidreg til den same utviklinga. Det ligg i menneskets natur å dyrke sine eigne muligheiter, sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Vår kapasitet for nyvinning er vår skjebne, seier Jonas.

]]>
Essayføljetong 3:9 — Tradisjonell etikk har gått ut på dato https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-39-tradisjonell-etikk-har-gatt-ut-pa-dato/ Fri, 21 Aug 2020 10:53:32 +0000 https://voxpublica.no/?p=30575 I denne delen presenterer eg det historiske perspektivet Jonas har på ansvarsetikken. Dette finst særleg i kapittel 1 “The Altered Nature of Human Action” og kapittel 5 “Responsibility Today: Endangered Future and the Idea of Progress”. Jonas går i dialog med blant anna Immanuel Kants moralfilosofi for å danne eit solid grunnlag for sin ansvarsetikk, men dette stoffet er for krevjande til at eg inkluderer det her.

Eg vaks opp på ein gard på Voss på 1970- og 80-talet. Vi hesja graset slik bønder hadde gjort det i hundrevis av år. Dette handverket er no i praksis utrydda, og dei normene som var knytt slikt manuelt jordbruk er også borte.

Essayføljetong i ni deler

Tre historiske fasar i teknologiutviklinga

I tusenvis av år var teknologiar underlagt menneska og vi kunne styre dei som vi ville. Men no er teknologiane sterkare enn oss og tvingar oss til å strebe etter stadig større vekst. Difor må også våre etiske prioriteringar endrast, skriv Jonas. Han ynskjer at vi skal nå eit tredje nivå der vi kan gjenvinne kontrollen og bryte med vekstautomatikken.

            Denne historiske analysen er tydeleg inspirert av Heideggers filosofi, og kanskje særleg essayet “Spørsmålet om teknikk” frå 1954. Jonas går lenger enn Heidegger, og formulerer ein storfelt moralsk kritikk av menneskeslekta. Vi må forstå kva vi har rota oss opp i, og ta etiske grep for å endre teknologiforholda våre før det er for seint.

            Det tredje nivået er eit utopisk nivå i historieforteljinga til Jonas. Det kan hende menneske aldri kjem til å leve i ein tilstand der teknologiutviklinga er berekraftig, men det er høgst nødvendig å sjå for seg ein slik situasjon og peike ut dei kvalitetane den vil bestå av.

Fase 1: Vi lagar teknologi med hendene våre

“Gamle dagar” vil her seie heile menneskets historie frå steinalderen gjennom antikken og middelalderen fram til industrialiseringa på 1700-talet. I alle desse titusen åra brukte mennesket berre handverksteknologiar. Verktøy og enkle maskiner vart laga “for å verte brukt i direkte omgang med andre menneske innafor ein avgrensa stads- og tidshorisont” (s. x).

            Heidegger skildra dette forholdet i nemnte essayet “Spørsmålet om teknikken”. Ordet teknologi viser opprinneleg til dette skapande forholdet, for det stammar jo frå det greske techné som betyr handverk eller kunst. Det viser til dei kunstferdige aktivitetane og ferdigheitane til handverkarar som til dømes smeden, snekkaren og steinsetjaren.

            Gammal teknologi er prega av at handverkaren “bringer fram” eit objekt frå materialet ho jobbar med enten det er ei steinøks, eit skip eller ei hesje. Techné er ein måte å avdekka verkelegheit på, seier Heidegger, og det skjer ved ei utforsking og avsløring av potensialet i dei materielle forholda. Smeden “ser” sverdet i metallet og utformar det sakte men sikkert i eit samarbeid med naturen.

            Kommunikasjonen var også handverksbasert. Teikningar, maleri, skrift og statuer er døme på ytringar som vart forma ved techné. Folk skapte språklege og kulturelle uttrykk ved sjølv å forme om eit materielt råmateriale. Prosessen med å lage fargar, blekk, lerret og skriveoverflater var omstendeleg, og det tok lang tid å opparbeide seg dei nødvendige ferdigheitene. Poenget er ikkje å idyllisere dette saktegåande handverket, men å få fram at det førte med seg etiske behov som vi ikkje lenger har.

Denne fire tusen år gamle helleristninga er den eldste kjente avbildninga av ein skiløpar. Handverket knytt til å lage slike teikningar er irrelevant i våre dagar, og det same er handverket knytt til å lage sine eigne ski. Det er heller ikkje noko reelt behov for å bruke ski til transport. (Foto: Inge Ove Tysnes/Kulturarv.no.)

Etikken var ein del av situasjonen her og no

Jonas tek utgangspunkt i denne historiske framstillinga og seier at teknologibruken var samkøyrt med etiske normer knytt til notid og nær framtid. “Planlegging, målsetjing og ansvar hadde kort tidshorisont. Korrekt åtferd hadde umiddelbare kriterier og vart også gjennomført nesten umiddelbart. Dei meir langsiktige konsekvensane var overlatt til tilfeldigheiter, skjebne eller forsyn” (s. 5).

            Eg har allereie vist til bondelivet, som i tidlegare tider var fullstendig dominerande som overlevingsstrategi. Bonden kan arbeide hardt i åkeren, men naturen er alltid sterkast og mennesket kan berre håpe at avlinga vert god. Dersom vêret er dårleg over lengre tid vil avlinga døy på rot, og ingen tekniske reiskapar kan endre på dette. Bonden må setje si lit til Gud eller andre overmenneskelege krefter.

            “Naturen var ikkje gjenstand for menneskets ansvar. Den tok hand om seg sjølv, og med litt godsnakking og uro tok den også hand om mennesket. Ikkje etikk, men dyktigheit gjaldt for naturen […] Handlingar med ikkje-menneskelege ting utgjorde ikkje ein genuin etisk sfære” (s. 4). Det var berre menneska sjølve som kunne handterast med etiske reglar. Naturen var altfor sterk til å la seg styre, og handverksteknologiane var altfor svake til at det var grunn til å innrullere dei i etikken.

Fase 2: Lærdomen vi har frå erfaringa vert makteslaus

Etikken har ikkje forandra seg nemneverdig opp gjennom historia, men det har teknologien. Menneska lagar no teknologiske infrastrukturar som formar åtferda vår på usikre, stadig foranderlege måtar. “Det foregår ei kumulativ og sjølvforsterkande teknologisk endring av verda, og den overskrider stadig vilkåra for dei handlingane som bidreg til den og skapar situasjonar utan presedens. Lærdomen vi har frå erfaring vert makteslaus” (s. 7).

            Moderne maskin-driven teknologi er basert på fysikk som ein eksakt vitskap. Menneska har laga dampmaskiner, forbrenningsmotorar og vi har temja den elektriske krafta. Vi kan demme opp store elvar, bygge kunstige øyer og enorme byar. Vi kan sende menneske til månen og heimatt, og vi kan øydelegge livsvilkåra på heile planeten med atombomber.

            Dei vitskaplege og industrielle revolusjonane gjer at mennesket kan manipulere naturen på eit utal måtar, og denne typen teknikk styrer no all menneskeleg aktivitet. Alle vitskapens bragder kunne ramsast opp her, til dømes moderne medisin og biokjemi, kjernefysikk, kvante-datamaskiner og kunstig intelligens basert på hjernens nevrale nettverk.

            Kunnskapen veks oss over hovudet. Menneska har no større makt enn vi har kunnskap til å bruke denne makta, seier Jonas (s. 119). “Den politiske visdomen frå antikken kan ikkje imiterast eller assimilerast av oss moderne menneske så lenge vår eksistens vert styrt av lova om ustoppeleg, sjølvskapt endring. Den bringer jo fram ting og tilstandar som er genuint nye og aldri har vore erfart tidlegare” (s. 124).

            På denne måten byggjer Jonas opp eit grunnlag for påstanden om at tradisjonell etikk er utdatert, og at vi må lage ein etikk som er meir passande til den makta vi har.

Atombomba er det ultimate symbolet på at menneskas teknologiske kraft har overstige våre moralske rammeverk. Able var ei prøvesprenging av ei atombombe på Bikiniatollen i Stillehavet i 1946. Fotoet er henta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Able

Vi har eit ansvar vi ikkje taklar

Teknologiens store makt gjev den også stor øydeleggingskraft, seier Jonas (s. 23). “[Francis] Bacons ideal om makt over naturen gjennom vitskapleg teknologi skapar ein fare for katastrofe som oppstår ikkje så mykje frå begrensingar i kva teknologien kan gjere som frå dens store suksess” (s. 140).

            Den har særleg skapt suksess i materiell produksjon av goder og vekst i folkesetnaden. “Moderne teknologi har gjeve menneskerasen ei endelaus framoverretta drivkraft og vorte vårt viktigaste prosjekt”. Dette gjer at “teknologi, utover sine objektive former, har fått ei etisk rolle på grunn av sin sentrale posisjon i menneskas føremål med seg sjølv” (s. 9).

            Det som allereie er bygd opp kan ikkje endrast så lett, og strukturane vi lagar no kastar lange skuggar inn i framtida (s. 124). Vi har allereie laga viktige rammevilkår for vår eiga framtid, men vi har altså ikkje ein etikk som hjelper oss å ta ansvar for denne makta.

            “For oss moderne let ikkje visdomen til dei gamle seg så lett tilpasse og anvende. Vår eksistens er underlagt lova om evigvarande, sjølv-skapt endring, og som sitt naturlege produkt bringer den fram ting og tilstandar som er genuint nye” (s. 124).

            I mediesamanheng er det til dømes slik at journalistar og kjendisar lett kan få eit publikum på fleire millionar menneske utan at dei seier noko viktig. Det er ikkje ein velutvikla etisk relasjon mellom det å adressere store folkemengder og det å ha ein alvorleg og viktig bodskap.

Vi er vant med å vere grunnleggande usikre

Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida, seier vi ofte. I gamle dagar var det lett å spå. Dei aller fleste saksforhold ville gjenta seg gjennom sesongane, og hendingar ville utspele seg på same måte gong etter gong.

            Vilkåra for menneskeleg handling har endra seg radikalt, og då må etikken endra seg radikalt også. Dette er kjernen i Jonas sitt historiske resonnement. “Nokon av handlingane våre har fått kvalitativt nye særtrekk og dette opnar opp ein heilt ny dimensjon av etiske relasjonar som det ikkje finst presedens for i våre etiske standardar og tradisjonar” (s. 1).

            I våre dagar kan sjølv ikkje dei dyktigaste og mest ressurssterke forskingsmiljøa spå kva slags teknologi som vil dominere om tre eller fem år. Denne grunnleggande usikkerheita er skapt av moderne teknologi, og gjer oss makteslause.

            I gamle dagar var teknologiane enkle nok til at vi i stor grad kunne styre dei, men så vart dei så kraftfulle at dei istaden tok kontroll over oss. Difor må vi utvikle ein ansvarsetikk som moralfilosofien så langt ikkje har sett behov for.

Månelandinga i 1969 vart oppfatta som eit fantastisk uttrykk for det teknologiske framskrittet, og fleire milliardar menneske såg og høyrde denne hendinga i si eiga stove. Men frå Jonas sitt perspektiv er månelandinga uttrykk for genuint nye forhold som den etablerte etikken ikkje kan brukast på, og vi sit fascinerte, usikre og handlingslamma framfor fjernsynet. Foto: AP/NTB Scanpix.

Fase tre: Vi forstår ansvaret og gjenvinn kontrollen

Fase 2 i teknologiutviklinga er eit mørkt kapittel i menneskas historie, og Jonas argumenterer for at menneska må nå fram til eit tredje nivå for vår kontroll over teknologiar. Det tredje nivået inneber ei “gjeninnsetjing av mennesket — i siste øyeblikk — så vi gjenvinn kontroll over denne makta og bryt med dens tyranniske automatikk”, s. 142. Mennesket må lære seg å styre måten teknologiar styrer mennesket på, og sakte gjere den meir berekraftig, moderat og ansvarleg.

            Viss vi skal ha håp om å få kontroll over den moderne teknologiutviklinga må vi organisere oss på samfunnsnivå, seier Jonas. Heile boka handlar om ulike dilemma med å forsøke å få betre kontroll, og bygge ned dei verste utslaga av veksten. Jonas peikar ut problem utan sjølv å ha klare løysingar på dei.

            Vi må lære oss betre korleis vekstautomatikken fungerer for å bekjempe den, seier han. Vi må lære oss korleis vi kan endre teknologiutviklinga slik at den påverkar oss på måtar som er nærare vår erfaringshorisont som menneskekroppar, og vi må motverke at teknisk framskritt vert oppfatta som eit mål i seg sjølv.

            Gjennom eit slikt metamedvit om forholdet mellom menneske og teknologi kan vi muligens klare å omforme framtida og gjere den betre for dei som skal leve då (s. 141–42).

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Fjerde del heiter “Teknologiane vert sterkare av seg sjølv”. Her skildrar eg Hans Jonas si oppfatning av moderne teknologiutvikling i større detalj. Inspirert av Martin Heideggers teknologifilosofi hevdar Jonas at teknologiane skapar stadig auke i kapasitet og bruksområde som følgje av naturvitskapens stadig meir sofistikerte utfordring av naturen. Menneska er underlagt teknologiens behov, men nektar å innsjå det.

]]>
Essayføljetong 2:9 — Framtida er viktigare enn notida https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-29-framtida-er-viktigare-enn-notida/ Wed, 19 Aug 2020 11:09:28 +0000 https://voxpublica.no/?p=30128 I denne delen forklarer eg kva Jonas meiner med ansvar ved å nærlese forordet og deler av kapittel 4 “The Good, the “Ought” and Being: A Theory of Responsibility”. Jonas prøver å formidle at naturen har subjektivitet og målsetjingar som er prinsipielt like det mennesket har, og at vi difor lever i eit grunnleggande fellesskap med naturen (t.d. s. 65). Han går grundig inn i det naturfilosofiske grunnlaget for ansvarsetikken i kapittel 3 “Concerning Ends and Their Status in Reality”. Dette stoffet er svært vanskeleg, og dessutan mest relevant for miljøvern, så eg går ikkje djupare inn i det her.

Foreldra sine kjensler overfor eit lite barn er arketypen på eit framtidsorientert ansvar, seier Hans Jonas. Mine foreldre tok godt hand om meg og bror min i oppveksten, og vi hadde også besteforeldre, tanter, onklar og mange andre omsorgspersonar som stelte for oss.

Essayføljetong i ni delar

Kva er ansvar?

Jonas byrjar sin definisjon ved å minne oss på at det tradisjonelt er tre vilkår for at eit menneske har ansvar for noko. Det må finnast ein handlande agent som har “kausal makt, dvs. at handlingane skapar konsekvensar i verda”. Vidare må den handlande ha “kontroll over handlingane sine” og må kunne “føresjå konsekvensane til ei viss grad” (s. 90).  
For Hans Jonas er det viktig å framheve at det ikkje nødvendigvis er enkeltpersonar som handlar, men også “samfunnet”, “fellesskapen” og i aukande grad også “teknologien”.

            På 1940-talet skapte amerikanske forskarar atombomba utifrå ein fantastisk detaljert kontroll over den kausale maktdimensjonen, og dei hadde dermed stor kontroll over handlingane sine. Det er også klart at dei kunne føresjå dei destruktive konsekvensane av å lage atombomba, og såleis må kunne setjast til ansvar for den.

            Eit ganske anna døme er Google Maps. Dette teknologiske verktøyet har kausal makt ved å føre bilisten gjennom trafikken med sine navigasjonsruter, og forslaget er kontrollert av algoritmer som forheld seg til diverse typar informasjon om omgjevnadene og trafikksituasjonen. Google Maps kan også føresjå konsekvensane av å føre trafikantar inn på ei viss rute, og til dømes signalisere til bilisten at det no er stilleståande kø fem kilometer lenger framme på vegen.

Fortidsorientert ansvar

Når dei tre vilkåra for å ha ansvar er tilfredsstilt kan den handlande agenten vere involvert i to typar ansvar; fortidsorientert og framtidsorientert ansvar.

            Den fyrste typen består i at den handlande enkelt og greitt er ansvarleg for dei handlingane som har vorte utført (s. 90). Dette ansvaret er godt etablert i samfunnet, og lovverk og domstolar forvaltar det til dømes ved å straffe folk som har gjort forbodne handlingar.

            Jonas er ikkje særleg oppteken av slikt ansvar. Det peikar mot handlingar i fortida som ein kan verte tilgitt for ved å sone sin straff, eller som ein kan forsvare ved å gje gode grunnar for dei. I mange tilfelle finst det ikkje noko lovverk som kan straffe folk, og det går uansett ikkje an å gjere om handlinga. Fortidsorientert ansvar er naturleg nok ikkje særleg orientert mot handlingar som enno ikkje er utført. Framtidsorientert ansvar er difor mykje viktigare i Jonas sitt moralfilosofiske prosjekt.

Isbjørnen har vorte eit symbol på dei mange dyreartane som er utrydningstrua på grunn av aukande temperatur. Dersom menneska allereie for 60–70 år sidan hadde tatt faren for klimaendringar på alvor ville isbjørnen truleg ikkje vore trua på denne måten. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).

Ansvar for at liv og ting klarer seg i framtida

Setningane til Jonas dirrar av engasjement når han skildrar det framtidsorienterte ansvaret. Dette handlar om å ta vare på liv og ting. Eg brukar den litt tungvindte formuleringa “liv og ting” fordi ansvaret omfattar både eksisterande liv, ufødt liv, eksisterande ressursar, atmosfæren og alle dei forholda som på noko vis kan vere relevante for vilkåra i framtida.

            Slikt ansvar “peikar framover mot noko som må verte gjort; dette frampeiket kommanderer meg til å handle, og eg føler meg ansvarleg ikkje fyrst og fremst for mi eiga åtferd og dens konsekvensar, men for denne tingen som har krav på at eg gjer noko” (s. 92). Den avhengige har ein innebygd rett som gjer meg både “objektivt ansvarleg” og “kjenslemessig engasjert” (s. 92).

            Denne typen ansvar forpliktar menneska på å stelle for desse tinga ved til dømes å sikre dei næringstilførsel, verne dei mot vêr og vind og vise emosjonell omsorg, men også ved å ikkje øydelegge dei og ikkje svekke krafta deira så mykje at dei går til grunne og forsvinn (s. 90).

            Å ta ansvar for noko på denne måten peiker innover i framtida, og dette er heilt avgjerande for Jonas sitt begrep om framtidsetikk. Jonas formulerer ein etikk som er retta mot framtidas usikre vilkår og ikkje mot notidas etablerte goder.

            I nokon samanhengar er dette ansvaret automatisk til stades. Foreldra sine kjensler overfor eit lite barn er som nemnt arketypen på ein slik ansvarleg relasjon. “Dette er eit ansvar som er etablert av naturen og det treng ikkje frivillig tilslutning. Det er ugjenkalleleg og altomfattande, og kan ikkje endrast av deltakarane” (s. 95). Vi har eit vilkårslaust ansvar for barna våre, og dei fleste tek dette ansvaret og strevar for at barna skal få det bra.

Stor makt skapar stort ansvar

Jonas knyter dette ansvaret til teknologiutviklinga. Han kallar tida vi lever i for “den teknologiske tidsalderen” og skriv om den store makta menneska har fått på grunn av vår handtering av moderne teknologi. Eg har allereie sitert fyrste setning i boka, men den tôler gjentaking:

            “Moderne teknologi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig djupare gjennomtrenging av naturen og driven framover av marknadskrefter og politikk, har auka menneskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jorda, og mennesket sjølv, og den veks med akselererande fart” (s. ix).

            Dersom handlingane dine har små implikasjonar for framtida er det kanskje ikkje så nøye kva du gjer, men dersom dei har store implikasjonar må du tenkje deg godt om før du gjer noko. Sidan teknologi gjev oss svært stor makt følgjer det at framtidsansvar er viktigare enn nokonsinne før.

            Hans Jonas meiner vi må verte mykje meir medvitne om behovet for dette framtidsansvaret. Han set fram eit krav som gjeld både for enkeltpersonar i deira privatliv og tunge samfunnsaktørar i næringsliv og politikk. “Ansvar samvarierer med makt og må vere proporsjonal med omfanget og utøvinga av denne makta. I vår tid trengst det difor ei langsiktig og framsynt tilnærming; ein vitskapleg futurologi” (s. x). Denne futurologien eller framtidsetikken krev at vi oppfører oss slik at det ver råd for framtidas menneske også å ha gode liv.

            Dei mektige instansane i samfunnet må difor stillast til ansvar for tilstandar i framtida som dei bidreg til å skape no; til dømes dårlege materielle vilkår for enno ufødt liv, naturmiljøet og oss sjølve når vi har vorte 30 år eldre. Sett frå vår tid må politikken utformast for året 2050, ikkje for 2021 eller 2022.

            Det er viktig å merke seg at det ikkje fyrst og fremst er enkeltpersonar Jonas stiller til ansvar. Han er meir oppteken av regjeringar og statsleiarar, private firma og næringslivsleiarar, akademikarar og utviklarar. Viss han hadde skrive boka si på 2020-talet ville han garantert ha nemnt tunge globale aktørar som Facebook, Google og Apple.

Entusiasme for ansvar

Jonas understrekar kor viktig det er å verte engasjert i å kjenne ansvar for at liv og ting får gode vilkår. “Kjensla av ansvar binder dette subjektet til dette objektet og får oss til å handle på dets vegne. Eg vil hevde at det er denne kjensla meir enn noko anna som vil få oss til å handle slik at objektet kan fortsetje å eksistere” (s. 90). Dersom folk ikkje involverer seg er det jo lite truleg at ting vil endre seg til det betre, og dermed mindre truleg at menneska og andre liv og ting vil få det godt i framtida.

            Jonas innser at det er eit krevande bod. Sidan det her ikkje dreier seg om det vilkårslause og udiskutable foreldre-barn-ansvaret, men eit meir abstrakt ansvar for miljø og livsvilkår i framtida, kan det vere svært vanskeleg for personar og samfunn å opparbeide ei slik ansvarskjensle.

            Dei færraste er jo viljuge til å ofre eigne gode i notida på vegne av gode for andre i framtida. “Kva har framtida nokonsinne gjort for meg?”, spør Jonas ironisk (s. 39). Dei menneska som ikkje eksisterer kan jo ikkje krevje noko, og kan enno ikkje lide under urettferd. Sjølv om vi kan forestille oss at våre ufødte tippoldebarn kan lide for våre val, så klarar dei færraste likevel å endre åtferda si. Kva då med samfunnsmessige forhold som vi strengt tatt berre har eit profesjonelt forhold til?

Innføringa av 5G vil føre til at teknologiaktørar får endå større makt utan eit korresponderande ansvar for å ta vare på ting/liv som vert påverka av denne makta. Kva om det ville vere betre for framtidsvilkåra å ikkje bygge ut 5G i det heile tatt? (Illustrasjon: Counterpoint Research https://www.counterpointresearch.com/5g-network-slicing-versus-private-networks-benefits-drawbacks/).

Objektorientert etikk

Det er viktig å understreke kor materiell Jonas sin etikk er. Han er ikkje opptatt av dyder og plikter i seg sjølv. “Den posisjonen som ligg til grunn for dei følgande refleksjonane om ansvar kan uttrykkast ganske enkelt: Det som gjeld er ting og ikkje tilstandar i min vilje” (s. 89).

            Foreldre-barn-ansvaret må tolkast om slik at det også kan prege samfunnsinstitusjonane, seier Jonas. Den vilkårslause omsorgen for framtidas liv/ting vil måtte operasjonaliserast og byggast opp som eit ansvar for teknologiutviklinga. For at forskarar og studentar, teoretikarar og praktikarar skal kunne oppleve dette som eit reelt ansvar trengst det ei haldningsendring over lang tid.

            For medievitskap og informasjonsvitskap betyr dette at vi må oppfatte teknologiutforminga som det aller viktigaste, medan folks notidige oppleving og forståing er mindre viktig. Dette kan høyrast rart ut, men er ein av dei mange implikasjonane av den “strenge” etikken som Jonas formulerer.

            Måten vi forvaltar den enorme mengda av plattformar, grensesnitt og nettverk på vil påverke framtida mest, medan den enkelte personens åtferd og kjensler overfor andre menneske her og no vil få svakare påverknad. Det trengst eit paradigmeskifte i forskinga på medier og kommunikasjon dersom denne liv/ting-omsorgen skal kunne verte sentral.

Berre ein ting er heilt sikkert, nemleg at debatten ikkje er ferdig. Det føregår intense diskusjonar av politikk, identitet og moral i sosiale medier, på 24-timars nyheitskanalar og andre offentlege arenaer. Utifrå Jonas sitt resonnement har offentleg debatt for stort fokus på notida, og er ei avsporing frå det samarbeidet om framtidsforholda som verkeleg trengst. Foto: NRK.

Mediene skapar eit fokus på notida som hemmar ansvarsetikken

Mediene produserer nyhende og aktualitet, og engasjerer oss i diskusjon av viktige samfunnsforhold slik dei utspelar seg akkurat no. Dette har alltid vore den viktigaste grunnen til å skru på radioen, opne Facebook-appen eller gå inn på ei nettavis. I lys av Jonas sin etikk betyr det at mediene skapar eit systematisk, permanent og svært kraftfullt fokus på hendingar i notida, og såleis skuggar for det endå viktigare fokuset på å ta ansvar for liv/ting i framtida. 

            Det framstår som moralsk riktig å fokusere på å forstå notidas problem og gje skuld og ansvar til dei rette instansane. Samfunnsaktørane må jo få høyre kva konsekvensar deira handlingar skaper for andre. Sommaren 2020 er det sterke motsetnader i offentlegheita, og den er knytt til håndteringa av koronaviruset, woke versus liberal, for og imot vindkraft, etc.

            Frå dette notidsorienterte perspektivet er det nesten uråd å anerkjenne det større teknologiske problemet som Jonas peiker ut. For ein person som er engasjert i woke-debatten vil det framstå som nedlatande å få beskjed om at engasjementet ditt er for orientert mot notida og ansvarsfordeling blant dei aktørane som dominerer no.

            Det politiske engasjementet for notida gjer det vanskeleg å tenkje på framtida. Dei aktivitetane som vert akta høgast; debatt og kritikk basert på ytringsfridomen, er samtidig dei som er farlegast for tingas framtidige tilstand. Dette dilemmaet framstår som nærmast uløyseleg.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni delar. Tredje del heiter “Tradisjonell etikk har gått ut på dato”. Her presenterer eg Hans Jonas sin historiske analyse av forholdet mellom teknologiutvikling og etikk. I tidlegare tider var det rimeleg at etikken var knytt til kortsiktige behov i notida, men det fungerer ikkje når kraftfull teknologi har ført til at handlingane våre strekker seg langt inn i framtida.

]]>
Essayføljetong 1:9 — Hans Jonas og problemet med moderne teknologi https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-19-hans-jonas-og-problemet-med-moderne-teknologi/ Mon, 17 Aug 2020 13:27:05 +0000 https://voxpublica.no/?p=29123 Dette er fyrste del i ein essayføljetong om problemet med å skape ei ansvarleg utvikling innan moderne teknologi. Eg presenterer boka The Imperative of Responsibility. In Search of an Ethics for the Technological Age (1984) av moralfilosofen Hans Jonas (1903–1993), og forklarer kvifor denne boka er så viktig. Deretter viser eg korleis hans teknologikritikk er relevant for medieutviklinga i samtida, og presenterer også livshistoria hans for å skape historisk kontekst.

Hans Jonas var 81 år då «The Imperative of Responsibility» kom ut på engelsk i
Etter eit langt liv i det godes teneste kunne han tillate seg å moralisere. (Pressefoto).

Essayføljetong i ni delar

Nærlesing av The Imperative of Responsibility (1984)

Hans Jonas er bekymra for framtida, og allereie i 1984 gav han ut ei bok om problema med moderne teknologi og korleis dei berre vil vekse seg sterkare viss vi ikkje gjer noko straks. Eg leste The Imperative of Responsibility i sommar, og vart slått av kor relevant denne kritikken er for medier og kommunikasjon også i vår tid.

            I denne essayføljetongen vil eg difor undersøke hans fundamentalkritikk av det moderne samfunnet. Jonas meiner at moderne teknologiar har gitt oss ein særskilt type makt over naturen som gjer dei svært farlege for oss sjølve. Han skriv:

            “Moderne teknologi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig djupare gjennomtrenging av naturen og driven framover av marknadskrefter og politikk, har auka menneskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jorda, og mennesket sjølv, og den veks med akselererande fart” (s. ix).

            The Imperative of Responsibility er ei storfelt kritisk analyse av menneskas jakt på teknologisk betring og vidareutvikling. Her argumenterer Jonas for at menneska må lage alternativ til dei mest skadelege trekka ved teknologiutviklinga, og han peikar ut nokon store hinder for at dette vil kunne skje.

Det teknologiske imperativet

“Ingen stiller spørsmål ved det “teknologiske imperativet”, og det let seg ikkje stille spørsmål ved fordi det er antropologisk grunnleggande og integrert i den menneskelege tilstanden. Det treng ingen talspersonar i den vestlege verda i det 20. århundret fordi begeistringsrusen har overteke fullstendig. Slik vi oppfører oss no tek den teknologiske drivkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nødvendigheitene den har skapt, dens besnærande lovnader, dei kortsiktige belønningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjennom si sjølvforsterkande kopling med framskrittet i vitskapen” (s. 203).

            Koplinga mellom teknologi, vitskap og menneskeleg åtferd vert framstilt som ei nesten ustoppeleg kraft for vidare framskritt og vekst, og denne utviklinga er skadeleg for naturen og dermed også for mennesket sidan vi sjølv er ein del av den. Det teknologiske imperativet treng å verte balansert med eit imperativ om menneskeleg ansvar; eit prinsipp om at vi som lever no har ansvar for livsvilkåra for menneske og dyr så langt innover i framtida som teknologiane våre strekkjer seg (og det er langt!).

            Jonas peikar ut ei rekkje dilemma med den vekstautomatikken han meiner utspelar seg i moderne teknologi, og hevdar at utviklinga må motverkast meir aktivt i politikk og næringsliv. Det er viktig at borgarane vert meir medvitne om kva dei bidreg til, og difor må teknologiutviklinga verte meir synleg i den offentlege debatten. Det har heldigvis vore ei god utvikling på dette området sidan boka kom ut i 1984. Andre forfattarar og skribentar har kjempa for same sak som Jonas gjorde, og folk er meir medvitne om problema.

The Imperative of Responsibility (1984) vart fyrst utgitt på tysk med tittelen Das Prinzip Verantwortung (1979). Hans Jonas omsette den til engelsk sjølv i samarbeid med David Herr.

Ansvarleg teknologiutvikling

Boka har inspirert økologar, moralfilosofar, klimaforskarar og miljøaktivistar i fleire tiår. The Imperative of Responsibility har vorte ein av dei teoretiske grunnsteinane for miljørørsla saman med økosofien frå Arne Næss og Gaia-hypotesen til James Lovelock.

            Tankane til Hans Jonas har vore eit viktig grunnlag for den tradisjonen som vert kalla Responsible Research and Innovation (RRI). Denne er særleg knytt til å gje ei framtidsansvarleg grunngjeving for målsetjingane til forsking og utvikling i Europa.

            RRI er eit forsøk på “å utvikle nye former for styring som bedre kan håndtere modernitetens skyggesider og problemer” seier professor i vitskapsteori Roger Strand ved UiB i nettartikkelen “Ansvarlig forskning og innovasjon — et politisk begrep i støpeskjeen” (2015). Han kallar RRI “en prosess der samfunnsaktører og innovatører har ansvar for å forholde seg aktivt til hverandre og arbeide for at forskningsresultater og teknologi blir etisk akseptable, bærekraftige og ønsket av samfunnet”.            

Det finst spor etter Jonas sin tankegang i ei rekkje etiske analysar av utfordringane med moderne teknologi, ofte utan at det er direkte sitat. Dette gjeld til dømes Spiekermanns Ethical IT Innovation (2015), Jasanoffs Ethics of Invention (2016), Bowles Future Ethics (2018) og Cockelberghs AI Ethics (2020).

Det problematiske ved moderne medier

Jonas er mest opptatt av utfordringane for miljøet, men resonnementet hans er i stor grad allmenngyldig. Då eg leste boka tenkte eg heile tida at dette gjeld jo også for mediebruken og mediesamfunnet i vår eiga tid. Dette essayet er difor ikkje berre meint å forklare kva Jonas meiner, men er også meint å aktualisere hans kritikk i samanheng med medieutviklinga.

            Eg gjev ei rekkje døme på uheldige, negative og skadelege trekk ved mediene i samtida, og ynskjer å skremme både meg sjølv og lesaren til å tenkje gjennom kor fastlåste vi er i dei rådande teknologiane. Kritikken er “fundamental”, og det betyr at at den gjeld heile samfunnet, og ikkje enkeltpersonar, grupper eller institusjonar.

            I andre samanhengar arbeider eg med positive tilnærmingar. Mediedesign og innovasjonspedagogikk er løysingsorienterte og konstruktive faglege tilnærmingar som involverer kollegaer og studentar i tverrfaglege samarbeid.

            Det er svært viktig å arbeide for ansvarlege medieløysingar. Dette essayet kan lesast som ein moralfilosofisk bakteppe for det store arbeidet som skal gjerast i det nye senteret for forskingsdriven innovasjon, MediaFutures, som vert etablert ved Universitetet i Bergen hausten 2020. Jo betre forståing vi har av fare og risiko, jo betre stilt er vi til å gjere noko med dei.

Eg brukte meir tid på «The Imperative of Responsibility» enn alle andre bøker eg har lese dei siste åra. Hans Jonas skriv veldig kompakt og meiningstett og det var vanskeleg å komme gjennom meir enn 15–20 sider i ei økt. Eg måtte lese dei viktigaste poenga fleire gonger for å verte trygg på at mi omsetjing til nynorsk vart presis. Foto: Barbara Wendelbo.

Om Hans Jonas

Hans Jonas (1903–1993) var ein tysk-jødisk filosof som opplevde 2. verdskrig på kroppen og vart prega av det i si tenkjing. Jonas rømte frå det nazistiske regimet i Tyskland og vart soldat for dei allierte i Midt-Austen. Han kjempa også for Israel i den arabisk-israelske krigen i 1948. Erfaringane frå krigen og jødeutryddinga gav arbeidet hans eit eksistensielt alvor, og eit nøkternt for ikkje å seie negativt syn på menneska.

            På midten av 1950-talet emigrerte Jonas til New York der han budde resten av livet. Han vart professor i filosofi ved New School for Social Research, og arbeidde med biologisk etikk, livsfilosofi og naturfilosofi. Ei anna av hans kjente bøker er The Phenomenon of Life (1966). Stipendiat ved NTNU Sigurd Hverven har skrive om denne boka i artikkelen “Hans Jonas og fenomenet liv” i Filosofisk supplement (udatert).

            Boka som eg tek for meg; The Imperative of Responsibility (1984), er prega av at Hans Jonas hadde Martin Heidegger som rettleiar på doktorgraden sin. Jonas hadde eit komplisert forhold til denne innflytelsesrike filosofen gjennom heile sin karriere, og på 1960-talet tok han eit generaloppgjer med Heideggers nazisme.

            Samtidig finst det tydelege element av Heideggers teori om moderne teknologi i resonnementa til Jonas. Der Heidegger i stor grad er beskrivande er Jonas normativ. Han peikar ut dei moralske implikasjonane av at teknologi har fått så enorm kraft i samfunnet, og her ligg det ein spennande dialog med Heideggers filosofi.

            Det har vorte skrive ein del om Hans Jonas på norsk. Alfred Fidjestøl utgav i 2004 boka Hans Jonas. Ein introduksjon på Universitetsforlaget, men den er diverre utselt frå forlaget. Klassekampen gjorde eit intervju Fidjestøl med tittelen “Etikk for en ny tid” då boka kom ut. Utover dette har eg funne to korte pedagogiske framstillingar som er verdt å lese; Hein Berdinesen (2017) “Hans Jonas og ansvaret for fremtiden” på nettstaden Klimaaksjonen og Morten Fastvold (udatert) “Ansvarsetikk” på nettstaden Filosofi i skolen. Engelsk Wikipedia har eit grundig og leseverdig oppslag om Hans Jonas.

Omsetjinga

Eg har omsett alle sitata til nynorsk. Hans Jonas skriv godt, og han formulerer tankar med eit slikt alvor at eg får frysningar på ryggen. Han brukar slåande metaforar, har slagferdige poeng og fører innsiktsfulle resonnement. Men samtidig er det ingen tvil om at han skriv vanskeleg. Han skriv til eit fagfilosofisk og akademisk publikum og smykkar seg med grundige drøftingar av alt frå dydsetikken til filosofen Immanuel Kant til marxistisk utopisk teori frå Ernst Bloch.

            Jonas skriv resonnement på mange titals sider som går så djupt inn i det filosofiske grunnlaget for framtidsetikken at det nesten vert uleseleg. Han har sjølv omsett sin tysk til eit engelsk, og dette gjer ikkje saka betre. Det er innskotne setningar i dei innskotne setningane, liksom.

            Difor har eg utført ei semantisk omsetjing. Eg har lagt større vekt på kva som er poenget med setninga enn å omsetje den nøyaktig med dei norske orda som ville tilsvara dei engelske, eller med tilsvarande setningsoppbygnad. Nynorsk er eit aktivt språk, og eg har i mange tilfelle “aktivert” Hans Jonas sine setningar.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni delar. Neste del heiter “Framtida er viktigare enn notida”. Her presenterer eg det aller viktigaste moralske poenget til Hans Jonas. Fordi moderne teknologi har gitt menneska så stor makt over naturen har vi også eit stort ansvar for at livet klarar seg i framtida. Vi må dyrke ei ansvarskjensle parallell til den foreldre har til sitt nyfødte barn, men ansvaret må dreie seg om å skjøtte miljøet, teknologiutviklinga og menneskas vilkår.

]]>