Karl Johan - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/karl-johan/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Mon, 22 Jan 2018 10:25:38 +0000 nb-NO hourly 1 Sensur og subsidiar i trykkefridomens grenseland https://voxpublica.no/2014/08/sensur-og-subsidiar-i-trykkefridomens-grenseland-2/ Thu, 14 Aug 2014 08:03:55 +0000 https://voxpublica.no/?p=13478 To hundre år etter 1814 er trykkefridomen og informasjonsfridomen trygt innbakt i konstitusjonen, og pressestøtta fungerer som eit sikringsnett for ei fri og differensiert presse. Staten skal vere pressas støttespelar, men på ei armlengds avstand: Støtta må byggjast på reint objektive forhold, og skal ikkje framstå favoriserande eller diskriminerande.

Det vakte difor ei viss oppsikt då Framstegspartiets Ib Thomsen i fjor haust varsla kutt i pressestøtta, og deretter kom med ei trugsmålsliknande spådom om Dagsavisens dystre framtid: Dei “bør skjelve i buksene”.

Sannsynlegvis ville Thomsens utspel passa betre inn i 1800-talets medieoffentlegheit og i debattane om portomoderasjonen. Pressestøttas tidlegaste forløpar utvikla seg nemleg til å verte eit treffsikkert politisk vapen, og dei norske avismakarane skalv utvilsamt i buksene.

«Uden Portomoderation kan neppe Aviis i Norge bestaae»

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Sjølv om 1969 vanlegvis blir rekna som startpunktet for den norske pressestøtta, har norske aviser og tidsskrift i realiteten motteke særeigen og livsviktig statsstøtte heilt sidan den såkalla portomoderasjonen oppsto ved lov i 1796.

Med denne nye ordninga kunne ein sende aviser og tidsskrift med kraftig reduserte eller ingen portokostnadar, framfor å sende dei i posten som brev. Rabattordninga blei utover 1820-åra nytta særleg aktivt av kong Carl Johan, som delte den ut til kvar enkelt redaksjon «inntil vidare». Såleis verka den både som eit førebyggjande og eit sanksjonerande middel: For å oppnå portomoderasjon måtte utgjevarane opparbeide ei viss grad av tillit og velvilje hos kongen, og dersom tilliten forsvann, vart den økonomiske straffa hard å overleve.

Klikk for å lese resten av Vox Publicas analysesak om pressestøttas forhistorie.

]]>
Sensur og subsidiar i trykkefridomens grenseland https://voxpublica.no/2014/08/sensur-og-subsidiar-i-trykkefridomens-grenseland/ Thu, 14 Aug 2014 08:03:26 +0000 https://voxpublica.no/?p=13119 To hundre år etter 1814 er trykkefridomen og informasjonsfridomen trygt innbakt i konstitusjonen, og pressestøtta fungerer som eit sikringsnett for ei fri og differensiert presse. Staten skal vere pressas støttespelar, men på ei armlengds avstand: Støtta må byggjast på reint objektive forhold, og skal ikkje framstå favoriserande eller diskriminerande.

Det vakte difor ei viss oppsikt då Framstegspartiets Ib Thomsen i fjor haust varsla kutt i pressestøtta, og deretter kom med ei trugsmålsliknande spådom om Dagsavisens dystre framtid: Dei “bør skjelve i buksene”.

Sannsynlegvis ville Thomsens utspel passa betre inn i 1800-talets medieoffentlegheit og i debattane om portomoderasjonen. Pressestøttas tidlegaste forløpar utvikla seg nemleg til å verte eit treffsikkert politisk vapen, og dei norske avismakarane skalv utvilsamt i buksene.

«Uden Portomoderation kan neppe Aviis i Norge bestaae»

Sjølv om 1969 vanlegvis blir rekna som startpunktet for den norske pressestøtta, har norske aviser og tidsskrift i realiteten motteke særeigen og livsviktig statsstøtte heilt sidan den såkalla portomoderasjonen oppsto ved lov i 1796.

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Med denne nye ordninga kunne ein sende aviser og tidsskrift med kraftig reduserte eller ingen portokostnadar, framfor å sende dei i posten som brev. Rabattordninga blei utover 1820-åra nytta særleg aktivt av kong Carl Johan, som delte den ut til kvar enkelt redaksjon «inntil vidare». Såleis verka den både som eit førebyggjande og eit sanksjonerande middel: For å oppnå portomoderasjon måtte utgjevarane opparbeide ei viss grad av tillit og velvilje hos kongen, og dersom tilliten forsvann, vart den økonomiske straffa hard å overleve.

«Thi uden Portomoderation kan neppe Aviis i Norge bestaae.» Det var konklusjonen til redaktør Soelvold i opposisjonsavisa Statsborgeren etter at den blei fråteken sin portomoderasjon i 1834. Årsaka var enkel: Statsborgeren hadde gjort seg skuldig i å prente «løgnaktige» og «fornærmelige» påstandar i to smededikt om finansminister Jonas Collett. Om påstandane ikkje var fornærmelege, var dei utvilsamt konfronterande: Diktets hovudperson blei skulda i å «råde undergang», og demoralisere folket ved «skjendig pral». Før han «skal vor frihet sønderknuge», oppmoda forfattaren til å jage hans slekt ut av landet («Af Landet jage vi hans Æt»). I avslutninga blir det stilt eit høgst retorisk spørsmål: «Hvad Nytte har vel C‑let gjort For Staten i det hele? Mon andet ædelt, Godt og Stort, End egen Kage mælet.»

Avisen Statsborgeren med Collett-diktet på førstesiden. Klikk på bildet for å laste ned hele avisutgaven i pdf.

Avisen Statsborgeren med Collett-diktet på førstesiden. Klikk på bildet for å laste ned hele avisutgaven i pdf.

Statsborgeren, som var blant landets mest opposisjonelle røyster, mista ikkje portomoderasjonen utan kamp. Avisa trykka fleire innsendte brev (som sannsynlegvis var forfatta av redaktør Soelvold sjølv), kor den såkalla despotiske regjeringa vart skulda i å spøke med konstitusjonens hovudprinsipp: «Saavel den norske, som svenske Regjering have i den senere Tid taget saa alvorlige Forholdsregler mod Trykefriheden, at man næsten kunde fristes til at troe, de have svoret den Undergang».

Systemkritikk under press

I det famøse diktet (pdf) blei Jonas Collett rett nok ikkje namngitt, men vart derimot omtala ved den lite kryptiske omskrivinga «C‑let». Slike grep var ikkje uvanlege i dåtidas aviser og nyheitsblad, og skulle nok verke som ei sikring mot kongeleg unåde og rettsleg tiltale. Statsborgeren gjekk langt i å nekte for at denne C‑let var identisk med statsråd Collett. På trykk hevda ein at «Ingen, uden den meest vilkaarlige Fortolkning» kan forklare at finansministeren var diktets hovudperson.

Kongens aksjon mot Statsborgeren viste likevel at satiren og den indirekte systemkritikken var under sterkt press. Når kritikaren ikkje lenger kunne gøyme seg bak omskrivingar, allegoriar og ironi, blei det umogleg å legge sine ord på vektskåla utan at rabulisten ga dei ei ny meining, hevda Soelvold: «…naar det til Exempel skulde falde Nogen ind at tale om Regjeringens dybe Indsigter og mageløse Viisdom, med mere Godt, som en Regjering bør være i Besiddelse af, saa kunde det jo blive udtydet til Spot». Til og med ros og smiger kunne føre til politisk forfølging!

1821: Trykkefridomens «nesten-død»

Norsk offentlighets historie

  • Fritt Ord løyva i vår 1,5 millionar kroner til bokprosjektet Norsk offentlighets historie.
  • Initiativtakarane er ei gruppe forskarar ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB, med professor Jostein Gripsrud som leiar.
  • Målet for prosjektet er eit stort og rikt illustert bokverk, med planlagt publisering i utgangen av 2016.
  • Arbeidet vil bli formidla undervegs i form av artiklar og blogginnlegg på Vox Publica.

Fire år etter unionsavtalen med Sverige i 1814, foreslo kong Carl Johan eit tillegg til riksakta som i praksis ville innskrenke trykkefridomen: Alle prenta ytringar som enten direkte eller indirekte fornærma unionen og broderfolket, skulle kunne straffast med fengsel. Dette uavhengig av om fornærminga var «iklædte i Fortællinger, Fabler og overhovedet i Allegorier». Forfattaren eller utgivaren av slike verk skulle også for all tid tape retten til å utgje offentlege publikasjonar.

Først i 1821 blei saka tatt opp i Stortinget, og ein gjekk einstemmig mot proposisjonen. Frå talarstolen blei det hevda at formuleringa «indirekte» ville gi anledning til svært vage og vilkårlige fortolkingar, og at forslaget ville «tilintetgjøre det i Grundlovens §. 100 givne Bud, “at Trykkefrihet bør finde sted”, og saaledes gjøre en Forandring i Grundloven, der stod i Strid med et af dens Principer».

Carl Johan opererte utvilsamt i ei gråsone. Sjølv om Stortinget verna om trykkefridomens opphavlege form, kunne paragrafen juridisk sett ikkje hindre Carl Johans makt over avisenes levevilkår. I prinsippet var moderasjonsordninga ei økonomisk godtgjersle, og utgjorde i seg sjølv ikkje noko eksplisitt forbod av maktkritiske og andre skadelege ytringar.

På veg mot ein stortingsregulert portomoderasjon

At portomoderasjonen likevel utgjorde eit brot på trykkefridomen i praksis, var derimot konsensus i dei opposisjonelle pressekretsane. Redaktør for avisa Patroullen, Ludvig Mariboe, var blant dei mest markante stemmene i saka. Sjølv fekk han avslag på sin søknad om moderasjon i 1824, og karakteriserte ordninga som eit reint sensurmiddel.

Ludvig Mariboe (1781-1841), avisredaktør.

Ludvig Mariboe (1781–1841), avisredaktør.

Patroullen har i ettertid blitt omtala som det grundigaste opposisjonsorganet i Noreg før 1830, og det er enkelt å skjøne at avisa kunne vurderast som ei fare for statsapparatet. Bladets tittel spelte nettopp på avisas rolle som eit patruljerande og granskande organ, og gjorde seg anerkjend gjennom sine detaljerte og kritiske referat frå stortingsforhandlingane. Finansdepartementet, som handsama Mariboes søknad om portomoderasjon, grunna avslaget i avisas «upassende Ytringer og Personaliteter».

I 1827 foreslo Mariboe ein lovbestemt og stortingsregulert avisporto som skulle likestille alle aviser og blad, framfor at den utøvande makt delte ut moderasjonen enkeltvis. Først i 1837 blei lova om stortingsregulert porto vedtatt, og kongen mista sitt høve til å indirekte drive sensur av opposisjonelle og kritiske ytringar. Den norske grunnlova av 1814 stadfesta i sin opphavlege hundrede paragraf at «trykkefridom bør finde sted» og at «Frimodige Yttringer om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand ere Enhver tilladte». Det tok dermed lang tid før slike ideal blei handsama i praksis.

Opportunisten Niels Wulfsberg

Forholdet mellom kongemakt og presse var ikkje berre prega av opposisjon og fiendskap. Niels Wulfsberg, som i ettertida står fram som vår første store avispioner, bygde langt på veg sin karriere på kongelege alliansar og tenestebyter.

I førsteutgåve av avisa Tiden 28. januar 1808 (pdf) prenta Wulfsberg det første av mange hyllingsvers til danskeprinsen og stattholdaren Christian Frederik. Tiden, som var landets første eigentlege nyheitsavis, lova i si programerklæring «At drage frem for Lyset mangen nyttig Idee, der elles blev skjult i Mørket; at forøge den indenlandske Communication til Landsmænds Nytte». Slik skulle ein også handle overeins med «deres Kongl. Høiheds Ønsker, Deres gode Villie». Den svært så audmjuke og underdanige støtteerklæringa hadde sannsynlegvis samanheng med prinsens økonomiske ytingar, som etter kvart viste seg å bli ein viktig føresetnad for at avisa i det heile kunne overleve.

Førsteutgaven av avisen Tiden fra 28. januar 1808. Klikk på bildet for å laste ned hele utgaven som pdf.

Førsteutgaven av avisen Tiden fra 28. januar 1808. Klikk på bildet for å laste ned hele utgaven som pdf.

Christian Frederik fekk sjølvsagt valuta for pengane, og Tiden utvikla seg til å bli hans offisielle organ. Den nære koplinga mellom Wulfsberg og det danske kongehuset er kanskje på sitt mest påfallande i det sterkt politisk farga ekstranummeret etter Kiel-traktaten i 1814. Utgåva var tinga av kronprinsen sjølv, og Tiden kunne som første offentlege organ melde om fred i Norden. «Om Fredsvilkaarene kan Udgiveren Intet tilføie, da han ikke kjender dem», skreiv Wulfsberg. Det gjorde derimot Christian Frederik, som bevisst hadde heldt tilbake informasjonen om at Noreg var avstått til Sverige. I tillegg redigerte han bort Wulfsbergs aller mest entusiastiske formuleringar om (den påståtte) freden, truleg i eit forsøk på å dempe folkets forventningar.

1814 blei eit merkeår i Wulfsbergs fleksible karriere som avisentreprenør. Frå først å føre eit hyllande forsvar av norsk sjølvstende og grunnlovskongen Christian Frederik i Tiden, snudde han raskt kappa etter vinden då unionsavtalen med Sverige vart underteikna. Dette kom til syne ved etableringa av Den Norske Rigstidende (namneendringa kom på initiativ frå dåverande kronprins Carl Johan, då namnet visstnok var meir svenskvenleg enn Tiden). Etter kort tid fekk Wulfsberg einerett til å publisere regjeringas kunngjeringar, og bladet blei raskt eit informasjonsorgan med ein endå meir offisiell stil enn forgjengaren. I tida etter unionsavtalen var Rigstidende faktisk landets einaste ikkje-opposisjonelle avis – og Wulfsberg mottok «Naadesbeviisninger og Gratificationer» frå Carl Johan gjennom heile sitt verke i bladet.

Skjebnene

Stortingets vedtak om ein lovbestemt portomoderasjon var ikkje til hjelp for Statsborgeren og avisas aktørar. Utgjevar Peder Soelvold gav seg i avisa året etter prentinga av Collett-dikta, og sat seinare ein kort periode i fengsel. Ti år etter, i 1845, vart han observert i Christianias gater; fattig, huslaus og forkommen. Han vart overlaten til Akershus fattigvesen, og døydde av koldbrann to år seinare.

Stort betre gjekk det ikkje med forfattaren bak smedediktet. Jens Johan Vangensteen, som raskt tok på seg ansvaret, blei stilt for retten og dømt til tukthus for ytringane. I ettertid omgjorde stiftoverretta vedtaket, då det viste seg at forfattaren i realiteten var løytnant Jens Henrik von Hadeln. Då Vangensteen blei frifunnen, var han allereie død.

Trass i ei forhistorie fylt med statleg kontroll og sensur – ofte i sterk kontrast til konstitusjonens ideal om trykkefridom – kan forteljinga om unionstidas pressepolitikk tilby ei viktig påminning: Pressestøtta har eksistert heilt sidan avisenes barndomsår, og vår presse har til alle tider vore avhengig av statlege subsidiar for å overleve.

Kjelder

De Norske Rigstidende, årgang 1814.
Eide, Martin (red) (2010): Norsk presses historie 1660–2010, bind 1
Johannessen, Finn Erhard (1997): Alltid underveis: Postverkets historie gjennom 350 år
Patroullen, årgang 1825.
Statsborgeren, årgang 1834.
Store Norske Leksikon (nettutgåve)
Stortingsforhandlinger, 1818
Stortingsforhandlinger, 1969
Tiden, årgang 1813 og 1814

]]>
Norges grunnlov som politisk instrument https://voxpublica.no/2014/05/norges-grunnlov-som-politisk-instrument/ Thu, 15 May 2014 07:49:50 +0000 https://voxpublica.no/?p=12897 Talen om “Tvillingriget” holdt Wilhelm F.K. Christie i egenskap av stortingspresident den 10. november 1814 da Stortinget hadde fått overlevert Kong Carl den 13’s ed, hvor kongen “lover og sværger” å regjere Kongeriget Norge ?“i Overeensstemmelse med dets Constitution og Love”.

Christie understreker her hvordan Kongens ed til Grunnloven innebærer en anerkjennelse av at de to land — “hvert støttende sig paa sin særskilte Grundlov” – er likeverdige unionspartnere. Dette betyr, sier Christie, at de har krav på likebehandling — som søsken med samme rett til konges faderlige omsorg, og lik respekt for sin frihet og selvstendighet. Christies utlegning av hva kongens ed til Grunnloven betyr og hvilke politiske implikasjoner den har, kan ses som et forsøk på å binde Sverige og kongemakten til den samfunnskontrakten Grunnloven representerte. Hovedadressaten er nok likevel ikke “Tvillingrigets fælles Konge” – men kollegaene i det norske Stortinget. I talen tegner Christie en visjon av Norge som en selvstendig nasjon og likeverdig partner — og skisserer ansatsen til en politisk strategi for hvordan landets frihet og selvstendighet kan sikres i unionen: gjennom å insistere på nøyaktig overholdelse av Grunnloven. Og dette ble en kjerne i norsk politikk i unionstiden.

Grunnlovskonservatisme ble et sentralt virkemiddel for å stå imot forsøk på “amalgasjon” eller sammensmeltning av de to landene, og det viste seg å være et effektivt våpen mot svensk dominans og forsøk på å svekke det norske stortingets rolle. I 1821 la Carl Johan fram forslag til radikale endringer av Grunnloven. Blant annet skulle Stortinget bare samles hvert femte år og da hovedsakelig behandle saker lagt frem av kongen. Konstitusjonskomiteen la fram sin innstilling i saken 17. mai 1824 – nøyaktig ti år etter at Grunnloven ble underskrevet på Eidsvoll. Datoen var ingen tilfeldighet – og svaret var “nei”. Stortinget fulgte innstillingen og nektet å endre Grunnloven — til tross for at Carl Johan samlet tropper i Christiania under behandlingen av forslagene.

Grunnloven og 17. mai som symboler på norsk selvstendighet uroet Carl Johan. Han forsøkte å forby feiring av 17. mai og ville at Norge i stedet skulle feire 4. november – datoen for undertegning av unionsgrunnloven. Men igjen måtte kongen gi tapt — og 17. mai 1833 ble Stortingets grunnlovskonservatisme symbolsk befestet med avduking av minnesmerket over Christian Krohg som ledet konstitusjonskomiteen i 1824.

Grunnlovsjubileet og talene
Hva ble sagt — og sunget — i det skjellsettende året 1814? Med vekt på hendelsene i Bergen arrangerte UiB et festmøte i Korskirken 14. mai med skuespillere, sang og musikk. Vox Publica dokumenterer i en serie artikler de seks talene som ble valgt ut til festmøtet.

Stortinget gjorde ved flere anledninger bruk av Grunnlovens bestemmelser om riksrett mot regjeringens medlemmer når de mente disse var illojale mot Grunnloven og det norske stortingsflertallet. Det skjedde blant annet i 1825 da Kongen ved finansminister Collett bevilget penger til innkjøp av to dampskip. Fordi Stortinget ikke var samlet hadde Kongen rett til å ta beslutninger som normalt skulle ligge under Stortinget, men her mente Stortinget at deres bevilgningsmyndighet var krenket og stilte finansminister Collett for riksrett.

Riksrett var også et viktig virkemiddel da Stortinget i 1884 kjempet fram parlamentarismen – prinsippet om at regjeringen må utgå fra og ha støtte i Stortinget. Stortingsflertallet ønsket sterkere kontroll med regjeringen og ville at ministrene skulle møte i Stortinget. Da kongen blokkerte forslaget med veto i tre runder svarte Stortinget med å stille regjeringen for riksrett. Slik vant de striden og Johan Sverdrup dannet Norges første flertallsregjering utgått fra Stortinget.

Mye takket være Grunnloven — og måten Stortinget knesatte den på — forble unionen med Sverige en tynn union. Norge hadde stor grad av indre selvstendighet og fikk etablert viktige nasjonale institusjoner – egen nasjonalforsamling, regjering og sentraladministrasjon, eget domstolsapparat med høyesterett og egen nasjonalbank. Så selv om Sverige utvilsomt var den ledende part og likestillingsprinsippet ble brutt, særlig når det gjaldt utenrikssaker, så var unionen i praksis ikke så mye mer enn en felles konge. Sammenlignet med Dansketiden var Norge nå langt på vei mot en selvstendig, demokratisk stat med en økende nasjonal bevissthet — hvor Grunnloven og 17. mai var sentrale virkemidler i nasjonsbyggingsprosessen.

Grunnloven var også politisk viktig da en annen statsminister og jurist fra Bergen – Christian Michelsen – forhandlet fram Norges løsrivelse fra Unionen i 1905. Misnøyen med den svenske dominansen og retningen i utenrikspolitikken hadde økt. Norge følte ikke sine interesser ivaretatt og ønsket et eget norsk konsulatvesen. Svenskene nektet, men da Michelsen ble statsminister fikk han Stortinget til å vedta en lov om eget norsk konsulatvesen. Da Kongen nektet å sanksjonere loven, gikk regjeringen av. Kongen, som ikke hadde noe levedyktig regjeringsalternativ, nektet å godta regjeringens avgang. Michelsen så da en mulighet til å oppløse unionen på konstitusjonelt grunnlag. Argumentet var at siden Kongen ikke kunne danne en ny norsk regjering hadde han opphørt å fungere som norsk konge, og at unionen dermed var oppløst.

Hvorvidt Michelsens grep faktisk var i samsvar med fungerende statsrett er omstridt, men at det juridiske argumentet var politisk viktig er det ingen tvil om. Det går dermed flere linjer enn Christiesgate mellom Wilhelm Frimann Koren Christie og Christian Michelsen — to politiske strateger fra Bergen som begge så betydningen av Grunnloven som politisk virkemiddel.

I dag er vi igjen i en situasjon hvor det står strid om hva Grunnloven skal være. Vår tids grunnlovskonservatisme kommer til uttrykk i motstand mot språklig revisjon og mot innføring av sosiale menneskerettigheter – gjerne omtalt som politiske signalrettigheter — i Grunnloven. Grunnlovens rolle som tradisjonsbærer og symbol står her sentralt.

De som ønsker å forandre Grunnloven ser den i større grad som et viktig politisk instrument, et virkemiddel for å binde dagens og framtidens politikere til vår tids samfunnskontrakt, som en kontrakt som omfatter et statlig ansvar for borgernes velferd. De mener at dette må få utrykk i Grunnloven gjennom bestemmelser som slår fast statens plikt til å sikre borgernes menneskerettigheter til utdanning, livsopphold, helse, bolig og kulturell identitet. Og de mener at Grunnloven må ha en språkdrakt som gjør at den kan forstås av befolkningen og dermed bli en del av den politiske identiteten. Kompromisset om språklig fornying av Grunnloven var langt på vei en seier for de som vil gjøre Grunnloven mer tilgjengelig – mens vedtaket 13. mai (pdf) av en svært begrenset rettighetskatalog – uten rett til livsopphold, helse, bolig eller kulturell identitet – blokkerte ambisjonene om å formulere en mer politisk relevant samfunnskontrakt for vår tid.

Wilhelm F. K. Christie: Tvillingrigets fælles Konge

Overlevering av kongens skriftlige ed på Grunnloven til Stortingets president
Christiania, 10. november

Christies taler
Christies tale er hentet fra Virksomme ord. Se flere taler av Christie.

“Eden er aflagt; et helligt, uopløseligt Baand er knyttet mellem Norge og Sverige. Begge disse Riger staae nu ved Siden af hinanden, hvert støttende sig paa sin særskilte Grundlov, hvis nøiagtige Overholdelse vil sikre deres Uafhængighed. Naar Tvillingrigets fælles Konge med Viisdom vælger, og med Opmærksomhed hører sit Raad, aldrig adskiller det ene Riges Interesse fra det Andets, og aldrig glemmer, at begge ere Søskende, der have lige Krav paa hans Fader-Omhu; naar Begges Sønner paa Land og Hav kunne mødes som kjærlige Brødre; naar Norske og Svenske aldrig tabe af Sigte, at det ene Riges Hæder er det Andets, og at kun fælles Bestræbelser og Opofrelser give fælleds Fordeel og Sikkerhed: da vil Foreningen staae til sildigste Slægter; da vil den Dag, paa hvilken Baandet knyttedes, blive en Festdag for Efterkommerne; da vil andre Nationer med Misundelse see hen til Nordens lykkelige Halvøe. Dette venter, dette haaber den norske Nation af dens valgte Konges og hans Efterkommeres Viisdom, og af den svenske Nations Brodersind, ligesom den selv redeligen vil bidrage dertil. Gud bevare Kongen og hans Riger!”

Om Wilhelm F. K. Christie

Wilhelm F.K. Christie malt av Jacob Munch (kilde: Eidsvoll 1814/Digitalt Museum)

Wilhelm F.K. Christie malt av Jacob Munch (kilde: Eidsvoll 1814/Digitalt Museum)

Wilhelm F. K. Christie (1778–1849) var sorenskriver i Nordre Bergenhus Amt. Han møtte som første representant for Bergen både i Riksforsamlingen og i stortingssamlingen senere på året. På Eidsvoll spilte han en mindre betydelig rolle, som forsamlingens faste sekretær, men om høsten pekte han seg straks ut som den førende. I egenskap av stortingspresident tok han hånd om forhandlingene og førte dem med suverent overblikk og med taktisk og språklig behendighet. At Norge, tross det svake utgangspunkt, oppnådde en nokså selvstendig stilling i unionen, skyldtes ikke minst Christies kløkt. Hans politiske karriere var lysende, men kort. Han avslo Kongens tilbud om ledende stillinger, og trakk seg tilbake til Bergen som stiftsamtmann og som amtmann i Søndre Bergenhus. I 1825 søkte han avskjed på grunn av helseproblemer. Resten av livet viet han arbeid for allmennyttige og vitenskapelige formål. Han skrev en rekke mindre avhandlinger, og redigerte tidsskriftet Urda; gjennom eget innsamlingsarbeid bygde han opp både et norsk dialekt-leksikon og en samling oldsaker. Christie opprettet Bergens Museum, som senere skulle utvikle seg til Universitetet i Bergen.

]]>