Kreftforeningen - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/kreftforeningen/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Thu, 13 Feb 2014 12:46:43 +0000 nb-NO hourly 1 Kreftblogging frå tabu til avismat https://voxpublica.no/2014/02/kreftblogging-fraa-tabu-til-avismat/ https://voxpublica.no/2014/02/kreftblogging-fraa-tabu-til-avismat/#comments Fri, 14 Feb 2014 07:25:35 +0000 https://voxpublica.no/?p=12403 På sine heimesider linkar Kreftforeininga til eit breitt utval av bloggar skrivne av kreftråka personar. Bloggane er svært populære og foreininga registrerer at talet på kreftbloggar på nettet veks.

– Mange har god nytte av å skriva om sjukdomen. Det er ei form for hjelp til sjølvhjelp, kor personane får tilbakemeldingar på det dei skriv og mottek støtteerklæringar i ei vanskeleg tid. Slike pasientbloggar florerer på nettet og i løpet av dei siste åra har talet på kreftbloggar teke heilt av, seier pressesjef i Kreftforeininga Erik Vigander.

Les også:
“Det har hjelpt meg enormt å dela det eg tenker og føler.” Kreftråka Mariell fortel om sjukdommen og blogginga.

Samstundes ber han pasientar og pårørande utvisa aktsemd.

– Det er viktig at det ikkje utviklar seg eit openheitstyranni, slik Per Fugelli åtvara om. Det må ikkje bli slik at om ein ikkje står fram og er open om sjukdomen sin, så har ein “mindre verdi”, slår Vigander fast.

– Kan vera ubehageleg

Medieforskar Anders Fagerjord ved Universitetet i Oslo seier det er fleire forklaringar på kvifor personar vel å dela noko så privat som sjukdom på nettet.

– Når ein møter ei krise i livet, må ein ofte skriva historia om seg sjølv på nytt. Ifølgje psykologar kan ein blogg fungera som ein spegel; ein vert kjend med seg sjølv gjennom det ein skriv. Såleis er ein blogg både enkelt for ein sjølv og tilgjengeleg for andre å lesa, seier han.

Begge er likevel viss på potensielle ulemper eit vell av kreftbloggar på nettet kan føra med seg.

Vigander seier ein ofte er informasjonssøkande i tida etter at ein har vorte diagnostisert med kreft. Han meiner det finst mykje nyttig informasjon på nettet, men i mylderet av informasjon kan det kanskje for nokon opplevast som skremmande å finna kreftbloggar med bilete og detaljerte skildringar.

– Fyrst og fremst kan det for nokon som nettopp har fått stilt diagnosen, vera ubehageleg å sjå bilete av folk frå sjukehussenga med leidningar kopla til kroppen.

Ikkje alle har behov for å oppsøka eller å dela denne type privat informasjon, meiner Vigander.

– Me må ha respekt for dei som vil verna om privatlivet, påpeiker han.

Billig og tilgjengeleg klikkvinnar

Medieoppslaga som omhandlar kreftbloggar er mange. Fagerjord meiner saker om sjukdom og personlege kampar fell inn under den stadig veksande “du-journalistikken” i nettaviser og underbyggjer mediesamfunnet sitt daglege fokus på livsstil, helse og velvêre. Såleis er aviser med på å bidra til større openheit. Det er positivt, meiner medieforskaren.

– Personlege forteljingar om menneske appellerer til lesarane og det genererer sidevisningar. Avisredaksjonar oppnår mange klikk på saker om kreftpasientar som skriv blogg. Sakene er enkle og billige å produsera, og dei er lett tilgjengelege for journalistar. I ein aviskvardag prega av dårlegare råd og nedkuttingar er dette saker det er naturleg å prioritera, poengterer Fagerjord.

I front for dei kreftramma

– Kreft var lenge eit skummelt og tabubelagt tema. For 30–40 år sidan var sjukdomen nærast “forboden” å snakka om. Då er det positivt at samfunnet i dag har eit meir ope forhold til sjukdomen og at personar tør stå fram med opplevingane sine, seier Vigander.

Kreftforeininga opplevde tidenes pågang på Facebook-sidene då Anbjørg Sætre Håtun gjekk bort 21. januar.

Vigander trekk fram Håtun og nyleg avdøydde Karl Erik Bøhn som viktige frontfigurar for sjukdomen. Begge var med på å gje sjukdomen eit andlete i offentlegheita.

– Håtun og Bøhn gjekk i front for dei kreftramma. Dei var førebilete og talerøyr for openheita kring kreft, slår Vigander fast.

Spår kraftig vekst i krefttilfelle

Tal Verdas helseorganisasjon (WHO) publiserte nyleg syner at talet på nye kreftråka vil stiga med 8 millionar årleg fram mot 2022. I 2012 vart det registrert om lag 14 millionar kreftdiagnosar på verdsbasis. I 2022 fryktar forskarane at så mange som 22 millionar menneske vil få stilt diagnosen.

Ifølgje tal frå Kreftregisteret var det i perioden 1957–1961 registrert litt over 8.000 årlige krefttilfeller i Noreg. I perioden 2007–2011 hadde dette talet økt til i overkant av 28.000.

]]>
https://voxpublica.no/2014/02/kreftblogging-fraa-tabu-til-avismat/feed/ 1