Latin-Amerika - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/latin-amerika/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Wed, 30 Apr 2014 08:05:32 +0000 nb-NO hourly 1 Bolivia: Pressefridommens gode eksempel — eller sjølvsensurens land? https://voxpublica.no/2007/01/bolivia-pressefridommens-gode-eksempel-eller-sj%c3%b8lvsensurens-land/ Wed, 10 Jan 2007 16:42:10 +0000 https://voxpublica.no/2007/01/bolivia-pressefridommens-gode-eksempel-eller-sj%c3%b8lvsensurens-land/ På to år har Bolivia avansert seksti plassar på indeksen over pressefridom den Paris-baserte organisasjonen Reportere Uten Grenser kjem ut med kvart år. Det einaste ikkje-europeiske landet som kan måla seg med Bolivia, er Canada. Saman deler desse ein 16. plass med Austerrike på indeksen. Land som Danmark, Tyskland, Frankrike og USA ligg bak Bolivia.

Denne posisjonen har altså det søramerikanske u‑landet trass i at det med sine nærare 200 statskuppforsøk toppar kuppstatistikken på verdsbasis. Likevel har dei siste 25 åra vore prega av ein demokratiseringsprosess i Bolivia, og med det følgjer pressefridom. Det kan sjå slik ut, i alle fall.

2006 Press Freedom Index
Pressefridomsindeksen plass 1–53 (illustrert gjengiving)

Motstridande rapportar
Reportere Uten Grenser sin årlege indeks blir laga ved at eit spørjeskjema med 50 spørsmål om pressefridom blir sendt rundt til 130 korrespondentar som representerer 14 ulike partnarorganisasjonar til Reportere Uten Grenser. Skjemaet blir også sendt til journalistar, advokatar, forskarar og menneskerettigheitsaktivistar, og spørsmåla går i hovudsak på kor mange journalistar som er blitt drepne, truga, fengsla og liknande i dei ulike landa. Gjennom analysering av svara får landa eit tal som indikerer større pressefridom di lågare talet er (sjå tabell). Svara er basert på tilhøva frå 1. september eitt år til 1. september neste år.

— I Bolivia var det nesten ingen aggresjon overfor pressa i denne perioden det siste året, seier Benoit Hervieu, ansvarleg for den amerikanske desken i Reportere Uten Grenser.

Men samtidig som det i denne indeksen ser lyst ut for pressefridommen i Bolivia, teiknar fleire andre pressefridom-organisasjonar eit anna bilete. Mange av desse meiner Evo Morales, forkjemparen for urfolket i landet som vann presidentvalet i februar i år, har ført ein politikk som trugar meir enn fremjar den bolivianske pressefridommen.

Evo Morales (foto: Alain Bachellier)
Bolivias president Evo Morales under et besøk i Frankrike i mai 2006 (foto: Alain Bachellier. Bildet er publisert med en Creative Commons-lisens.)

Florida-baserte Inter American Press Association er i ein rapport frå 2006 om utviklinga for den bolivianske pressefridommen klare i sitt syn på Morales, som med planar om å nasjonalisera Bolivias olje- og gassførekomstar tok presidentposten til stor fortviling for mellom andre USA: “Stillinga teken av hans administrasjon overfor den bolivianske pressa har ført til eit klima med ope fiendskap og aukande spenning.”

Rådgjevar ved den bolivianske ambassaden i Storbritannia, Pablo Ossio, meiner rapporten teiknar eit skeivt bilete.

— Om lag 80 prosent av pressa i Bolivia er privateigd, og sidan eigarane stort sett er velståande, er dei negative til Morales. Dei ser etter alle teikn på at han avgrensar pressefridommen, så då trur dei han gjer det. Dessutan er mange av desse media medlemmar av Inter American Press Association (IAPA).

I alt tolv bolivianske medie er medlemmar av IAPA, viser tal frå organisasjonen sjølv. Ossio grunngjev sitt synspunkt om ei fri boliviansk presse med dei skrivne lovene. — Den bolivianske konstitusjonen garanterer for stor pressefridom i landet, seier han.

Ossio viser til at artikkel 7 i konstitusjonen har gjeve journalistar ytringfridom sidan 1967, og at det også har kome ordningar dei seinare åra som er fremjande for pressefridommen. I 2004 kom det til dømes ein forordning som opna for utviding av lokalradionettverket, noko som er svært viktig i eit land der nesten ein femdel av folket er analfabetar. Og i 2005 kom informasjonslova, som slår fast at offentlege tenestemenn er pålagde å svara på henvendingar frå pressa innan 15 dagar. Dessutan stoppa Morales eit framlegg frå sitt eige parti, “Movimiento al Socialismo” (“Rørsla for sosialisme”) om ei lov som skulle kontrollera journalistar, og som ville vera meir restriktiv overfor pressefridommen, påpeiker Hervieu i Reportere Utan Grenser:

— Evo Morales ville ikkje ei gong debattera denne lova, seier han

Ossio meiner dette er eit uttrykk for den posisjonen pressa har i Bolivia.

— Framlegget gjekk ikkje gjennom for pressa har for stor makt.

Fridomsavgrensande lover og sjølvsensur
På den andre sida er det også ein del lover mange vil oppfatta som avgrensande for pressefridommen. Journalistisk verksemd kan berre utførast av personar med universitetsgrad i journalistikk, og straffelova har ein paragraf om at ærekrenkingar av offentlege tenestemenn frå journalistisk hald kan føra til inntil to års fengsel, eller tre år om det er tale om presidenten. Brot på konstitusjonen eller borgarane sine rettigheiter blir ført for ein pressedomstol med 40 personar.

Likevel er ingen nokon gong dømte av denne domstolen, og berre to saker har vore oppe for den. Hernan Alberro, utdanna journalist med master i politikk og programdirektør i Argentina-baserte Center for the Opening and Development of Latin America, skriv årlege forskingsrapportar om samanhengen mellom økonomisk fridom og pressefridom i Latin-Amerika. Han meiner det at få saker er oppe for domstolen ikkje kan takast som eit eintydig teikn på høg grad av pressefridom, noko han trur kan vera ein av grunnane til den høge plasseringa til Bolivia på Reportere Uten Grenser sin indeks.

— Reportere Uten Grenser kan seia at når få blir prøvde for retten, gjer det ikkje noko, men at lover som avgrensar pressefridommen er der, kan jo verka inn i høve til sjølvsensuren, seier Alberro.

Ein annan som finn den høge plasseringa til Bolivia overraskande, er Carlos Da Silva. Han har vore journalist rundt om i Sør-Amerika, og har jobba mykje på grensa mellom Brasil, som han kjem frå, og Bolivia. I tillegg har han vore korrespondant i Noreg under Utenriksdepartementet sitt internasjonale pressesenter, og også hatt ulike samfunnsvitskapelege forskningsprosjekt i Sør-Amerika.

— Eg trur ikkje på slike utrekningar, eg trur meir på kunnskapen ein får “på bakken” ved å snakka med kollegaer, venner og liknande, seier Da Silva, og underbyggjer:

— Du er fri til å kritisera, men det er farleg, så eg veit ikkje kor fritt det då eigentleg er. Dei demokratiske strukturane tilseier fridom, men gjer dei moralske og etiske strukturane det? Eg er naturlegvis svært glad for den høge plasseringa Bolivia har fått, men forheld meg skeptisk.

Alberro meiner Reportere Uten Grenser sin måte å måla på med spørsmål om ulike former for aggresjon overfor journalistar, ikkje fangar så godt opp lite synlege tilhøve i mindre land. Han samanliknar USA, som er på 53. plass i årets indeks, med Bolivias plassering.

— I USA har det vore ein del journalistar i fengsel, og det er lett å sjå, medan skjulte angrep og trugslar, som det er meir av i Bolivia, ikkje blir fanga opp.

- Anerkjend indeks
Kajsa Törnroth, leiar for avdelinga for pressefridom i World Association of Newspapers, er klar på at Reportere Uten Grenser sin indeks er til å stola på, men at det at den er laga av ein europabasert organisasjon kan verka inn på resultata.

— Den er svært påliteleg og godt anerkjent. Men det er klart at slikt som føregår “bak scena” i land langt unna Paris, vil nok kunne verta fanga opp betre med annleis målingar av institusjonar som ligg nærare.

Det faktum at dette er ei måling teke føre seg av ein europeisk organisasjon, er noko Alberro også trur kan vera med på å forklara den høge plasseringa til Bolivia. Målingane blir gjort med “europeiske auge”, meiner han.

— Hjå dei blir det i mange samanhengar sett på som velkommen at styresmaktene har eit aktivt forhold til pressa eller også tek over medieverksemder, fordi det som oftast fører til noko bra for europeiske media, og dei statlege media der fungerer godt. Men slik er det ikkje her ettersom pressa historisk har blitt brukt til politiske mål. Reportere Uten Grenser prøver ikkje å sjå kva politikken i landet vil gjera med pressefridommen i det lange løp.

Da Silva trur dessutan den bolivianske pressa er lett å bruka politisk:

— Eg er 46 år gammal, og har reist rundt og sett mykje i dei søramerikanske landa. Eg har til dømes vore ein del på grensa mellom Bolivia og Brasil, og avisene der har ofte overskrifter som openbart ikkje er sanne. Bolivianarane er temmeleg ukritiske og det er høg grad av analfebetisme, så dei kjøper historier lett.

- Demokrati nydeleg på papir
Alberro påpeiker at Bolivia har vore kjend for å ha ei temmeleg fri presse i høve til andre søramerikanske statar, og med tanke på at det er eit fattig land, i fjor fattigast i Sør-Amerika med bruttonasjonalprodukt på under 3000 dollar per innbygger (sjå fakta om Bolivia på globalis.no. Alternativt Verdsbanken).

Men den økonomiske fridommen i Bolivia er synkande, og på Heritage Foundation sin indeks over økonomisk fridom som kom i januar i fjor var Bolivia det landet i verda med fjerde størst tilbakegang. Dermed er pressefridommen også på veg i feil retning, meiner Alberro, som forskar på denne samanhengen.

— I ei verd der pressa er avhengige av marknaden vil det med meir avgrensa økonomisk fridom også bli avgrensa pressefridom. Det faktum at den økonomiske fridommen går nedover må då den bolivianske pressa “kompensera” for ved å gje frå seg noko av pressefridommen så dei får meir økonomisk stønad frå styresmaktene ved til dømes å ”reklamera” for dei.

Dette går altså stikk i strid med Reportere Uten Grenser sin indeks. Grunnen er at dette ikkje er å finna i verken tal eller ord, understrekar Alberro.

— Eg vil seia det er ein overgangssituation i desse dagar. Endringane er ikkje i form av lovgjeving, men journalistane står overfor press dei ikkje har gjort før. Dette er ofte økonomisk press der pressa blir belønna eller straffa alt ettersom omtala av styresmaktene er fordelaktig eller ikkje.

Inter American Press Association uttrykkjer det slik i framhaldet av sin rapport: “Viss ein ting har karakterisert Bolivia i deira 24 år med demorati, har det vore respekt for presse- og ytringsfridom hjå administrasjonane. I alle fall desse konstitusjonelle rettigheitane har ikkje vore offer for store angrep eller restriksjonar”. Vidare ramsar rapporten opp fleire anledningar der Evo Morales og andre frå styresmaktene har utvist stor misnøye med at dei er omtala negativt i boliviansk presse, samt andre tilhøve som organisasjonen meiner er uttrykk for at det går feil veg med pressefridommen.

Hervieu frå Reportere Uten Grenser påpeiker at indeksen deira er laga utifrå svara ulike menneske med kompetanse på feltet gjev på eit spørjeskjema, og er med det audmjuk i høve til at den nok ikkje fangar opp til dømes sjølvsensur og korrupsjon i særleg grad.

— Bolivia si plassering var ei overrasking, og ein må vera forsiktig med indeksen. At eit land kjem høgt kan også vera eit uttrykk for at pressa ikkje tør å behandla “farlege” område som korrupsjon, trafficking, brot på menneskerettigheitar også vidare, og dermed heller ikkje blir utsette for åtak og liknande. Slik er det i Bolivia fordi det er stor ustabilitet i politikken, og det er mykje korrupsjon av journalistar frå til dømes lokale politikarar.

Da Silva utdjuper poenget ved å visa til samanhengen mellom lov og rettar på den eine sida, og praksis på den andre.

— Kva er definisjonen på demokrati? Demokrati er nydeleg på papir. Den bolivianske konstitusjonen er dette papiret. Men korleis kan ein samanlikna svært ulike land med kvarandre i høve til dette, og korleis det blir praktisert? Å rangera kven som er nummer ein og kven som er nummer to her, er ikkje lett.

Framtidige utsikter
Alberro fryktar at avgrensingar i pressefridommen også vil visa seg gjennom lovreguleringar i framtida. President Morales har uttalt politisk stønad frå Venezuelas president, Hugo Chávez, og blei i 2005 også skulda for å ha motteke økonomisk stønad frå den venezuelanske leiaren. Chávez kom til makta ved demokratisk val i Venezuela i 1999, sju år etter at han hadde vore med å leia eit kuppforsøk, og har sett mange kontroversielle reformer ut i livet. Venezuela har falle på Reportere Uten Grenser sin indeks frå 77. plass til 115. plass dei åra indeksen har eksistert, frå 2002 til 2006.

Alberro er redd Morales vil følgja fotefara til Chávez når han no skal forma ein ny boliviansk konstitusjon. Den skal vera klar i august i år.

— Foreløpig er dette fyrst og fremst frykt, men det kan fort bli realitet. Frykta er at med all den institusjonelle omrokeringa når dei formar den nye konstitusjonen, vil det fort kunne slå ut i mindre pressefridom. Dette er ein tendens me har sett svært klart i Venezuela lenge, og som me fryktar i Bolivia. Frykta blir enno større med tanke på at Bolivia er meir ustabilt enn Venezuela, og at det dermed er enno vanskelegare å forma konstitusjonen.

Artikkelforfattaren studerer journalistikk ved Universitetet i Bergen.

]]>
Latin-Amerikas fellesskap av bloggere fornyer offentligheten https://voxpublica.no/2006/12/latin-amerikas-fellesskap-av-bloggere-fornyer-offentligheten/ Thu, 14 Dec 2006 11:36:16 +0000 https://voxpublica.no/2006/12/latin-amerikas-fellesskap-av-bloggere-fornyer-offentligheten/ Álvaro Ramírez Ospina er førsteamanuensis ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen. I flere år har han fulgt og bidratt til den spanskspråklige verdens raskt voksende fellesskap av bloggere på Ojo al Texto. (You can also read an English version of this article.)

BlogsMéxico, PeruBlogs og BlogsChapines er tre av flere latinamerikanske portaler som legger til rette for en myriade av småskala, upretensiøse “offentlige sfærer” på internett i dag. De er ikke så synlige som kjendiser, politikere eller etablerte medier, men de samler en ung generasjon av spansktalende bloggere som utmerker seg med energisk uavhengighet og en sterk lokal identitet.

Før og etter presidentvalget i Venezuela denne måneden, dukket det siste eksemplet på fornyelsen av offentligheten i Latin-Amerika opp. Bloggere i Venezuela slo seg sammen for å rapportere om og diskutere valgkampen på sine egne blogger og samleportaler.

Globalt fenomen, regionale dialekter

I sommer uttalte Storbritannias visestatsminister John Prescott følgende: “Jeg tror det heter internett eller noe sånt – blogger, heter det det? Jeg vet ikke, jeg er akkurat blitt vant til brev.” Bemerkningen er typisk for samfunnstopper som dette, og ikke noe enkeltstående tilfelle. Politikere generelt ignorerer blogger, av mange grunner.

Fenomenet er i rivende utvikling, særlig blant middelklasse-
ungdommer

Omtrent 100.000 mennesker oppretter nye blogger hver eneste dag, og lærer seg å bruke dem gjennom egen publiseringspraksis. Dette har gjort det mulig for David Sifry å publisere sine “alerts”, som er kvartalsvise rapporter om internetts blogger – bloggsfæren. Rapportene er basert på data fra Technorati, en søkemotor som i desember 2006 fulgte over 62 millioner blogger verden over.

Selv om få mennesker på gaten i en av Latin-Amerikas storbyer har hørt om blogger, er realiteten at fenomenet er i rivende utvikling, særlig blant middelklasseungdommer, i den enorme geografiske regionen som strekker seg fra sør for Rio Grande i USA til den siste biten av Patagonia i Argentina.

Skjermbilde av bloggportalen BlogsMujer
Skjermbilde av bloggportalen BlogsMujer, som samler kvinnelige bloggeres bidrag.

Latinamerikanske blogger minner mye om sine motstykker i resten av verden, men har et spesielt særtrekk som fortjener oppmerksomhet. De har en tendens til å samle seg rundt nettsteder som fungerer som en slags telefonkataloger, der den enkelte blogger kan finne sine egne bidrag og andre bloggeres under kategorier som land, regioner og til og med kjønn (BlogsMujer). Majoriteten av disse katalogene oppmuntrer til oppbygging av nasjonale bloggsfærer som samtidig er bruddstykker av den store internasjonale sfæren som Technorati kontinuerlig gjennomsøker.

Nasjonale bloggsfærer som små samfunn

Disse nasjonale katalogene fungerer som virtuelle samlingsplasser der spanskspråklige bloggere kan oppdatere seg på nye blogger, de siste blogginnleggene og et ukentlig utvalg av skribenter som presenteres i en spesialseksjon på nettstedet, som “anbefalt” eller “ukens blogg”. Ikke alle bloggene som fremheves slik tar nødvendigvis opp tunge, debattorienterte temaer; mange er personlige dagbøker (hyppigst skrevet av kvinner) som i en åpen stil publiserer historier om egne opplevelser.

Disse katalogene kan man orientere seg og søke i ved hjelp av nøye utvalgte kategorier. På de fleste nettstedene er innholdet delt i 15 kategorier. De mest populære er personlig, meninger og kultur. Andre populære kategorier er kunst, teknologi og internett, fotoblogger, humor, musikk, litteratur og politikk.

Ecuablogs har kjappe nyheter om sine medlemmer og aktiviteter, mens BlogsColombia gir bloggere muligheten til å chatte og planlegge årlige møter i den fysiske verden. Veneblogs fungerte i en periode som “fadder” og referanse for andre bloggfellesskap, men gründerne har i det siste vist tegn på stagnasjon etter å ha drevet nettstedet i fire år. Et mye ferskere initiativ BlogsDominicanos organiserer med hjelp fra noen av dets mest aktive og entusiastiske medlemmer jevnlige møter (Coroblogs). Men for alle er den viktigste funksjonen muligheten de gir for å finne likesinnede, utveksle lenker og “pinge” serveren hver gang noen publiserer et nytt innlegg på sin blogg. Ved å sende et kodet ping aktiverer hver blogger den kontinuerlig oppdaterte listen over blogger. På den måten kan hun eller han i korte perioder gjennom dagen eller uken bli “siste nytt” innen sitt fellesskap.

Navnene de har fått — Ticoblogs, Ecuablogs, BlogsPanama, BlogsPerú, BlogsChile – er ganske like, og ved å se nærmere på dem kan en oppsummere likhetene og motivasjonen bak. Nettstedene forsøker å konstruere en form for interessefellesskap rundt kombinasjonen av å lese andres tekster og synspunkter og bidra med egne. To av dem, La Union de Bloggers Hispanos og Blogalaxia ignorerer nasjonsgrensene og forsøker å samle hele spekteret av spanskspråklige bloggerfaringer.

Når nettformater favoriserer horisontale relasjoner

Et trekk ved god medieforskning har alltid vært analysen og forståelsen av “medieringene” som massemediene sørger for. Dette er ikke studier av “teknologier” som sådan, men av hvordan folk bruker dem og hvordan publikum skaper mening ut av budskapene, bildene og kommunikasjonsstrategiene som medieres gjennom slike teknologiske kanaler.

Til tross for at massemediene har en veldig vertikal, enveis måte å kommunisere på, har resepsjonsstudier vist at publikum motsetter seg og tolker på sin egen måte mye av det som kringkastes eller presenteres for dem via film, radio, TV og pressen. Publikum er ikke så passive som mange teoretikere trodde at de ville være.

Nettet synes å utvide muligheten for et stort mangfold av “offentlige sfærer”

Men med internett har nye og mindre vertikale tilnærminger til kommunikasjon vokst frem. World wide web ble født, og i begynnelsen ble en lignende vertikal kommunikasjonsmodell brukt som imiterte tradisjonelle massemediers forhold til publikum. Men nye kanaler, formater og genrer blir skapt, og med dem en ny trend mot en på mange måter mer horisontal tilnærming til måten bilder, budskaper og kommunikasjonsstrategier medieres. Faktum er at millioner av mennesker tar i bruk formater som blogger og wikier, fordi de synes det er morsomt. I fellesskap filtrerer de nettets innhold og forbedrer sine muligheter og evner til å bli synlige og meningssterke konsumenter, og noen ganger borgere også.

I Latin-Amerika er blogging i ferd med å vokse fram for alvor, og latinamerikanerne er særlig opptatt av de sosiale og lokale aspektene ved disse publiseringsverktøyene, i et forsøk på å svømme i det enorme globale havet som kalles internett.

Som nye og unike formater på webben, skaper wikier og blogger nye muligheter for dialogbasert, toveis kommunikasjon. I wikier kan i teorien alle delta og bidra med sin kunnskap til beskrivelsen av et aktuelt tema i et leksikon, en ordliste eller arkiv. I blogger, podkaster og vlogger eller videoblogger, har millioner av mennesker funnet en måte å uttrykke seg selv samtidig som de gir andre – som oftest deres egne lesere eller publikum – muligheten til å svare, kommentere eller bestride det som hevdes eller vises.

Dette nye perspektivet utfordrer etablerte medier verden over såvel som de tradisjonelle mediemonopolistene i Latin-Amerika.

Noen av dem, inkludert aviser og TVs nyhetssendinger, har kastet seg på og forsøker å henge med i den nye dialogbaserte måten å kommunisere på. De har laget programmer hvor publikum kan ringe inn med sine spørsmål eller meninger eller sende tekstmeldinger som blir vist på TV-skjermen. Men tradisjonelle medier henger etter fordi det de først og fremst ønsker er å bli hørt, som mobiltelefonprodusenten Ericsson pleide å si i sitt gamle slagord: “make yourself heard”. På den andre siden har Nokias slagord, som Eirik Solheim har skrevet om, alltid vært i tråd med nettets innovative mediering: “Connecting people”.

I Latin-Amerika er de fleste bloggere, vloggere og podkastere mer opptatt av kommunikasjon, deling og bygging av fellesskap, istedenfor bare av å bli hørt. De hjelper hverandre med å filtrere mengden av informasjon som kommer fra hele verden, mens de utvikler nye former for kritikk og dialog mellom skribenter og publikum i det Cluetrain Manifesto kalte samtaler.

Det dialogiske samfunnet

Eksistensen av disse fremvoksende nasjonale katalogene er et godt eksempel på en fortsatt begrenset, men interessant utvikling av små fellesskap med egne regler og normer, som minner om et tidligere format, nyhetsgruppene. Det var der at folk utviklet det som senere ble til internetts nettikette, bare for noen få år siden. I noen nasjonale bloggsfærer er det vanlig å finne diskusjoner om normer, hvordan å takle fornærmelser, vandaler, søppel-epost og andre former for uønsket atferd, mens man deler tanker, dikt eller hverdagserfaringer. Noen bloggfellesskap er interessert i etisk atferd, mens andre bloggere med stor kraft forsvarer egen frihet, uavhengighet og autonomi.

Den rause bruken av lenker, ikke bare til andre blogger, aviser, video og andre medieressurser på nettet, gjør bloggere i stand til å engasjere seg i en større vev av komplekse relasjoner. Dette er relevant ikke bare som underholdning og sosial interaksjon, men som et kulturelt og dannende fenomen i seg selv. Det har til og med begynt å vise seg hvor relevante de kan bli på den politiske arenaen, særlig i forbindelse med nasjonale valg.

I et nylig publisert intervju med Financial Times sa Eric Schmidt, styreformann og toppsjef i Google: “Mange politikere forstår ikke fenomenet internett særlig godt. Det er dels på grunn av alderen… ofte lærer de det kan om internett av sine medarbeidere og barn.”

Politikere som er gode til å kommunisere via radio og fjernsyn har nå fått en utfordring med å tilpasse seg de nye stammene av “innfødte” på internett. Bloggere og bloggsfærer er et veldig ungt fenomen. Det forandrer seg hurtig, og det er umulig og forutsi hvor og hvordan det vil bli utnyttet av folk som tar i bruk disse verktøyene. Som med alle teknologier vil de bli brukt til gode og ikke fullt så edle formål. Men en ting virker klar: hvis Gutenberg-æraen var sentral i å spre kunnskap og deling av nye ideer, politisk handling og fornyelse av tenkning, ser internett i dag ut som en ny arena som kan forsterke effekten av nettverksdistribuert kunnskap og debatt i samfunn som trenger bredere deltakelse og engasjement. Det er fordi nettet synes å utvide muligheten for et stort mangfold av “offentlige sfærer”.

Når mange nye felt for diskusjon, handling og dialog dukker opp i samhandlingen mellom blogger og nyhetsmedier, styrkes håpet om mer demokratiske samfunn. I hvert fall i Latin-Amerika, der mektige eliter fortsatt dominerer alle arenaer for politisk debatt, og få kan ta sjansen på eller har viljen til å delta. Om disse håpene blir innfridd eller ikke, vil avhenge av tiden, tilfeldigheter og maktrelasjoner, og om internettaktivistene når kritisk masse.

Jill Walker og andre forskere har observert, analysert og reflektert over bloggfellesskap verden over. Noen studier er blitt skrevet om den livskraftige og energiske dialogen som har vokst frem særlig i de engelskspråklige bloggfellesskapene de siste to-tre årene. Andre prosjekter som Global Voices har begynt å ta for seg andre dynamiske fellesskap rundt om i verden, på ulike språk. Ting er i rask endring, og det engelskspråklige hegemoniet innen blogging vil snart være en saga blott på grunn av den massive eksplosjonen av blogger på andre språk, særlig japansk, kinesisk og spansk.

For egen del planlegger jeg å fortsette med å observere og studere måten blogger tas i bruk på i spanskspråklige samfunn, hovedsakelig bestående av folk fra det gamle spanske imperiet, dets gamle kolonier i Latin-Amerika og diasporaene av mennesker som har emigrert fra sine hjemland, men fortsetter å bruke morsmålet i blogger. Mye er i ferd med å skje, og å holde oversikt over den raske utviklingen er ikke lett. Belønningen kan bli stor på mange samfunnsfelt, særlig innen utdanning, hvor disse formatene og verktøyene viser sitt dynamiske potensial.

Blogging og politikk i Venezuela

I den politiske offentligheten viste det nylig avholdte presidentvalget i Venezuela potensialet i en nasjonal bloggsfære. Den sosiale dynamikken i dette bloggfellesskapet ble satt i sving ledet av en ung journalist og blogger Luis Carlos Díaz. På sin egen blogg foreslo han å organisere et nettverk av bloggere for å følge, rapportere om og publisere på deres individuelle blogger direkte fra egne nabolag, landsbyer og byer rundt om i landet:

… la oss diskutere med naboene… stille spørsmål og også bry oss om andres stemmer. Hvis du kan gjøre dette med dine venner og naboer, gratulerer, så kan du skrive om det hvis du finner det interessant. Ingen grunn til å stikke en mikrofon opp i ansiktet deres og forberede et intervju.

En gruppe bloggere i Venezuela samlet i september 2006 (foto: oso)
En gruppe bloggere fra Venezuela samlet 29. september 2006. Luis Carlos Díaz er nr. to fra venstre, Iria Puyosa nr. 2 fra høyre. (foto: oso. Bildet er publisert med en Creative Commons-lisens).

Oppfordringen ble møtt med umiddelbar og entusiastisk respons. En gruppe bloggere fra diasporaen sluttet seg til og bestemte seg for å dekke valgdagen 3. desember fra ambassader og konsulater over hele verden. Luis Carlos’ ide var å tilføye en tredje stemme eller dimensjon til den venezolanske offentligheten. Frem mot valgdagen ble Venezuelas offentlige arena dominert av pressemeldinger fra valgmyndighetene og massemedienes dekning av hendelser. Denne gangen kunne bloggere bidra med en mer personlig tilnærming, ved å fortelle historier og forholde seg til folks erfaringer.

Det tok bare fem dager å organisere og få i gang dette. Først tilbød Iria Puyosa et gratis domene og nettsted for å samle alle blogginnleggene. En bedre løsning kom noen timer senere fra den nye venezolanske katalogen To2blogs.com. De hadde folk, søkemaskinen og de tekniske løsningene for å sette opp en automatisert tjeneste som samlet og oppdaterte alle innlegg som omhandlet valget under overskriften Elecciones 3D (valg i tre dimensjoner). Tusen blogger har sluttet seg til, og mange av dem publiserer fortsatt om etterdønningene av valget. Nettstedet fikk mer enn ti tusen treff på valgdagen. Denne enestående hendelsen i Venezuelas valgkamp ble fulgt av Technorati og av et par av de prestisjetunge engelskspråklige bloggene.

Noen kalte det borgerjournalistikk, for meg var det også en pedagogisk erfaring.

]]>