Polen - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/polen/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Mon, 31 Dec 2018 10:54:33 +0000 nb-NO hourly 1 Vår vesle store minoritet https://voxpublica.no/2018/10/vaar-vesle-store-minoritet-polakkar-nrk/ Wed, 17 Oct 2018 08:33:54 +0000 https://voxpublica.no/?p=19713 Polakkar utgjør i dag om lag 2 prosent av det totale innbyggjartalet i Noreg. Gruppa er den klart største innvandrergruppa, med 98212 registrerte av Statistisk sentralbyrå ved inngangen til 2018. Fleire polske forskarar tek til orde for at det i tillegg til dette kan vere snakk om 50000 til 60000 uregistrerte polakkar i Noreg.

Med god assistanse både frå NRK og kollegaar ved forskingsprosjektet SCANPUB (The Immigration Issue in Scandinavian Public Spheres 1970–2016), leverte eg i juni masteroppgåva «Portraying a Major Minority in Televised Public Service Broadcasting: Portrayal of Polish Immigrants in the Norwegian Broadcasting Corporation», der eg har undersøkt korleis dekninga av polakkar i NRK sitt TV-tilbod har utvikla seg frå 1970 til 2008. Nokre hovudpunkt:

  • Dekninga av polakkar har jamt over vore låg samanlikna med andre vestlege nasjonalitetar, men har auka drastisk etter at Polen vart del av EU/EØS sin frie arbeidsmarknad i 2004.
  • 74 prosent av det analyserte materialet er i hovudsak sympatisk i si framstilling av polakkar.
  • Framstillinga av polske innvandrarar i NRK har endra seg mykje dei siste 50 åra, frå tilnærma utelukka sympatisk på 70-talet opp mot 45 prosent usympatisk kring tusenårsskiftet, før det gjekk tilbake til 82 prosent sympatiske framstillingar i fireårsperioden etter 2004.
  • Det kan sjå ut til å vere ein samanheng mellom polakkane sin utvandringsgrunn og tematikkane og framstillingane i NRK si dekning.

Stor gruppe, låg dekning

Figuren under viser fordelinga mellom nemninga av ulike nasjonalitetar i NRK sin interne programdatabase SIFT. SIFT er i stor grad komplett fram til og med 2009, og 2008 er difor sluttåret for undesøkinga. Masseinnvandringa frå Polen starta ikkje før EU-ekspansjonen i 2004. Desse tala bør òg sjåast i samanheng med innbyggjartalet av dei ulike gruppene i Noreg.

Figur 1: Enkle søk i NRK sin interne programdatabase SIFT viser store skiljer i nemninga av nasjonar og nasjonalitetar i innslaga som har fått sendetid i NRK.

Frå denne figuren kan ein gjere ei rekke observasjonar. Til trass for at programdatabasen ikkje dekker alle program og innslag, kan ein anta at nivåa, relativt sett grunna dei høga tala, i stor grad stemmer. Dette fungerer godt som eit førsteinntrykk og som indikator for kvifor dette fenomenet er verd å undersøke. Til trass for sin relativt geografiske nærleik er talet for Polen lågt samanlikna med andre vestlege land slik som Sverige, Danmark, Tyskland og Frankrike. Ein kan lese ei stor auke i dekninga av Tyskland tilknytt Berlinmurens fall. Ein kan i tillegg til dette sjå ein generell auke i antal innslag, som nok kan grunngjevast med aukinga i programtilbod, opprettinga av fleire TV-kanalar og betra interne rutinar for arkivering.

NRK sitt arkiv – ei rikhaldig kjelde for statistisk analyse

Materialet (331 interne programskildringar som oppfyller spesifikke kriterium) er gjennomgått med fokus på den overhengande tematikken i skildringa, samt framstillinga av polakken i skildringa i relasjon til tematikken. Sistnemnde kan delast inn i 3 hovudgrupper: helt, trussel og offer – kategoriar som i stor grad blir nytta i internasjonal forsking på vinkling av sosiale grupper i media. I tillegg til denne gjennomgangen, er eitt tidsriktig program per tiår gått etter i saumane i eit forsøk på å belyse funna.

Figur 2: 331 interne programskildringar er nytta. Sjølv om talet på einingar er lågt tidleg i perioden, kan ein sjå at NRK si dekning ganske jamt følgjer talet polskfødde innbyggjarar i Noreg.

Framstillinga kan henge saman med polakkane sin grunn til utvandring

I ein forskingsartikkel frå 2014 presenterer Jonas Horgen Friberg og Anne Golden den moderne historia om polsk innvandring til Noreg som oppdelt i tre distinkte fasar, bestemt etter utvandringsgrunn. Første fase var flukt grunna sivil uro i Polen (1980–1989), andre fase, utvandring grunna sesongarbeid i Europa (1989–2003) og tredje fase, styrt av arbeidsinnvandring (2004–d.d.). Desse fell omtrentleg saman med tiåra i mi undersøking, og det er difor hensiktsmessig å sjå funna i lys av desse.

Figur 3: Hovudtematikk i program/innslag.

Dei fire høgast representerte kategoriane er «arbeid», «kriminalitet», «ankomst og retur av lovlege innvandrarar» samt «kultur, kunst og underhaldning». Det første tiåret, 1970-talet, var før Friberg og Golden byrjar å beskrive sine innvandringsfasar. I denne perioden var det sentralt med dekninga av polske kunstnarar og kulturskikkelsar i Noreg. Flukt frå Polen var sentralt på 1980-talet, i Friberg og Golden sin første fase. På 1990-talet, i Friberg og Golden sin andre fase, var kriminalitet det høgast representerte temaet. I det siste tiåret, 2000-talet, har saker tilknytt arbeid utgjort hovudmengda.

Figur 4: Hovudframstilling av polakk(ane) i program/innslag.

Den totale framstillinga av polakkar har historisk ei overvekt av sympatiske framstillingar, altså helt og offer-framstillingar. 74 prosent av innslaga er i hovudsak sympatiske, dei resterande 26 prosent er trussel-framstillingar. Fordelinga har variert over tid, frå tilnærma ikkje-eksisterande trussel- og offer-framstillingar på 70-talet, så aukande usympatiske framstillingar på 90-talet og byrjinga av 2000-talet. I siste halvdel av 2000-talet beveger fordelinga seg i etterkant av EU-utvidinga i 2004 tilbake mot nivåa på 80-talet.

Polakken som: Kunstnar, flyktning, trussel, arbeidar

Analysane av materialet visar at framstillinga og fokuset i innslag om polakkar i stor grad har endra seg over tid.

1970-åra var i stor grad prega av framstillingar av polakkar som kulturelle vidunderbarn, kunstnarar og eventyrlystne. Polakkane vart framstilt som eksotiske, nesten på grensa til det sublime. Dette er særs tydeleg i eit av dei første lengre intervjua med ein polsk innvandrar i norsk TV, nemleg på Lørdagskveld med Erik Bye i desember 1973. Det er kunststudenten Andrzej Dziubek, seinare kjend som multikunstnar og vokalist i rockebandet De Press, Andrej Nebb.

Foto frå NRK-programmet “Dette er vårt Mallorca” fra 1991. (Foto: Skjermbilde frå tv.nrk.no).

Nasjonal uro og opprør i Polen mot slutten av 1970-talet kulminerte i kunngjøringa av nasjonal unntakstilstand i desember 1981. Dette markerte byrjinga på eit tiår sterkt prega av offer-framstillingar med fokus på dei tyngre tidene, flyktningane og vonde forteljingar frå Polen. Dette bidrog til å gjere framstillinga av polakkar meir «jordnær». Eit døme på ei slik framstilling kan ein sjå i Lørdagsredaksjonen 12. desember 1981, ein dag før erklæringa av militær unntakstilstand som følgje av fagforeininga Solidaritet sin motstand mot kommunistregimet.

Der tiåret før fokuserte på den vanskelege situasjonen i Polen, ser ein på 1990-talet ei dreiing i fokus mot vanskelege situasjonar blant polakkar og i møte med lokalsamfunn i Noreg, spegla i aukinga av trusselframstillingar. Sakane om polakkar handlar om polakkane som trussel mot offentleg orden, men samstundes òg som kulturelt inspirerande og gode arbeidarar. Dette kan til dømes sjåast i dokumentaren Dette er vårt Mallorca frå 1991.

Gruppefoto med polske arbeidarar frå NRK Brennpunkt-programmet “Stolt, polsk og fattig”, 2006. (Foto: Skjermbilde frå tv.nrk.no)

2000-talet liknar mykje på 1990-talet fram til 2004. 2004 markerer eit skilje, der dei påfølgjande fire åra har ei enorm merksemd om sosial dumping og vanskelege kår, mens ein er mindre oppteken av trusselframstillingar. Ein kan òg sjå ein generell auke i framstillinga av polakkar som gode arbeidarar. Åra etter 2004 er prega av at rettane til polakkar i Noreg må forsvarast, og at utanlandsk arbeidskraft er naudsynt grunna gode økonomiske tider i Noreg. Ei tidstypisk framstilling finn ein i Brennpunkt-dokumentaren Stolt, polsk og fattig.

Den mest sentrale trusselframstillinga er polakkar som trussel mot offentleg orden. Dette er typisk saker som dreier seg om smugling og anna kriminalitet. Det er hensiktsmessig å sjå dette i samanheng med EU-utvidinga og Friberg og Golden sin tredje fase, ein fase prega av arbeid som hovudårsak til innvandring.

Tema: Forskar på skandinavisk innvandringsdebatt

Artikkelen er basert på forfattarens masteroppgåve «Portraying a Major Minority in Televised Public Service Broadcasting: Portrayal of Polish Immigrants in the Norwegian Broadcasting Corporation» (2018).

Oppgåva er del av forskingsprosjektet «SCANPUB – The Immigration Issue in Scandinavian Public Spheres 1970–2015». Prosjektet vert leia frå Universitetet i Bergen av professor Jostein Gripsrud.

Fleire artiklar frå SCANPUB:

]]>
Menneskerettighets­forkjemper i Polen får Raftoprisen https://voxpublica.no/2018/09/menneskerettighetsforkjemper-polen-bodnar-raftoprisen/ Thu, 27 Sep 2018 14:16:13 +0000 https://voxpublica.no/?p=19568 Ombudsmannen får prisen for sitt forsvar av menneskerettighetene, minoriteter og domstolens uavhengige rolle. 

Det kunngjorde lederen i Raftostiftelsens priskomité Lise Rakner på Raftohuset i Bergen torsdag.

– Prisen er et viktig signal til polske myndigheter, og samtidig en viktig anerkjennelse av arbeidet Adam Bodnar har lagt ned som Ombudsmann, sier Rakner.

I begrunnelsen for tildelingen skriver Raftostiftelsen:

“Ombudsmannen for Menneskerettigheter skal sikre at myndighetene respekterer menneskerettighetene og alle polske borgere. Som jurist og Ombudsmann har Adam Bodnar (41) løftet fram den avgjørende rollen den uavhengige Ombudsmanns-institusjonen har i å ivareta menneskerettighetene i Polen, og andre land, hvor slike institusjoner og aktører presses og angripes av landets myndigheter. For å sikre grunnleggende menneskerettigheter for alle er det nødvendig å opprettholde domstolens uavhengighet, en fri presse og et aktivt sivilsamfunn.”

Tildelingen må sees som en kritikk av polske myndigheter, men gir også et spark til land og overnasjonale institusjoner som har forpliktet seg til menneskerettighetene:

– Det internasjonale samfunn, EU, Norge og andre europeiske land, bør markere et tydelig standpunkt mot rettighetsbrudd og angrep mot rettssikkerhet og minoriteters rettigheter som pågår i vår egen region, sier Rakner.

Urovekkende utvikling i Polen

– Prisen er ikke bare en anerkjennelse av mitt og instiusjonens arbeid, men mest av alt en støtteerklæring til det polske sivilsamfunnet, akademia, dommere og advokater som kjemper for loven, juridisk uavhengighet, mangfold og vern av minoriteter i Polen, sier Adam Bodnar.

Adam Bodnar, vinner av Raftoprisen 2018. (Foto: Kluczek/RPO.GOV.PL)

Raftostiftelsen deler Bodnars uro over at viktige demokratiske institusjoner har blitt satt under betydelig press de siste årene:

– Demokrati er skjørt når det blir redusert til flertallets vilje, og når menneskerettigheter, minoritetsrettigheter og rettsstatsprinsipper blir undergravd. Siden Lov og Rettferdighetspartiet, Prawo i Sprawiedliwosc (PiS), vant det polske valget i oktober 2015, har partiet brukt sitt flertall i parlamentet til å vedta lover som svekker domstolenes uavhengighet, samt sentraliserer stadig mer makt til staten.

Like etter at PiS overtok makten høsten 2015, tok de kontroll over de statlige mediene. Lover som innskrenker Høyesteretts og andre domstolenes uavhengighet, har ført til internasjonal kritikk og protester. Videre er det vedtatt flere lover som innskrenker sivilsamfunnets muligheter for innsyn og påvirkning, og det finnes stadig flere eksempler på at minoriteters rettigheter settes til side.

EU har lenge vært kritisk til denne utviklingen, og har flere ganger truet Polen med sanksjoner. I desember 2017 bestemte EU seg så for å utløse artikkel 7‑prosedyren. Dette er en straffeprosess som settes i gang når EU mener at et land er i ferd med å bryte med EUs kjerneverdier. Denne uken gikk EU-kommisjonen til sak mot Polen ved EU-domstolen for å ha krenket prinsippet om domstolenes uavhengighet.

Får prisen for sitt forsvar av rettsstaten og minoriteter

– Han får prisen som leder av den eneste institusjonen i Polen som står opp for menneskerettighetene i en situasjon hvor den polske rettsstaten er under angrep, sier Lise Rakner.

Bodnar ble innsatt som Polens syvende Ombudsmann i september 2015. Fra første dag har han jobbet for at uavhengige institusjoner som verner om borgernes rettigheter skal beholde sin plass i det polske samfunnet. Han mener disse institusjonene er truet.

Videre hevder Bodnar at regjeringens politikk bidrar til økt fremmedfrykt og legitimerer hat mot utsatte grupper. Som et motsvar til denne utviklingen jobber han for at det skal undervises om menneskerettigheter og toleranse i den polske skolen.

Raftostiftelsen ønsker med denne tildelingen å rette søkelyset mot den krevende situasjonen institusjoner som Ombudsmannen for menneskerettigheter står i.  

– Utviklingen i Polen de siste årene går mot en innføring av et flertallsdemokrati med en sterk politisk kontroll av domstolene og sivilsamfunnet. Maktfordelingsprinsippet og rettsvesenets uavhengighet tilsidesettes. Ombudsmann Bodnar gjør en svært viktig og vanskelig jobb, sier Lise Rakner.

I sin begrunnelse for tildelingen framhever komitéen også Bodnars innsats for minoriteters rettigheter. Bodnar kjemper mot den økende volden og hatet som rettes mot LHBTQ-befolkningen, etniske minoriteter, kvinner og funksjonshemmede i Polen.   

Prestisjetung pris

Raftoprisen tildeles årlig personer eller organisasjoner som forsvarer menneskerettigheter og demokrati. Prisen er blitt delt ut siden 1987 og har etter hvert blitt en prestisjetung pris som har oppnådd stor internasjonal anerkjennelse. Fire av mottakerne har senere blitt tildelt Nobels fredspris: Aung San Suu Kyi, José Ramos-Horta, Shirin Ebadi og Kim Dae-Jung.

Tross prisens økende anerkjennelse og popularitet finnes det kritiske røster. Blant annet høster stiftelsen kritikk for ikke å ha tatt sterkere avstand fra prisvinneren i 1990,  Aung San Suu Kyi.

Du finner en oversikt over tidligere prismottakere på Raftostiftelsens nettside.

Raftoprisen 2018 deles ut på Den Nationale Scene i Bergen 4. november kl. 18:00.

]]>
Polen, Aust-Agder og starten på Berlinmurens fall https://voxpublica.no/2009/11/polen-aust-agder-og-starten-pa-berlinmurens-fall/ Tue, 24 Nov 2009 18:42:01 +0000 https://voxpublica.no/?p=2300 Utanfor Solidaritets kontorbygg i Gdansk står ein rest av Berlinmuren saman med ein del av muren rundt Lenin-verftet. Berre 100 meter unna starta Lech Walesa og Solidaritet det som mange har omtalt som starten på slutten for kommunistisk diktatur i Polen og Aust-Europa. Det var spennande og farleg i Polen frå om lag 1980 til Berlinmuren blei åpna 9. november 1989. Før det hadde det også vore farleg, for alle dei som ville leve eit heilt normalt liv i demokrati og fridom.

Lech Walesa blei fagforeiningsleiar, president i Polen og nå kjempar han aktivt for å få størst mogleg støtte for å utvikle EU vidare, seinast med solid innsats i Irland i samband med Lisboatraktaten. I 1982 kunne Agderposten og Tvedestrandsposten vise bilde av ein av sønene til Danuta og Lech Walesa, — med ein genser det stod ”Lyngmyr skole, Tvedestrand” på.

Aksjon Polens venner

Hausten 1981 var vi ei gruppe som starta Aksjon Polens venner for å forsøke å sende mat, medisiner og klær til folk som sulta, som mangla mat, som mangla medisinar, som mangla stort sett alt bortsett frå politi, militære, kommunistpartiet og billig vodka. Ein polskgift nordmann tok initiativet og på få veker var vi eit lite styre som fekk enorm støtte både frå enkeltmenneske, frivillige lag, private næringsdrivande, spontane løyvingar frå kommunestyra og rikeleg med spalteplass i regionavisa Agderposten kvar einaste dag.

Berlinmur møter Leninverftets mur i Gdansk (foto: Jan Kløvstad)

Gdansk 2009: Berlinmur møter Leninverftets mur (foto: Jan Kløvstad)

Kjerna i aksjonen vår var polakkar som hadde flykta, aktive Amnesty-medlemer, ungdomslagsfolk og Venstre-medlemer. Vi var opprørte over rapportane om vald og undertrykking, og vi fekk raskt kontaktar i transportbransjen som meinte dei kunne kome inn i Polen med trailarlaster. Vi trudde vi var vel optimistiske, men så viste det seg at vi — og andre i andre delar av Norge — faktisk klarte å kome oss inn i Polen og klarte å få hjelpesendingane fram dit vi ville ha dei. Aksjon Polens Venner besøkte rundt ti byar, alltid med nøyaktige adresser vi hadde fått frå polske flyktningar.

Folk i Polen sulta. Kvar vaksen polakk hadde ei månadskvote på 1,5 kg kjøt. I dag er det stort produksjonsoverskot, og landbruket forhandlar med energiverka om å levere korn til energiproduksjon. Den første trailarlasta hadde vi sendt av garde 5. desember, og dei kom tilbake like før det blei unntakstilstand i Polen.

Sovjetisk intervensjon?

Eg var med den andre trailaren frå Aust-Agder til Szcecin heilt nordvest i Polen. Tor Borgen, Eivind og Olav Bratteland og eg reiste 2. juledag 1981 med to trailarar. Vi reiste midt i unntakstilstanden, i håp om at det ville vere rolegare i sjølve julehøgtida. Men mens vi var av garde hadde Agderposten to typer oppslag om Polen, ofte på førstesida. Den eine typen oppslag var å følgje ”ekspedisjonen” vår frå dag til dag, dei andre oppslaga hadde overskrifter som ”Militærstyrker på kjøttjakt”, ”-Faren for en direkte sovjetisk intervensjon kan derfor være større nå , sier USAs utenriksminister”, ”Utrenskninger er i full gang i Polen”, ”1100 streikende gruvearbeidere innestengt i gruvene” og ”Harde fengselstraffer for medlemmer av Solidaritet”.

Vi var spente. Ville vi kome inn i Polen, eller var landet heilt stengt? I trailarane hadde vi, for å sitere Agderposten 28. desember 1981: ”Flere tusen penicillintabletter og vitaminpiller, flere hundre sprøyter og operasjonshansker, flere tusen steriliserte bandasjer. Av matvarer 2 tonn margarin, 800 kg tørrmelk, 400 kg buljong, 50 kg hermetisk makrell, 50 kasser hermetisk kjøtt og 30 kasser leverpostei. Det er også funnet plass til 20 000 fyrstikkesker, 5000 sunlightsåper, 3000 tuber tannkrem, 5000 pakker vaskepulver og 5000 toalettsåper.” Resten av lasta var klær, samla inn av mange omsorgsfulle menneske i heile Aust-Agder. Heile lasta var på 35 tonn.

Ambassadøren spurte diskret om vi kunne ta med pakker til familien hans

Undervegs blei førarhuset nærmast endevendt av tollarar, det var stadige tungt væpna kontrollpostar langs vegen til Szcecin. Men vi fekk lov til å køyre både til ei kyrkje i bydelen Pogod og ein barneheim. Der tømte vi alt vi hadde i trailarane saman med folk som arbeidde i kyrkja og i barneheimen. Matlageret i barneheimen var eit rom med ein del gamal hermetikk hist og her og elles tomme hyller. Vi lempa inn kasser med mat, og vi hadde også hatt såpass omtanke at vi hadde fått bytta ut noen kasser med tranflasker med tilsvarande mengder Sanasol. Vi trur ungane sette pris på det byttet.

Tollarane og politiet i Swinoujscie ville nekte meg å fotografere, men vi blei til slutt samde om at eg kunne få ta inntil 14 bilde og berre vise dei fram i lukka møte i Polens venner. Eg tok mange fleire bilde. Eg gøymte filmane i underbuksa og gjekk til tollaren ved utreise og viste fram fotoapparatet der tellaren viste at eg hadde tatt 14 bilde på turen. Han lot som han trudde på meg.

Meir enn 20 trailarar blei sendt her frå fylket mellom desember 1981 og to-tre år framover. Den polske ambassadøren spurte diskret om vi kunne ta med pakker til familien hans: ”Også dei manglar mat og klede”, sa ambassadøren til meg. Fleire polske flyktningar kom hit og busette seg her.

Det frie og demokratiske Polen

Nå har eg vore tilbake i Polen. Eg har sett Gdansk, Gdynia og Sopot (der Putin og Merkel i september mintest starten på andre verdskrigen, og Lillegaards Trad Band og Inger Marie Gundersen har hatt konsertar nyleg). Dette området fekk fleire trailarlaster frå Aust-Agder i 1982. Nå møtte vi velfylte butikkar med stort vareutval, nyrestaurerte og nybygde hus, internasjonale butikkjeder, eit fantastisk badeland, museer, fleire monument til minne om kampen mot kommunismen, bokhandlar, film- og platebutikkar som fritt kan formidle det frie ordet og den frie musikken. Dei gamle helsefarlege grå blokkene med gjennomtrekk og fukt er/blir erstatta med nye bygg med variasjon i fargar, høgder og takvinklar. Det historiske bysenteret i Gdansk er gjenreist etter at 90% av det var bomba like ille som Dresden. Visst er det problem i Polen i dag også. Men det er Polen — ikkje Norge — som har sett seg råd til å hjelpe Island med støtte og lån i desse finanskrisetider.

2. verdskrig starta ved tysk angrep på Gdansk. Den avgjerande starten for kampen for eit fritt samfunn utan kommunisme og Berlinmur starta i og ved Leninverftet. Der kan vi nå sjå minnesmerke og utstillingar, og også kunne glede oss over at Lech Walesa seier at Nobelprisen i 1983 var heilt avgjerande for at Solidaritet makta å stå løpet ut. 9. november var det 20 år sidan Berlinmuren fall. Det er grunn til å sende ein særleg takk til polakkane.

]]>