Språkpolitikk - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/sprakpolitikk/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 10 May 2016 15:01:39 +0000 nb-NO hourly 1 Stopp støtta til nynorskdiskriminerande riksaviser https://voxpublica.no/2016/05/stopp-stotta-til-nynorskdiskriminerande-riksaviser/ https://voxpublica.no/2016/05/stopp-stotta-til-nynorskdiskriminerande-riksaviser/#comments Tue, 10 May 2016 14:59:53 +0000 https://voxpublica.no/?p=16119 I 2015 var verdien av momsfritaket for aviser ifølgje Finansdepartementet 1,5 milliardar kroner. Momsfritaket er grunngjeve med eit ønskje om å støtta ytringsfridom og norsk språk. I 2009 gjekk likevel over ein femtedel av den indirekte pressestøtta i lomma på nynorskdiskriminerande VG, som har redaksjonelt forbod mot nynorsk. Denne summen utgjer om lag det same beløpet som den samla direkte pressestøtta, produksjonstilskotet, som går til 149 aviser. I 2015 var denne støtta på 303 millionar. Det er merkverdig at riksaviser som kneblar sine journalistar og steng ute eit av to jamstilte norske skriftspråk, skal støttast med slike summar når dei openbart ikkje lev opp til forventingane som ligg til grunn for fritaket.

Det nyttar ikkje å kasta om seg med språkpolitiske mål og ønskjer om å styrka nynorsk. Om media ikkje vil sjå sitt språklege ansvar sjølv, må staten komma med tiltak.

Nyting utan yting

I 2009 fekk dåverande styremedlem i Språkrådet, Tor Fuglevik, publisert debattinnlegget Statsstøttet diskriminering i Dagens Næringsliv, ei av riksavisene som steng ute nynorsken. Han ville at Stortinget skulle nytta handsaminga av stortingsmeldinga Mål og meining til å ta eit oppgjer med diskrimineringa som Sylfest Lomheim har omtalt som ei “institusjonalisert diskriminering av eit språk som allereie står svakt.”

Nynorskfri sone. Skjermbilde av forsida på vg.no 10. mai 2016.

Nynorskfri sone. Skjermbilde av forsida på vg.no 10. mai 2016.

Diskrimineringa i riksmedia er særleg problematisk, likevel er det riksavisene VG, Aftenposten, Dagbladet og Dagens Næringsliv som tener mest på momsfritaket. Alle forbyr nynorsk på redaksjonell plass, og vel slik å nyta utan å yta. VG har i tillegg fått merksemd for å gje att eit Frode Grytten-dikt på bokmål, og Aftenposten har fått merksemd for å omsetja nynorsk-tekstar frå sine samarbeidsaviser til bokmål, til dømes intervju med Jon Fosse.

Desse avisene driv altså eit aktivt arbeid mot nynorsk, til trass for at ein burde venta det motsette så lenge dei nyt godt av momsfritaket. At ei støtte som er til for å styrkja ytringsfridomen og skriftspråka våre finansierer omsetjing frå nynorsk til bokmål, gjer det tydeleg at momsfritaket òg kan gå mot si hensikt.

Handling må til

I Soria Moria-erklæringa frå 2005 blei dei raudgrøne regjeringspartia samde om at staten måtte ta ansvar for å leggja til rette for meir likeverdige vilkår mellom dei norske skriftspråka. Ein blei òg samd om at ein politikk som er tufta på eit oppriktig ønskje om å sikra levande norsk skriftkultur, må omfatta tiltak som er særleg innretta på å støtta nynorsk språk.

I Språkrådet sin rapport Norsk i hundre! er det skrive at staten ved å støtta media, òg må kunna stilla språklege krav om bruk av nynorsk. Men i Mål og meining, som byggjer på Soria Moria-erklæringa og Språkrådet sin rapport, la departementet berre fram at dei «ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass». I den same meldinga er det fastsett eit behov for eit meir heilhjarta og systematisk arbeid for å styrkja nynorsk. Men viljen til å gjera noko for å følgja opp dette behovet, er fråverande. Det er ikkje nok å venta, det har òg regjeringa fastsett, og ein kan spørja seg kor det blir av tiltaka.

Staten støttar vond sirkel

Staten greier ikkje eingong å følgja opp Grunnlova slik støtteordningane er i dag. I § 100 står det at «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Men ved å støtta riksaviser som nektar journalistane sine å nytta nynorsk, støttar staten snarare ein vond sirkel som bidrar til dårlege haldningar til nynorsk, og til usikkerheit kring eige språk. Det sistnemnte gjeld særleg unge nynorskbrukarar som gjerne går over til bokmål etter kvart som dei blir eldre, men òg andre målfolk har behov for å møta eige språk. Språkrådet skriv i sin rapport at ein ikkje må undervurdera massemedia si betyding som arena for framvising av språk og språk sin status. Her blir det òg peika på at språkbruken i media påverkar folk sine språkvaner, og at utestenging av nynorsk frå riksaviser har negative verknadar på den offentlege samtala på norsk.

Ettersom samfunnsutviklinga tenderer til å redusera oppslutninga kring det minst brukte språket, er eit høgt tal på nynorskbrukarar eit viktig grunnlag for å styrkja posisjonen til nynorsk. Det er difor viktig med tiltak som kan leggja til rette for at så mange som råd kan og vil nytta nynorsk. Eit tiltak som går ut på å stoppa støtta til nynorskdiskriminerande riksaviser ville verka positivt med tanke på rekruttering av nynorskbrukarar. Samstundes ville tiltaket verka proaktivt med tanke på å motverke usikkerheit kring eige språk, og utviklinga av dårlege haldningar til nynorsk, som bidrar til det førstnemnte. Slik ville tiltaket igjen gjort det offentlege ordskiftet både meir ope og opplyst.

Eit språk som riksavisene skjøner

Det står mykje fornuftig i Norsk i hundre! og Mål og meining, men i sistnemnte er det ikkje lagt fram forslag om kutt av støtte til nynorskdiskriminerande riksaviser. No må staten visa at det meinast alvor med språkpolitikken. Ein kan ikkje ausa ut fleire hundretals millionar kroner til riksaviser som kneblar journalistane sine, og som ikkje bidrar til å styrkja norsk språk, forstått som både bokmål og nynorsk. Noko av det som ligg til grunn for momsfritaket er trass alt at media skal bidra til å styrkja desse skriftspråka.

Det å stoppa støtta til riksaviser som steng ute nynorsk vil heller ikkje vera eit inngrep i den redaksjonelle fridomen til pressa, som enkelte hevdar. Om det ikkje hadde vore for ønsket om å styrka ytringsfridomen og det norske språk, så ville ikkje aviser hatt momsfritak, så eit krav om motyting bør ikkje vera så kontroversielt. Tiltaket vil såleis berre vera eit inngrep i støtteordningane til pressa, ikkje i deira redaksjonelle fridom. Eg meiner ikkje at staten skal tvinga momsfritaket på riksavisene. Tiltaket vil verka oppmodande, det handlar berre om å nytta eit språk som riksavisene skjøner.

]]>
https://voxpublica.no/2016/05/stopp-stotta-til-nynorskdiskriminerande-riksaviser/feed/ 3
Farvel til nynorsken https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/ https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/#comments Wed, 08 Aug 2012 10:44:02 +0000 https://voxpublica.no/?p=8766 Noreg er det einaste landet i Europa (og verda?) som unner seg den luksus å ha to offisielle former av same språk. Nynorsken er eit minoritetsspråk som dei fleste, både skrivarar og lesarar, strevar med. Frå i dag, då ny nynorsk rettskriving blir innført, blir det endå vanskelegare. Eg for min del gir (eller er det «gjev»; er «gjev» framleis tillate; er «gir» det einaste som gjeld nå?) opp.

Dette er noko eg har tenkt på lenge, men dei nye rettskrivingsnormene for nynorsk frå 1. august 2012 gir eit aktuelt høve til å la ord følgja tanke. Ifølgje Språkrådet er hovudendringa at skiljet mellom hovudformer og sideformer blir fjerna. Dessutan går ein del tidlegare tillatne (eller er det tilletne?) bøyingsformer ut og nokre ordformer, både hovudformer og sideformer, blir tatt (tekne?) ut. Nokre meiner dette ikkje er ei forenkling og at nynorsk nå blir endå likare bokmål, som det framgår her.

Ivar Aasen (foto: Paul Mork/Nasjonalbiblioteket, dato ukjent).


Eg tar (tek?) ikkje standpunkt til det spørsmålet. Det ville krevja (krevje) at eg brukar endå meir energi på å finna ut kva rettskriving som gjeld og kvar former som er tillatne (tilletne), samstundes som eg veit at mange av dei eg skriv for, synest det uansett er tungt å lesa nynorsk. Det har dessutan lenge irritert meg å sjå så mykje dårleg nynorsk rundt omkring, eller bokmålsbrukarar som skriv arkaisk nynorsk («grautmål») fordi det er slik dei trur nynorsken framleis er. Ikkje berre blir det stadig færre som brukar nynorsk; dei som brukar nynorsk skriv også dårlegare nynorsk. Då heller bokmål. Så får det våga seg at det kjennest fjernt å skriva «jeg» og «ikke».

Ein tredje faktor er at eg som mange andre har kome til at det er ei stor nok oppgåve å få folk flest til å skriva godt bokmål, og at ressursane bør gå til det. Ein fjerde er at nynorsken historisk sett er eit uttrykk for norsk nasjonalisme.

Grunnen til at eg har halde fast ved nynorsken heile mitt skriveføre liv, trass i at talemålet har nærma seg stadig meir bokmål, har med personleg bakgrunn og identitet å gjera. Eg voks (vaks?) opp på Vestlandet, lærte å skriva i barneskulen i Innvik i Nordfjord og hadde to nynorskbrukande foreldre. Då vi flytta til Tvedestrand kommune fekk far min meg til å byrja i ein nynorskklasse med vegårsheiingar på ungdomsskulen. Det kosta litt, ikkje minst at eg ikkje kunne gå i klasse med dei jamaldringar som budde nærast meg. Men eg stod på krava, i den grad at eg sette som føresetnad for å bli redaktør i russeavisa Oksebrølet at halvparten av stoffet skulle vera på nynorsk! Rett nok vart Tvedestrandsposten grunnlagt av Arne Garborg, men eg innser nå at eg gjekk vel langt.

Seinare er eg blitt meir pragmatisk. Eg har skrive ein del bokmål i jobben, ikkje minst då eg arbeidde som deltidsjournalist. Men den einaste boka eg har gitt (gjeve) ut (på norsk) var skriven på nynorsk. Det norske samlaget stilte opp. Eg har alltid lurt på i kva grad statssubsidiane til Samlaget eller kvaliteten, eventuelt emnet til boka, var avgjerande for at utgjevinga kom i stand. Eg har også lurt på i kva grad nynorsken var årsak til det avgrensa salet av boka. (Forlagets grundige språkvask den gongen lærte meg elles kor mange feil til og med eg som ganske kyndig nynorskbrukar gjer.) Eller om språkforma avgrensar lesartalet til og forståinga av innlegg eg skriv på denne bloggen.

For meg er språket langt viktigare som kommunikasjonsmiddel enn som identitetsmarkør. Eg ønskjer at lesaren skal tenka (tenke/tenkja/tenkje) på kva eg skriv heller enn korleis eg skriv det. Eigenleg er det egoistisk å påtvinga lesarane eit språk som uttrykker personleg identitet når eg veit det går ut over forståinga og oppfatninga (oppfattinga?) av innhaldet. Dessutan har eg lenge hatt ei lei (her måtte eg slå opp i ordbok for å unngå det bokmålsklingande «ubehageleg») kjensle av at mange automatisk oppfattar meg som bonde i byen når eg skriv på nynorsk. Ingen vil vedgå det, men det ligg ei stigmatisering gjennom ufrivillige assosiasjonar der og lurer.

Derfor vil eg frå denne dag bruka bokmål som hovudmål, og nynorsk berre i nokre private samanhengar (eg trudde det heitte samanhangar, men Bill Gates kjem fram med raudblyanten). Det er ei personleg avgjerd, men det er berre slike som kan gjera slutt på den unødvendige (unaudsynte), skadelege og dyre norske tospråklegheita. Etter kvart vil det vera så mange einskildindivid (og kommunar) som gir (gjev) opp nynorsken at språkforma går av (raudblyanten hindrar meg i å skriva «avgår») ved ein stille død. Det er berre slik eit språk kan døy. Eit politisk vedtak på nasjonalt nivå er uråd å førestilla seg.

Dermed blir også bloggen min frå nå av på bokmål. Inntil eg kjem på noko betre skiftar undertittelen namn frå «ein nynorsk blogg om Europa etc.» til «en norsk blogg om Europa etc.». Kanskje tar eg steget heilt ut og går over til berre engelsk. Det er eit avgrensa publikum i Noreg for europapolitisk analyse, anten språket er nynorsk eller bokmål.

Teksten vart først publisert 1. august 2012 på forfattarens blogg Europæus norvegicus.

]]>
https://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/feed/ 4