Teknologideterminisme - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/teknologideterminisme/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 05 Jan 2021 07:01:17 +0000 nb-NO hourly 1 Vi må redde offentlegheita frå seg sjølv https://voxpublica.no/2020/11/teknologi-og-journalistikk-vi-ma-redde-offentlegheita-fra-seg-sjolv/ Tue, 03 Nov 2020 13:01:52 +0000 https://voxpublica.no/?p=63357 Når medievitarar diskuterer ny teknologi er det mykje tung kritikk og pessimisme. Eg har sjølv bidratt til denne posisjonen med ei omfattande lesing av moralfilosofen Hans Jonas sitt mørke perspektiv på teknologiutviklinga i ein essayføljetong i Vox Publica

            Men det går faktisk an å tenkje positivt for medievitarar også. Det går an å formulere optimistiske visjonar knytt til teknologiutviklinga innan medier og kommunikasjon. I dette innlegget vil eg supplere pessimisten Hans Jonas med optimisten John Dewey, og vise korleis vi kan bruke hans måte å tenkje på for å fikse den norske offentlegheita anno 2020.

John Dewey (1859 — 1952) var ein amerikansk filosof i den pragmatiske tradisjonen. Han hadde ei optimistisk haldning til blant anna teknologiutvikling og pedagogikk, og kan enno vere til inspirasjon for dei som ynskjer å endre livsvilkåra til menneska på ein vitskapleg måte.

Skift retning på ytringsenergien

Folk flest har mykje på hjartet, og ytrar seg villig vekk i sosiale medium. All den energien som går med til å skrive og fotografere på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat kunne i prinsippet brukast annleis. Kva om borgarane kunne overtydast til å gjere ein friviljug innsats for å lage sakleg, relevant og samfunnskritisk journalistikk som mediene til og med fekk gratis? 

            No har det rabla for Lars Nyre, vil ein kunne meine. Det er urealistisk å tru at medievitarar kan bidra til ei slik endring! Eg vil no likevel argumentere for denne posisjonen. Det er eit visst grunnlag for optimisme fordi fleire studentprosjekt dei siste åra har vist kor lett det er for unge folk å foreslå slik konstruktiv endring.

            Våren 2019 laga studentar ved UiB prototypen Ekko; ein app som gjer ditt nyheitstips til ein artikkel i lokalavisa med minimal innsats. Våren 2020 laga studentar ved Universitetet i Stavanger fem prototypar for redaksjonell nyvinning. Desse utviklingsprosjekta gjev eit hint om kva som kunne lagast viss verkeleg tunge ressursar vart sett inn. 

Offentlegheita har eit problem

Gode gamle Jürgen Habermas seier at offentlegheita er eit varslingssystem for problem som må behandlast av det politiske systemet fordi dei ikkje kan løysast andre stader (Between Facts and Norms 1996: 359–60). Offentlegheita kan best skildrast som eit kommunikasjonsnettverk der politisk informasjon vert formidla ved at borgarane fungerer som sensorar som fangar opp viktige forhold og melder frå gjennom t.d. sosiale medium, lokale medium, debattarrangement og liknande. 

            Men sosiale medium er er eit dårleg varslingssystem! Teknologipessimisten Hans Jonas ville sagt at dei er uttrykk for eit utstoppeleg teknologisk framskritt som ikkje tek omsyn til andre verdiar enn endå meir framskritt. Sosiale medium er laga for at vi skal trykke på knappane og skape aktivitet for dei globale medieaktørane, ikkje for at vi skal kommunisere fornuftig i offentlegheita.

Rett nok har vanlege menneske gode vilkår for å ytre seg i sosiale medium, men debatten er lite sakleg og lite prega av tillit. Dei unge ser underholdningsvideoar på TikTok og YouTube i staden for å engasjere seg politisk. Dei gamle kranglar seg i hel på Facebook. Hatprat i filterbobler har for lengst spreidd seg ut av små fora, og bidreg til å svekke den offentlege samtalen. Det er dessutan eit overdrive personfokus i sosiale medium. 

            I ei fersk doktoravhandling hevdar Ida Andersen at sosiale medium er ikkje er laga for å stimulere til offentleg debatt, men til å vise fram påstandar og skape reaksjon. “Debatter på Facebook er dominert av selvhevdelse og moralsk posisjonering framfor konstruktiv argumentasjon”, seier ho i eit intervju i Klassekampen 27. august 2020. Vi er generelt blitt dårlegare til å argumentere for standpunkta våre, og dårlegare til å skifte frå “eg meiner” til “vi meiner” fordi dette så sjeldan vert forventa av oss i sosiale medium, seier Andersen. Ho underbygger tanken om at det trengst ein dugnad for skape høgare kompetanse i å drive konstruktiv diskusjon i den norske offentlegheita.

Problemet kan løysast

Problemet kan løysast dersom medievitskapen, informasjonsvitskapen og journalistikken inntek ei positiv sosialkonstruktivistisk haldning og samarbeider på tvers. Denne haldinga føreset at menneska kan bygge teknologiar utifrå våre behov og interesser, og såleis forme samfunnet til det betre for flest mogeleg ved hjelp av gjennomtenkte prosjekt.

            John Dewey var ein sosialkonstruktivist før omgrepet var oppfunne, og han føreset at samfunnsvitarar kan byggje teknologar slik at dei konstruerer gode konsekvensar for menneska som tek dei i bruk: “Technologies should be “subject to constant and well-equipped observation of the consequences they entail when acted upon, and subject to ready and flexible revision in light of observed consequences” (The Moral Writings of John Dewey 1994: 203). 

            Løysinga på det dårlege debattklimaet har allereie blitt antyda. Lat oss prøve å flytte den folkelege ytringsenergien som fløymer gjennom sosiale medium over til lokale medium. Ja, til lokalavisene i norske byar, bygder, fjordar og fjelldalar. 

            Borgaren er jo allereie teknisk kompetent til å bidra med velskrivne nyheiter. Vi har alle saman publisert bilete på Instagram og Facebook, laga og redigert videoar, og formulert oss spissfindig med skrivne ord. Det bør gå an å flytte desse ferdigheitene over til lokale medium, og bruke dei til å utgjere det varslingssystemet Habermas definerer offentlegheita som.

            Borgaren må vel kunne stimulerast til å vere eit varslingssystem for kvaliteten på sine eigne livsvilkår også i lokale medier, og ikkje berre på internasjonalt eigde, globalt orienterte sosiale medium?

Mobilappen Tipps vert utvikla i eit regionalt samarbeid leia av firmaet Future Solutions saman med avisene Hallingdølen, Sunnhordland og Hordaland. Appen skal lanserast hausten 2020. 

Flytt energien frå sosiale til lokale medium

Dersom ein vil forbetre den norske offentlegheita er det viktig å byrje i små, lokale samanhengar, for der er det lettare å konstruere ein styrka posisjon for borgarane, og lettare for borgaren å føle seg som ein bidragsytar. Det er lettare å sørge for transparent informasjonsutveksling viss teknologileverandøren er tettare på og viss du kan oppsøke redaktøren og klage på innretninga. Dei globale sosiale media som Facebook og Twitter er jo nesten fullstendig utilgjengelege for innspel frå norsk kultur.

  Hvis ein vil prøve å bygge eit varslingssystem for borgarane på 2020-talet er det ganske naturleg å ta i bruk big data, mobiltelefon og kunstig intelligens. Slik teknologi er svært kraftfull, og vil kunne få fart på overgangen frå sosiale til lokale medium. Med dei rette verkemidla kan slik teknologi understøtte lokale grasrotinitiativ så vel som globale sosiale medium.   

            Kunstig intelligens vert allereie brukt til å lage automatiserte nyheiter. Algoritmar lagar informative nyheitsaker utifrå strukturert informasjon om fotballresultat, kjøp og sal av eigedom, valresultat og andre forhold som er enkle å kvantifisere. NTB legg ut tusenvis av nyheiter som er skrivne på denne måten, og utviklinga mot meir avansert automatisering går for fullt. 

            Studentprosjektet Ekko som eg nemnte ovanfor har vorte vidareutvikla til mobilappen Tipps. Dette er eit regionalt utviklingsprosjekt for lokalaviser der lesaren/borgaren skal kunne sende inn nyheitstips til lokalavisa. Kort fortalt skal brukaren kunne ta eit bilete av ei hending, skrive faktaopplysningar inn i appen, og få autogenerert ein nyheitssak som dei også kan sjå over før dei sender den inn til lokalavisa.

            Denne appen viser at det er potensial for å understøtte og delvis automatisere ein viktig del av borgarens rolle, nemleg det å kunne ytre seg raskt og effektivt i lokale medium på omlag same vilkår som opinionsleiarar og etablerte intervjuobjekt.

Tenk positivt!

Det scenarioet eg skildrar framstår truleg som ganske hårete, men det er mogeleg å satsa i denne retningane. Tenk positivt! Av og til må ein tenkje at “det finst ikkje problem, berre utfordringar”.

            Borgaren kan lære å ytre seg på ein måte som er meir relevant og konstruktiv, og som stimulerer til samarbeid og gjensidig tillit. Slike haldningar kan stimulerast ved hjelp av kunstig intelligens bygd inn i Tipps-appen og lokalavisa i framtida. Med dei rette forteljartekniske rammene og gode interaksjonsmuligheiter kan borgarane verte posisjonert som aktive bidragsytarar. 

            Borgarane kan få ei sterkare kjensle av å eksistere samtidig med andre i den same situasjonen, der me deler konsekvensane av alle val, og sjølve må vere med å ta val. Borgarane kan oppleve at dei er komplekse menneske med sterke relasjonar til andre menneske, geografiske stader, og viktige endringsprosessar på desse stadene. Alt dette kan understøttast med den same teknologien som Facebook brukar til å engasjere folk i politisk debatt, dele morosame kattevideoar og selje reklame.

            Avanserte teknologiske verktøy treng ikkje vere kapitalistiske, med mål om maksimal vekst og global marknadsrekkevidde. Denne teknologiutviklinga kan i prinsippet vere non-profit, dugnadsbasert, og offentleg subsidiert.       

            Avanserte teknologiar for offentleg dialog kan vere godt forankra i norske, regionale og lokale omgjevnader, og vere basert på norsk kultur og språk. Dei kan lagast for å prioritere kvalitetar som er positive for norsk offentlegheit og debatt, slik som det å unngå for sterke filterbobler og ekkokammer, og dei kan vere utan sporing og manipulering av brukaren.

            Frå eit sosialkonstruktivistisk perspektiv handlar det berre om menneskas vilje til faktisk å lage teknologiar som er gode for oss, og oppføre oss på dei måtane som er gode for fellesskapet. Vanskelegare er det ikkje! 

]]>
Essayføljetong 4:9 — Teknologiane vert sterkare av seg sjølv https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-49-teknologiane-vert-sterkare-av-seg-sjolv/ Fri, 28 Aug 2020 11:21:32 +0000 https://voxpublica.no/?p=32421 No er vi ved kjernen i Jonas si forklaring av dei eigenskapane ved moderne teknologi som gjer at tradisjonell etikk og ansvarskjensle ikkje fungerer. Moderne teknologi er utanfor menneskeleg kontroll, og har difor kraft til å påverke oss på måtar vi ikkje er etisk skodd for. Menneska er underlagt teknologiens behov, men nektar å innsjå det.

            Jonas kjem inn på dette temaet stadig vekk i The Imperative of Responsibility (1984), og eg nærleser difor diverse avsnitt frå alle kapitla i boka. Martin Heideggers teknologifilosofi er eit viktig grunnlag for Jonas sin posisjon, så eg bruker ein del plass på å beskrive den fyrst.

Lars køyrer traktor
Traktoren var eit fantastisk framskritt for bønder. Den erstatta mykje tungt manuelt arbeid, og det ville vore uråd å vende tilbake til eit landbruk utan traktor. Far min kjøpte ein flott ny Massey Ferguson tidleg på 1980-talet. Eg hugsar enno den kjensla av kraft eg hadde då eg byrja å øvelseskøyre i 15-årsalderen.

Essayføljetong i ni deler

Teknologisk determinisme

Hans Jonas si framstilling kan lesast som teknologisk determinisme. Denne posisjonen tilseier at teknologiutviklinga har sitt eige momentum som trumfar menneskas forsøk på å tilpasse den til sine sosiale behov og interesser.

            Jonas såvel som andre tenkjarar i denne tradisjonen peikar på at naturvitskapen gjev moderne teknologi ein stadig aukande kapasitet og stadig breiare bruksområde som følgje av ei stadig meir sofistikert utfordring av naturen.

            Jonas går inn i ein lang tradisjon for kritiske analysar av forholdet mellom menneske, teknologi og moderne vitskap. Sjølv om dei færraste er “harde” deterministar, finn vi “mjuke” deterministiske posisjonar hjå Martin Heidegger, som eg refererte til i del 3 og går grundig inn på nedanfor, og også hjå Jacques Ellul, Marshall McLuhan, Ray Kurzweil og andre.

            Eg har sjølv drøfta teknologiutviklinga på denne måten blant anna i innlegget “Teknologi tek over” i Bergens Tidende (2020) og “Ungdommar er teknologiske deterministar” i Vox Publica (2013).

Datamaskiner og kunstig intelligens

Det beste eksempelet på at Hans Jonas er inne på noko finst i Moore’s lov. Denne seier at prosessorhastigheita til datamaskiner vil dobla seg omtrent kvar 18–24 månader. Dette har nemleg stemt på ein prikk i mange tiår.

            Utviklinga av datamaskiner frå 1940-talet har hatt nettopp den kumulative dynamikken som Jonas føreset, og som eg kjem grundig inn på nedanfor. Dataverktøy har fått både sterkare yteevne, større mobilitet, betre informasjonsoppløysing, og fleire kontaktpunkt mot andre dataverktøy og menneske. Internettet dekkjer heile planeten, og geografisk avstand betyr ikkje lenger noko for kommunikasjonen mellom menneske.

            iHuman (Tonje Hessen Scheier, 2019) ein dystopisk dokumentarfilm om kunstig intelligens, sosial kontroll og makt. Filmen viser korleis AI-teknologi veks seg stadig sterkare, og kan komme til å styre livsførselen, samfunnet og framtida til menneska i retningar som ingen ynskjer. “Du får lyst til å logge av. For godt”, skriv NRK i sin introduksjon. Filmen eignar seg godt til å illustrere Jonas sin kritiske analyse.

Dokumentaren iHuman har skapt stor merksemd det siste året. Forteljestilen i denne filmen er sterkt prega av teknologisk determinisme, og den er med respekt å melde langt mindre sofistikert enn Hans Jonas sin.

Vitskapen lagar teknologi av naturen

For å forstå den veksautomatikken Jonas snakkar om må vi gå djupare inn i kontrasten mellom handverksteknologi og moderne teknologi. Igjen er det Martin Heidegger som set tonen. Moderne teknologi kjem med ei utfordring som stiller naturen til veggs, seier han i “Spørsmålet om teknikken” (eg brukar den norske omsetjinga frå 1973).

            Naturvitskapen har ein utreknande tenkjemåte som gjer naturen til ein generelt tilgjengeleg ressurs for teknologiutvikling. Medan handverk avdekker ved å “bringe fram”, avdekker moderne teknologi ved “tvinge fram”. Heidegger seier det slik: «Den moderne teknikks form for avdekking er en utfordren, som krever av naturen at den leverer energi der hvor sådan kan utvinnes og lagres» (Heidegger 1973, s. 73).

            Der handverkaren bringer fram eit objekt, så tvinger moderne teknologi fram eit objekt. Moderne teknologi ordnar alt utifrå ei utreknande tenking som menneska tileignar seg ved å forstå naturen stadig betre gjennom naturvitskap. «Utfordringen skjer derved at den energi som skjules i naturen, legges åpen, det åpenlagte omformes, det omformede lagres, det lagrede fordeles, det fordelte sjaltes om på nytt» (Heidegger 1973, s. 75).

Alle deler er utskiftbare

Moderne teknologi er prega av den kvaliteten Heidegger kallar “ståande beredskap”. Den vitskaplege ordninga av naturen skapar produkt som pr. definisjon er byggesteinar i eit større system. Eit passasjerfly på rullebanen er eit godt døme på ståande beredskap.

            «Det er bestilt for å sikre muligheten for transport. For dette må det selv i hele sin konstruksjon, i enhver bestanddel, være bestillbart, dvs. startklart» (Heidegger 1973, s. 76). Eitkvart fysisk fly kan skiftast ut med eit anna fly, og det vert i praksis definert ved å kunne tilfredsstille bestillinga “å vere startklart”.

            Flyet består for sin del av ei rekkje utskiftbare komponentar og delsystem, t.d. seter, dører, motordeler og instrument. Dette at kvar komponent på alle nivå er utskiftbare er eit vesenstrekk ved moderne teknologi, seier Heidegger.

Eitkvart fly i Norwegian sin flåte kan utføre flyginga så lenge det er startklart, og viss eit fly har tekniske vanskar kan det erstattast av kva som helst slags anna fly som er startklart. (Pressefoto frå Norwegian).

Mennesket kan også verte ståande beredskap

“Den største fare” er i følge Heidegger at mennesket også vert ein del av den ståande beredskapen. Då vil mennesket også verte utskiftbart i forhold til ei gitt bestilling, og vil berre ha verdi så lenge det kan bidra til å tilfredsstille ei gitt slik bestilling. Då vil det knapt vere forskjell på menneske og teknologi.

            “Atomalderens fremrullende tekniske revolusjon vil kunne trellbinde, forhekse, blende og forblende mennesket, slik at den beregnende tenkning en dag gjelder og blir utøvet som den eneste” (Heidegger 1973, s. 31).

            Dette er eit skrekkscenario ikkje berre for Heidegger, men i høgste grad også for Jonas. I vår tid er varelagra til Amazon.com eit mykje brukt døme på korleis menneske kan verte ein del av ei “utreknande tenking”, men potensialet har funnest heilt sidan fabrikken vart oppfunnen.

            Både utdanning og arbeidsliv er innretta på dei ferdigheitene som mest effektivt styrkar teknologiutviklinga. Globalt er det no millionvis av jobbar som består i å programmere algoritmer, designe og tilrettelegge grensesnitt, organisere pengetransaksjonar, utføre transport og ikkje minst transportere varene som vert kjøpt og selt.

            Den IKT-kompetansen som politikarane ynskjer å dyrke hjå norsk ungdom, og den tekniske kunnskapen som trengst for husbygging, oljeutvinning, kunstig intelligens-utvikling og ikkje minst det grøne skiftet, er fundamentalt prega av den utreknande tenkjinga. Same kva menneska gjer vil vi bidra til å styrke vekstautomatikken, er Hans Jonas sitt perspektiv.

Vi er avhengige av framskritt

Moderne teknologi er det viktigaste symbolet på framskritt, og framskritt er nesten synonymt med auka materiell velstand. “Den stadig meir avanserte teknologien vert forventa å auke menneskeslektas materielle velstand ved å auke produktiviteten i den globale økonomien, skape mange forskjellige goder som kan bidra til at vi kan nyte livet, og samstundes lette byrden ved arbeidet” (s. 163).

            Jonas framhevar stadig at gode moderne teknologiar gjev oss tek all merksemda vår, og vi følgjer etter dei omtrent som husdyra følgjer etter ei bøtte med kraftfor. Og før vi merkar det har vi gått inn i innhegninga og grinda er stengt.

            “Det at teknologien har tatt over makta er ein revolusjon som ingen har planlagt, fullstendig anonym og uimotståeleg, og med ein dynamikk som ingen tidlegare teoriar har inkludert eller forutsett” (s. 127). Denne prosessen har eit tempo “med ein skremmande eksponensiell akselerasjon som ser ut til å vere utanfor einkvar kontroll” (s. 128).

Irreversibelt momentum

Framskrittet har det Jonas kallar ein “stigningskvalitet” som inneber at “det som kjem seinare alltid er betre” (s. 166). Moderne teknologi skapar “ein stadig auke i kapasitet og bruksområde i alle tenkjelege retningar i ubegrensa framtid” (s. 187). Det er denne prosessen som gjer at menneska mistar kontrollen. Jonas forklarer poenget ved å vise til ingeniørens situasjon.

            “Erfaringa viser oss at utviklingsprosjekt som vart sett i gang med kortsiktige mål har ein tendens til å gjere seg uavhengige og tileigne seg sin eigen tvingande dynamikk, sitt eige sjølvgåande momentum, som gjer at den vert irreversibel og pressar ting framover på ein måte som overstyrer ynskja og planane til dei som sette i gang prosessen” (s. 32).

            Vi er frie til å ta det fyrste skrittet, men slavar av det andre, seier Jonas. “Teknologisk drivne utviklingstrekk gjev ikkje rom for sjølv-korrigering” (s. 32).

            Vi er trua av ein katastrofe som etterkvart ligg innebygd i sjølve den historiske utviklinga, og kan difor ikkje stole på at framskrittet har ei ibuande fornuft eller at “det er ei meining med alle ting”. “Tvert imot”, seier Jonas, “må vi ta hand om denne framover-styrtande prosessen på ein heilt ny måte og utan ei kjent målsetjing” (s. 128).

iPaden er eit godt døme på Hans Jonas sin definisjon av permanent innovasjon: “marknadskapasitet for goder som ingen trengte på førehand, og heller ikkje visste om” (s. 118). Illustrasjonen er henta frå Apple sine norske nettsider.

Permanent nyvinning som vi ikkje forstår

Det einaste som er sikkert med dynamikken i moderne teknologi er at ting endrar seg heile tida, og at vår noverande etikk og våre verdisystem er dårleg eigna til å handtere denne permanente endringstakten.

            Innovasjon kan utifrå Jonas sin tankemåte definerast som “ei kunstig tilverking av marknadskapasitet for goder som ingen trengte på førehand, og heller ikkje visste om” (s. 146). Frå ein annan synstad kan denne prosessen vere positiv, for den skapar jo nye produkt som til dømes iPaden.

            For Jonas er denne mangelen på forutsigbarheit ikkje overraskande eit stort problem. “Global teknologi har auka innsatsen grenselaust og også auka gapet mellom den makta som vert iverksett og forutsigbarheita i dens langtidsverknader” (s. 118). Apple-konsernet har svært stor marknadsmakt, og når dei lanserer eit produkt som iPaden vert langtidsverknadene svært lite forutsigbare. Jo større makt, jo mindre forutsigbarheit.

            “Vi må rekne med nyvinningar utan å vere i stand til å forstå dei; endring er garantert, men ikkje kva endringa vil bestå av […] Denne permanente innovasjonen har ein ukjent X som forpurrar ei kvar utrekning. Prognosar har blitt den reine kunstarten på grunn av analysar ved hjelp av datamaskiner, men dei skjer med dette atterhaldet” (s. 119–120). Analysane fortel oss meir enn tidlegare spådommar om framtida kunne gjere, men dei syner også fram mange fleire ukjente faktorar enn før.

Teknologioptimisme

Moderne innovasjonsteori er prega av eit positivt syn på den same utviklinga som Jonas har eit negativt syn på. Clayton Christensens The Innovator’s Dilemma (1997), James McQuiveys Digital Disruption (2013) og ei rekkje liknande bøker handlar om korleis du som forretningsperson kan tene pengar på den permanente innovasjonen.

            Peter Diamandis er ein amerikansk innovasjonsguru som har analysert det økonomiske potensialet i “exponentials” i mange år. Han seier omtrent det følgjande: Så lenge menneska berre hadde handverksteknologiar var det ei lineær utvikling i den krafta teknologiar hadde, men no har vi datateknologiar som er prega av eksponensiell utvikling.

Figuren viser Peter Diamandis sin teori om “exponentials”. Han brukar fotografi som eit døme. Medan analog film knytt til Kodak og tilsvarande firma hadde ei lineær utvikling har digitale bilete knytt til Instagram, Snapchat og tilsvarande sosiale medium ei eksponensiell utvikling.

Etter mange tiår med det Diamandis kallar “computational growth”, og som igjen er basert på det Heidegger og Jonas kallar “den utreknande tenkjemåten”, har menneska no fått demokratisk tilgang til produktet av denne veksten. Med ei relativt låg investering får du tilgang til ein potensielt global marknad for ditt kommunikasjonsprodukt. Den jevne entreprenør har såleis tilgang til “exponentials” som eit verkemiddel til marknadsmakt, og kan få enorm suksess og rikdom hvis han treff blinken.

            Der Jonas ynskjer å bremse ned den permanente veksten i teknologi ynskjer altså Diamandis og dei andre teknologioptimistane å forsterke den endå meir. Dei gjev studentar og næringslivsaktørar gode råd om korleis ein kan tene pengar på å forstå prosessen. Sjå gjerne denne videoen “Disruption Caused by Exponentials” (2017) hvis du vil fordjupe deg i poenget og prøve å bli millionær.

Teknologipessimisme

Eg vender tilbake til Jonas sitt perspektiv, som er prega av sterk bekymring for menneskas manglande evne til å handtere dei etiske implikasjonane av veksautomatikken. Pessimismen er knytt til at det verkar umogeleg å snu utviklinga. Samfunnet rundt oss har akseptert stoda, og bidreg villig vekk til ytterlegare vekst. Eg avsluttar med to ferske eksempel.

            Sommaren 2020 fekk 70 Amedia-aviser støtte frå Google News Initiative til å lage automatisert journalistikk basert på kvantitative data. Konserndirektør for innovasjon, Pål Nedregåtten, seier til Journalisten: “Vi er allerede storforbrukere av Google-teknologi. Uansett hvordan vi snur og vender på det vil vi være avhengige av teknologi som leveres av de store aktørene, så vi tar imot de mulighetene vi får”. Dei er ikkje i posisjon til å utvikle uavhengige løysingar, og knyter seg berre sterkare og sterkare til Google.

            Sommaren 2020 var det debatt om bruken av amerikanske dataverktøy i norsk skule. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby skreiv i ein kronikk til NRK at nettbrett som iPad skal “brukes til å tilegne seg ny kunnskap, og nye ferdigheter”. Dei bekymra røystene seier at vi ikkje veit nok om korleis slik teknologi påverkar barns utvikling.

            Sjølv om læringsforskarar arbeider for å finne ut meir presist korleis ny teknologi påverkar barns læring vil ministeren imidlertid ikkje vente på resultata. Ho skriv: “Det er krevende for forskningen å holde tritt med den teknologiske utviklingen. Samtidig går den teknologiske utviklingen sin gang, og den utviklingen kan ikke norsk skole melde seg ut av”.

            Desse to sitata viser at både mediebransjen og skuleverket er grunnleggande avhengige av dei verktøya som Facebook, Apple og Google har skapt. Og desse selskapa viser i sin tur kor presist Heidegger og Jonas skildrar dei overordna utviklingstrekka i moderne teknologi. Aksepten av denne vekstautomatikken er Jonas si største bekymring for framtida.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Femte del heiter “Menneska vil ha permanent innovasjon”. Medan del 4 handla mest om dei eigenskapane ved teknologi som skapar permanent innovasjon handlar del 5 om nokre opportunistiske trekk i mennesket som bidreg til den same utviklinga. Det ligg i menneskets natur å dyrke sine eigne muligheiter, sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Vår kapasitet for nyvinning er vår skjebne, seier Jonas.

]]>
Nok er nok. En kamp om fremtiden. https://voxpublica.no/2019/02/nok-er-nok-en-kamp-om-fremtiden/ https://voxpublica.no/2019/02/nok-er-nok-en-kamp-om-fremtiden/#comments Tue, 12 Feb 2019 08:31:54 +0000 https://voxpublica.no/?p=20468 Shoshana Zuboff er ikke et ukjent navn for mange akademikere, og særlig ikke for informasjonsvitere. Den amerikanske professoren – nå emerita – blir omtalt som en av de mest kreative tenkere i verden. Hun ble den første kvinnen som fikk en professorstilling på eliteuniversitetet Harvard i 1981, og ble kjent med bestselgeren «In the Age of the Smart Machine. The Future of Work and Power» fra 1988. I boken følger hun tett teknologiske utviklinger på 80-tallet og analyserer konsekvensene av den gradvise integreringen av informasjonsteknologier i arbeidslivet og hos organisasjoner.

Boken baserer seg på et omfattende flerårig studiearbeid der hun oppsøkte og analyserte arbeidsforhold og bruken av datateknologi i ulike institusjonelle og individuelle kontekster. Hun kommer frem til at forholdet mellom informasjonsteknologi og arbeid har tre grunnleggende kjennetegn: 1) Teknologien er ikke nøytral i seg selv, men har noen innebygde karakteristikker som åpner for helt nye erfaringer, men som også går på bekostning av andre erfaringer; 2) på bakgrunn av de nye mulighetene som åpner seg, tar individer og grupper valg som former den videre utviklingen, og 3) samspillet mellom teknologiens iboende kvaliteter og menneskelig valg påvirkes i tillegg av sosiale, politiske og økonomiske interesser med både forutsigbare og uforutsigbare utfall. Allerede på et så tidlig stadium av datateknologiens inntog i organisasjons- og arbeidslivet, ser Zuboff tydelige særpreg ved det informasjonsteknologiske skiftet. På et tidspunkt lenge før internett ble introdusert peker hun på ulike kontrollmekanismer de nye informasjonsteknologiene åpner for, som etter hennes mening vil forandre fremtidens arbeidsliv.

Et nytt økonomisk paradigme

30 år etter at boken ble publisert befinner vi oss midt i en æra som ofte betegnes som «det store digitale skiftet» der alle hjørner av livet og samfunnet er i ferd med å gjennomsyres av datateknologi. Denne ideen går tilbake til Mark Weisers (1991) visjon av en usynlig, allestedsnærværende datateknologi («ubiquitous computing»), og er knapt 30 år senere ikke lenger en utopisk forestilling, men en faktisk realitet.

Tingenes internett, bedre kjent som «Internet of Things», har blitt et «buzzword» i den aktuelle digitaliseringsdebatten, og beskriver enkelt sagt det neste store skrittet i informasjonsteknologiens evolusjonære syklus. Teknologien veves nå tett inn i hverdagslivet og gjennomtrenger nærmest alle aspekter og omgivelser vi beveger oss i. Den stopper ikke foran oss, men invaderer i økende fart vår egen, menneskelige kropp.

Tidsnok til denne nye og invaderende fasen i informasjonsteknologien er Shoshana Zuboff i 2019 tilbake med en ny bok, med originaltittelen «The Age of Surveillance Capitalism. The Fight for a Human Future and the New Frontier of Power», som bygger på hennes akademiske livsverk og bærer på flere viktige budskap. Boken bygger på tanker som særlig finner resonans i den tyske offentligheten. I 2013 ble Zuboff nemlig vervet av den tyske journalisten og forfatteren Frank Schirrmacher til å skrive for føljetongen i et av Tysklands intellektuelle, journalistiske flaggskip: Frankfurter Allgemeine Zeitung. I flere essayer som Zuboff publiserte fra 2013 til 2018 innfører hun flere nye begreper som «overvåkningskapitalisme» («Surveillance Capitalism»), «de store andre» («Big Other») eller «mørke Google» («Dark Google»), og utvikler nye ideer som utgjør startskuddet til den store debatten om menneskenes digitale fremtid og «Big Data».

Den hemmelige arkitekturen

Zuboffs refleksjoner rundt overvåkning, datamisbruk og nye informasjonsteknologier treffer et fortsatt åpent sår i landet som er kjent for verdens strengeste datavern-reguleringer. Tysklands store interesse for å beskytte privatsfæren og personlig data er dypt forankret i flere kulturhistoriske begivenheter og resulterende kollektive traumer knyttet til datamisbruk (f. eks. jødeforfølgelse, Øst-Tysklands Stasi og folketelling i 1983).

Med argusøyne og sterkt ambivalente følelser har tyskerne først observert, og så diskutert, den pågående og omfattende digitaliseringen i samfunnet og hva det innebærer at datateknologiene og tilhørende infrastrukturer gjennomsyrer alt. Mange bransjer, særlig store mediebedrifter, hoppet nølende på transformasjonens digitale hurtigtog med ukjent reisemål. Med god grunn. Dette viser også et åpent brev fra 17. april 2014 fra en av Tysklands mest innflytelsesrike mediestyrere, Mathias Döpfner (daglig leder for Axel Springer-konsernet), i Frankfurter Allgemeine Zeitung, der han henvender seg til Googles administrerende direktør, Eric Schmidt. Under tittelen «Why we fear Google» forklarer Döpfner med et medrivende og tydelig språk at europeiske mediehus er helt avhengige av gigant-konsernet Google, og han tviler på at konkurranse kan fungere i dagens digitale marked, hvor søke-infrastrukturen og stort sett alle dataene til digitalt aktive borgere ligger i hendene til noen få private aktører. Situasjonen spissformulerer han slik: Google trenger ikke oss. Men vi trenger Google.

I boken «The Age of Surveillance Capitalism. The Fight for a Human Future and the New Frontier of Power» (2019) avdekker Shoshana Zuboff informasjonsteknologiens antidemokratiske maktstrukturer. Kilde: PublicAffairs

Zuboffs argumentasjon treffer tonen i diskusjonene om digitalisering i den tyske offentligheten, og da er det lite overraskende at hennes nyeste bok først ble utgitt i Tyskland før den ble publisert i hennes hjemland, USA. Bokens fysiske representasjon kan ses som en «statement» i seg selv, og kommer kanskje til å skremme alle som har vent seg til «lettfordøyelig» digitalt innhold. Boken er bokstavelig talt ingen lettvekter med sine 1,2 kilo og 704 sider, men Zuboffs lettflytende og essayistiske fortellerstil, kombinert med et fengende innhold, gjør boka til en «pageturner».

Zuboff briljerer i sin nye bok med sin omfattende kunnskap, og lager et sammenhengende og klokt oppbygget narrativ der hun prøver å finne svar på et viktig grunnleggende spørsmål: Hvem profitterer på den grenseløse kunnskapen og den nye makten informasjonsteknologier åpner for?

Gjennom møysommelig granskede detaljer fra ulike hendelser og utallige kilder samlet over 17 år, som bedriftsrapporter, statistikker, juridiske vedtak og avisartikler, samt kritisk vurdering av teorier av forskere som Burrhus Frederic Skinner og økonomiprofessorer Joseph A. Schumpeter eller Thomas Piketty, følger Zuboff utviklingen og sporene til hovedsakelig tre tech-giganter: Google, Facebook og Microsoft. Hun identifiserer disse konsernene som petriskålen for å observere «DNA-strukturen» til et nytt økonomisk paradigme som har dannet seg i kjølvannet av spesielle historiske konstellasjoner på begynnelsen av 2000-tallet i USA.

Radikal kapitalisme

Zuboff beskriver utviklingen av en ny og mer radikal form for kapitalisme hun betegner som «overvåkningskapitalisme». Den baserer seg ikke lenger på menneskelig arbeid og det velkjente Marx-imperativet hvor den som eier produksjonsmidler eier makten, men grunner sin økonomiske interesse i en allsidig og altomfattende overvåkning av menneskers handlinger og adferd, både i digitale og analoge sammenhenger. I dette systemet forstås menneskelig adferd som en grenseløs, utømmelig råvare som er tilgjengelig i et uregulert område, og som kan brukes og forvandles til økonomisk gevinst.

Zuboff ser spesielt på høsting av dataspor generert av menneskelige interaksjoner på nett. Slike spor samles, analyseres og akkumuleres ved hjelp av avanserte algoritmer og kunstig intelligens uten at vi er klar over det. Disse datasporene, som også omtales som «datastøv», kan forstås som forskjellige overskuddsdata som lagres uten at vi legger merke til det, for eksempel gjennom et enkelt Google-søk. I tillegg til selve søket genereres nemlig forskjellige andre data, som antall brukte søkeord, søkerens formuleringer, individuelle inter-punkteringer, klikkmønstre, inntastingshastighet, oppholdes varighet, staving og lokalisering. Disse overskuddsdataene, i kombinasjon med andre data fra våre bevegelser på nettet, blir brukt til å lage omfattende profiler av personer og danner grunnlaget for det neste steget – å kategorisere og forutsi adferden vår (Zuboff, 2018, s. 90).

Zuboff beskriver det nye økonomiske paradigmet som «uten presedens», og det kreves dermed helt nye begreper og konsepter for å forstå de nye fenomenene og deres overordnede betydning. Den fremvoksende makten hun kaller for «instrumentarisme» erstatter tidligere produksjonsmidler med komplekse og omfattende teknologi-baserte mekanismer for å analysere, modifisere, samkjøre og styre menneskelig adferd i sanntid med et overordnet mål om å oppnå sikre økonomiske gevinster. Zuboff ser denne nye data-drevne markedsformen som en ny standardmodell for web-baserte bedrifter, og hun avslører Silicon Valleys Tech-Elites (Google, Facebook og Microsoft) ulike metoder og strategier for å konsentrere makt og bevisst skjule sin egen praksis og egne interesser.

Å bruke narrativer basert på teknologisk determinisme beskriver Zuboff som den trojanske hesten i det nye økonomiske paradigmet. Ifølge Zuboff blir innovasjon bevisst fremstilt som et uunngåelig og skjebnesvangert disruptivt brudd som automatisk foregår i svimlende fart. Hun ser på dette som et strategisk trekk for å legitimere det som i Silicon Valley kalles «permissionless innovation». Med andre ord innebærer dette å bevisst formidle et bilde av teknologiutviklingen som en uunngåelig skjebne, og bruke dette som et raffinert retorisk grep for å tvinge folk til blind aksept og kapitulasjon.

Antidemokratiske maktstrukturer

Zuboffs dyptgående refleksjoner løfter ikke bare sløret på hva tech-gigantene driver med, godt skjult for offentlighetens blikk, men avslører en ny form for makt som er selv-referensiell, parasittær og spikret med dyptgående, antidemokratiske tendenser. Den satser på et maskinbasert, matematisk bilde av mennesker, hvor mennesker degraderes til deterministiske objekter som styres, manipuleres og høstes, uspurt av avanserte og likegyldige (umoralske) maskiner for de mest intime og private detaljer som andre tjener penger på.

Zuboff konkluderer med at den indre logikken som avtegner seg bak den nye økonomiske logikken og dens maskinbaserte systemer representerer en antropologisk trussel for individets suverenitet, verdighet og selvbestemmelse. Hun oppfordrer oss til å være sand i girkassen ved å stille kritiske spørsmål og å ikke akseptere den nåværende, skandaløse misbruken av digitale ferdigheter som er forbeholdt en liten elite av menneskeheten.

Boken representerer ikke bare et viktig bidrag til å forstå det større bildet bak det digitale skiftet i samfunnet; den er også et viktig og etterlengtet korrektiv til den dominerende og ensidige retorikken til industrien og tech-gigantene, som fortsatt opptrer som om de har enerett å bestemme over menneskenes fremtid. Boka er et manifest som motiverer til samfunnsdebatt, og oppfordrer oss til å våkne opp og stille kritiske spørsmål. Den er et opprop for å kjempe for alternative forståelser som gir lysere framtidsutsikter enn det overvåkningskapitalismens ensidige og altomfattende logikk avtegner.

Kilder

Doepfner, M. (2014). «Why we fear Google.» Frankfurter Allgemeine Zeitung.
Weiser, M. (1991). «The Computer for the 21st Century», Scientific American, 265/3: 94–105. JSTOR.
Zuboff, S. (1988). In the Age of the Smart Machine. The Future of Work and Power. New York: Basic Books.
Zuboff, S. (2018). The Age of Surveillance Capitalism. The Fight for a Human Future at the New Frontier of Power. New York: PublicAffairs.

]]>
https://voxpublica.no/2019/02/nok-er-nok-en-kamp-om-fremtiden/feed/ 2
Ungdommar er teknologiske deterministar https://voxpublica.no/2013/04/ungdommar-er-teknologiske-deterministar/ https://voxpublica.no/2013/04/ungdommar-er-teknologiske-deterministar/#comments Mon, 08 Apr 2013 08:01:06 +0000 https://voxpublica.no/?p=10276 Dei fleste elevar på vidaregåande skular er på eit stadium i livet der dei enno ikkje har reflektert noko særleg over teknologiutviklinga, og sine eigne valmoglegheiter når det gjeld medieåtferd. Ungdommane er stort sett teknologientusiastar, og berre dei færraste har klart for seg kva makt- og marknadsprosessar som styrer samfunnsutviklinga. Endå færre prøver å sjå kritisk på si eiga rolle i det heile.

I dette essayet set eg diagnose på norske skuleelevar sitt forhold til sosiale medium som Facebook, Twitter og Instagram. Det verkar som ungdommar føler at dei er nøydde å bruka dei nye mediene for å henga med i det sosiale livet. ’Sidan alle andre gjer det, må eg sjølv gjera det også’. ’Det er jo berre slik’. I den grad ungdommar har slike oppfatningar kan dei kallast teknologiske deterministar.

Eg håper elevar på vidaregåande vil lesa dette essayet, og difor er det skrive med færrast mogeleg faglege referansar og framandord. Fyrst prøver eg å forklara det vanskelege omgrepet “teknologisk determinisme” ved å bruka eit historisk eksempel, nemleg koloniseringa av den amerikanske prærien ved hjelp av damptog og telegrafi på 1860-talet. Deretter viser eg korleis Facebook og andre medium i vår eiga tid lovar oss den same typen grenselaus fridom som framskrittet på prærien lovde amerikanarane. Optimismen rundt Facebook var særleg tydeleg under den egyptiske revolusjonen i 2011, og eg diskuterer to artiklar i Bergens Tidende som forklarer hendingane heilt forskjellig: I det eine tilfellet var det Facebook som forårsaka revolusjonen, i det andre tilfellet var det frustrasjonen blant egyptarane sjølve som tente gnisten.

I det sistnemnte eksempelet ligg det håp. Dersom ungdommar skal kunna overvinna den teknologiske determinismen i seg sjølve, må dei innta den same modige haldninga som unge egyptarar gjorde i 2011. Norske ungdommar må tenkja at dei sjølve kan påverka utviklinga av dei sosiale mediene, og gjera dei så gode som mogeleg for det norske samfunnet. Denne tankegangen kan kallast “mediedesign”.

Kva er teknologisk determinisme?

Å vera teknologisk determinist betyr at du trur samfunnsutviklinga vert driven fram av teknologiar meir enn av interessene til enkeltmenneske og grupper. No for tida er sosiale medier eit godt eksempel på dette. Facebook har endra det sosiale livet til ungdom over heile verda utan at ungdommane sjølv vart rådspurt, og har forårsaka ein revolusjon i måten folk kommuniserer med kvarandre på. I det minste er dette ei hevdvunnen oppfatning.

Mange har ei overdriven tru på at teknologiar gjer verda betre. Begeisting over framskritt og framtid er ikkje det rette hvis begeistringa er ugjennomtenkt eller grunnlaus. Då kan den faktisk vera eit uttrykk for mangel på fridom. Begeistringa kamuflerer ei kjensle av at ein er dømt til å delta i dei aktivitetane som dominerer no. Då bit ein tennene saman og er entusiastisk, og slår hardt ned på dei som tenkjer annleis. Dei som ikkje vil bruka Facebook er gamaldagse. Dei romantiserer tidlegare tiders livsførsel, og nektar å ta innover seg verkelegheita slik den er no. Dei kan gjerast narr av som representantar for tanken om at “alt var betre under krigen”.

Deterministen tenker at teknologien fungerer på ein forhåndsbestemt måte

Feilplassert begeistring gjer at ein overser eit viktig problem, nemleg at me eigentleg ikkje kan gjera heilt som me vil. Me er ikkje frie! Dei gigantiske teknologiske strukturane er sterkare enn vår personlege vilje, i hvert fall så lenge me ferdast ute i det materielle samfunnet. Tenk deg at du skal til Amsterdam. Du skrur av TVen, forlet huset, kjem ut i trafikksystemet, vert frakta til ein flyplass, skrur av mobilen, tek flyet til ein annan by, skrur på mobilen, går gjennom flyplassen, kjem ut i trafikksystemet, sjekkar inn på hotellet, og skrur på TVen. Du går i ei sluse som du er tvungen til å vera inni. Sjølv om du kan tenkja på kva du vil så er kroppen din fanga i dette teknologiske systemet.

No vil eg gå nærare inn på kva determinisme er, og vil bruka utbreiinga av jernbanen i USA på 1860-talet som eksempel. Då var det ei voldsom framtidstru, og den var deterministisk. Kjernen i denne måten å tenkja på er at utviklinga av samfunnet hovudsakleg skjer gjennom oppfinning av nye teknologiar som er meir effektive enn dei gamle. Jernbanen kan frakta meir gods og passasjerar enn hest og vogn kan, og sette i gang ein transportrevolusjon. Sosial og kulturell utvikling kjem som eit resultat av at stadig meir avanserte teknologiar vert konstruerte, og dei byggjer på alt det avanserte som allereie er utvikla. Sivilisasjonen breier seg utover prærien, der det tidlegare berre var audemark. Det ligg i sakens natur at denne teknologiske utviklinga skapar endringar i folks livsførsel og kvardagsliv. Jordbruksland vert opna opp, handelen blomstrar og mange fleire menneske kan verta rike og nøgde.

Litografi frå 1868, produsert av firmaet Currier & Ives: "Across the Continent. Westward the course of empire takes its way".

Litografi frå 1868, produsert av firmaet Currier & Ives: “Across the Continent. Westward the course of empire takes its way”.

Det finst ibuande eigenskapar ved teknologiar som gjer dei godt brukande til visse ting, og ikkje til andre ting. Jernbanen forårsakar siviliseringsprosessen pga. sitt store transportvolum, behovet for stasjonsbyar langs linja, marknaden for jern til skinnene, og så bortetter. Når ein teknologi har vorte introdusert i samfunnet vil den nødvendigvis føra til endringar; dette er ikkje noko som er oppe til debatt. Indianarane sin tidsalder er ute. Deira livsførsel var basert på store naturlandskap der dyr beiter og kan jaktast på, og dette livet har ingen sjanse i det nye teknologiske landskapet.

Framskrittet er uunngåeleg. Deterministen tenker at teknologien fungerer på ein forhåndsbestemt måte. ’Det går ikkje an å vera imot utviklinga’, seier han, ’for eg er berre eit lite menneske i den store samanhengen’. I USA på 1860-talet fanst det eit ideal om “manifest destiny”. Det var amerikanaranes klare skjebne å gjenskapa det beste frå den gamle verda i den nye verda. Dette krevde heile tida nye territorier, heilt til det ikkje var meir igjen å kolonisera. Utviklinga vert dermed uunngåeleg, og du treng eigentleg ikkje tenkja på det. Det var heilt naturleg at bilen kom etter jernbanen, og så kom flyet, og alt var med på å gjera den amerikanske siviliasjonen meir perfekt.

Sidan 1800-talet har det blitt stadig mindre politisk korrekt å tenkja slik, og dei færraste slår seg på brystet og seier ’Eg er ein teknologisk determinist’. Det ville jo høyrest ut som du ikkje trur at det er mogeleg med personleg initiativ, og at ein ikkje kan endra på ting gjennom samarbeid og politisk mobilisering. Det paradoksale er at determinisme fungerer som ei optimistisk haldning for unge menneske som lever i omskiftelige tider. Eg sjølv er fri, mens teknologien kjem og påverkar meg fra utsida.

Facebook gjer deg fri!

Hvis ein teknologi fungerer bra, slik som mange meiner at Facebook gjer, vil den verta oppfatta som positiv, og hvis den fungerer dårleg, slik som DAB-radio kan vera eit eksempel på, så vil den verta oppfatta som negativ. I begge tilfelle er det teknologien som forklarer endringane, og ikkje mine eigne handlingar. Slik vert teknologisk determinisme ein god intellektuell overlevingsstrategi, og du kjenner deg fri.

Men kva slags fridom er dette? Tenk på korleis Steve Jobs og dei andre entreprenørane bak nye medier vert framstilt. Suzanne Beckmann, professor ved Copenhagen Business School, omtalar han slik: “Han har, på en teknisk avansert, men samtidig lekker og brukervennlig måte, gitt oss frihet. Frihet til fleksibilitet og mobilitet. Det er nærmest en revolusjon. Han har revolusjonert vår måte å føle oss frie på” (Klassekampen, 12.10.2011). Javel. Steve Jobs har laga teknologiske løysingar som vert spreidd ut i samfunnet på ein så total måte at me nesten er dømt til å meina at dei forbetrar liva våre. Det er akkurat som med jernbanen på 1800-talet. Kven kan vel vera imot framskrittet?

I motsetning til tradisjonelle medium som radio og fjernsyn produserer ikkje sosiale medium innhald. Dei lagar ikkje nyheiter, fiksjonsfilmar eller radioteater. Facebook sender brukarane sitt innhald fram og tilbake inni nettverket, og sensurerer vekk det som vert klaga på, men elles er dei (liksom) nøytrale og usynlege. Nettopp denne mangelen på innhald er sosiale medium sitt fremste karaktertrekk, og dei har jo medført ein slags revolusjon.

Twit­ter og Face­book lærer deg å hevda deg sjølv betre

Men kva går revolusjonen ut på? Nettverksbaserte medium har gjort at folk kan skaffa seg informasjon mykje raskare enn i den analoge tidsalderen, då einvegsmediene dominerte. Relevant informasjon er no alltid tilgjengeleg, til og med på do. Endå viktigare er det at folk kan delta i offentleg kommunikasjon heilt sjølve. Me kan skriva, legga ut bilete, filma videoar og delta i større eller mindre offentlegheiter med våre meiningar. Slik sett har sosiale medium medført ei endå sterkare demokratisering i Norge enn det som lokaldemokratiet og velferdsstaten allereie har stimulert til.

I sum har sosiale medium “forårsaka” ein enorm auke i den teknologisk formidla kommunikasjonen mellom vanlege folk, og firma som Telenor, Riks-TV og Spotify tener like enorme summar på å levera infrastrukturen for det heile. Alt har blitt friare og meir individualistisk. Twitter og Facebook lærer deg å hevda deg sjølv betre, og gjer deg til ein betre tilpassa samfunnsborgar – i hvert fall innafor det samfunnet som dei nye mediene skapar. Folk som tek medieutdanning får interessante jobbar der dei driv med strategi, formidling og programmering som styrkar dei nye medienes påverking. Dersom du vil, kan du fint tenkja at det er fantastisk å leva no!

Sosiale mediers rolle under den egyptiske revolusjonen

Men som de skjønar er eg ein av skeptikarane. Dei siste åra har eg jevnleg lest ordet “Facebookrevolusjonen”, og eg vert like irritert kvar gong. Tanken er at Facebook var så viktig for koordineringa av møte og protesthandlingar på Tahrirplassen i Kairo, at dette mediet forandra verkelegheita i Egypt. Eg kan ikkje seia at det er direkte feil, men eg kan seia at eg vert deprimert av å tenkja at det skulle vera rett.

Bergens Tidende formulerer ein slik deterministisk Egypt-analyse i artikkelen “Facebook forandret verden”, trykt den 28. februar 2011. Språkforskar Linda Kjosaas vert intervjua, og meiner at Facebook var heilt avgjerande for organiseringa av demonstrasjonane. Særleg Facebook-gruppa “Vi er alle Khaled Said” hadde stor mobiliseringseffekt, og fekk over ein million medlemmer. Ifølge Kjosaas var Facebook “en viktig møteplass for aktivistene og en forutsetning for at revolusjonen fant sted”.

Faksimile frå Bergens Tidende, 28. februar 2011.

Faksimile frå Bergens Tidende, 28. februar 2011.

Analysen føreset at egyptarane får si dramatiske samfunnsomveltning fordi ein teknologisk muligheit dukkar opp, og det gjer den på eit tilfeldig tidspunkt i egyptisk samanheng, sidan Facebook sin oppkomst vittarleg vart bestemt av den amerikanske siviliasjonsutviklinga. Plutseleg får egyptaren kraft til å tvinga sin vilje gjennom. Endeleg kan folk skapa pressgrupper på Facebook, etter hundrevis og tusenvis av år utan denne muligheita. I vår teknologikvardag framstår det som heilt naturleg å gje Mark Zuckerberg æra for at det vart revolusjonære tilstandar i Nord-Afrika. Me er så trygge på godheita i våre medieteknologiar at me lett kan tru at dei no sveipar gjennom den muslimske verda og skapar framskritt og demokrati.

Men i denne analysen ligg det ei alvorleg undervurdering av det politiske dyret som eit menneske er. Ei mindre deterministisk analyse av hendingane i Egypt kan interessant nok finnast i den allereie siterte utgåva av Bergens Tidende frå februar 2011. Under seksjonen “Utland” finn eg ein artikkel med tittelen “Vi fant krefter i oss selv vi ikke visste vi hadde”.

Dette er eit intervju med Ahmed Al Hindawi, ungdomsrådgivar for Den arabiske liga. Han har ei sosial forklaring på dei dramatiske hendingane. Ifølge han er problemet at regimet består av eldre menn som ikkje tek den store andelen unge menneske med i beslutningsprosessane. Unge menneske kan lett få seg utdanning, men det er ikkje lett å få arbeid etterpå, og særleg ikkje arbeid med anstendig lønn og håp om eit middelklasseliv. På grunn av stigande prisar på ris, korn og drivstoff har den økonomiske kvardagen blitt endå hardare dei siste åra. Egyptarar flest er fattigare enn på mange tiår, og lever under nedverdigande vilkår målt etter sitt eige lands normal.

Her vert revolusjonstilstandane i Egypt altså forklart med at det var politisk vilje til å utføra dei. Slik fridomstørst er velkjent frå den franske revolusjonen og hundrevis av folkelege opprør gjennom tidene. Den egyptiske viljen vert vakkert formulert av Ahmed Al Hindawi:

Våre foreldres generasjon trodde at man blindt skulle følge autoriteter og ideologier, enten det nå var religion, kommunisme, panarabisme, etc. Men vi har ingen ideologi og ingen ledere. Vi har verdier og prinsipper. Vi er også mer kritiske enn våre foreldre. Vi vet at vi ikke skal tro alt som makthaverne sier.

Her boblar det av anti-determinisme; av motvilje mot å akseptera at det må fortsetja å vera slik det er.

På ein og same dag hadde altså Bergens Tidende to heilt forskjellige forklaringar på revolusjonen i Egypt, med titlane “Facebook forandret verden” og “Vi fant krefter i oss selv vi ikke visste vi hadde”. Den fyrste forklarer hendingane med at Facebook gjorde revolusjonen mogeleg, og den andre med at krefter i dei unge egyptiske demonstrantane gjorde den mogeleg. Den fyrste forklaringa er teknologi-deterministisk og den andre kan kallast sosial-deterministisk. Eg tvilar på at politisk redaktør Sjur Holsen og kulturredaktør Hilde Sandvik har tenkt noko særleg på forskjellen. Det er jo heller ikkje vanleg at avisene formulerer ein konsistent teknologiteori i sine formålsparagrafar.

Lag mediet sjølv!

Det store dilemmaet dreier seg om å finna ut kva du sjølv meiner om utviklinga av media og samfunnet dei er ein del av. Eg meiner at eit medium kan bidra til nye former for samkøyring av handlingsvilje, men at energien til å handla må koma frå menneska. I Nord-Afrika kom revolusjonen frå ei djup felles misnøye med kvardagslivet som til slutt vart samkøyrt til ein mektig protest på Facebook – og på Tahrirplassen.

Hvis dette er riktig må det finnast eit alternativ til teorien om teknologisk determinisme. Den finst sjølvsagt, men uheldigvis har den eit endå meir tungvint namn. Den vert ofte kalla “sosial-konstruktivisme”, noko som er meint å signalisera at dei teknologiane som er viktige for samfunnet vert konstruert gjennom sosiale krefter. Denne teorien framhever at i mange historiske tilfelle var det dei sosiale behova blant folk som var den reelle grunnen til endringa. Sosial-konstruktivistane forklarer ikkje utviklinga som ein effekt av ein teknologi, men som ein prosess der mange ulike krefter er med å bestemma kva som skjer. Det er særleg fordelinga av politisk makt og pengar som pregar utviklinga. I Noreg har me sosialdemokrati og nokolunde rettferdig fordelt velstand, medan i Egypt hadde dei diktatur og ekstreme forskjellar i velstand. Også storleiken på dei ulike sosiale gruppene påverkar utviklinga, til dømes forholdet mellom høgt og lågt utdanna, som er vidt forskjellig i Noreg og Egypt. Det er altså ikkje teknologien i seg sjølv som styrer, og det er ikkje gitt på førehand korleis utviklinga vil skje. Dei ulike kreftene set begrensingar og utøver press, men dei kontrollerer ikkje utviklinga. Ingenting kontrollerer utviklinga! Den er grunnleggande open for forhandlingar, tilfeldigheiter og vilje.

Sosiale medier bør rede­sig­nast slik at dei får nors­kare ver­diar enn dei har no

I denne teorien ligg det meir håp enn i determinismen. Det går an å påverka den teknologiske utviklinga! “Filosofane har berre fortolka verda på forskjellige måtar, poenget er å forandra den”, sa Karl Marx. Eg vil komma med eit konstruktivt forslag før eg gjev meg. Me må laga nye medier sjølve! Me må designa våre eigne medier frå botnen og opp! Då dreier det seg ikkje om å analysera den eksisterande verda passivt, men om å konstruera ei ny verd aktivt, slik Marx anbefaler. Dette kallar eg mediedesign.

Mediedesign er grunnleggande verdibasert. Det går ikkje an å laga eit nytt medium utan samtidig å realisera visse åtferdsmønster og verdiar på kostnad av noko andre. God medieutvikling handlar om å finna dei beste kommunikative funksjonane, og bygga dei inn i måten teknologien fungerer på.

Tenk på kor mange andre måtar ein kan kommunisera på enn dei som er utbreidd i sosiale medier no. Det framstår truleg som absurd for den jevne entusiast at Instagram, som eit av dei nyaste mediene, burde hatt ein genuint samfunnsendrande funksjon for å fortena begeistring. Dette er jo berre meint å vera gøy! Men det er ikkje berre gøy. Eit nytt verdisystem vert utvikla i liva våre. Facebook, Instagram og Twitter dyrkar individualisme, og inspirerer til same maktfordeling i den norske offentlegheita som den dei har i USA. Kjendisar og rikfolk kjem alltid best ut. Dei sosiale mediene, slik dei fungerer no, er såleis fantastiske verktøy til å spreia amerikanske verdiar i Norge.

Men vil me eigentleg ha desse verdiane? Dersom alle tenkjer deterministisk, så går jo utviklinga sin skeive gang, og alle er nokolunde nøgde utan å vera frie. Då tenkjer me kanskje ikkje godt nok over kva verdiar me innfører mens det enno går an å påverka utviklinga, og kjem fyrst til å reagera politisk når verdiane er kroppsleggjort i ein ny generasjon av ungdommar. Då er det for seint.

Mediedesign krev mot til å velja seg eit verdisett som ein kjemper for å innføra. Eg meiner at sosiale medier bør redesignast slik at dei får norskare verdiar enn dei har no. Dei burde vera kollektive, jambyrdige og lokale, og dei burde byggast for å inspirera – eller determinera – unge menneske til å verta heilt andre vaksne enn dei vil bli slik situasjonen er no. Men så lenge utviklinga av nye medier skjer på den internasjonale medieindustrien sine premiss er det liten sjanse for at sosialdemokratiske verdiar vil prega framtida vår. Endringar i haldningar og behov må koma frå heilt andre hald.

Eg har sterk tru på at norske universitets- og høgskulemiljø kan endra innretninga på dei sosiale mediene, og endå sterkare tru på at unge, engasjerte elevar på vidaregåande skular kan verta ein maktfaktor. Tenk på motet til dei unge egyptarane! Norsk ungdom har sjølvsagt også potensial for eit slikt mot. Dersom dei tenkjer ordentleg over sin eigen mediebruk kan dei innsjå at det er mogeleg å stå imot tendensen til å tenkja at alt allereie er avgjort. Ungdommar som torer å utfordra dei sosiale medienes tvangstrøye kan utgjera ei veldig kraft, og på lengre sikt kan dei endra det norske samfunnet til det betre.

Dette innlegget vart opprinneleg halde som eit føredrag under “Framtidskonferansen” på Nordahl Grieg vidaregåande skule, 20. februar 2013. Då var tittelen “Teknologideterminisme. Ein vanleg tenkjemåte blant folk som er begeistra for nye medier”.

]]>
https://voxpublica.no/2013/04/ungdommar-er-teknologiske-deterministar/feed/ 1
Journalisten som teknologisk determinist https://voxpublica.no/2010/11/journalisten-som-teknologisk-determinist/ https://voxpublica.no/2010/11/journalisten-som-teknologisk-determinist/#comments Mon, 01 Nov 2010 06:00:33 +0000 https://voxpublica.no/?p=4730 Vi intervjuet 32 norske journalister i 2007, og våre informanter mente da at informasjonssøk på Google og andre søkemotorer er en positiv aktivitet som styrker kvaliteten på kildearbeidet, mens publisering av nyheter i nettaviser i stor grad er useriøs og uøkonomisk, og således svekker journalistikken. Dette kan tolkes som at de har sterk tro på de klassiske profesjonsverdiene for journalistikk i vestlige demokratier. De er uansett veldig bevisste på hva som gagner idealene for deres profesjon.

Denne analysen handler om måter journalister forstår seg selv på som journalister, og den er dermed hermeneutisk. Alle profesjoner har en viss selvforståelse som styrer forholdet til andre profesjoner, for eksempel oppfatningen av hvor autonome de er når det gjelder privilegier og ekspertise. Blant de mange tolkningsrammene som er virksomme i utøvelsen av det daglige virket, skal jeg altså fokusere på den som gjelder ny teknologi.

Teknologier er ikke nøytrale

Teknologisk determinisme er en måte å forstå samfunnsutviklingen på som forutsetter at sosial og kulturell endring kommer som et resultat av en stadig mer avansert teknologisk utvikling. Det ligger under at teknologiene forårsaker endringer på grunn av den effektiviseringen som er innebygd i dem. Raymond Williams (1974) har kritisert denne posisjonen for å undervurdere sosiale behov i samfunnet, og overse at i flere historiske tilfeller, for eksempel ved innføringen av radio, var sosiale behov som nyheter, hjemmehygge og nasjonsbygging de reelle endringsagentene.

En deterministisk forståelsesramme er aktiv i de fleste norske redaksjonsmiljøer, om ikke alle. I en nyhetsredaksjon er det mange rutiner og regler som styrer handlinger og talemåter, og blant disse befinner den teknologiske determinismen seg. Journalistenes arbeid dreier seg om rask informasjonsbehandling, om å sjekke kildene, spisse temaet og skrive saken på en interessevekkende måte. Kilder må oppsøkes enten personlig, per brev, telefon og e‑post eller ved hjelp av søkemotorer og websider på nettet. Redaksjonen må være i takt med hendelsenes gang, og helst være først ute med nyheten. Disse kravene medfører en forventning om effektivitet og raskt arbeid, og derfor har deterministiske tankemønstre gode vekstvilkår.

Henrik Ørnebring (2010:58) framhever at journalister har et yrke der det har skjedd store omveltninger de siste årene:

When journalists are required to learn digital production techniques in order to create content for different media platforms, that represents tangible changes in their working lives, changes that are readily perceived as being ‘caused’ by technology.

Dette er en halv-bevisst tenkemåte som det er lett å falle inn i. Problemet er at teknologi blir tenkt på som noe atskilt fra profesjonsverdiene, og det mener jeg er feil. Det ville nemlig være en stor misforståelse å forutsette at teknologier er nøytrale.

Teknologier har perseptuelle og materielle begrensninger som menneskene nødvendigvis må leve med, og når en ny teknologi blir tatt i bruk oppstår det nye muligheter for handling og kommunikasjon. Vi påvirker alle denne utviklingen gjennom de praksisene vi adopterer og praktiserer i dagliglivet, i det minste påvirker vi vårt eget liv. Vi har alle derfor også et personlig ansvar for teknologiforholdene i samfunnet, og dette blir fordunklet i en deterministisk teknologiforståelse. Leo Marx (1994:35) innser at denne unndragelsen er en tiltrekkende forståelsesramme: “Who among us would deny that it is easy to be drawn into technology-driven explanations of cultural and historical processes?”.

Redaksjonenes bruk av søkemotorer

La meg nå gå inn i vårt empiriske materiale. Nasjonale medier er tungt representert i vår undersøkelse. De urbane journalistikkmiljøene er spesielt interessante fordi de er mer gjennomsyret av digitale teknologier enn lokalavisene og de regionale radiostasjonene. Å følge med på utviklingen er viktig for medier som NRK, TV 2, Aftenposten, Bergens Tidende og P4, og de investerer stadig i nytt utstyr og oppgraderinger. Både for redaksjon og journalister ligger det stor prestisje i å være godt utrustet, og det er viktig å kunne kjempe nyhetskrigen og seerkampen med de nyeste og beste journalistiske verktøy.

Journalister kommer fra alle lag av folket, og vårt utvalg avspeiler dette. Gjennomsnittsalderen på våre informanter var 35 år, den eldste var 54 år og den yngste 22 år. 87 prosent av informantene har høyskole- eller universitetsutdannelse, og 81 prosent av dem er heltidsansatt i bedriften de jobber i. I gjennomsnitt hadde de jobbet 5,5 år i en redaksjon. Vi snakket med allroundjournalister, og journalister som driver med nyheter, kultur, økonomi, sport, medier og kjendiseri, forbrukerstoff og lokalstoff.

Vi spurte ”Hvilke søkemotorer bruker du i ditt daglige arbeid?”, og 100 prosent svarte Google. 72 prosent brukte også Sesam, og 69 prosent Kvasir. Selv om vi bare intervjuet 32 mennesker tror vi dette funnet er representativt for journaliststanden i Norge. Hvorfor er journalistene så avhengige av akkurat Google? Trond (28) i Os- og Fusaposten sier: “Det har bare blitt en vane, altså. Verken mer eller mindre.” Google er så utbredt at det norske språk for lengst har fått et nytt ord i vokabularet; å google noe.

Vi kartla hvor hyppig søkemotorer ble brukt gjennom arbeidsdagen. To tredjedeler bruker søkemotorer flere ganger i timen, og 97 prosent bruker dem daglig (se figur). Søkemotorer er mer integrerte i redaksjonsarbeidet enn både telefoni, e‑post og ansikt-til-ansikt samtale. Denne store utbredelsen kan tolkes som et uttrykk for at hele bransjen ser på søkemotorer som uovertrufne verktøyer for journalistikk, og at det derfor er et akseptabelt offer at andre verktøy blir brukt mindre enn før.

Tore (31) i BT.no sier: “Google blir brukt på samme måte som du bruker en kalkulator. Du skal bare ha et svar.” Tanken om at søkemotorer er et verktøy for effektivisering av tradisjonelle arbeidsoperasjoner gjelder både i små lokalaviser og store nasjonale fjernsynsstasjoner, og blant saktearbeidende kulturjournalister og rasktarbeidende nettjournalister. For alle gjelder det at søkemotorer er et nyttig hjelpemiddel for den som behersker det, og til liten hjelp for den som ikke gjør det.

Disse erfaringene blant våre informanter støtter opp under påstanden om at journalistikken er preget av en underliggende teknologisk determinisme. Alt tyder på at man raskt venner seg til nye teknologier, og at de dermed raskt blir nøytralisert. Etter ganske kort tid føles det ikke lenger som en genuint ny eller annerledes praksis enn den tidligere. Siden du gjør det hele tiden blir det vanskelig å opprettholde tanken om at dette er noe spesielt eller nytt. Men nøytraliseringen skjer naturligvis bare mentalt, for den perseptuelle og materielle endringen er permanent og blir ikke nøytralisert i det hele tatt. Nettopp fordi teknologier er så viktige blir de ikke reflektert over, og har blitt kroppsliggjort ifølge Maurice Merleau-Ponty, og internalisert ifølge Berger og Luckmann.

Positive oppfatninger: effektiviserer, forbedrer

La oss nå ta en nærmere kikk på våre informanters påstander om endring, som dukket opp overalt i våre intervjuer. Vi definerer dette som en påstand som enten eksplisitt eller implisitt formulerer en endring fra før til nå eller fra nå til et framtidig tidspunkt. Vi kategoriserte en rekke slike påstander, og presenterer en smaksprøve her.

Søketeknologiene har medført at kildetilfanget er større enn før. Harry (54) i Gudbrandsdølen Dagningen sier: “Tidligere var det jo ikke mulig å hente ut tilsvarende informasjon om lovverk og saksbehandling i kommunen som vi gjør nå. Du kunne jo gjøre det hvis du holdt på en uke. Men nå kan du få veldig god oversikt over veldig mange saker.”

“Nyhetssakene er mer korrekte enn før”, sier Laura (54) i Eidsvoll Ullensaker Blad. Laila (31) i Dn.no bekrefter dette. “Bare å finne faktaopplysninger om en person kunne ta en dag, men nå tar det et kvarter. Det har utrolig mye å si for sikkerheten av det man skriver. Jeg er mye sikrere på at det jeg skriver er riktig.” Guri (32) i Bergensavisen sier: “Det blir lettere å verifisere at noe stemmer, og det blir vanskeligere å slippe unna med noe slett eller halvveis arbeid når det er så enkelt å finne ut om ting stemmer.”

Søketeknologier har gjort produksjonen av artikler raskere og enklere enn før. Jens (52) i NRK Fjernsyn sier: “Umiddelbart får vi svar på selv de mest kompliserte spørsmål. Så det går ikke an å få overvurdert betydningen av Internett som kunnskapsbank.”

Når det gjelder samfunnsoppdraget, er det flere som mener at søkemotorene har skapt en utjevning av kunnskap i redaksjonene, slik at små aktører styrkes. Vidar (25) i TV 2 Nyhetskanalen sier at “der de tunge mediemaskinene med mest penger tidligere hadde klare fortrinn, så har de skrumpet inn på grunn av teknologien”. Både Terje (38) i Dag og Tid og Kari (40) i Klassekampen framhever dette. Kari sier: “Vi har hatt begrensede midler til å abonnere på andre papiraviser og tidsskrifter, og vi har et veldig lite bibliotek. Vi har dessuten ikke mulighet til å reise mye. Sånn sett har nettet åpnet tilgangen på informasjon veldig.”

Negative oppfatninger: forflater, passiviserer

Dette var positive oppfatninger av forholdet til teknologi, der teknologiens iboende egenskaper medfører effektivisering og forbedring av ulike slag. Her kommer noen eksempler på negative oppfatninger av de samme teknologiforholdene.

Klipp- og limjournalistikken blir oppfattet som det største enkeltstående problemet. Laila (31) i DN.no sier at “det er mye mer cut and paste og kopiering nå. La oss si at du kommer litt skjevt ut med en opplysning, den er ikke nødvendigvis feil, men den er ikke riktig heller. Hvis denne opplysningen kommer i en bakgrunnsartikkel i Aftenposten, så kan du være sikker på at den dukker opp i hundre små meldinger i andre medier. Og den vil dukke opp igjen hvis det blir en stor sak om temaet et år etterpå.”

Knut (34) i BA sier at det er negativt at “det alltid er om å gjøre å være raskest ute med fellesstoffet, for eksempel i tilknytning til en pressekonferanse eller en ulykke”. Dette har påvirket journalistikken generelt, mener Harry (54) i Gudbrandsdølen Dagningen. “Det å være raskt ute går ofte på bekostning av kvaliteten. Det blir mye selvfølgeligheter som surrer rundt, og jeg tror at journalistikken generelt har blitt mer overfladisk.”

Ulrikke (28) i Propaganda framhever også overfladiskheten som et problem. “Det blir mye mer bruk av den samme kilden, for søkemotorer gjør oss late. Det er lettvint å ta det første du finner ut.” “Du har ikke deadline, du har startline”, sier Lars (31) i VG Multimedia. “Du publiserer artikkelen din som en kort sak, og så bygger du hele tiden ut. Det å få ut en sak ganske kjapt er så viktig at det kan gå på bekostning av kvaliteten.”

Et ytterst troverdig problem er at journalistene blir sittende veldig mye inne på kontoret, og har lite direkte kontakt med kildene. Fred (33) i Bergens Tidende har nådd et metningspunkt for tidsbruk ved datamaskinen. “Særlig mye mer tid bør kanskje ikke journaliststanden tilbringe ved datamaskinen, men så er det nesten ikke mulig heller.” I noen redaksjoner har utviklingen i retning av stillesittende computerarbeid nådd maksimal utbredelse.

Alle eksemplene jeg har gått gjennom er preget av den samme tolkningsrammen: journalistikken som sådan er autonom, mens teknologien kommer og påvirker den fra utsiden, på gode og dårlige måter samtidig. Dette er et ytterst dominerende rammeverk, og det kan være vanskelig å se alternativer uten å gå til radikale teorier som Bruno Latours symmetriske aktør/nettverk-teori.

Determinisme — en dårlig teori om virkeligheten

Journalistene tenker at teknologien fungerer på en forhåndsbestemt måte, med kraftfulle konsekvenser og liten mulighet for påvirkning fra deres egen side. Men samtidig har journalistene en svært robust forståelse av sin egen profesjon, — av samfunnsoppdrag og vaktbikkje og dagsorden. Profesjonen er liksom akkurat like autonom som teknologien, og journalistenes kritiske research er derfor per definisjon upåvirket av søketeknologiene. Alle teknologier vil kun være verktøy til å utføre kildearbeidet godt eller dårlig, og æren eller skammen ligger hos journalisten som alltid før.

Vårt materiale gir grunn til å hevde at teknologisk determinisme fungerer som en optimistisk holdning for en yrkesgruppe som lever i omskiftelige og vanskelige tider. Denne pragmatiske, no-nonsense-tilnærmingen til teknologi er en fleksibel forståelsesramme når stadig nye teknologier blir introdusert i hverdagen. Enten det gjelder Twitter og Facebook eller iPhone og iPad, så overlever profesjonen gjennom å tenke at den gjør det den alltid har gjort. Hvis en teknologi fungerer bra vil den bli oppfattet som positiv, og hvis den fungerer dårlig vil den bli oppfattet som negativ. I alle tilfelle er det teknologien som forklarer endringene.

Slik blir teknologisk determinisme en velfungerende overlevelsesstrategi, selv om den fortsatt er en dårlig teori om virkeligheten.

Referanser

Smith, M., Marx, L. (red.) (1994): Does Technology Drive History? The Dilemma of Technological Determinism. Cambridge, Mass.: MIT Press.

Williams, R. (1974): Television. Technology and Cultural Form. London: Fontana/Collins.

Örnebring, H. (2010): “Technology and journalism-as-labour: Historical perspectives”, Journalism Vol 11 (1) 57–74, 2010.

Om artikkelen

Dette er en forkortet versjon av en artikkel med samme navn i Johann Roppen og Sigurd Allern (red): Journalistikkens samfunnsoppdrag. IJ-forlaget 2010.

]]>
https://voxpublica.no/2010/11/journalisten-som-teknologisk-determinist/feed/ 1