teknologipessimisme - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/teknologipessimisme/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 05 Jan 2021 07:01:17 +0000 nb-NO hourly 1 Vi må redde offentlegheita frå seg sjølv https://voxpublica.no/2020/11/teknologi-og-journalistikk-vi-ma-redde-offentlegheita-fra-seg-sjolv/ Tue, 03 Nov 2020 13:01:52 +0000 https://voxpublica.no/?p=63357 Når medievitarar diskuterer ny teknologi er det mykje tung kritikk og pessimisme. Eg har sjølv bidratt til denne posisjonen med ei omfattande lesing av moralfilosofen Hans Jonas sitt mørke perspektiv på teknologiutviklinga i ein essayføljetong i Vox Publica

            Men det går faktisk an å tenkje positivt for medievitarar også. Det går an å formulere optimistiske visjonar knytt til teknologiutviklinga innan medier og kommunikasjon. I dette innlegget vil eg supplere pessimisten Hans Jonas med optimisten John Dewey, og vise korleis vi kan bruke hans måte å tenkje på for å fikse den norske offentlegheita anno 2020.

John Dewey (1859 — 1952) var ein amerikansk filosof i den pragmatiske tradisjonen. Han hadde ei optimistisk haldning til blant anna teknologiutvikling og pedagogikk, og kan enno vere til inspirasjon for dei som ynskjer å endre livsvilkåra til menneska på ein vitskapleg måte.

Skift retning på ytringsenergien

Folk flest har mykje på hjartet, og ytrar seg villig vekk i sosiale medium. All den energien som går med til å skrive og fotografere på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat kunne i prinsippet brukast annleis. Kva om borgarane kunne overtydast til å gjere ein friviljug innsats for å lage sakleg, relevant og samfunnskritisk journalistikk som mediene til og med fekk gratis? 

            No har det rabla for Lars Nyre, vil ein kunne meine. Det er urealistisk å tru at medievitarar kan bidra til ei slik endring! Eg vil no likevel argumentere for denne posisjonen. Det er eit visst grunnlag for optimisme fordi fleire studentprosjekt dei siste åra har vist kor lett det er for unge folk å foreslå slik konstruktiv endring.

            Våren 2019 laga studentar ved UiB prototypen Ekko; ein app som gjer ditt nyheitstips til ein artikkel i lokalavisa med minimal innsats. Våren 2020 laga studentar ved Universitetet i Stavanger fem prototypar for redaksjonell nyvinning. Desse utviklingsprosjekta gjev eit hint om kva som kunne lagast viss verkeleg tunge ressursar vart sett inn. 

Offentlegheita har eit problem

Gode gamle Jürgen Habermas seier at offentlegheita er eit varslingssystem for problem som må behandlast av det politiske systemet fordi dei ikkje kan løysast andre stader (Between Facts and Norms 1996: 359–60). Offentlegheita kan best skildrast som eit kommunikasjonsnettverk der politisk informasjon vert formidla ved at borgarane fungerer som sensorar som fangar opp viktige forhold og melder frå gjennom t.d. sosiale medium, lokale medium, debattarrangement og liknande. 

            Men sosiale medium er er eit dårleg varslingssystem! Teknologipessimisten Hans Jonas ville sagt at dei er uttrykk for eit utstoppeleg teknologisk framskritt som ikkje tek omsyn til andre verdiar enn endå meir framskritt. Sosiale medium er laga for at vi skal trykke på knappane og skape aktivitet for dei globale medieaktørane, ikkje for at vi skal kommunisere fornuftig i offentlegheita.

Rett nok har vanlege menneske gode vilkår for å ytre seg i sosiale medium, men debatten er lite sakleg og lite prega av tillit. Dei unge ser underholdningsvideoar på TikTok og YouTube i staden for å engasjere seg politisk. Dei gamle kranglar seg i hel på Facebook. Hatprat i filterbobler har for lengst spreidd seg ut av små fora, og bidreg til å svekke den offentlege samtalen. Det er dessutan eit overdrive personfokus i sosiale medium. 

            I ei fersk doktoravhandling hevdar Ida Andersen at sosiale medium er ikkje er laga for å stimulere til offentleg debatt, men til å vise fram påstandar og skape reaksjon. “Debatter på Facebook er dominert av selvhevdelse og moralsk posisjonering framfor konstruktiv argumentasjon”, seier ho i eit intervju i Klassekampen 27. august 2020. Vi er generelt blitt dårlegare til å argumentere for standpunkta våre, og dårlegare til å skifte frå “eg meiner” til “vi meiner” fordi dette så sjeldan vert forventa av oss i sosiale medium, seier Andersen. Ho underbygger tanken om at det trengst ein dugnad for skape høgare kompetanse i å drive konstruktiv diskusjon i den norske offentlegheita.

Problemet kan løysast

Problemet kan løysast dersom medievitskapen, informasjonsvitskapen og journalistikken inntek ei positiv sosialkonstruktivistisk haldning og samarbeider på tvers. Denne haldinga føreset at menneska kan bygge teknologiar utifrå våre behov og interesser, og såleis forme samfunnet til det betre for flest mogeleg ved hjelp av gjennomtenkte prosjekt.

            John Dewey var ein sosialkonstruktivist før omgrepet var oppfunne, og han føreset at samfunnsvitarar kan byggje teknologar slik at dei konstruerer gode konsekvensar for menneska som tek dei i bruk: “Technologies should be “subject to constant and well-equipped observation of the consequences they entail when acted upon, and subject to ready and flexible revision in light of observed consequences” (The Moral Writings of John Dewey 1994: 203). 

            Løysinga på det dårlege debattklimaet har allereie blitt antyda. Lat oss prøve å flytte den folkelege ytringsenergien som fløymer gjennom sosiale medium over til lokale medium. Ja, til lokalavisene i norske byar, bygder, fjordar og fjelldalar. 

            Borgaren er jo allereie teknisk kompetent til å bidra med velskrivne nyheiter. Vi har alle saman publisert bilete på Instagram og Facebook, laga og redigert videoar, og formulert oss spissfindig med skrivne ord. Det bør gå an å flytte desse ferdigheitene over til lokale medium, og bruke dei til å utgjere det varslingssystemet Habermas definerer offentlegheita som.

            Borgaren må vel kunne stimulerast til å vere eit varslingssystem for kvaliteten på sine eigne livsvilkår også i lokale medier, og ikkje berre på internasjonalt eigde, globalt orienterte sosiale medium?

Mobilappen Tipps vert utvikla i eit regionalt samarbeid leia av firmaet Future Solutions saman med avisene Hallingdølen, Sunnhordland og Hordaland. Appen skal lanserast hausten 2020. 

Flytt energien frå sosiale til lokale medium

Dersom ein vil forbetre den norske offentlegheita er det viktig å byrje i små, lokale samanhengar, for der er det lettare å konstruere ein styrka posisjon for borgarane, og lettare for borgaren å føle seg som ein bidragsytar. Det er lettare å sørge for transparent informasjonsutveksling viss teknologileverandøren er tettare på og viss du kan oppsøke redaktøren og klage på innretninga. Dei globale sosiale media som Facebook og Twitter er jo nesten fullstendig utilgjengelege for innspel frå norsk kultur.

  Hvis ein vil prøve å bygge eit varslingssystem for borgarane på 2020-talet er det ganske naturleg å ta i bruk big data, mobiltelefon og kunstig intelligens. Slik teknologi er svært kraftfull, og vil kunne få fart på overgangen frå sosiale til lokale medium. Med dei rette verkemidla kan slik teknologi understøtte lokale grasrotinitiativ så vel som globale sosiale medium.   

            Kunstig intelligens vert allereie brukt til å lage automatiserte nyheiter. Algoritmar lagar informative nyheitsaker utifrå strukturert informasjon om fotballresultat, kjøp og sal av eigedom, valresultat og andre forhold som er enkle å kvantifisere. NTB legg ut tusenvis av nyheiter som er skrivne på denne måten, og utviklinga mot meir avansert automatisering går for fullt. 

            Studentprosjektet Ekko som eg nemnte ovanfor har vorte vidareutvikla til mobilappen Tipps. Dette er eit regionalt utviklingsprosjekt for lokalaviser der lesaren/borgaren skal kunne sende inn nyheitstips til lokalavisa. Kort fortalt skal brukaren kunne ta eit bilete av ei hending, skrive faktaopplysningar inn i appen, og få autogenerert ein nyheitssak som dei også kan sjå over før dei sender den inn til lokalavisa.

            Denne appen viser at det er potensial for å understøtte og delvis automatisere ein viktig del av borgarens rolle, nemleg det å kunne ytre seg raskt og effektivt i lokale medium på omlag same vilkår som opinionsleiarar og etablerte intervjuobjekt.

Tenk positivt!

Det scenarioet eg skildrar framstår truleg som ganske hårete, men det er mogeleg å satsa i denne retningane. Tenk positivt! Av og til må ein tenkje at “det finst ikkje problem, berre utfordringar”.

            Borgaren kan lære å ytre seg på ein måte som er meir relevant og konstruktiv, og som stimulerer til samarbeid og gjensidig tillit. Slike haldningar kan stimulerast ved hjelp av kunstig intelligens bygd inn i Tipps-appen og lokalavisa i framtida. Med dei rette forteljartekniske rammene og gode interaksjonsmuligheiter kan borgarane verte posisjonert som aktive bidragsytarar. 

            Borgarane kan få ei sterkare kjensle av å eksistere samtidig med andre i den same situasjonen, der me deler konsekvensane av alle val, og sjølve må vere med å ta val. Borgarane kan oppleve at dei er komplekse menneske med sterke relasjonar til andre menneske, geografiske stader, og viktige endringsprosessar på desse stadene. Alt dette kan understøttast med den same teknologien som Facebook brukar til å engasjere folk i politisk debatt, dele morosame kattevideoar og selje reklame.

            Avanserte teknologiske verktøy treng ikkje vere kapitalistiske, med mål om maksimal vekst og global marknadsrekkevidde. Denne teknologiutviklinga kan i prinsippet vere non-profit, dugnadsbasert, og offentleg subsidiert.       

            Avanserte teknologiar for offentleg dialog kan vere godt forankra i norske, regionale og lokale omgjevnader, og vere basert på norsk kultur og språk. Dei kan lagast for å prioritere kvalitetar som er positive for norsk offentlegheit og debatt, slik som det å unngå for sterke filterbobler og ekkokammer, og dei kan vere utan sporing og manipulering av brukaren.

            Frå eit sosialkonstruktivistisk perspektiv handlar det berre om menneskas vilje til faktisk å lage teknologiar som er gode for oss, og oppføre oss på dei måtane som er gode for fellesskapet. Vanskelegare er det ikkje! 

]]>
Essayføljetong 4:9 — Teknologiane vert sterkare av seg sjølv https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-49-teknologiane-vert-sterkare-av-seg-sjolv/ Fri, 28 Aug 2020 11:21:32 +0000 https://voxpublica.no/?p=32421 No er vi ved kjernen i Jonas si forklaring av dei eigenskapane ved moderne teknologi som gjer at tradisjonell etikk og ansvarskjensle ikkje fungerer. Moderne teknologi er utanfor menneskeleg kontroll, og har difor kraft til å påverke oss på måtar vi ikkje er etisk skodd for. Menneska er underlagt teknologiens behov, men nektar å innsjå det.

            Jonas kjem inn på dette temaet stadig vekk i The Imperative of Responsibility (1984), og eg nærleser difor diverse avsnitt frå alle kapitla i boka. Martin Heideggers teknologifilosofi er eit viktig grunnlag for Jonas sin posisjon, så eg bruker ein del plass på å beskrive den fyrst.

Lars køyrer traktor
Traktoren var eit fantastisk framskritt for bønder. Den erstatta mykje tungt manuelt arbeid, og det ville vore uråd å vende tilbake til eit landbruk utan traktor. Far min kjøpte ein flott ny Massey Ferguson tidleg på 1980-talet. Eg hugsar enno den kjensla av kraft eg hadde då eg byrja å øvelseskøyre i 15-årsalderen.

Essayføljetong i ni deler

Teknologisk determinisme

Hans Jonas si framstilling kan lesast som teknologisk determinisme. Denne posisjonen tilseier at teknologiutviklinga har sitt eige momentum som trumfar menneskas forsøk på å tilpasse den til sine sosiale behov og interesser.

            Jonas såvel som andre tenkjarar i denne tradisjonen peikar på at naturvitskapen gjev moderne teknologi ein stadig aukande kapasitet og stadig breiare bruksområde som følgje av ei stadig meir sofistikert utfordring av naturen.

            Jonas går inn i ein lang tradisjon for kritiske analysar av forholdet mellom menneske, teknologi og moderne vitskap. Sjølv om dei færraste er “harde” deterministar, finn vi “mjuke” deterministiske posisjonar hjå Martin Heidegger, som eg refererte til i del 3 og går grundig inn på nedanfor, og også hjå Jacques Ellul, Marshall McLuhan, Ray Kurzweil og andre.

            Eg har sjølv drøfta teknologiutviklinga på denne måten blant anna i innlegget “Teknologi tek over” i Bergens Tidende (2020) og “Ungdommar er teknologiske deterministar” i Vox Publica (2013).

Datamaskiner og kunstig intelligens

Det beste eksempelet på at Hans Jonas er inne på noko finst i Moore’s lov. Denne seier at prosessorhastigheita til datamaskiner vil dobla seg omtrent kvar 18–24 månader. Dette har nemleg stemt på ein prikk i mange tiår.

            Utviklinga av datamaskiner frå 1940-talet har hatt nettopp den kumulative dynamikken som Jonas føreset, og som eg kjem grundig inn på nedanfor. Dataverktøy har fått både sterkare yteevne, større mobilitet, betre informasjonsoppløysing, og fleire kontaktpunkt mot andre dataverktøy og menneske. Internettet dekkjer heile planeten, og geografisk avstand betyr ikkje lenger noko for kommunikasjonen mellom menneske.

            iHuman (Tonje Hessen Scheier, 2019) ein dystopisk dokumentarfilm om kunstig intelligens, sosial kontroll og makt. Filmen viser korleis AI-teknologi veks seg stadig sterkare, og kan komme til å styre livsførselen, samfunnet og framtida til menneska i retningar som ingen ynskjer. “Du får lyst til å logge av. For godt”, skriv NRK i sin introduksjon. Filmen eignar seg godt til å illustrere Jonas sin kritiske analyse.

Dokumentaren iHuman har skapt stor merksemd det siste året. Forteljestilen i denne filmen er sterkt prega av teknologisk determinisme, og den er med respekt å melde langt mindre sofistikert enn Hans Jonas sin.

Vitskapen lagar teknologi av naturen

For å forstå den veksautomatikken Jonas snakkar om må vi gå djupare inn i kontrasten mellom handverksteknologi og moderne teknologi. Igjen er det Martin Heidegger som set tonen. Moderne teknologi kjem med ei utfordring som stiller naturen til veggs, seier han i “Spørsmålet om teknikken” (eg brukar den norske omsetjinga frå 1973).

            Naturvitskapen har ein utreknande tenkjemåte som gjer naturen til ein generelt tilgjengeleg ressurs for teknologiutvikling. Medan handverk avdekker ved å “bringe fram”, avdekker moderne teknologi ved “tvinge fram”. Heidegger seier det slik: «Den moderne teknikks form for avdekking er en utfordren, som krever av naturen at den leverer energi der hvor sådan kan utvinnes og lagres» (Heidegger 1973, s. 73).

            Der handverkaren bringer fram eit objekt, så tvinger moderne teknologi fram eit objekt. Moderne teknologi ordnar alt utifrå ei utreknande tenking som menneska tileignar seg ved å forstå naturen stadig betre gjennom naturvitskap. «Utfordringen skjer derved at den energi som skjules i naturen, legges åpen, det åpenlagte omformes, det omformede lagres, det lagrede fordeles, det fordelte sjaltes om på nytt» (Heidegger 1973, s. 75).

Alle deler er utskiftbare

Moderne teknologi er prega av den kvaliteten Heidegger kallar “ståande beredskap”. Den vitskaplege ordninga av naturen skapar produkt som pr. definisjon er byggesteinar i eit større system. Eit passasjerfly på rullebanen er eit godt døme på ståande beredskap.

            «Det er bestilt for å sikre muligheten for transport. For dette må det selv i hele sin konstruksjon, i enhver bestanddel, være bestillbart, dvs. startklart» (Heidegger 1973, s. 76). Eitkvart fysisk fly kan skiftast ut med eit anna fly, og det vert i praksis definert ved å kunne tilfredsstille bestillinga “å vere startklart”.

            Flyet består for sin del av ei rekkje utskiftbare komponentar og delsystem, t.d. seter, dører, motordeler og instrument. Dette at kvar komponent på alle nivå er utskiftbare er eit vesenstrekk ved moderne teknologi, seier Heidegger.

Eitkvart fly i Norwegian sin flåte kan utføre flyginga så lenge det er startklart, og viss eit fly har tekniske vanskar kan det erstattast av kva som helst slags anna fly som er startklart. (Pressefoto frå Norwegian).

Mennesket kan også verte ståande beredskap

“Den største fare” er i følge Heidegger at mennesket også vert ein del av den ståande beredskapen. Då vil mennesket også verte utskiftbart i forhold til ei gitt bestilling, og vil berre ha verdi så lenge det kan bidra til å tilfredsstille ei gitt slik bestilling. Då vil det knapt vere forskjell på menneske og teknologi.

            “Atomalderens fremrullende tekniske revolusjon vil kunne trellbinde, forhekse, blende og forblende mennesket, slik at den beregnende tenkning en dag gjelder og blir utøvet som den eneste” (Heidegger 1973, s. 31).

            Dette er eit skrekkscenario ikkje berre for Heidegger, men i høgste grad også for Jonas. I vår tid er varelagra til Amazon.com eit mykje brukt døme på korleis menneske kan verte ein del av ei “utreknande tenking”, men potensialet har funnest heilt sidan fabrikken vart oppfunnen.

            Både utdanning og arbeidsliv er innretta på dei ferdigheitene som mest effektivt styrkar teknologiutviklinga. Globalt er det no millionvis av jobbar som består i å programmere algoritmer, designe og tilrettelegge grensesnitt, organisere pengetransaksjonar, utføre transport og ikkje minst transportere varene som vert kjøpt og selt.

            Den IKT-kompetansen som politikarane ynskjer å dyrke hjå norsk ungdom, og den tekniske kunnskapen som trengst for husbygging, oljeutvinning, kunstig intelligens-utvikling og ikkje minst det grøne skiftet, er fundamentalt prega av den utreknande tenkjinga. Same kva menneska gjer vil vi bidra til å styrke vekstautomatikken, er Hans Jonas sitt perspektiv.

Vi er avhengige av framskritt

Moderne teknologi er det viktigaste symbolet på framskritt, og framskritt er nesten synonymt med auka materiell velstand. “Den stadig meir avanserte teknologien vert forventa å auke menneskeslektas materielle velstand ved å auke produktiviteten i den globale økonomien, skape mange forskjellige goder som kan bidra til at vi kan nyte livet, og samstundes lette byrden ved arbeidet” (s. 163).

            Jonas framhevar stadig at gode moderne teknologiar gjev oss tek all merksemda vår, og vi følgjer etter dei omtrent som husdyra følgjer etter ei bøtte med kraftfor. Og før vi merkar det har vi gått inn i innhegninga og grinda er stengt.

            “Det at teknologien har tatt over makta er ein revolusjon som ingen har planlagt, fullstendig anonym og uimotståeleg, og med ein dynamikk som ingen tidlegare teoriar har inkludert eller forutsett” (s. 127). Denne prosessen har eit tempo “med ein skremmande eksponensiell akselerasjon som ser ut til å vere utanfor einkvar kontroll” (s. 128).

Irreversibelt momentum

Framskrittet har det Jonas kallar ein “stigningskvalitet” som inneber at “det som kjem seinare alltid er betre” (s. 166). Moderne teknologi skapar “ein stadig auke i kapasitet og bruksområde i alle tenkjelege retningar i ubegrensa framtid” (s. 187). Det er denne prosessen som gjer at menneska mistar kontrollen. Jonas forklarer poenget ved å vise til ingeniørens situasjon.

            “Erfaringa viser oss at utviklingsprosjekt som vart sett i gang med kortsiktige mål har ein tendens til å gjere seg uavhengige og tileigne seg sin eigen tvingande dynamikk, sitt eige sjølvgåande momentum, som gjer at den vert irreversibel og pressar ting framover på ein måte som overstyrer ynskja og planane til dei som sette i gang prosessen” (s. 32).

            Vi er frie til å ta det fyrste skrittet, men slavar av det andre, seier Jonas. “Teknologisk drivne utviklingstrekk gjev ikkje rom for sjølv-korrigering” (s. 32).

            Vi er trua av ein katastrofe som etterkvart ligg innebygd i sjølve den historiske utviklinga, og kan difor ikkje stole på at framskrittet har ei ibuande fornuft eller at “det er ei meining med alle ting”. “Tvert imot”, seier Jonas, “må vi ta hand om denne framover-styrtande prosessen på ein heilt ny måte og utan ei kjent målsetjing” (s. 128).

iPaden er eit godt døme på Hans Jonas sin definisjon av permanent innovasjon: “marknadskapasitet for goder som ingen trengte på førehand, og heller ikkje visste om” (s. 118). Illustrasjonen er henta frå Apple sine norske nettsider.

Permanent nyvinning som vi ikkje forstår

Det einaste som er sikkert med dynamikken i moderne teknologi er at ting endrar seg heile tida, og at vår noverande etikk og våre verdisystem er dårleg eigna til å handtere denne permanente endringstakten.

            Innovasjon kan utifrå Jonas sin tankemåte definerast som “ei kunstig tilverking av marknadskapasitet for goder som ingen trengte på førehand, og heller ikkje visste om” (s. 146). Frå ein annan synstad kan denne prosessen vere positiv, for den skapar jo nye produkt som til dømes iPaden.

            For Jonas er denne mangelen på forutsigbarheit ikkje overraskande eit stort problem. “Global teknologi har auka innsatsen grenselaust og også auka gapet mellom den makta som vert iverksett og forutsigbarheita i dens langtidsverknader” (s. 118). Apple-konsernet har svært stor marknadsmakt, og når dei lanserer eit produkt som iPaden vert langtidsverknadene svært lite forutsigbare. Jo større makt, jo mindre forutsigbarheit.

            “Vi må rekne med nyvinningar utan å vere i stand til å forstå dei; endring er garantert, men ikkje kva endringa vil bestå av […] Denne permanente innovasjonen har ein ukjent X som forpurrar ei kvar utrekning. Prognosar har blitt den reine kunstarten på grunn av analysar ved hjelp av datamaskiner, men dei skjer med dette atterhaldet” (s. 119–120). Analysane fortel oss meir enn tidlegare spådommar om framtida kunne gjere, men dei syner også fram mange fleire ukjente faktorar enn før.

Teknologioptimisme

Moderne innovasjonsteori er prega av eit positivt syn på den same utviklinga som Jonas har eit negativt syn på. Clayton Christensens The Innovator’s Dilemma (1997), James McQuiveys Digital Disruption (2013) og ei rekkje liknande bøker handlar om korleis du som forretningsperson kan tene pengar på den permanente innovasjonen.

            Peter Diamandis er ein amerikansk innovasjonsguru som har analysert det økonomiske potensialet i “exponentials” i mange år. Han seier omtrent det følgjande: Så lenge menneska berre hadde handverksteknologiar var det ei lineær utvikling i den krafta teknologiar hadde, men no har vi datateknologiar som er prega av eksponensiell utvikling.

Figuren viser Peter Diamandis sin teori om “exponentials”. Han brukar fotografi som eit døme. Medan analog film knytt til Kodak og tilsvarande firma hadde ei lineær utvikling har digitale bilete knytt til Instagram, Snapchat og tilsvarande sosiale medium ei eksponensiell utvikling.

Etter mange tiår med det Diamandis kallar “computational growth”, og som igjen er basert på det Heidegger og Jonas kallar “den utreknande tenkjemåten”, har menneska no fått demokratisk tilgang til produktet av denne veksten. Med ei relativt låg investering får du tilgang til ein potensielt global marknad for ditt kommunikasjonsprodukt. Den jevne entreprenør har såleis tilgang til “exponentials” som eit verkemiddel til marknadsmakt, og kan få enorm suksess og rikdom hvis han treff blinken.

            Der Jonas ynskjer å bremse ned den permanente veksten i teknologi ynskjer altså Diamandis og dei andre teknologioptimistane å forsterke den endå meir. Dei gjev studentar og næringslivsaktørar gode råd om korleis ein kan tene pengar på å forstå prosessen. Sjå gjerne denne videoen “Disruption Caused by Exponentials” (2017) hvis du vil fordjupe deg i poenget og prøve å bli millionær.

Teknologipessimisme

Eg vender tilbake til Jonas sitt perspektiv, som er prega av sterk bekymring for menneskas manglande evne til å handtere dei etiske implikasjonane av veksautomatikken. Pessimismen er knytt til at det verkar umogeleg å snu utviklinga. Samfunnet rundt oss har akseptert stoda, og bidreg villig vekk til ytterlegare vekst. Eg avsluttar med to ferske eksempel.

            Sommaren 2020 fekk 70 Amedia-aviser støtte frå Google News Initiative til å lage automatisert journalistikk basert på kvantitative data. Konserndirektør for innovasjon, Pål Nedregåtten, seier til Journalisten: “Vi er allerede storforbrukere av Google-teknologi. Uansett hvordan vi snur og vender på det vil vi være avhengige av teknologi som leveres av de store aktørene, så vi tar imot de mulighetene vi får”. Dei er ikkje i posisjon til å utvikle uavhengige løysingar, og knyter seg berre sterkare og sterkare til Google.

            Sommaren 2020 var det debatt om bruken av amerikanske dataverktøy i norsk skule. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby skreiv i ein kronikk til NRK at nettbrett som iPad skal “brukes til å tilegne seg ny kunnskap, og nye ferdigheter”. Dei bekymra røystene seier at vi ikkje veit nok om korleis slik teknologi påverkar barns utvikling.

            Sjølv om læringsforskarar arbeider for å finne ut meir presist korleis ny teknologi påverkar barns læring vil ministeren imidlertid ikkje vente på resultata. Ho skriv: “Det er krevende for forskningen å holde tritt med den teknologiske utviklingen. Samtidig går den teknologiske utviklingen sin gang, og den utviklingen kan ikke norsk skole melde seg ut av”.

            Desse to sitata viser at både mediebransjen og skuleverket er grunnleggande avhengige av dei verktøya som Facebook, Apple og Google har skapt. Og desse selskapa viser i sin tur kor presist Heidegger og Jonas skildrar dei overordna utviklingstrekka i moderne teknologi. Aksepten av denne vekstautomatikken er Jonas si største bekymring for framtida.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Femte del heiter “Menneska vil ha permanent innovasjon”. Medan del 4 handla mest om dei eigenskapane ved teknologi som skapar permanent innovasjon handlar del 5 om nokre opportunistiske trekk i mennesket som bidreg til den same utviklinga. Det ligg i menneskets natur å dyrke sine eigne muligheiter, sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Vår kapasitet for nyvinning er vår skjebne, seier Jonas.

]]>