teknologiutvikling - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/teknologiutvikling/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Tue, 05 Jan 2021 07:01:17 +0000 nb-NO hourly 1 Vi må redde offentlegheita frå seg sjølv https://voxpublica.no/2020/11/teknologi-og-journalistikk-vi-ma-redde-offentlegheita-fra-seg-sjolv/ Tue, 03 Nov 2020 13:01:52 +0000 https://voxpublica.no/?p=63357 Når medievitarar diskuterer ny teknologi er det mykje tung kritikk og pessimisme. Eg har sjølv bidratt til denne posisjonen med ei omfattande lesing av moralfilosofen Hans Jonas sitt mørke perspektiv på teknologiutviklinga i ein essayføljetong i Vox Publica

            Men det går faktisk an å tenkje positivt for medievitarar også. Det går an å formulere optimistiske visjonar knytt til teknologiutviklinga innan medier og kommunikasjon. I dette innlegget vil eg supplere pessimisten Hans Jonas med optimisten John Dewey, og vise korleis vi kan bruke hans måte å tenkje på for å fikse den norske offentlegheita anno 2020.

John Dewey (1859 — 1952) var ein amerikansk filosof i den pragmatiske tradisjonen. Han hadde ei optimistisk haldning til blant anna teknologiutvikling og pedagogikk, og kan enno vere til inspirasjon for dei som ynskjer å endre livsvilkåra til menneska på ein vitskapleg måte.

Skift retning på ytringsenergien

Folk flest har mykje på hjartet, og ytrar seg villig vekk i sosiale medium. All den energien som går med til å skrive og fotografere på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat kunne i prinsippet brukast annleis. Kva om borgarane kunne overtydast til å gjere ein friviljug innsats for å lage sakleg, relevant og samfunnskritisk journalistikk som mediene til og med fekk gratis? 

            No har det rabla for Lars Nyre, vil ein kunne meine. Det er urealistisk å tru at medievitarar kan bidra til ei slik endring! Eg vil no likevel argumentere for denne posisjonen. Det er eit visst grunnlag for optimisme fordi fleire studentprosjekt dei siste åra har vist kor lett det er for unge folk å foreslå slik konstruktiv endring.

            Våren 2019 laga studentar ved UiB prototypen Ekko; ein app som gjer ditt nyheitstips til ein artikkel i lokalavisa med minimal innsats. Våren 2020 laga studentar ved Universitetet i Stavanger fem prototypar for redaksjonell nyvinning. Desse utviklingsprosjekta gjev eit hint om kva som kunne lagast viss verkeleg tunge ressursar vart sett inn. 

Offentlegheita har eit problem

Gode gamle Jürgen Habermas seier at offentlegheita er eit varslingssystem for problem som må behandlast av det politiske systemet fordi dei ikkje kan løysast andre stader (Between Facts and Norms 1996: 359–60). Offentlegheita kan best skildrast som eit kommunikasjonsnettverk der politisk informasjon vert formidla ved at borgarane fungerer som sensorar som fangar opp viktige forhold og melder frå gjennom t.d. sosiale medium, lokale medium, debattarrangement og liknande. 

            Men sosiale medium er er eit dårleg varslingssystem! Teknologipessimisten Hans Jonas ville sagt at dei er uttrykk for eit utstoppeleg teknologisk framskritt som ikkje tek omsyn til andre verdiar enn endå meir framskritt. Sosiale medium er laga for at vi skal trykke på knappane og skape aktivitet for dei globale medieaktørane, ikkje for at vi skal kommunisere fornuftig i offentlegheita.

Rett nok har vanlege menneske gode vilkår for å ytre seg i sosiale medium, men debatten er lite sakleg og lite prega av tillit. Dei unge ser underholdningsvideoar på TikTok og YouTube i staden for å engasjere seg politisk. Dei gamle kranglar seg i hel på Facebook. Hatprat i filterbobler har for lengst spreidd seg ut av små fora, og bidreg til å svekke den offentlege samtalen. Det er dessutan eit overdrive personfokus i sosiale medium. 

            I ei fersk doktoravhandling hevdar Ida Andersen at sosiale medium er ikkje er laga for å stimulere til offentleg debatt, men til å vise fram påstandar og skape reaksjon. “Debatter på Facebook er dominert av selvhevdelse og moralsk posisjonering framfor konstruktiv argumentasjon”, seier ho i eit intervju i Klassekampen 27. august 2020. Vi er generelt blitt dårlegare til å argumentere for standpunkta våre, og dårlegare til å skifte frå “eg meiner” til “vi meiner” fordi dette så sjeldan vert forventa av oss i sosiale medium, seier Andersen. Ho underbygger tanken om at det trengst ein dugnad for skape høgare kompetanse i å drive konstruktiv diskusjon i den norske offentlegheita.

Problemet kan løysast

Problemet kan løysast dersom medievitskapen, informasjonsvitskapen og journalistikken inntek ei positiv sosialkonstruktivistisk haldning og samarbeider på tvers. Denne haldinga føreset at menneska kan bygge teknologiar utifrå våre behov og interesser, og såleis forme samfunnet til det betre for flest mogeleg ved hjelp av gjennomtenkte prosjekt.

            John Dewey var ein sosialkonstruktivist før omgrepet var oppfunne, og han føreset at samfunnsvitarar kan byggje teknologar slik at dei konstruerer gode konsekvensar for menneska som tek dei i bruk: “Technologies should be “subject to constant and well-equipped observation of the consequences they entail when acted upon, and subject to ready and flexible revision in light of observed consequences” (The Moral Writings of John Dewey 1994: 203). 

            Løysinga på det dårlege debattklimaet har allereie blitt antyda. Lat oss prøve å flytte den folkelege ytringsenergien som fløymer gjennom sosiale medium over til lokale medium. Ja, til lokalavisene i norske byar, bygder, fjordar og fjelldalar. 

            Borgaren er jo allereie teknisk kompetent til å bidra med velskrivne nyheiter. Vi har alle saman publisert bilete på Instagram og Facebook, laga og redigert videoar, og formulert oss spissfindig med skrivne ord. Det bør gå an å flytte desse ferdigheitene over til lokale medium, og bruke dei til å utgjere det varslingssystemet Habermas definerer offentlegheita som.

            Borgaren må vel kunne stimulerast til å vere eit varslingssystem for kvaliteten på sine eigne livsvilkår også i lokale medier, og ikkje berre på internasjonalt eigde, globalt orienterte sosiale medium?

Mobilappen Tipps vert utvikla i eit regionalt samarbeid leia av firmaet Future Solutions saman med avisene Hallingdølen, Sunnhordland og Hordaland. Appen skal lanserast hausten 2020. 

Flytt energien frå sosiale til lokale medium

Dersom ein vil forbetre den norske offentlegheita er det viktig å byrje i små, lokale samanhengar, for der er det lettare å konstruere ein styrka posisjon for borgarane, og lettare for borgaren å føle seg som ein bidragsytar. Det er lettare å sørge for transparent informasjonsutveksling viss teknologileverandøren er tettare på og viss du kan oppsøke redaktøren og klage på innretninga. Dei globale sosiale media som Facebook og Twitter er jo nesten fullstendig utilgjengelege for innspel frå norsk kultur.

  Hvis ein vil prøve å bygge eit varslingssystem for borgarane på 2020-talet er det ganske naturleg å ta i bruk big data, mobiltelefon og kunstig intelligens. Slik teknologi er svært kraftfull, og vil kunne få fart på overgangen frå sosiale til lokale medium. Med dei rette verkemidla kan slik teknologi understøtte lokale grasrotinitiativ så vel som globale sosiale medium.   

            Kunstig intelligens vert allereie brukt til å lage automatiserte nyheiter. Algoritmar lagar informative nyheitsaker utifrå strukturert informasjon om fotballresultat, kjøp og sal av eigedom, valresultat og andre forhold som er enkle å kvantifisere. NTB legg ut tusenvis av nyheiter som er skrivne på denne måten, og utviklinga mot meir avansert automatisering går for fullt. 

            Studentprosjektet Ekko som eg nemnte ovanfor har vorte vidareutvikla til mobilappen Tipps. Dette er eit regionalt utviklingsprosjekt for lokalaviser der lesaren/borgaren skal kunne sende inn nyheitstips til lokalavisa. Kort fortalt skal brukaren kunne ta eit bilete av ei hending, skrive faktaopplysningar inn i appen, og få autogenerert ein nyheitssak som dei også kan sjå over før dei sender den inn til lokalavisa.

            Denne appen viser at det er potensial for å understøtte og delvis automatisere ein viktig del av borgarens rolle, nemleg det å kunne ytre seg raskt og effektivt i lokale medium på omlag same vilkår som opinionsleiarar og etablerte intervjuobjekt.

Tenk positivt!

Det scenarioet eg skildrar framstår truleg som ganske hårete, men det er mogeleg å satsa i denne retningane. Tenk positivt! Av og til må ein tenkje at “det finst ikkje problem, berre utfordringar”.

            Borgaren kan lære å ytre seg på ein måte som er meir relevant og konstruktiv, og som stimulerer til samarbeid og gjensidig tillit. Slike haldningar kan stimulerast ved hjelp av kunstig intelligens bygd inn i Tipps-appen og lokalavisa i framtida. Med dei rette forteljartekniske rammene og gode interaksjonsmuligheiter kan borgarane verte posisjonert som aktive bidragsytarar. 

            Borgarane kan få ei sterkare kjensle av å eksistere samtidig med andre i den same situasjonen, der me deler konsekvensane av alle val, og sjølve må vere med å ta val. Borgarane kan oppleve at dei er komplekse menneske med sterke relasjonar til andre menneske, geografiske stader, og viktige endringsprosessar på desse stadene. Alt dette kan understøttast med den same teknologien som Facebook brukar til å engasjere folk i politisk debatt, dele morosame kattevideoar og selje reklame.

            Avanserte teknologiske verktøy treng ikkje vere kapitalistiske, med mål om maksimal vekst og global marknadsrekkevidde. Denne teknologiutviklinga kan i prinsippet vere non-profit, dugnadsbasert, og offentleg subsidiert.       

            Avanserte teknologiar for offentleg dialog kan vere godt forankra i norske, regionale og lokale omgjevnader, og vere basert på norsk kultur og språk. Dei kan lagast for å prioritere kvalitetar som er positive for norsk offentlegheit og debatt, slik som det å unngå for sterke filterbobler og ekkokammer, og dei kan vere utan sporing og manipulering av brukaren.

            Frå eit sosialkonstruktivistisk perspektiv handlar det berre om menneskas vilje til faktisk å lage teknologiar som er gode for oss, og oppføre oss på dei måtane som er gode for fellesskapet. Vanskelegare er det ikkje! 

]]>
Essayføljetong 6:9 — Framskritt er opium for folket https://voxpublica.no/2020/09/essayfoljetong-69-framskritt-er-opium-for-folket/ Wed, 23 Sep 2020 08:52:52 +0000 https://voxpublica.no/?p=37921 Hans Jonas seier at den største hindringa mot å gjere framtida til gjenstand for moralsk ansvar er at majoriteten av menneska no har det så godt. “Ei gong i tida vart det sagt at religion er opium for folket, men no har den vorte bytt ut med teknologisk framskritt” (s. 156). Kva er det han prøver å seie med si omformulering av den kjente metaforen frå Karl Marx?

            I denne delen dreier det seg om Jonas sine refleksjonar rundt det han oppfattar som det moderne menneskets ansvarsløyse. Dei finst særleg i kapittel 5 “Responsibility Today: Endangered Future and the Idea of Progress” og kapittel 6 “A Critique of Utopia and the Ethic of Responsibility”. 

Dyr drone og fårete smil. Eg hugsar enno den kriblande kjensla av å ha fått tilgang til verkeleg ny og avansert teknologi. Sanninga er at eg berre har brukt min Mavic Air-drone to-tre gonger, og at eg aldri burde ha kjøpt den. Eg er ein konsument av akkurat den typen Hans Jonas kritiserer.

Essayføljetong i ni deler

Framskrittets begeistringsrus

Alle dei godene som framskrittet skapar gjer det vanskeleg for oss å gå oppriktig inn for å endre utviklinga. “Ingen stiller spørsmål ved det “teknologiske imperativet”, og det let seg ikkje stille spørsmål ved fordi det er antropologisk grunnleggande og integrert i den menneskelege tilstanden. Det treng ingen talspersonar i den vestlege verda i det 20. århundret fordi begeistringsrusen har overteke fullstendig” (s. 203). 

            Eit oppgjer med det teknologiske imperativet måtte nødvendigvis ha gått i retning ein livsførsel som var mindre effektiv, komfortabel og underhaldande, men det ser vi ikkje fordi vi er rusa på begeistring for den siste iPhone-modellen og billige flyreiser til Syden. 

            “Slik vi oppfører oss no tek den teknologiske drivkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nødvendigheitene den har skapt, dens besnærande lovnader, dei kortsiktige belønningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjennom si sjølvforsterkande kobling med framskrittet i vitskapen” (s. 203).

            Vi ser ikkje skadeverknadene. Framskrittet er opium for folket fordi det gjer oss blinde for den tøyleslause teknologiutviklinga som strukturerer liva våre for permanent innovasjon, brukar opp naturressursane vi ein gong trudde var uendelege, og gjer oss alle til kortsiktige livsnytarar.

Dyrkinga av velstand er eit problem

Framskrittet skapar så mange gode at det nesten umogeleg å vera imot det. Framskrittet påverkar “den sosio-politisk-økonomiske orden, tryggheit og komfort, dekkinga av behov, variasjonsrikdomen i og tilgangen til kulturelle aktivitetar og underhaldning, handhevinga og kvaliteten på lovene, respekten for personleg verdigheit, og sjølvsagt også manérane våre, dvs. dei indre og ytre vanane vi har med å leve saman” (s. 167). 

            Velstandsproblemet finst på alle nivå i samfunnet. Når utviklingsland løftar seg ut av fattigdom ynskjer dei sjølvsagt å ta i bruk den mest avanserte teknologien som er tilgjengeleg, og dei ynskjer seg alle dei goder som er råd å bygge opp. Når små barn vert oppdratt lærer dei seg å bruke dataverktøy på ein endå meir gjennomgripande måte enn oss vaksne, og vert flinkare enn oss til å sikre fortsatt vekst. 

            Menneska får meir fritid; tid som ikkje er bunden til hardt arbeid eller andre plikter. Vi får også meir handlefridom; armslag til å kjøpe, reise og forbruke materielle goder. Alt dette gjer det vanskeleg å gå inn for moderasjon og måtehald. 

            Jonas oppfattar vår dyrking av velstand som ei ansvarsløyse, og analyserer den på ein måte som eg vil presentere i detalj. Velstanden skapar både individuell og kollektiv ansvarsløyse, og denne haldninga kan vere både medviten og umedviten. 

Umedviten ansvarsløyse

Hans Jonas brukar mykje plass på å formulere det ansvaret vi har for å ta vare på liv og ting i framtida. Slikt ansvar “peikar framover mot noko som må verte gjort; og eg føler meg ansvarleg ikkje fyrst og fremst for mi eiga åtferd og dens konsekvensar, men for denne tingen som har krav på at eg gjer noko” (s. 92). 

            Jonas er realistisk nok til å skjøne at folk ikkje utan vidare klarer å ta på seg eit slikt ansvar. Det er intellektuelt krevjande å aktivere framtidsansvaret. Vi let ting vere som dei er, og gjennom denne inaktiviteten utfører vi “ei umerkeleg, ukonsentrert, uintendert ansvarsløyse som er ekstra farleg nettopp fordi den ikkje er identifiserbar ved konkrete handlingar” (s. 94).

            Jonas oppfattar dette som svært skadeleg, men han erkjenner at framtidsansvaret ikkje er synleg på same måte som fortidsansvaret. Til dømes vil det vere lett for oss alle å fordømme den ansvarsløysa ein gambler viser når han speler bort lønna si og familien må gå svolten til sengs. Ansvaret som foreldre har overfor barna sine viser seg tydelegare enn det ansvaret vi alle har overfor framtida (s. 94). 

            Framtida viser seg berre i den grad mennesket tenkjer medvite på den, og skapar nye etiske praksisar rundt dei tinga og liva det er viktigast å verne. Difor er det også lett å falle inn i det Jonas kallar umedviten ansvarsløyse.

Medviten ansvarsløyse

Ansvarsløysa kan også vere sjølvvalgt og medviten. Jonas har ein fascinerande kritikk av den haldninga som i mange tiår vart kalla eksistensialisme, og som er endå meir dominerande no utan å ha ein tydeleg merkelapp. I sekulære samfunn er ein stor del av folkesetnaden humanistar; dei er opptekne av verdslege forhold og har lite fokus på religion og religiøse levesett. 

            Det er særleg stor risiko for at folk inntek ei medviten ansvarslaus haldning viss dei er humanistar i denne tydinga. Dei set jo menneskets fridom i sentrum, enten det er seksuell fridom, ytringsfridom, eller andre verdiar som i utgangspunktet er positive og velmeinte. 

            Problemet for Jonas er at denne typen humanisme gjev oss fripass til ein fullstendig sjølvvald omsorg for det som måtte interessere oss (s. 88). Ein slik subjektiv etikk er ikkje i pakt med framtidsansvaret. Det går ikkje an å velje framtida viss du har lyst, seier Jonas. Du kan ikkje velje kva du skal vere ansvarleg overfor som om du veljer ein ny hatt, det er imperativt at du viser ansvar for framtida for liv og ting. 

Symbolhandlingar

Den sterke kjensla av fridom som mange dyrkar i liva sine skapar fare for symbolhandlingar som ikkje kan løyse det materielle problemet Jonas er oppteken av. Jonas er skeptisk til åtferd som er motivert av det å føle at ein gjer ei god handling (s. 84–85). 

            Symbolhandlingar fjernar berre enkeltpersonen si kjensle av dårleg samvit, og er slik sett ei egoistisk handling. I slike tilfelle har mennesket liksom “vakse som moralsk vesen fordi han lydige aksepterte pliktas kall, og det gjeld enten han lever og kan sjå eit gode oppfylt eller ikkje; enten han kan nyte godet sjølv eller ikkje; og sjølv om han skulle oppdage at handlinga feila” (s. 84). 

            Men dette er ikkje godt nok for Jonas. Som eg var inne på i episode 2 er det framtida til naturen, livsvilkåra og deira status i framtida som gjeld. Difor kan den gode kjensla berre vere legitimt moralsk viss du hadde omsorg for objektet og ikkje for deg sjølv. “Moralsk åtferd kan aldri ha seg sjølv som målsetjing” (s. 85). Det er ikkje handlingas form, men dens gjenstand som er viktigast (s. 85).

Kollektiv ansvarsløyse

Effektiv teknologi tek over arbeid som menneska måtte gjere. Her oppstår det ein type ansvarsløyse som ikkje er individuell, og som den enkelte ikkje så lett kan ta eit oppgjer med. Framskritt inneber at mange menneska vert ekskludert frå nyttig arbeid utan dermed å vere fattige. Maskinene reduserer behovet for arbeid blant menneska (s. 193), og dette skapar intellektuelle forskjellar som medfører ein ny type risiko for ansvarsløyse.           

            “Aukande heller enn synkande spesialisering ser ut til å verte skjebnen for alle dei som deltek aktivt i å drive produksjonsapparatet. Dei andre — som nødvendigvis er majoriteten, er ikkje så mykje frigjort som ekskludert frå nyttig arbeid” (s. 194). Det oppstår forakt og spenningar mellom grupper med ulik tilgang til kunnskap, og der vitskapsfolka er dei mest priviligerte. 

            Deltakarane i den vitskaplege prosessen har ein ekspertkunnskap som er ikkje er tilgjengeleg for dei andre. Kunnskap “vert meir og meir esoterisk, mindre og mindre kommuniserbar til lekfolk; og dermed ekskluderer vitskapen den store majoriteten, til og med dei lesekyndige samtidige, frå rollen som intelligente vitne […] Kløfta aukar, og i vakuumet som oppstår spreier det seg pseudovitskap og overtru” (s. 167). 

            Jonas peikar ut ei konflikt mellom dei kunnskapsrike spesialistane som alltid vil få interessante jobbar og dei lågt utdanna generalistane som risikerer arbeidsløyse og gjerandsløyse. Denne konflikta bidreg til å auke ansvarsløysa blant folk, og er farleg for framtida. 

Virketrong er opium for folket

Som eg var inne på i forrige innlegg har mennesket ei skaparkraft som er vanskeleg å stagge. Vår virketrong og behov for å gjere nytte for oss er også eit slags opium når målet er å dempe veksten, redusere konsumet og ta meir ansvar for framtida.

            Mennesket vil ha behov for å “aktualisere seg sjølve på andre måtar enn å gjere nytte for seg når dét vert tatt hand om av den arbeidsintensive nesten ubemanna robot-apparaturen” (s. 194). Vi bør arbeide mindre, og dette hjelper moderne teknologi oss godt med, men arbeidseffektiviseringa fjernar ikkje vårt ibuande behov for å vere i aktivitet. Her vil tidsfordriv som reiser, hobbyar og anna friviljug sysselsetjing verte stadig viktigare. “Hobbyar vil verte det nye kallet” skriv Jonas syrleg (s. 195).

            Journalist Anne Håskoll-Haugen skreiv om fritid i artikkelen “Når fritida ikke lenger er fri” i Klassekampen sommaren 2020. “Løpeturer skal registreres, bøker skal listes opp, og tomatplanter skal fotograferes. Fritida er blitt til en tid som skal utnyttes til det fulle. Ho snakkar med sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen som blant anna seier: “De som bryter med effektivitetslogikken, blir sett på som eksentriske fordi de ikke er systemlojale. De er opprørere, selv om de ikke går i demonstrasjoner. De markerer et annet verdigrunnlag”.

Fritid gjer oss ufrie og ulukkelege

Jonas har ei meir pessimistisk tolking av fritid enn Hylland Eriksen. Fritid tek frå oss ei grunnleggande kjensle av fridom. “Fridom består av å bryne seg på det nødvendige, og lever ved dette. Når den vert åtskilt frå dette mistar den sitt objekt og like tom som ei kraft utan motkraft […] Fiktive aktivitetar beskyttar oss like lite frå meiningsløyse og fortviling som kronisk inaktivitet” (s. 198).

            Dersom våre handlingar får eit preg av hobby istadenfor noko som er nødvendig for andre/objekt/liv, vil vi ikkje fyrst og fremst verte heroiske opprørarar som lever eit godt liv på eksentriske måtar, slik Hylland Eriksen foreslår. Vi vil miste verkelegheitssansen vår. 

            Når livet tek form av fritid og hobby går det utover sjølvkjensla di. “Den dystre sanninga er at det ikkje betyr noko kva dei gjer, at handlinga like gjerne kunne vore ugjort eller utsett eller gjort skjødeslaust utan annan skade enn at dei set eit dårleg eksempel og utan annan straff enn at dei får eit sosialt minuspoeng” (s. 197). Det kjennest som eit uverdig liv utifrå dei krava som vert stilt til Homo Faber — det skapande mennesket, i vår tid. 

            Problemet er uløyseleg. Hvis folk arbeider vert dei frie og lukkelege, men bidreg til framskrittet gjennom si produksjonskraft. Hvis folk ikkje treng arbeide vert dei ufrie og ulukkelege, og bidreg til framskrittet gjennom sine hobbyar.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Sjuande del heiter “Frykt må få sin rettmessige plass”. Vi står midt i den største krisa menneska nokon gong har bragt over seg sjølve, og spørsmålet er om vi klarer å anerkjenne dette. Kampen er retorisk, og står mellom teknologioptimistar og teknologipessimistar. Hans Jonas meiner krisemaksimering og frykt er den beste retoriske strategien for å skape endring.

]]>
Essayføljetong 5:9 — Vår farlege skaparkraft https://voxpublica.no/2020/09/essayfoljetong-59-var-farlege-skaparkraft/ Mon, 14 Sep 2020 13:12:42 +0000 https://voxpublica.no/?p=36110 Hans Jonas har ei rekkje radikale idéar, og hans kritikk av moderne vitskap er fascinerande lesnad. Vi tenkjer vanlegvis på vitskap som noko av det mest verdifulle vi har i samfunnet, men Jonas ser det annleis.

            Det er avgjerande for Jonas sitt prosjekt å skildre dette trekket ved vitskapen. Eg nærleser deler av kapittel 5 “Responsibility Today” som handlar om korleis vi bør forstå kunnskapens rolle i framskrittet. I denne episoden er Jonas sine refleksjonar rundt teoretisk kunnskap viktige, og særleg skiljet mellom naturvitskapleg og humanistisk kunnskapsauke.

            Vitskapen står alltid klar til å sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Denne kunnskapstørsten og skaparkrafta er eit vesentrekk ved mennesket, og den endrar seg ikkje sjølv når vi ser at det vil få negative konsekvensar i framtida. Optimisme og framskrittstru er uløyseleg knytt til vitskapen, og den er no så sterk og uhemma at den vert vår eigen verste fiende, seier Jonas.

Vitskapen legg til rette for utviklinga av stadig meir effektive, presise og problematiske teknologiar. Her prøver eg ein teknologi for å lese emosjonar ut av ansiktet til folk. “Facereader” er utvikla av det nederlandske firmaet Noldus IT, og eg prøvde den under ein ekskursjon i 2018. Foto: UiB.

Essayføljetong i ni delar

Mennesket er seg sjølv nærast

Det teknologiske imperativet tilseier at auke i vitskapleg kunnskap er grunnleggande positivt. Kunnskapstørst og kunnskapsauke kan ikkje så lett verte utfordra på moralsk grunnlag fordi den er ein integrert del av vår menneskelege tilstand, seier Jonas (s. 203).

            I naturen er det alltid den sterkaste som har rett. “Det finst ein enkel regel som seier at kvar art er seg sjølv nærast, og denne regelen har forrang utifrå livets generelle orden” (s. 137). I valet mellom menneske og natur vil mennesket velje mennesket gong etter gong, og det er heilt naturleg.

            Som art er vi heilt samde med oss sjølve om at vi kan herske på jorda, og sidan vi er sterkast på dette området vil vi rett og slett berre kunne gjere det. “Menneskets utøving av makt vis-a-vis resten av den levande verda er ein naturleg rett basert fullstendig på våre evner. Med andre ord; det enkle faktum at vi har denne overlegne krafta legitimerer at vi brukar den” (s. 137).

            Løva spør ikkje om lov til å vere konge på savannen, og mennesket spør ikkje om lov til å herske over naturen. Vi brukar vår skaparkraft og alle våre verktøy til å reprodusere oss og styrke makta vår, og det finst ingen naturlover som hindrar oss i dét.

Homo Faber har tatt overhand

“Å herske over naturen” framtrer som menneskets fremste kall. Homo faber tårnar over homo sapiens.” (s. 168). Faber kjem frå det latinske ‘handverkar’ og er ei nemning for at mennesket er eit skapande vesen som omformer seg sjølv og omgjevnadane sine med verktøy. Sapiens kjem også av latin, og betyr ‘klok’ eller ‘sensitiv’.

            Jonas meiner at menneskeartens evne til å tenkje vert misbrukt i jakta på omforming av naturen. Homo Faber har gjort Homo Sapiens til sin undersått. “Tenkinga vert eit verktøy i hendene til dei som vil lage nye ting, og ekstern makt vert sett fram som det høgste gode” (s. 168).

            Jonas meiner at menneska driv ei sosialt tvangsmessig utøving av makt. Den makta som naturvitskapen har gitt oss over naturen har gjort oss ute av stand til å begrense oss i utøvinga. “Det veldige omfanget av den makta mennesket har fått gjennom sin jakt på teknisk framskritt […] har skapt eit tilsvarande behov for å bruke den — og dermed den merkelege vansken med å stoppe dens forutsigbare og sjølvdestruktive framgang” (s. 141).

            Vi kan ikkje stoppe framskrittet fordi heile samfunnet er rigga til for å støtte opp under det skapande mennesket. Både utdanningsinstitusjonar, industri og næringsliv, forsking og utvikling underbygger legitimiteten til denne eine menneskelege aktiviteten; den utreknande tenkjemåten og dens permanente innovasjon.

            Det har vorte moralsk akseptabelt å søkje stadig større suksess, og aldri verte nøgd. “Teknologi utgjer eit kumulativt og ekspanderande kunstig miljø der dei kreftene i mennesket som lagde det vert forsterka. Den tvinger fram ei ustoppeleg skapande verksemd knytt til vedlikehald og vidareutvikling, og sidan menneska vert lønna med endå større suksess vert iveren deira ytterlegare forsterka” (s. 9).

            Den handlekraftige Homo Faber tårnar over den saktetenkjande Homo Sapiens på ein måte som er destruktiv ikkje berre for menneska sjølve, men også for naturmiljøet som vi er ein del av.

Teoriar er farleg

Vitskaplege teoriar er farlege fordi dei forsterkar menneskets innflytelse i verda. “Naturen kunne ikkje ha forårsaka ein større fare enn mennesket […] Så lenge vår praktiske intelligens og teoretiske intelligens gjekk kvar sin veg var påverkinga på balansen i verda akseptabel. Men sjølve meininga til ordet “teori” har endra seg. I motsetning til det kontemplative intellektet i gamle dagar har det oppstått ein frigjort arving; eit aggressiv og manipulerande intellekt fostra opp i moderne vitskap og slept laus som administrator av alle ting” (s. 138).

            Naturvitskapen gjev oss makt til å gjere teoretiske hypotesar til empirisk verkelegheit. “Det at teorien finst er i seg sjølv ein historisk faktor som endrar vilkåra for det objektet det vert samla kunnskap om. Teorien samlar kausal makt for å hjelpe dens eigne sanningar til å verte verkelegheit. […] Det at den får rett til slutt beviser ikkje at den var sann, men at den fekk makt over dei intellekta som viste seg å kunne bidra med relevante handlingar” (s. 115).

            Vitskaplege teoriar fungerer i stor grad som sjølvoppfyllande profetiar. Etter at eit framlegg er formulert, t.d. at det burde gå an å lage kraftige bomber med all den energien som vert utløyst ved spalting av eit atom, vil Homo Faber brette opp ermene og gå i gang med forsøket.

            Denne dynamikken gjer at forsking og utvikling kan kome til å ha uendeleg framskritt. “Alt i den noverande tilstanden til desse tvillingprosjekta peikar mot ei ubegrensa vidareføring i framtida (kanskje også med ein eksponensiell auke i tilverking). I alle tilfelle er dei i prinsippet i stand til dette utifrå deia kognitive formalisme og den uuttømmelege ressursen som deira forskingsgjenstand er” (s. 166).

Kognitiv formalisme

Jonas brukar eit litt undarleg språk når han omtalar vitskap som “kognitiv formalisme”, og det er fordi han vil skilje mellom humanismens og naturvitskapens måte å tenkje på.

            Her kan vi tenkje på fag som robotikk, kybernetikk og programutvikling. Med kvart gjennombrot innan naturvitskapen, til dømes knytt til kvantefysikk, oppstår det nye tekniske muligheiter innan desse faga. Trongen til ekspertise og spesialisering vert heile tida stimulert av desse gjennombrota.

            Den som baserer si utforsking på kvalitetar ved den fysiske verda er involvert i eit kunnskapsprosjekt som aldri vil ta slutt. Det ligg både i gjenstanden (naturen) og i verktøya (teknologi og kognisjon). “Utforskinga av denne opne vegen er meir enn ein grunnleggande rett, det er den høgste plikt for dei kognitive subjekta som er velsigna med evne til ei slik utforsking” (s. 167).

            Forskarane sin nysgjerrigheit og “aggressive intellekt” er knytt til det Heidegger kallar “utreknande tenkjing”. Kombinasjonen er svært kraftfull. Ein pris den naturvitskaplege forskaren må betale for bidraget til vitskapleg framskritt er at kunnskapen får eit mindre personleg opphav (s. 167). “Det kognitive subjektet er i mindre grad ein individuell tenkjar og i større grad eit “kollektivt intellekt” i det samfunnet som lagrar kunnskapen” (s. 167).

            Dette gjeld også samfunnsfaga: hypotesar vert til verkelegheit. Metodisk framskritt i etablerte fagområde er no ein rutinesak i det vitskapleg-teknologiske komplekset og den kan styrast i ynskjelege retningar ved pengetildelingar (s. 121).

            “Dei moderne analysane av sosiale og økonomiske samanhengar er svært mykje betre enn tidlegare tiders kunnskap og tillet framskrivingar innover i framtida som set futurologien fri frå enkle analogiar med fortida, sjølv om det framleis er stor usikkerheit” (s. 113).

            Også samfunnsvitskapleg teori er farleg. Samfunnsstyringa er i dag basert på mykje større teoretisk kunnskap enn tidlegare statmannskunst kunne drøyme om. “Dei vitskaplege samfunns- og teknologifaga leier futurologien forbi ein iterativ induksjon frå erfaring (dvs. frå presedens) til deduksjon av det som aldri har funnest før. Istadenfor å gjette om framtida kan ein no rekne ut framtida” (s. 113).

Humaniora: Kognitiv heterogenitet

Jonas har eit interessant poeng når han seier at politisk liv er fristilt frå den kumulative dynamikken som kognitiv formalisme i særleg grad bidreg til. Menneska kan ikkje ha moralsk framskritt slik vi kan ha framskritt i vitskapleg kunnskap.

            ““Kunnskap” om menneskelege ting, det vi kallar forståing, er noko kvalitativt anna som er mindre stegvis og mindre kumulativ enn kunnskap om den fysiske verda […] Det er noko kvar generasjon må omforma på ein måte som er unik for dei sjølve, og for ein eller fleire rivaliserande leirar” (s. 164).

            Det vert ikkje stadig betre politikk, eller stadig betre moral i folkesetnaden. Tvert imot kan den politiske og moralske diskusjonen mellom menneske degenerere når som helst, slik Jonas sjølv opplevde i Nazi-Tyskland på 1930-talet.

            “Filosofisk kunnskap har den skjebne å alltid vere open for meiningsbryting sjølv om den handlar om ting som i sin natur er endegyldige, medan naturkunnskap kan oppnå stor grad av objektiv sikkerheit” (s. 186).

            I menneskas forståing finst det ein “kognitiv heterogenitet” som ingen framskritt kan knyte saman og gjere heil. “Medan kvar generasjon har den vitskapen den arvar (med eller utan nye bidrag) har kvar generasjon den humanismen den fortener” (s. 165).

            Politikken er i utgangspunktet fristilt frå å bidra til framskritt, men sidan den i aukande grad brukar moderne teknologi i politikkutforminga kan den ende opp med å verte kontrollert av dei same kreftene som vil ha stadig  meir og betre teknologi. Då vert politikk i så fall like farleg for framtida som dei andre utviklingstrekka Jonas peikar på.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Sjette del heiter “Framskritt er opium for folket”. Majoriteten av menneska har det stadig betre på grunn av det tekniske framskrittet, og det vil difor verte svært vanskeleg for oss endre åtferd sjølv når vi ser at det trengst. Med sitt typiske skråblikk viser Hans Jonas at menneskas virketrong og behov for å gjere nytte for oss er blant våre farlegaste eigenskapar når målet er å dempe veksten og redusere konsumet.

]]>
Essayføljetong 3:9 — Tradisjonell etikk har gått ut på dato https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-39-tradisjonell-etikk-har-gatt-ut-pa-dato/ Fri, 21 Aug 2020 10:53:32 +0000 https://voxpublica.no/?p=30575 I denne delen presenterer eg det historiske perspektivet Jonas har på ansvarsetikken. Dette finst særleg i kapittel 1 “The Altered Nature of Human Action” og kapittel 5 “Responsibility Today: Endangered Future and the Idea of Progress”. Jonas går i dialog med blant anna Immanuel Kants moralfilosofi for å danne eit solid grunnlag for sin ansvarsetikk, men dette stoffet er for krevjande til at eg inkluderer det her.

Eg vaks opp på ein gard på Voss på 1970- og 80-talet. Vi hesja graset slik bønder hadde gjort det i hundrevis av år. Dette handverket er no i praksis utrydda, og dei normene som var knytt slikt manuelt jordbruk er også borte.

Essayføljetong i ni deler

Tre historiske fasar i teknologiutviklinga

I tusenvis av år var teknologiar underlagt menneska og vi kunne styre dei som vi ville. Men no er teknologiane sterkare enn oss og tvingar oss til å strebe etter stadig større vekst. Difor må også våre etiske prioriteringar endrast, skriv Jonas. Han ynskjer at vi skal nå eit tredje nivå der vi kan gjenvinne kontrollen og bryte med vekstautomatikken.

            Denne historiske analysen er tydeleg inspirert av Heideggers filosofi, og kanskje særleg essayet “Spørsmålet om teknikk” frå 1954. Jonas går lenger enn Heidegger, og formulerer ein storfelt moralsk kritikk av menneskeslekta. Vi må forstå kva vi har rota oss opp i, og ta etiske grep for å endre teknologiforholda våre før det er for seint.

            Det tredje nivået er eit utopisk nivå i historieforteljinga til Jonas. Det kan hende menneske aldri kjem til å leve i ein tilstand der teknologiutviklinga er berekraftig, men det er høgst nødvendig å sjå for seg ein slik situasjon og peike ut dei kvalitetane den vil bestå av.

Fase 1: Vi lagar teknologi med hendene våre

“Gamle dagar” vil her seie heile menneskets historie frå steinalderen gjennom antikken og middelalderen fram til industrialiseringa på 1700-talet. I alle desse titusen åra brukte mennesket berre handverksteknologiar. Verktøy og enkle maskiner vart laga “for å verte brukt i direkte omgang med andre menneske innafor ein avgrensa stads- og tidshorisont” (s. x).

            Heidegger skildra dette forholdet i nemnte essayet “Spørsmålet om teknikken”. Ordet teknologi viser opprinneleg til dette skapande forholdet, for det stammar jo frå det greske techné som betyr handverk eller kunst. Det viser til dei kunstferdige aktivitetane og ferdigheitane til handverkarar som til dømes smeden, snekkaren og steinsetjaren.

            Gammal teknologi er prega av at handverkaren “bringer fram” eit objekt frå materialet ho jobbar med enten det er ei steinøks, eit skip eller ei hesje. Techné er ein måte å avdekka verkelegheit på, seier Heidegger, og det skjer ved ei utforsking og avsløring av potensialet i dei materielle forholda. Smeden “ser” sverdet i metallet og utformar det sakte men sikkert i eit samarbeid med naturen.

            Kommunikasjonen var også handverksbasert. Teikningar, maleri, skrift og statuer er døme på ytringar som vart forma ved techné. Folk skapte språklege og kulturelle uttrykk ved sjølv å forme om eit materielt råmateriale. Prosessen med å lage fargar, blekk, lerret og skriveoverflater var omstendeleg, og det tok lang tid å opparbeide seg dei nødvendige ferdigheitene. Poenget er ikkje å idyllisere dette saktegåande handverket, men å få fram at det førte med seg etiske behov som vi ikkje lenger har.

Denne fire tusen år gamle helleristninga er den eldste kjente avbildninga av ein skiløpar. Handverket knytt til å lage slike teikningar er irrelevant i våre dagar, og det same er handverket knytt til å lage sine eigne ski. Det er heller ikkje noko reelt behov for å bruke ski til transport. (Foto: Inge Ove Tysnes/Kulturarv.no.)

Etikken var ein del av situasjonen her og no

Jonas tek utgangspunkt i denne historiske framstillinga og seier at teknologibruken var samkøyrt med etiske normer knytt til notid og nær framtid. “Planlegging, målsetjing og ansvar hadde kort tidshorisont. Korrekt åtferd hadde umiddelbare kriterier og vart også gjennomført nesten umiddelbart. Dei meir langsiktige konsekvensane var overlatt til tilfeldigheiter, skjebne eller forsyn” (s. 5).

            Eg har allereie vist til bondelivet, som i tidlegare tider var fullstendig dominerande som overlevingsstrategi. Bonden kan arbeide hardt i åkeren, men naturen er alltid sterkast og mennesket kan berre håpe at avlinga vert god. Dersom vêret er dårleg over lengre tid vil avlinga døy på rot, og ingen tekniske reiskapar kan endre på dette. Bonden må setje si lit til Gud eller andre overmenneskelege krefter.

            “Naturen var ikkje gjenstand for menneskets ansvar. Den tok hand om seg sjølv, og med litt godsnakking og uro tok den også hand om mennesket. Ikkje etikk, men dyktigheit gjaldt for naturen […] Handlingar med ikkje-menneskelege ting utgjorde ikkje ein genuin etisk sfære” (s. 4). Det var berre menneska sjølve som kunne handterast med etiske reglar. Naturen var altfor sterk til å la seg styre, og handverksteknologiane var altfor svake til at det var grunn til å innrullere dei i etikken.

Fase 2: Lærdomen vi har frå erfaringa vert makteslaus

Etikken har ikkje forandra seg nemneverdig opp gjennom historia, men det har teknologien. Menneska lagar no teknologiske infrastrukturar som formar åtferda vår på usikre, stadig foranderlege måtar. “Det foregår ei kumulativ og sjølvforsterkande teknologisk endring av verda, og den overskrider stadig vilkåra for dei handlingane som bidreg til den og skapar situasjonar utan presedens. Lærdomen vi har frå erfaring vert makteslaus” (s. 7).

            Moderne maskin-driven teknologi er basert på fysikk som ein eksakt vitskap. Menneska har laga dampmaskiner, forbrenningsmotorar og vi har temja den elektriske krafta. Vi kan demme opp store elvar, bygge kunstige øyer og enorme byar. Vi kan sende menneske til månen og heimatt, og vi kan øydelegge livsvilkåra på heile planeten med atombomber.

            Dei vitskaplege og industrielle revolusjonane gjer at mennesket kan manipulere naturen på eit utal måtar, og denne typen teknikk styrer no all menneskeleg aktivitet. Alle vitskapens bragder kunne ramsast opp her, til dømes moderne medisin og biokjemi, kjernefysikk, kvante-datamaskiner og kunstig intelligens basert på hjernens nevrale nettverk.

            Kunnskapen veks oss over hovudet. Menneska har no større makt enn vi har kunnskap til å bruke denne makta, seier Jonas (s. 119). “Den politiske visdomen frå antikken kan ikkje imiterast eller assimilerast av oss moderne menneske så lenge vår eksistens vert styrt av lova om ustoppeleg, sjølvskapt endring. Den bringer jo fram ting og tilstandar som er genuint nye og aldri har vore erfart tidlegare” (s. 124).

            På denne måten byggjer Jonas opp eit grunnlag for påstanden om at tradisjonell etikk er utdatert, og at vi må lage ein etikk som er meir passande til den makta vi har.

Atombomba er det ultimate symbolet på at menneskas teknologiske kraft har overstige våre moralske rammeverk. Able var ei prøvesprenging av ei atombombe på Bikiniatollen i Stillehavet i 1946. Fotoet er henta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Able

Vi har eit ansvar vi ikkje taklar

Teknologiens store makt gjev den også stor øydeleggingskraft, seier Jonas (s. 23). “[Francis] Bacons ideal om makt over naturen gjennom vitskapleg teknologi skapar ein fare for katastrofe som oppstår ikkje så mykje frå begrensingar i kva teknologien kan gjere som frå dens store suksess” (s. 140).

            Den har særleg skapt suksess i materiell produksjon av goder og vekst i folkesetnaden. “Moderne teknologi har gjeve menneskerasen ei endelaus framoverretta drivkraft og vorte vårt viktigaste prosjekt”. Dette gjer at “teknologi, utover sine objektive former, har fått ei etisk rolle på grunn av sin sentrale posisjon i menneskas føremål med seg sjølv” (s. 9).

            Det som allereie er bygd opp kan ikkje endrast så lett, og strukturane vi lagar no kastar lange skuggar inn i framtida (s. 124). Vi har allereie laga viktige rammevilkår for vår eiga framtid, men vi har altså ikkje ein etikk som hjelper oss å ta ansvar for denne makta.

            “For oss moderne let ikkje visdomen til dei gamle seg så lett tilpasse og anvende. Vår eksistens er underlagt lova om evigvarande, sjølv-skapt endring, og som sitt naturlege produkt bringer den fram ting og tilstandar som er genuint nye” (s. 124).

            I mediesamanheng er det til dømes slik at journalistar og kjendisar lett kan få eit publikum på fleire millionar menneske utan at dei seier noko viktig. Det er ikkje ein velutvikla etisk relasjon mellom det å adressere store folkemengder og det å ha ein alvorleg og viktig bodskap.

Vi er vant med å vere grunnleggande usikre

Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida, seier vi ofte. I gamle dagar var det lett å spå. Dei aller fleste saksforhold ville gjenta seg gjennom sesongane, og hendingar ville utspele seg på same måte gong etter gong.

            Vilkåra for menneskeleg handling har endra seg radikalt, og då må etikken endra seg radikalt også. Dette er kjernen i Jonas sitt historiske resonnement. “Nokon av handlingane våre har fått kvalitativt nye særtrekk og dette opnar opp ein heilt ny dimensjon av etiske relasjonar som det ikkje finst presedens for i våre etiske standardar og tradisjonar” (s. 1).

            I våre dagar kan sjølv ikkje dei dyktigaste og mest ressurssterke forskingsmiljøa spå kva slags teknologi som vil dominere om tre eller fem år. Denne grunnleggande usikkerheita er skapt av moderne teknologi, og gjer oss makteslause.

            I gamle dagar var teknologiane enkle nok til at vi i stor grad kunne styre dei, men så vart dei så kraftfulle at dei istaden tok kontroll over oss. Difor må vi utvikle ein ansvarsetikk som moralfilosofien så langt ikkje har sett behov for.

Månelandinga i 1969 vart oppfatta som eit fantastisk uttrykk for det teknologiske framskrittet, og fleire milliardar menneske såg og høyrde denne hendinga i si eiga stove. Men frå Jonas sitt perspektiv er månelandinga uttrykk for genuint nye forhold som den etablerte etikken ikkje kan brukast på, og vi sit fascinerte, usikre og handlingslamma framfor fjernsynet. Foto: AP/NTB Scanpix.

Fase tre: Vi forstår ansvaret og gjenvinn kontrollen

Fase 2 i teknologiutviklinga er eit mørkt kapittel i menneskas historie, og Jonas argumenterer for at menneska må nå fram til eit tredje nivå for vår kontroll over teknologiar. Det tredje nivået inneber ei “gjeninnsetjing av mennesket — i siste øyeblikk — så vi gjenvinn kontroll over denne makta og bryt med dens tyranniske automatikk”, s. 142. Mennesket må lære seg å styre måten teknologiar styrer mennesket på, og sakte gjere den meir berekraftig, moderat og ansvarleg.

            Viss vi skal ha håp om å få kontroll over den moderne teknologiutviklinga må vi organisere oss på samfunnsnivå, seier Jonas. Heile boka handlar om ulike dilemma med å forsøke å få betre kontroll, og bygge ned dei verste utslaga av veksten. Jonas peikar ut problem utan sjølv å ha klare løysingar på dei.

            Vi må lære oss betre korleis vekstautomatikken fungerer for å bekjempe den, seier han. Vi må lære oss korleis vi kan endre teknologiutviklinga slik at den påverkar oss på måtar som er nærare vår erfaringshorisont som menneskekroppar, og vi må motverke at teknisk framskritt vert oppfatta som eit mål i seg sjølv.

            Gjennom eit slikt metamedvit om forholdet mellom menneske og teknologi kan vi muligens klare å omforme framtida og gjere den betre for dei som skal leve då (s. 141–42).

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Fjerde del heiter “Teknologiane vert sterkare av seg sjølv”. Her skildrar eg Hans Jonas si oppfatning av moderne teknologiutvikling i større detalj. Inspirert av Martin Heideggers teknologifilosofi hevdar Jonas at teknologiane skapar stadig auke i kapasitet og bruksområde som følgje av naturvitskapens stadig meir sofistikerte utfordring av naturen. Menneska er underlagt teknologiens behov, men nektar å innsjå det.

]]>
Essayføljetong 2:9 — Framtida er viktigare enn notida https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-29-framtida-er-viktigare-enn-notida/ Wed, 19 Aug 2020 11:09:28 +0000 https://voxpublica.no/?p=30128 I denne delen forklarer eg kva Jonas meiner med ansvar ved å nærlese forordet og deler av kapittel 4 “The Good, the “Ought” and Being: A Theory of Responsibility”. Jonas prøver å formidle at naturen har subjektivitet og målsetjingar som er prinsipielt like det mennesket har, og at vi difor lever i eit grunnleggande fellesskap med naturen (t.d. s. 65). Han går grundig inn i det naturfilosofiske grunnlaget for ansvarsetikken i kapittel 3 “Concerning Ends and Their Status in Reality”. Dette stoffet er svært vanskeleg, og dessutan mest relevant for miljøvern, så eg går ikkje djupare inn i det her.

Foreldra sine kjensler overfor eit lite barn er arketypen på eit framtidsorientert ansvar, seier Hans Jonas. Mine foreldre tok godt hand om meg og bror min i oppveksten, og vi hadde også besteforeldre, tanter, onklar og mange andre omsorgspersonar som stelte for oss.

Essayføljetong i ni delar

Kva er ansvar?

Jonas byrjar sin definisjon ved å minne oss på at det tradisjonelt er tre vilkår for at eit menneske har ansvar for noko. Det må finnast ein handlande agent som har “kausal makt, dvs. at handlingane skapar konsekvensar i verda”. Vidare må den handlande ha “kontroll over handlingane sine” og må kunne “føresjå konsekvensane til ei viss grad” (s. 90).  
For Hans Jonas er det viktig å framheve at det ikkje nødvendigvis er enkeltpersonar som handlar, men også “samfunnet”, “fellesskapen” og i aukande grad også “teknologien”.

            På 1940-talet skapte amerikanske forskarar atombomba utifrå ein fantastisk detaljert kontroll over den kausale maktdimensjonen, og dei hadde dermed stor kontroll over handlingane sine. Det er også klart at dei kunne føresjå dei destruktive konsekvensane av å lage atombomba, og såleis må kunne setjast til ansvar for den.

            Eit ganske anna døme er Google Maps. Dette teknologiske verktøyet har kausal makt ved å føre bilisten gjennom trafikken med sine navigasjonsruter, og forslaget er kontrollert av algoritmer som forheld seg til diverse typar informasjon om omgjevnadene og trafikksituasjonen. Google Maps kan også føresjå konsekvensane av å føre trafikantar inn på ei viss rute, og til dømes signalisere til bilisten at det no er stilleståande kø fem kilometer lenger framme på vegen.

Fortidsorientert ansvar

Når dei tre vilkåra for å ha ansvar er tilfredsstilt kan den handlande agenten vere involvert i to typar ansvar; fortidsorientert og framtidsorientert ansvar.

            Den fyrste typen består i at den handlande enkelt og greitt er ansvarleg for dei handlingane som har vorte utført (s. 90). Dette ansvaret er godt etablert i samfunnet, og lovverk og domstolar forvaltar det til dømes ved å straffe folk som har gjort forbodne handlingar.

            Jonas er ikkje særleg oppteken av slikt ansvar. Det peikar mot handlingar i fortida som ein kan verte tilgitt for ved å sone sin straff, eller som ein kan forsvare ved å gje gode grunnar for dei. I mange tilfelle finst det ikkje noko lovverk som kan straffe folk, og det går uansett ikkje an å gjere om handlinga. Fortidsorientert ansvar er naturleg nok ikkje særleg orientert mot handlingar som enno ikkje er utført. Framtidsorientert ansvar er difor mykje viktigare i Jonas sitt moralfilosofiske prosjekt.

Isbjørnen har vorte eit symbol på dei mange dyreartane som er utrydningstrua på grunn av aukande temperatur. Dersom menneska allereie for 60–70 år sidan hadde tatt faren for klimaendringar på alvor ville isbjørnen truleg ikkje vore trua på denne måten. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).

Ansvar for at liv og ting klarer seg i framtida

Setningane til Jonas dirrar av engasjement når han skildrar det framtidsorienterte ansvaret. Dette handlar om å ta vare på liv og ting. Eg brukar den litt tungvindte formuleringa “liv og ting” fordi ansvaret omfattar både eksisterande liv, ufødt liv, eksisterande ressursar, atmosfæren og alle dei forholda som på noko vis kan vere relevante for vilkåra i framtida.

            Slikt ansvar “peikar framover mot noko som må verte gjort; dette frampeiket kommanderer meg til å handle, og eg føler meg ansvarleg ikkje fyrst og fremst for mi eiga åtferd og dens konsekvensar, men for denne tingen som har krav på at eg gjer noko” (s. 92). Den avhengige har ein innebygd rett som gjer meg både “objektivt ansvarleg” og “kjenslemessig engasjert” (s. 92).

            Denne typen ansvar forpliktar menneska på å stelle for desse tinga ved til dømes å sikre dei næringstilførsel, verne dei mot vêr og vind og vise emosjonell omsorg, men også ved å ikkje øydelegge dei og ikkje svekke krafta deira så mykje at dei går til grunne og forsvinn (s. 90).

            Å ta ansvar for noko på denne måten peiker innover i framtida, og dette er heilt avgjerande for Jonas sitt begrep om framtidsetikk. Jonas formulerer ein etikk som er retta mot framtidas usikre vilkår og ikkje mot notidas etablerte goder.

            I nokon samanhengar er dette ansvaret automatisk til stades. Foreldra sine kjensler overfor eit lite barn er som nemnt arketypen på ein slik ansvarleg relasjon. “Dette er eit ansvar som er etablert av naturen og det treng ikkje frivillig tilslutning. Det er ugjenkalleleg og altomfattande, og kan ikkje endrast av deltakarane” (s. 95). Vi har eit vilkårslaust ansvar for barna våre, og dei fleste tek dette ansvaret og strevar for at barna skal få det bra.

Stor makt skapar stort ansvar

Jonas knyter dette ansvaret til teknologiutviklinga. Han kallar tida vi lever i for “den teknologiske tidsalderen” og skriv om den store makta menneska har fått på grunn av vår handtering av moderne teknologi. Eg har allereie sitert fyrste setning i boka, men den tôler gjentaking:

            “Moderne teknologi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig djupare gjennomtrenging av naturen og driven framover av marknadskrefter og politikk, har auka menneskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jorda, og mennesket sjølv, og den veks med akselererande fart” (s. ix).

            Dersom handlingane dine har små implikasjonar for framtida er det kanskje ikkje så nøye kva du gjer, men dersom dei har store implikasjonar må du tenkje deg godt om før du gjer noko. Sidan teknologi gjev oss svært stor makt følgjer det at framtidsansvar er viktigare enn nokonsinne før.

            Hans Jonas meiner vi må verte mykje meir medvitne om behovet for dette framtidsansvaret. Han set fram eit krav som gjeld både for enkeltpersonar i deira privatliv og tunge samfunnsaktørar i næringsliv og politikk. “Ansvar samvarierer med makt og må vere proporsjonal med omfanget og utøvinga av denne makta. I vår tid trengst det difor ei langsiktig og framsynt tilnærming; ein vitskapleg futurologi” (s. x). Denne futurologien eller framtidsetikken krev at vi oppfører oss slik at det ver råd for framtidas menneske også å ha gode liv.

            Dei mektige instansane i samfunnet må difor stillast til ansvar for tilstandar i framtida som dei bidreg til å skape no; til dømes dårlege materielle vilkår for enno ufødt liv, naturmiljøet og oss sjølve når vi har vorte 30 år eldre. Sett frå vår tid må politikken utformast for året 2050, ikkje for 2021 eller 2022.

            Det er viktig å merke seg at det ikkje fyrst og fremst er enkeltpersonar Jonas stiller til ansvar. Han er meir oppteken av regjeringar og statsleiarar, private firma og næringslivsleiarar, akademikarar og utviklarar. Viss han hadde skrive boka si på 2020-talet ville han garantert ha nemnt tunge globale aktørar som Facebook, Google og Apple.

Entusiasme for ansvar

Jonas understrekar kor viktig det er å verte engasjert i å kjenne ansvar for at liv og ting får gode vilkår. “Kjensla av ansvar binder dette subjektet til dette objektet og får oss til å handle på dets vegne. Eg vil hevde at det er denne kjensla meir enn noko anna som vil få oss til å handle slik at objektet kan fortsetje å eksistere” (s. 90). Dersom folk ikkje involverer seg er det jo lite truleg at ting vil endre seg til det betre, og dermed mindre truleg at menneska og andre liv og ting vil få det godt i framtida.

            Jonas innser at det er eit krevande bod. Sidan det her ikkje dreier seg om det vilkårslause og udiskutable foreldre-barn-ansvaret, men eit meir abstrakt ansvar for miljø og livsvilkår i framtida, kan det vere svært vanskeleg for personar og samfunn å opparbeide ei slik ansvarskjensle.

            Dei færraste er jo viljuge til å ofre eigne gode i notida på vegne av gode for andre i framtida. “Kva har framtida nokonsinne gjort for meg?”, spør Jonas ironisk (s. 39). Dei menneska som ikkje eksisterer kan jo ikkje krevje noko, og kan enno ikkje lide under urettferd. Sjølv om vi kan forestille oss at våre ufødte tippoldebarn kan lide for våre val, så klarar dei færraste likevel å endre åtferda si. Kva då med samfunnsmessige forhold som vi strengt tatt berre har eit profesjonelt forhold til?

Innføringa av 5G vil føre til at teknologiaktørar får endå større makt utan eit korresponderande ansvar for å ta vare på ting/liv som vert påverka av denne makta. Kva om det ville vere betre for framtidsvilkåra å ikkje bygge ut 5G i det heile tatt? (Illustrasjon: Counterpoint Research https://www.counterpointresearch.com/5g-network-slicing-versus-private-networks-benefits-drawbacks/).

Objektorientert etikk

Det er viktig å understreke kor materiell Jonas sin etikk er. Han er ikkje opptatt av dyder og plikter i seg sjølv. “Den posisjonen som ligg til grunn for dei følgande refleksjonane om ansvar kan uttrykkast ganske enkelt: Det som gjeld er ting og ikkje tilstandar i min vilje” (s. 89).

            Foreldre-barn-ansvaret må tolkast om slik at det også kan prege samfunnsinstitusjonane, seier Jonas. Den vilkårslause omsorgen for framtidas liv/ting vil måtte operasjonaliserast og byggast opp som eit ansvar for teknologiutviklinga. For at forskarar og studentar, teoretikarar og praktikarar skal kunne oppleve dette som eit reelt ansvar trengst det ei haldningsendring over lang tid.

            For medievitskap og informasjonsvitskap betyr dette at vi må oppfatte teknologiutforminga som det aller viktigaste, medan folks notidige oppleving og forståing er mindre viktig. Dette kan høyrast rart ut, men er ein av dei mange implikasjonane av den “strenge” etikken som Jonas formulerer.

            Måten vi forvaltar den enorme mengda av plattformar, grensesnitt og nettverk på vil påverke framtida mest, medan den enkelte personens åtferd og kjensler overfor andre menneske her og no vil få svakare påverknad. Det trengst eit paradigmeskifte i forskinga på medier og kommunikasjon dersom denne liv/ting-omsorgen skal kunne verte sentral.

Berre ein ting er heilt sikkert, nemleg at debatten ikkje er ferdig. Det føregår intense diskusjonar av politikk, identitet og moral i sosiale medier, på 24-timars nyheitskanalar og andre offentlege arenaer. Utifrå Jonas sitt resonnement har offentleg debatt for stort fokus på notida, og er ei avsporing frå det samarbeidet om framtidsforholda som verkeleg trengst. Foto: NRK.

Mediene skapar eit fokus på notida som hemmar ansvarsetikken

Mediene produserer nyhende og aktualitet, og engasjerer oss i diskusjon av viktige samfunnsforhold slik dei utspelar seg akkurat no. Dette har alltid vore den viktigaste grunnen til å skru på radioen, opne Facebook-appen eller gå inn på ei nettavis. I lys av Jonas sin etikk betyr det at mediene skapar eit systematisk, permanent og svært kraftfullt fokus på hendingar i notida, og såleis skuggar for det endå viktigare fokuset på å ta ansvar for liv/ting i framtida. 

            Det framstår som moralsk riktig å fokusere på å forstå notidas problem og gje skuld og ansvar til dei rette instansane. Samfunnsaktørane må jo få høyre kva konsekvensar deira handlingar skaper for andre. Sommaren 2020 er det sterke motsetnader i offentlegheita, og den er knytt til håndteringa av koronaviruset, woke versus liberal, for og imot vindkraft, etc.

            Frå dette notidsorienterte perspektivet er det nesten uråd å anerkjenne det større teknologiske problemet som Jonas peiker ut. For ein person som er engasjert i woke-debatten vil det framstå som nedlatande å få beskjed om at engasjementet ditt er for orientert mot notida og ansvarsfordeling blant dei aktørane som dominerer no.

            Det politiske engasjementet for notida gjer det vanskeleg å tenkje på framtida. Dei aktivitetane som vert akta høgast; debatt og kritikk basert på ytringsfridomen, er samtidig dei som er farlegast for tingas framtidige tilstand. Dette dilemmaet framstår som nærmast uløyseleg.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni delar. Tredje del heiter “Tradisjonell etikk har gått ut på dato”. Her presenterer eg Hans Jonas sin historiske analyse av forholdet mellom teknologiutvikling og etikk. I tidlegare tider var det rimeleg at etikken var knytt til kortsiktige behov i notida, men det fungerer ikkje når kraftfull teknologi har ført til at handlingane våre strekker seg langt inn i framtida.

]]>
Essayføljetong 1:9 — Hans Jonas og problemet med moderne teknologi https://voxpublica.no/2020/08/essayfoljetong-19-hans-jonas-og-problemet-med-moderne-teknologi/ Mon, 17 Aug 2020 13:27:05 +0000 https://voxpublica.no/?p=29123 Dette er fyrste del i ein essayføljetong om problemet med å skape ei ansvarleg utvikling innan moderne teknologi. Eg presenterer boka The Imperative of Responsibility. In Search of an Ethics for the Technological Age (1984) av moralfilosofen Hans Jonas (1903–1993), og forklarer kvifor denne boka er så viktig. Deretter viser eg korleis hans teknologikritikk er relevant for medieutviklinga i samtida, og presenterer også livshistoria hans for å skape historisk kontekst.

Hans Jonas var 81 år då «The Imperative of Responsibility» kom ut på engelsk i
Etter eit langt liv i det godes teneste kunne han tillate seg å moralisere. (Pressefoto).

Essayføljetong i ni delar

Nærlesing av The Imperative of Responsibility (1984)

Hans Jonas er bekymra for framtida, og allereie i 1984 gav han ut ei bok om problema med moderne teknologi og korleis dei berre vil vekse seg sterkare viss vi ikkje gjer noko straks. Eg leste The Imperative of Responsibility i sommar, og vart slått av kor relevant denne kritikken er for medier og kommunikasjon også i vår tid.

            I denne essayføljetongen vil eg difor undersøke hans fundamentalkritikk av det moderne samfunnet. Jonas meiner at moderne teknologiar har gitt oss ein særskilt type makt over naturen som gjer dei svært farlege for oss sjølve. Han skriv:

            “Moderne teknologi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig djupare gjennomtrenging av naturen og driven framover av marknadskrefter og politikk, har auka menneskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jorda, og mennesket sjølv, og den veks med akselererande fart” (s. ix).

            The Imperative of Responsibility er ei storfelt kritisk analyse av menneskas jakt på teknologisk betring og vidareutvikling. Her argumenterer Jonas for at menneska må lage alternativ til dei mest skadelege trekka ved teknologiutviklinga, og han peikar ut nokon store hinder for at dette vil kunne skje.

Det teknologiske imperativet

“Ingen stiller spørsmål ved det “teknologiske imperativet”, og det let seg ikkje stille spørsmål ved fordi det er antropologisk grunnleggande og integrert i den menneskelege tilstanden. Det treng ingen talspersonar i den vestlege verda i det 20. århundret fordi begeistringsrusen har overteke fullstendig. Slik vi oppfører oss no tek den teknologiske drivkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nødvendigheitene den har skapt, dens besnærande lovnader, dei kortsiktige belønningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjennom si sjølvforsterkande kopling med framskrittet i vitskapen” (s. 203).

            Koplinga mellom teknologi, vitskap og menneskeleg åtferd vert framstilt som ei nesten ustoppeleg kraft for vidare framskritt og vekst, og denne utviklinga er skadeleg for naturen og dermed også for mennesket sidan vi sjølv er ein del av den. Det teknologiske imperativet treng å verte balansert med eit imperativ om menneskeleg ansvar; eit prinsipp om at vi som lever no har ansvar for livsvilkåra for menneske og dyr så langt innover i framtida som teknologiane våre strekkjer seg (og det er langt!).

            Jonas peikar ut ei rekkje dilemma med den vekstautomatikken han meiner utspelar seg i moderne teknologi, og hevdar at utviklinga må motverkast meir aktivt i politikk og næringsliv. Det er viktig at borgarane vert meir medvitne om kva dei bidreg til, og difor må teknologiutviklinga verte meir synleg i den offentlege debatten. Det har heldigvis vore ei god utvikling på dette området sidan boka kom ut i 1984. Andre forfattarar og skribentar har kjempa for same sak som Jonas gjorde, og folk er meir medvitne om problema.

The Imperative of Responsibility (1984) vart fyrst utgitt på tysk med tittelen Das Prinzip Verantwortung (1979). Hans Jonas omsette den til engelsk sjølv i samarbeid med David Herr.

Ansvarleg teknologiutvikling

Boka har inspirert økologar, moralfilosofar, klimaforskarar og miljøaktivistar i fleire tiår. The Imperative of Responsibility har vorte ein av dei teoretiske grunnsteinane for miljørørsla saman med økosofien frå Arne Næss og Gaia-hypotesen til James Lovelock.

            Tankane til Hans Jonas har vore eit viktig grunnlag for den tradisjonen som vert kalla Responsible Research and Innovation (RRI). Denne er særleg knytt til å gje ei framtidsansvarleg grunngjeving for målsetjingane til forsking og utvikling i Europa.

            RRI er eit forsøk på “å utvikle nye former for styring som bedre kan håndtere modernitetens skyggesider og problemer” seier professor i vitskapsteori Roger Strand ved UiB i nettartikkelen “Ansvarlig forskning og innovasjon — et politisk begrep i støpeskjeen” (2015). Han kallar RRI “en prosess der samfunnsaktører og innovatører har ansvar for å forholde seg aktivt til hverandre og arbeide for at forskningsresultater og teknologi blir etisk akseptable, bærekraftige og ønsket av samfunnet”.            

Det finst spor etter Jonas sin tankegang i ei rekkje etiske analysar av utfordringane med moderne teknologi, ofte utan at det er direkte sitat. Dette gjeld til dømes Spiekermanns Ethical IT Innovation (2015), Jasanoffs Ethics of Invention (2016), Bowles Future Ethics (2018) og Cockelberghs AI Ethics (2020).

Det problematiske ved moderne medier

Jonas er mest opptatt av utfordringane for miljøet, men resonnementet hans er i stor grad allmenngyldig. Då eg leste boka tenkte eg heile tida at dette gjeld jo også for mediebruken og mediesamfunnet i vår eiga tid. Dette essayet er difor ikkje berre meint å forklare kva Jonas meiner, men er også meint å aktualisere hans kritikk i samanheng med medieutviklinga.

            Eg gjev ei rekkje døme på uheldige, negative og skadelege trekk ved mediene i samtida, og ynskjer å skremme både meg sjølv og lesaren til å tenkje gjennom kor fastlåste vi er i dei rådande teknologiane. Kritikken er “fundamental”, og det betyr at at den gjeld heile samfunnet, og ikkje enkeltpersonar, grupper eller institusjonar.

            I andre samanhengar arbeider eg med positive tilnærmingar. Mediedesign og innovasjonspedagogikk er løysingsorienterte og konstruktive faglege tilnærmingar som involverer kollegaer og studentar i tverrfaglege samarbeid.

            Det er svært viktig å arbeide for ansvarlege medieløysingar. Dette essayet kan lesast som ein moralfilosofisk bakteppe for det store arbeidet som skal gjerast i det nye senteret for forskingsdriven innovasjon, MediaFutures, som vert etablert ved Universitetet i Bergen hausten 2020. Jo betre forståing vi har av fare og risiko, jo betre stilt er vi til å gjere noko med dei.

Eg brukte meir tid på «The Imperative of Responsibility» enn alle andre bøker eg har lese dei siste åra. Hans Jonas skriv veldig kompakt og meiningstett og det var vanskeleg å komme gjennom meir enn 15–20 sider i ei økt. Eg måtte lese dei viktigaste poenga fleire gonger for å verte trygg på at mi omsetjing til nynorsk vart presis. Foto: Barbara Wendelbo.

Om Hans Jonas

Hans Jonas (1903–1993) var ein tysk-jødisk filosof som opplevde 2. verdskrig på kroppen og vart prega av det i si tenkjing. Jonas rømte frå det nazistiske regimet i Tyskland og vart soldat for dei allierte i Midt-Austen. Han kjempa også for Israel i den arabisk-israelske krigen i 1948. Erfaringane frå krigen og jødeutryddinga gav arbeidet hans eit eksistensielt alvor, og eit nøkternt for ikkje å seie negativt syn på menneska.

            På midten av 1950-talet emigrerte Jonas til New York der han budde resten av livet. Han vart professor i filosofi ved New School for Social Research, og arbeidde med biologisk etikk, livsfilosofi og naturfilosofi. Ei anna av hans kjente bøker er The Phenomenon of Life (1966). Stipendiat ved NTNU Sigurd Hverven har skrive om denne boka i artikkelen “Hans Jonas og fenomenet liv” i Filosofisk supplement (udatert).

            Boka som eg tek for meg; The Imperative of Responsibility (1984), er prega av at Hans Jonas hadde Martin Heidegger som rettleiar på doktorgraden sin. Jonas hadde eit komplisert forhold til denne innflytelsesrike filosofen gjennom heile sin karriere, og på 1960-talet tok han eit generaloppgjer med Heideggers nazisme.

            Samtidig finst det tydelege element av Heideggers teori om moderne teknologi i resonnementa til Jonas. Der Heidegger i stor grad er beskrivande er Jonas normativ. Han peikar ut dei moralske implikasjonane av at teknologi har fått så enorm kraft i samfunnet, og her ligg det ein spennande dialog med Heideggers filosofi.

            Det har vorte skrive ein del om Hans Jonas på norsk. Alfred Fidjestøl utgav i 2004 boka Hans Jonas. Ein introduksjon på Universitetsforlaget, men den er diverre utselt frå forlaget. Klassekampen gjorde eit intervju Fidjestøl med tittelen “Etikk for en ny tid” då boka kom ut. Utover dette har eg funne to korte pedagogiske framstillingar som er verdt å lese; Hein Berdinesen (2017) “Hans Jonas og ansvaret for fremtiden” på nettstaden Klimaaksjonen og Morten Fastvold (udatert) “Ansvarsetikk” på nettstaden Filosofi i skolen. Engelsk Wikipedia har eit grundig og leseverdig oppslag om Hans Jonas.

Omsetjinga

Eg har omsett alle sitata til nynorsk. Hans Jonas skriv godt, og han formulerer tankar med eit slikt alvor at eg får frysningar på ryggen. Han brukar slåande metaforar, har slagferdige poeng og fører innsiktsfulle resonnement. Men samtidig er det ingen tvil om at han skriv vanskeleg. Han skriv til eit fagfilosofisk og akademisk publikum og smykkar seg med grundige drøftingar av alt frå dydsetikken til filosofen Immanuel Kant til marxistisk utopisk teori frå Ernst Bloch.

            Jonas skriv resonnement på mange titals sider som går så djupt inn i det filosofiske grunnlaget for framtidsetikken at det nesten vert uleseleg. Han har sjølv omsett sin tysk til eit engelsk, og dette gjer ikkje saka betre. Det er innskotne setningar i dei innskotne setningane, liksom.

            Difor har eg utført ei semantisk omsetjing. Eg har lagt større vekt på kva som er poenget med setninga enn å omsetje den nøyaktig med dei norske orda som ville tilsvara dei engelske, eller med tilsvarande setningsoppbygnad. Nynorsk er eit aktivt språk, og eg har i mange tilfelle “aktivert” Hans Jonas sine setningar.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni delar. Neste del heiter “Framtida er viktigare enn notida”. Her presenterer eg det aller viktigaste moralske poenget til Hans Jonas. Fordi moderne teknologi har gitt menneska så stor makt over naturen har vi også eit stort ansvar for at livet klarar seg i framtida. Vi må dyrke ei ansvarskjensle parallell til den foreldre har til sitt nyfødte barn, men ansvaret må dreie seg om å skjøtte miljøet, teknologiutviklinga og menneskas vilkår.

]]>