Vitenskap - Vox Publica https://voxpublica.no/tag/vitenskap/ Magasin om demokrati og ytringsfrihet Thu, 22 Oct 2020 12:29:37 +0000 nb-NO hourly 1 Essayføljetong 5:9 — Vår farlege skaparkraft https://voxpublica.no/2020/09/essayfoljetong-59-var-farlege-skaparkraft/ Mon, 14 Sep 2020 13:12:42 +0000 https://voxpublica.no/?p=36110 Hans Jonas har ei rekkje radikale idéar, og hans kritikk av moderne vitskap er fascinerande lesnad. Vi tenkjer vanlegvis på vitskap som noko av det mest verdifulle vi har i samfunnet, men Jonas ser det annleis.

            Det er avgjerande for Jonas sitt prosjekt å skildre dette trekket ved vitskapen. Eg nærleser deler av kapittel 5 “Responsibility Today” som handlar om korleis vi bør forstå kunnskapens rolle i framskrittet. I denne episoden er Jonas sine refleksjonar rundt teoretisk kunnskap viktige, og særleg skiljet mellom naturvitskapleg og humanistisk kunnskapsauke.

            Vitskapen står alltid klar til å sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Denne kunnskapstørsten og skaparkrafta er eit vesentrekk ved mennesket, og den endrar seg ikkje sjølv når vi ser at det vil få negative konsekvensar i framtida. Optimisme og framskrittstru er uløyseleg knytt til vitskapen, og den er no så sterk og uhemma at den vert vår eigen verste fiende, seier Jonas.

Vitskapen legg til rette for utviklinga av stadig meir effektive, presise og problematiske teknologiar. Her prøver eg ein teknologi for å lese emosjonar ut av ansiktet til folk. “Facereader” er utvikla av det nederlandske firmaet Noldus IT, og eg prøvde den under ein ekskursjon i 2018. Foto: UiB.

Essayføljetong i ni delar

Mennesket er seg sjølv nærast

Det teknologiske imperativet tilseier at auke i vitskapleg kunnskap er grunnleggande positivt. Kunnskapstørst og kunnskapsauke kan ikkje så lett verte utfordra på moralsk grunnlag fordi den er ein integrert del av vår menneskelege tilstand, seier Jonas (s. 203).

            I naturen er det alltid den sterkaste som har rett. “Det finst ein enkel regel som seier at kvar art er seg sjølv nærast, og denne regelen har forrang utifrå livets generelle orden” (s. 137). I valet mellom menneske og natur vil mennesket velje mennesket gong etter gong, og det er heilt naturleg.

            Som art er vi heilt samde med oss sjølve om at vi kan herske på jorda, og sidan vi er sterkast på dette området vil vi rett og slett berre kunne gjere det. “Menneskets utøving av makt vis-a-vis resten av den levande verda er ein naturleg rett basert fullstendig på våre evner. Med andre ord; det enkle faktum at vi har denne overlegne krafta legitimerer at vi brukar den” (s. 137).

            Løva spør ikkje om lov til å vere konge på savannen, og mennesket spør ikkje om lov til å herske over naturen. Vi brukar vår skaparkraft og alle våre verktøy til å reprodusere oss og styrke makta vår, og det finst ingen naturlover som hindrar oss i dét.

Homo Faber har tatt overhand

“Å herske over naturen” framtrer som menneskets fremste kall. Homo faber tårnar over homo sapiens.” (s. 168). Faber kjem frå det latinske ‘handverkar’ og er ei nemning for at mennesket er eit skapande vesen som omformer seg sjølv og omgjevnadane sine med verktøy. Sapiens kjem også av latin, og betyr ‘klok’ eller ‘sensitiv’.

            Jonas meiner at menneskeartens evne til å tenkje vert misbrukt i jakta på omforming av naturen. Homo Faber har gjort Homo Sapiens til sin undersått. “Tenkinga vert eit verktøy i hendene til dei som vil lage nye ting, og ekstern makt vert sett fram som det høgste gode” (s. 168).

            Jonas meiner at menneska driv ei sosialt tvangsmessig utøving av makt. Den makta som naturvitskapen har gitt oss over naturen har gjort oss ute av stand til å begrense oss i utøvinga. “Det veldige omfanget av den makta mennesket har fått gjennom sin jakt på teknisk framskritt […] har skapt eit tilsvarande behov for å bruke den — og dermed den merkelege vansken med å stoppe dens forutsigbare og sjølvdestruktive framgang” (s. 141).

            Vi kan ikkje stoppe framskrittet fordi heile samfunnet er rigga til for å støtte opp under det skapande mennesket. Både utdanningsinstitusjonar, industri og næringsliv, forsking og utvikling underbygger legitimiteten til denne eine menneskelege aktiviteten; den utreknande tenkjemåten og dens permanente innovasjon.

            Det har vorte moralsk akseptabelt å søkje stadig større suksess, og aldri verte nøgd. “Teknologi utgjer eit kumulativt og ekspanderande kunstig miljø der dei kreftene i mennesket som lagde det vert forsterka. Den tvinger fram ei ustoppeleg skapande verksemd knytt til vedlikehald og vidareutvikling, og sidan menneska vert lønna med endå større suksess vert iveren deira ytterlegare forsterka” (s. 9).

            Den handlekraftige Homo Faber tårnar over den saktetenkjande Homo Sapiens på ein måte som er destruktiv ikkje berre for menneska sjølve, men også for naturmiljøet som vi er ein del av.

Teoriar er farleg

Vitskaplege teoriar er farlege fordi dei forsterkar menneskets innflytelse i verda. “Naturen kunne ikkje ha forårsaka ein større fare enn mennesket […] Så lenge vår praktiske intelligens og teoretiske intelligens gjekk kvar sin veg var påverkinga på balansen i verda akseptabel. Men sjølve meininga til ordet “teori” har endra seg. I motsetning til det kontemplative intellektet i gamle dagar har det oppstått ein frigjort arving; eit aggressiv og manipulerande intellekt fostra opp i moderne vitskap og slept laus som administrator av alle ting” (s. 138).

            Naturvitskapen gjev oss makt til å gjere teoretiske hypotesar til empirisk verkelegheit. “Det at teorien finst er i seg sjølv ein historisk faktor som endrar vilkåra for det objektet det vert samla kunnskap om. Teorien samlar kausal makt for å hjelpe dens eigne sanningar til å verte verkelegheit. […] Det at den får rett til slutt beviser ikkje at den var sann, men at den fekk makt over dei intellekta som viste seg å kunne bidra med relevante handlingar” (s. 115).

            Vitskaplege teoriar fungerer i stor grad som sjølvoppfyllande profetiar. Etter at eit framlegg er formulert, t.d. at det burde gå an å lage kraftige bomber med all den energien som vert utløyst ved spalting av eit atom, vil Homo Faber brette opp ermene og gå i gang med forsøket.

            Denne dynamikken gjer at forsking og utvikling kan kome til å ha uendeleg framskritt. “Alt i den noverande tilstanden til desse tvillingprosjekta peikar mot ei ubegrensa vidareføring i framtida (kanskje også med ein eksponensiell auke i tilverking). I alle tilfelle er dei i prinsippet i stand til dette utifrå deia kognitive formalisme og den uuttømmelege ressursen som deira forskingsgjenstand er” (s. 166).

Kognitiv formalisme

Jonas brukar eit litt undarleg språk når han omtalar vitskap som “kognitiv formalisme”, og det er fordi han vil skilje mellom humanismens og naturvitskapens måte å tenkje på.

            Her kan vi tenkje på fag som robotikk, kybernetikk og programutvikling. Med kvart gjennombrot innan naturvitskapen, til dømes knytt til kvantefysikk, oppstår det nye tekniske muligheiter innan desse faga. Trongen til ekspertise og spesialisering vert heile tida stimulert av desse gjennombrota.

            Den som baserer si utforsking på kvalitetar ved den fysiske verda er involvert i eit kunnskapsprosjekt som aldri vil ta slutt. Det ligg både i gjenstanden (naturen) og i verktøya (teknologi og kognisjon). “Utforskinga av denne opne vegen er meir enn ein grunnleggande rett, det er den høgste plikt for dei kognitive subjekta som er velsigna med evne til ei slik utforsking” (s. 167).

            Forskarane sin nysgjerrigheit og “aggressive intellekt” er knytt til det Heidegger kallar “utreknande tenkjing”. Kombinasjonen er svært kraftfull. Ein pris den naturvitskaplege forskaren må betale for bidraget til vitskapleg framskritt er at kunnskapen får eit mindre personleg opphav (s. 167). “Det kognitive subjektet er i mindre grad ein individuell tenkjar og i større grad eit “kollektivt intellekt” i det samfunnet som lagrar kunnskapen” (s. 167).

            Dette gjeld også samfunnsfaga: hypotesar vert til verkelegheit. Metodisk framskritt i etablerte fagområde er no ein rutinesak i det vitskapleg-teknologiske komplekset og den kan styrast i ynskjelege retningar ved pengetildelingar (s. 121).

            “Dei moderne analysane av sosiale og økonomiske samanhengar er svært mykje betre enn tidlegare tiders kunnskap og tillet framskrivingar innover i framtida som set futurologien fri frå enkle analogiar med fortida, sjølv om det framleis er stor usikkerheit” (s. 113).

            Også samfunnsvitskapleg teori er farleg. Samfunnsstyringa er i dag basert på mykje større teoretisk kunnskap enn tidlegare statmannskunst kunne drøyme om. “Dei vitskaplege samfunns- og teknologifaga leier futurologien forbi ein iterativ induksjon frå erfaring (dvs. frå presedens) til deduksjon av det som aldri har funnest før. Istadenfor å gjette om framtida kan ein no rekne ut framtida” (s. 113).

Humaniora: Kognitiv heterogenitet

Jonas har eit interessant poeng når han seier at politisk liv er fristilt frå den kumulative dynamikken som kognitiv formalisme i særleg grad bidreg til. Menneska kan ikkje ha moralsk framskritt slik vi kan ha framskritt i vitskapleg kunnskap.

            ““Kunnskap” om menneskelege ting, det vi kallar forståing, er noko kvalitativt anna som er mindre stegvis og mindre kumulativ enn kunnskap om den fysiske verda […] Det er noko kvar generasjon må omforma på ein måte som er unik for dei sjølve, og for ein eller fleire rivaliserande leirar” (s. 164).

            Det vert ikkje stadig betre politikk, eller stadig betre moral i folkesetnaden. Tvert imot kan den politiske og moralske diskusjonen mellom menneske degenerere når som helst, slik Jonas sjølv opplevde i Nazi-Tyskland på 1930-talet.

            “Filosofisk kunnskap har den skjebne å alltid vere open for meiningsbryting sjølv om den handlar om ting som i sin natur er endegyldige, medan naturkunnskap kan oppnå stor grad av objektiv sikkerheit” (s. 186).

            I menneskas forståing finst det ein “kognitiv heterogenitet” som ingen framskritt kan knyte saman og gjere heil. “Medan kvar generasjon har den vitskapen den arvar (med eller utan nye bidrag) har kvar generasjon den humanismen den fortener” (s. 165).

            Politikken er i utgangspunktet fristilt frå å bidra til framskritt, men sidan den i aukande grad brukar moderne teknologi i politikkutforminga kan den ende opp med å verte kontrollert av dei same kreftene som vil ha stadig  meir og betre teknologi. Då vert politikk i så fall like farleg for framtida som dei andre utviklingstrekka Jonas peikar på.

Neste del

Dette er ein essay-føljetong i ni deler. Sjette del heiter “Framskritt er opium for folket”. Majoriteten av menneska har det stadig betre på grunn av det tekniske framskrittet, og det vil difor verte svært vanskeleg for oss endre åtferd sjølv når vi ser at det trengst. Med sitt typiske skråblikk viser Hans Jonas at menneskas virketrong og behov for å gjere nytte for oss er blant våre farlegaste eigenskapar når målet er å dempe veksten og redusere konsumet.

]]>
Dei digitale rammevilkåra, del 1: Det historiske grunnlaget https://voxpublica.no/2011/03/dei-digitale-rammevilkara-del-1-det-historiske-grunnlaget/ Wed, 09 Mar 2011 06:00:12 +0000 https://voxpublica.no/?p=5901 Den digitale revolusjonen er snart fullført. Me har på få år gått frå eit heilanalogt samfunn til eit snart heildigitalisert samfunn. Nær sagt alt som kan omformast frå atom til bits, vert råka av dei såkalla disruptive kreftene. I del 1 av denne kronikken freistar eg å gje eit historisk tilbakeblikk på kva desse drivkreftene eigentleg er for noko. I del 2 skriv eg om korleis samfunnet kan tilpasse seg desse kreftene for å nå dei høgstliggjande måla for eit godt samfunn.

The Complete Works of Homo Sapiens, Unabridged

For dei aller fleste av oss så ser den digitale omkalfatringa av samfunnet ut til å vere noko nymotens greier. Ikkje noko kunne vore meir feil. Sjølve ideen om at to tal, null og ein, kunne endre alt rundt oss, går tilbake til 1600-talsfilosofane Thomas Hobbes, John Wilkins og Gottfried Leibniz (Dyson 2005). Alan Turing bygde vidare på desse tankane då han skreiv ned førestillinga om ei datamaskin i 1936. Med null og ein så kunne alt som fanst skrivast ned til minste detalj, i teorien.

Me har kome eit godt stykke på veg, men me er langt frå ferdige.

Pynt og fjas, vitskap og Internett

Sjølve teorien om digitalisering er altså gamal, men kva med Internett, Google og Twitter, det må vel vere nymotens greier? Nei, også her går historie med klåre linjer 500 år tilbake i tid, og pussig nok så er det sannsynlegvis hoffa i Europa sin iver etter pynt og fjas for å vise seg fram, som er den viktigaste årsaka til korleis både Internett, Google og Twitter er konstruerte, utforma og fungerer. Det har å gjere med at vitskapen på 1500-talet gjekk frå å vere løynde aktivitetar for utvalde elitar, for å avdekkje «naturens løyndomar», til å verte det stikk motsette.

Galileo demonstrerar teleskopet sitt i 1609 (ill: Science Photo Library)

Frå og med Kopernikus i 1543 gav ut avhandlinga som prova at jorda ikkje kunne vere sentrum i universet, byrja hoffa i Europa å verte svært opptekne av å skaffe seg dei mest prominente naturfilosofane. For å få tilsetjing ved eit hoff så laut ein verte vidgjeten, og når ein fyrst vart tilsett, så var oppgåva å gjere seg stadig meir vidgjeten slik at ein kunne sanke ære for herskarane. Galileo Galilei er eit døme på korleis ein kunne utnytte dette finansieringssystemet fullt ut. Han la seg i selen for å lage så gode teleskop som overhovudet mogleg og kalla opp ein av Jupiters månar etter sjefen; hertugen av Toscana. Då hertugen vitja andre hoff ikring Europa, hadde han med seg dette teleskopet så dei andre herskarane kunne få sjå månen som bar hans namn.

Herskarane hadde også andre grunnar til å tilsetje dyktige naturfilosofar, men pynt og fjas vart langt viktigare enn nyttige føremål for finansieringa av vitskaplege aktivitetar. På grunn av dette vart det så uendeleg mykje meir effektivt å dytte ut så mange og gode vitskaplege resultat som mogleg samanlikna med tradisjonen frå middelalderen der det var om å gjere å halde mest mogleg for seg sjølv eller innan ein liten krins med rettenkjande religiøse (David 2007).

Opplysningstida og anti-opplysninga

Den vitskaplege revolusjonen på 1500-talet vart forsterka av ynsket om pynt og fjas, som på nytt medførte ei enorm brevskriving i vitskaplege krinsar. Det vart etterkvart vanskeleg å halde orden på alle breva, så dei vart bundne saman i tidsskrift. Eit av desse tidsskrifta, som blant anna hadde arva namnet «letters» i tittelen, Philosophical Letters frå The Royal Society, byrja også å setje rykteoppbygginga i system med det såkalla «fagfellevurderingsystemet”. For å få publisere arbeida sine så måtte eit utval med likemenn vurdere om arbeida var gode nok. Dette medførte at den pyntfikserte tradisjonen fekk endå meir vind i segla, og moderne vitskap vann ein fullstendig siger over den gamle religiøst styrde skolastikken.

Utpå 1700-talet byrja den såkalla skotske opplysninga, og etterkvart den franske. Framstegstanken vart oppfunnen, individet fekk sine menneskerettar og demokratiske grunnlover vann fram i USA og Europa. Dette var også med på å påverke dei opne tradisjonane i vitskapen. Ein sterk reaksjon på denne individualistiske og rasjonelle vitskapen dukka opp i samband med romantismen og anti-opplysninga, med Herder som ein framståande representant. Antiopplysningsfilosofane meinte at for å dyrke fram det beste i kulturen, måtte ein kjempe mot multikulturalismen som den franske revolusjonen sette ein strek over. Helst skulle ein undertrykkje og vere dauv for alt anna enn det kulturfremjande. Det filosofiske fundamentet for fascismen, sensur og overvaking vart skapt.

Dei mertonianske normene

Robert Merton samanfatta dei vitskaplege normene som hadde danna seg gjennom hundreåra etter den vitskaplege revolusjonen i forkortinga CUDOS i 1942. Desse normene inneheld element frå både den opne vitskaplege revolusjonen og tankane frå opplysningstida som hadde vorte markante innslag i både vitskapen sjølv og vitskapen sine arbeidsformer. Ein skulle ikkje berre studere individa, men også tilleggje individa universelle vitskaplege «menneskerettar”.

CUDOS tyder kommunalisme (alle vitskaplege resultat er åtte av alle), universalisme (kven som helst kan medverke), nøytralitet (i høve til personlege interesser) og organisert kritisk gransking (fagfellesystemet). Desse normene hadde vore ei meir eller mindre usynleg vitskapleg grunnlov i fleire hundre år, og har seinare vore retningsgjevande for forskarar over heile verda (se Wikipedia-artikkel).

Den opne revolusjonen i ei digital tid

Då datamaskinene vart moglege å konstruere, så vart dei sjølvsagt som skapte for å arbeide innunder eit vitskapleg regime som var som skapt for desse maskinene. Den opne vitskaplege kulturen med krav om fagfellevurdering og at det skulle vere mogleg å etterprøve det som var gjort, førte til framveksten av open kjeldekode på austkysten i USA på 1950-talet. Seinare vart open kjeldekode ein føresetnad for framveksten av Internett-tenester som Facebook, Ebay, Google, Twitter, Paypal.

I dag er open kjeldekode ein føresetnad for rekneintensive operasjonar som å simulere kjernefysiske reaksjonar og kartlegging av DNA. Den opne vitskaplege revolusjonen har ikkje hatt noko problem med å gå inn i den digitale tidsalderen, tvert imot, han har snart smitta over på alt som er. ARPANET (1969), og seinare World Wide Web (1989) vart utforma av vitskapsfolk, etter vitskaplege tenkjemåtar, og for vitskaplege oppgåver. Det berande prinsippet var opne standardar den gongen, og er det i høgste grad i dag også. Tilgangsopen kommunikasjon vart skapt etter dei vitskaplege normene i 1967 med katalogen ERIC, og utgjer i dag om lag 20 prosent av alle vitskaplege publikasjonar.

Les del 2 av artikkelen: Fri kultur og kunnskap er råstoffet.

Artikkelen vart først publisert i Norsk Tidend nr. 1, 2011.

]]>